Lyden av nasjonsbygginga
Føtene freistar å finne feste mellom snublerøter og sleipe steinar. Eg går på Dovrefjell ein regntung seinsommardag. Hovudet har tatt ei tidsreise attende til 1943. Tankane er ein annan stad, men likevel her.
- Og det er den setning som burde ha vært vår hovedsetning: Enig og tro til Dovre faller!
Han hadde flykta frå heimlandet sitt i 1941. Det må ha vore ei strabasiøs reise, via Sovjetunionen og Japan til Canada. Verda var i krig. Oberst Ole Reistad leia Flyvåpenet sin treningsleir i Little Norway i Toronto. 17.mai 1943 siterte han riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814. Ropa orda ut for å motivere soldatane til kamp.
Ekkoet av stemma hans gjallar mellom øyregangane. Framfor meg er det berre fred. Eit verna landskap der sjeldne artar har slått rot på dyregraver frå jarnalderen. Som om ingenting har skjedd.
Kvifor har Ole Reistad si røyst festa seg i hjernen min? Søkeordet Dovre gjev 87 treff i NRKs radioarkiv. I fleire av dei, som talen frå 1943, er ordet brukt i symbolsk forstand:. For Dovrefjell er mykje meir enn geografi, det har spela ei sentral rolle i nasjonsbygginga heilt frå dei fyrste opphavsmytene om landet Noreg. Religionshistorikar Gro Steinsland greier ut om dette i boka «Dovrefjell i tusen år» frå 2014.
Fortidas lyd møter notidas landskap
Kva skjer dersom ein lyftar fram utvalde klipp frå NRKs radioarkiv og brukar dei som eit formidlingsgrep ute i det fysiske landskapet dei referer til? I mitt PhD-prosjekt er målsetjinga å ta lydmaterialet ut av arkivet og revitalisere det i eit moderne formidlingskonsept. Omlag 100 000 av klippa ligg digitalt tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, men der får ein berre lytte til dei. Det er ikkje løyve til å laste dei ned. Kva moglegheitsrom opnar seg dersom ein løyser opp på denne restriksjonen?
Tenk deg at du sjølv går ein tur på Dovrefjell, kanskje over Hjerkinnhø med utsikt mot Snøhetta og Hjerkinn. Du let auga gli over tilsynelatande urøyvd natur. Telefonen din vibrerer i lomma. Ei mobiltilpassa nettside viser deg bilete frå 1970-talet. Der det no berre er vier og vidde, ser du store maskiner, eit flytårn og militær aktivitet. Ein tekst fortel at Hjerkinn skytefelt låg her frå 1923 til 2005, men etter Noregshistorias største naturrestaurering er alle spor borte. 165 kvadratkilometer er rydda for 4 666 blindgangarar, 540 tonn metallavfall og 5200 dekar vegar og anlegg er fjerna (https://www.forsvarsbygg.no/hjerkinn/ ). Så høyrer du stemmene frå fortida på øyret. To menn ser same utsikt, men året er 1969. Landskapet dei skildrar er øydelagt. Ikkje berre av våpen, men også av aktiviteten ved gruvene på Tverrfjellet som var i drift frå 1968 til 1993. Herifrå henta dei ut 15 millionar tonn med malm (https://folldalgruver.no/historie ). Det opphavlege radioinnslaget er ikkje klipt om, men kuratert. Det vil seie at nokon har henta det ut frå arkivet, plassert det i ein kontekst og presenterer delar av det originale programmet, «Steder i Norge», som eigentleg er nesten 19 minutt langt.
Du går vidare, har fått ny innsikt og kanskje endra syn på landskapet som omgjev deg. Lenger framme ventar nye multimediale opplevingar, meir lærdom og andre tolkingar av Dovrefjell.
Kva samfunnsnytte har det?
Mange av institusjonane som skal forvalte Noregs kultur- og naturarv har tronge økonomiske rammer og få menneskelege ressursar. Det viser mellom anna Kulturrådets museumsundersøking frå 2018. Mykje historie som kunne gitt publikum auka kunnskap, innsikt og forståing blir ikkje formidla. Digitale løysingar kan gjere det mogleg å nå folk på fleire stadar også utan at det treng å vere formidlarar fysisk til stades, men å utvikle innhald til desse løysingane er ofte meir kostbart og ressurskrevjande enn institusjonane har kapasitet til.
Mediearkiva er ein allereie eksisterande ressurs med eit stort, men i liten grad utnytta formidlingspotensiale. Dei rommar alt ifrå nasjonale trauma til lokale milepålar. Ei overordna målsetjing med dette prosjektet er å synleggjere korleis ein med enkle grep kan lyfte fram allereie eksisterande stoff frå arkiva og gje dei ny relevans i vår samtid. I teorien vil ein institusjon enkelt kunne søke fram relevant lyd frå NRKs radioarkiv og implementere denne i digitale formidlingsløysingar. Ein kan treffe brukarar på stadar der ein tidlegare har vore avhengig av skilt for å nå fram med informasjon. Lat meg konkretisere: Eit verneområde kan møte utfordringar med kulturminne som blir øydelagde, t.d. at folk brukar steinar frå freda murar for å bygge seg le mot vinden i fjellet. I radioarkivet finst det ein reportasje med ein arkeolog som fortel kvifor desse eldgamle steinhaugane er verd å bevare. Med digital teknologi kan ein opplyse turgåarar om at dei nærmar seg muren, dei får høyre på lyden og blir motiverte til å ta vare på den utan å ha møtt eit einaste formanande forbodsskilt.
