Kommentatorane sitt farvel til juryordninga

Kommentatorane markerte seg då dramaet i Eirik Jensen-saka toppa seg med juryavgjerd og tilsidesetjing. Nokon markerte seg først og fremst med grundig analyse, andre markerte seg først og fremst med å meina.

I boka Norsk kri­mi­nal­jour­na­lis­tikk etter 2000 (Røss­land 2019) er eit vik­tig poeng at kri­mi­nal­jour­na­lis­tik­ken sin posi­sjon er betra. Der­som éin enkelt­fak­tor skal fram­he­vast som den som fram­for alt sym­bo­li­se­rer ein auka legi­ti­mi­tet for kri­mi­nal­jour­na­lis­tik­ken etter år 2000, så må det vera bru­ken av kom­men­tar­sjan­ge­ren.

Kom­men­tar­sjan­ge­ren har man­ge nyan­sar. Eg skal her kon­sen­tre­ra meg om nyhendeanalysen/den ana­ly­tis­ke kom­men­ta­ren og mei­nings­kom­men­ta­ren. Beg­ge deler er knytt opp til for­kla­ran­de eller kon­teks­tuell jour­na­lis­tikk, som spør seg kvi­for noko er slik eller slik, kor­leis me kan for­stå det og kva som no skjer vida­re. Sven Egil Omdal har eit tre­led­da per­spek­tiv på kom­men­tar­sjan­ge­ren. Den hand­lar, iføl­gje Omdal, om kunn­skaps­for­mid­ling, om ana­ly­se av ei pro­blem­stil­ling og om å fin­na ei form som enga­sje­rer. Det førs­te led­det er trygt og godt plas­sert i ana­lyse­de­len, dei to and­re kan føra til at kom­men­ta­ren blir ein mei­nings­kom­men­tar.

28. janu­ar 2019 var ein dra­ma­tisk dag i Bor­gar­ting lag­manns­rett. Den aller sis­te jury­en i Nor­ge avsa si avgjerd i anke­saka mot den tid­le­ga­re politi­man­nen Eirik Jen­sen. Jury­en had­de drøf­ta skuld­spørs­må­let svært len­ge. Den svar­te nei på spørs­må­let om skuld i nar­ko­tika­smug­ling og ja på spørs­må­let om skuld i grov kor­rup­sjon. Etter ein time val­te fag­dom­ma­ra­ne å set­ja avgjer­da til jury­en til sides. Sjølv­sagt var det­te tema for kom­men­ta­to­ra­ne. Den­ne artik­ke­len base­rer seg på ei næra­re grans­king av nokre av dei mest sen­tra­le kom­men­ta­ra­ne frå dei førs­te tima­ne etter dra­ma­et i ret­ten (28.–29.1.).

Nyhendeanalytikaren

Olav Rønne­berg sin kom­men­tar «Ingen for­del med ny retts­sak» på nrk.no gir ein sak­leg gjen­nom­gang av kva som har skjedd. Som lesar sit ein klo­ka­re igjen. Øns­ker ein som pub­li­kum­mar å gje­ra seg opp ei mei­ning om kva som bur­de ha skjedd eller ikkje bur­de ha skjedd, så kan ein gje­ra det på etter måten fritt grunn­lag. Rønne­berg gir ein var­sam spå­dom om kva som kan koma til å skje i ein ny retts­sak, men kjem ikkje med noko eigent­leg eiga avgjerd om rett og gale i dom­men i den­ne run­den.

Meinaren

TV 2 sin kom­men­ta­tor, Mathias Fisch­er, er langt tyde­le­ga­re på å mei­na noko i sin kom­men­tar. Mei­nin­gar i den­ne saka kan ein ha på uli­ke nivå. Dei førs­te tima­ne etter lag­manns­retts­dom­men hand­la det om å mei­na noko om saka i seg sjølv, om fag­dom­ma­ra­ne si til­side­set­jing og om jury­ord­nin­ga som ord­ning.

Det­te sis­te er det Fisch­er er opp­te­ken av i kom­men­ta­ren «Takk og god natt, jury­ord­ning». Fisch­er nyt­tar nett­opp Jen­sen-saka til å under­stre­ka at det var rett å avskaf­fa jury­ord­nin­ga. Det fram­står spe­si­elt, all den tida jury­ord­nin­ga ikkje stod på dags­or­de­nen. Stor­tin­get ved­tok å avskaf­fa den, i juni 2017, halv­tan­na år før jury­en fun­ger­te i ei sak for sis­te gong.