Men skal ein gjere det enkelt for institusjonane å nytte seg av desse moglegheitene, er det fyrst ein heilt annan mur ein må ta hand om. For NRK vil helst at du skal lytte, ikkje røyve.
Nøkkelen til skattkista
Fekk du lyst til å høyre obersten sitere riksforsamlinga på Eidsvoll sjølv? Ole Reistad si røyst er tilgjengeleg for deg også, men i skrivande stund godt skjult. Nasjonalbiblioteket (NB) har store ambisjonar for sitt mediearkiv, noko direktør Aslak Sira Myhre gav ei grundig orientering om i Kringkastingsrådet 22.10.20. Førebels ligg ikkje NRKs radioarkiv i NBs nettbibliotek, men inne på dei gamle nettsidene. Der ligg det ei åtvaring om at tenesta er under avvikling. I ein e‑post forklarar direktør for digital formidling, Trond Myklebust, at nytt radioarkiv i nettbiblioteket vil bli ei prioritert oppgåve for Nasjonalbiblioteket i 2021. Filene skal konverterast frå mp3 til mp4-format og meir materiale gjerast tilgjengeleg, men det er ikkje planlagt annan tilgang enn strøyming. Dersom ein vil laste ned filer, må ein kontakte NRKs avdeling for innhaldsdistribusjon og deling.
Eg sender e‑post, fortel at eg ynskjer å bruke lydklipp til eit forskingsprosjekt med målsetjing om å undersøke potensialet for etterbruk av mediearkiv og utforske kva rolle dei kan spele i forvaltning og formidling av vår felles nasjonale kultur- og naturarv. Er det mogleg å få tilgang til å laste ned filene til forsking? NRK svarar at dei kan kopiere ut materiale i fullkvalitet til forskingsføremål, det kostar 850 kroner timen. Svaret på kor lang tid dei brukar på å kopiere ut ei fil, ventar eg framleis på.
Ein kan søke Nasjonalbiblioteket om tilgang til kringkastingsarkivet gjennom Feide; den nasjonale løysinga for sikker innlogging og datadeling i utdanning og forsking. Eit skjema med opplysingar om mellom anna forskingsføremål og kor lenge ein ynskjer tilgang, må fyllast ut. Tilgangen gjev rett til å sitere direkte frå programma skriftleg og å bruke lydklipp i førelesingar. «For bruk til andre formål enn forskning eller dokumentasjon må det gjøres konkret avtale med rettighetshaverne», står det i kontraktsteksten.
Frigjering av rettar knytte til radio- og tv er komplisert og kostbart. Frå januar 2020 mista publikum til dømes tilgang til fleire tusen program i NRKTV fordi NRK ikkje vart samde med rettshavarorganisasjonen Norwaco. Noko mellom anna Dag & Tid har skrive om: https://www.dagogtid.no/samfunn/kulturarven-vart-for-dyr‑6.3.17184.5d0f7d01c8. Når det gjeld dei delane av NRKs radioarkiv som er gjort tilgjengelege via Nasjonalbiblioteket, er dette innhald der alle opphavs‑, utøvar- og produsentrettar ligg hjå NRK åleine. I publiseringskontrakten forpliktar Nasjonalbiblioteket seg mellom anna til å ikkje redigere i programma, og å ikkje gje publikum tilgang utover strøyming; «uten lagringsmulighet for sluttbrukerne».
Eg tillet meg å kome med eit forslag
Kva om NRK og Nasjonalbiblioteket utvida denne avtalen? Slik at ein kunne søke om løyve til lagring av klipp for ikkje-kommersiell bruk. Det er ikkje fullversjonen av filene som ligg ute. Eg kan til dels forstå at ein tek seg betalt for arbeidet med å hente ut desse, men vil ikkje det lette arbeidsmengda og bidra til at NRK i større grad oppfyller si samfunnsrolle, dersom dei gjev utvalde brukarar moglegheit til å laste ned mp3/mp4-versjon av klippa? Og er ikkje det også meir i tråd med NRK-plakatens § 37 om plikta til å formidle kulturarven? https://www.nrk.no/informasjon/nrk-plakaten‑1.12253428
Det er flott å kunne lytte til hundretusenvis av timar med gamle radioklipp, men etter mitt syn er det eit enormt potensiale i dette innhaldet som ikkje blir realisert. Ei meir liberal frigjering vil kunne bidra til å styrke mediearkiva sin samfunnsrelevans, styrke forvaltninga av nasjonal kultur- og naturhistorie og bidra til meir berekraftig forvaltning av desse. Så kjære NRK, ver så snill å gje oss nøkkelen til skattekista. Då vil skatten også bli mykje meir verd enn den er i dag.
Om forfattaren: Er stipendiat ved Høgskulen i Volda. Ho har jobba ei årrekke som journalist og programskapar i NRK, har ho mastergrad i kulturminneforvaltning frå NTNU, har jobba med forvaltning og formidling for museum og verneområde og skrive bøkene “52 opplevingar på Sunnmøre” og “Bomtur”, utgjevne på Skald forlag.
Dette er TO viktige problemstillingar i ein smekk:
— Eit framtidsretta syn på potensialet i digital formidling av immateriell kulturarv,
— Ei synleggjering av korleis den suverent største samlinga av immateriell kulturarv i Noreg — nemlig NRKs radioarkiv — er utiljengeleg for slik formidling.
Det er ein svært viktig kulturpolitisk debatt Rebecca Nedregotten Strand reiser i denne bloggposten!