«Den­ne gan­gen klar­te ikke selv de mest durk­drev­ne retts­kom­men­ta­to­re­ne å for­kla­re kjen­nel­sen», slår Fisch­er fast, men stem­mer det­te?

Den durkdrevne

Å for­kla­ra er eitt krav, å for­stå er eit anna. Den durk­drev­ne, erfar­ne retts­kom­men­ta­to­ren fram­for nokon er Inge D. Hans­sen i Aften­pos­ten. Han var i ret­ten som jour­na­list førs­te gon­gen i 1969. Han la i sin kom­men­tar, «For et retts­dra­ma!», for det førs­te, i mot­set­nad til Fisch­er, vekt på at jury­en – trass i mang­lan­de grunn­gje­ving – had­de gjort ein skik­ke­leg jobb: «Etter å ha vur­dert bevi­se­ne i seks døgn kom lag­ret­ten frem til at det ikke er bevis­mes­sig grunn­lag for å kjen­ne Jen­sen skyl­dig i å ha med­vir­ket til inn­før­sel av 13,9 tonn hasj.» For det and­re ved­gjekk han at det­te kom over­ras­kan­de på han, men så kon­klu­der­te han like­vel slik: «Etter min mening bur­de fag­dom­mer­ne ha respek­tert og god­tatt jury­ens kjen­nel­se etter at den sam­vit­tig­hets­fullt har vur­dert bevi­se­ne i seks døgn.»

Konkluderaren

Astrid Meland kon­klu­de­rer i vg.no («En for­for­de­lig dag for Eirik Jen­sen»), på same dag som retts­dra­ma­et, mot­sett av den durk­drev­ne. Det påfal­lan­de er i kor stor grad Meland gjen­tar fag­dom­ma­ra­ne og påtale­mak­ta sin argu­men­ta­sjon når ho vel å kon­klu­de­ra: «Til­side­set­tel­sen er etter mitt skjønn like­vel rik­tig». Det er alt­så skil­nad på å for­kla­ra lesa­ra­ne kvi­for fag­dom­ma­ra­ne vur­der­te som dei gjor­de – dei fann ikkje jury­ens si avgjerd logisk – og det å sjølv som kom­men­ta­tor fast­slå at det ikkje var logisk, slik Meland gjer det.

Den prinsipielle

Der Fisch­er og Meland sine mei­nin­gar og kon­klu­sjo­nar er svært like dei til fag­dom­ma­rar og påtale­makt, så inn­tar Mar­ti­ne Aur­dal i Dag­bla­det ein annan posi­sjon. At det skal hand­la om jury­en, og det på ein annan måte, ser me av tit­te­len – «Spyt­tet på jury­en», eit utsegn lånt frå Eirik Jen­sen sjølv. Aur­dal legg til grunn, på ein annan måte enn Fisch­er og Meland, at jury­ord­nin­ga enno galdt, til og med Jen­sen-saka, og ho er prin­si­pi­ell på jury­ord­nin­ga sine veg­ne: «Men det at van­li­ge men­nes­ker skal vur­de­re bevi­se­ne, uten et fag­ju­ri­disk blikk, er et vik­tig prin­sipp for å sik­re at dom­sto­le­nes retts­prak­sis er i over­ens­stem­mel­se med den all­men­ne retts­opp­fat­ning. Jury­en har med sitt bes­te skjønn sam­vit­tig­hets­fullt tvilt seg fram til den avgjø­rel­sen de mener er rik­tig. Med­lem­me­ne har gjen­nom de sis­te fem måne­de­ne fått full over­sikt over saken – og like god over­sikt som fag­dom­mer­ne.»

Ein vik­tig del av Aur­dal sin ana­ly­se bot­nar i bak­grun­nen for til­side­set­tings­ord­nin­ga: «Adgan­gen fag­dom­mer­ne har til å set­te til side en jurys kjen­nel­se var opp­rin­ne­lig ute­luk­ken­de en eks­tra mulig­het til å fri­fin­ne». Den bot­na alt­så i fryk­ta for at ein jury skul­le gå på kost­nad av prin­sip­pet om at ein til­talt ber­re skal døm­mast om all tvil er kos­ta til sides. Aur­dal pei­kar på at det tru­leg var fri­fin­nin­ga av Arnulf Øver­land for blas­fe­mi i 1933 som før­te til ei end­ring, der det også blei opna for til­side­set­tin­gar av jury-fri­fin­nin­gar.

Aur­dal poeng­te­rer også at sjølv om fag­dom­ma­ra­ne har hatt høve til å set­ja ei jury-avgjerd til side, så har dei ikkje noko plikt til å gje­ra det. For det er ikkje den mang­lan­de logik­ken det bør foku­se­rast på, iføl­gje Aur­dal, det er bevis­vur­de­rin­ga, som er «…kjer­nen av lag­ret­tens opp­ga­ve».

Juristen

Eirin Eike­fjord i Ber­gens Tiden­de er sjølv jus-utdan­na. Ho skreiv kom­men­ta­ren «De har ham ikke helt ennå». Der Fisch­er og Meland legg seg tett opp til fag­dom­mar-per­spek­ti­vet, vel Eike­fjord å for­ster­ka det. Det gjer ho mel­lom anna ved adjek­tiv­bruk. Det er ikkje ber­re ulo­gisk det jury­en har gjort: «Men jury­ens kon­klu­sjon er en gigan­tisk logisk brist».

Eike­fjord er også opp­te­ken av det som Aur­dal skild­ra som jury­ens vik­ti­gas­te opp­gå­ve, bevis­vur­de­rin­ga. Ho kom­men­te­rer dei sen­tra­le sms-mel­din­ga­ne i saka og fast­slår at dei ikkje kan hand­la om «…annet enn hasj». Eike­fjord legg seg også tett opp til den juri­dis­ke ten­kin­ga når ho nyt­tar grunn­gje­vin­gar frå ting­retts­dom­men som san­nings­vit­ne på at jury­en har gjort feil.

Kritisk ståstad

Kom­men­ta­ra­ne etter avgjer­da i lag­manns­ret­ten i Eirik Jen­sen-saka 28. janu­ar viser uli­ke måtar å kom­men­te­ra, ana­lyse­ra og ska­pa enga­sje­ment på. Dei varie­rer mel­lom anna i kva grad dei i hovud­sak held seg nære den føre­lig­gan­de saka og i kva grad dei evnar å løf­ta blik­ket til eit prin­si­pi­elt nivå.

Ei vik­tig kjer­ne i kom­men­tar­jour­na­lis­tik­kens plass i moder­ne kri­mi­nal­jour­na­lis­tikk ligg i evna til å plas­se­ra krim og straffe­pro­sess inn i dei stør­re spørs­må­la rundt etikk, demo­kra­ti og det offent­le­ge. Men det hand­lar også om å defi­ne­ra kva noko hand­lar om, å bera eller pro­vo­se­ra fram syns­punkt innan­for tema­et – og å vera folke­opp­ly­sar.

Kom­men­ta­tor­verk­sem­da må skje frå ein uav­hen­gig, kri­tisk stå­stad. Jour­na­lis­tar som blir dugan­de krim­kom­men­ta­to­rar har gjer­ne hen­ta sin kunn­skap gjen­nom tett og god kjelde­kon­takt i straffe­pro­ses­sen, over lang tid. Det­te gir inn­sikt som igjen gir solid bak­grunn for ana­ly­sar og kom­men­ta­rar – og mei­nin­gar. Så må ein vak­ta seg for i mei­nings­fa­sen å ikkje over­ta kjel­de­ne sine mei­nin­gar.

Kjelder

Igland, Alf Kje­til og Audun Stølås (2008) Kom­men­ta­ren. Oslo: IJ-for­la­get.
Mathi­sen, Bir­git Røe og Lis­beth Mor­land­stø (2016) Kom­men­ta­ren – en sjan­ger i end­ring. Oslo: Cap­pe­len Damm Aka­de­misk.
NOU 2011:13 Jury­ut­val­get – Når sant skal skri­ves. Jus­tis- og politi­de­par­te­men­tet.
Rok­s­vold, Tho­re (1997) “Riss av nors­ke avi­sers sjan­ger­his­to­rie” – i Tho­re Rok­s­vold (red.) Avis­sjang­rer over tid. Fred­rik­stad: Insti­tutt for jour­na­lis­tikk.
Røss­land, Lars Arve (2019) Norsk kri­mi­nal­jour­na­lis­tikk etter 2000. En vegg av krim. Cap­pe­len Damm Aka­de­misk: Oslo.

TEMA

K

ommenta
rjourna
listikk

2 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen