“… pressefolk ser på skolen som et rede for halvstuderte akademikere som ingen kontakt har hatt med et levende pressemiljø, mens journalistelevene ser på pressen som et reaksjonært element som forsinker kampen for et sosialistisk Norge”, beklaga journalist Oddvar Aasen seg i eit lesarinnlegg i Journalisten i 1974. Sitatet er henta frå Fra fjærpenn til Internett (1996) av Rune Ottosen, og illustrerer nokre langvarige stereotypiar og konfliktlinjer mellom pressa og journalistutdanningane i Noreg.
Elevane Aasen snakka om gjekk på Norsk journalistskole. Den vart grunnlagd i Oslo i 1965 når staten tok over Journalistakademiet, oppretta av presseorganisasjonane i 1951. Organisasjonane tapte då den formelle makta over utdanninga, men følte lenge, med Ottosens ord, “soleklar rett til å blande seg inn i det de betraktet som sitt ektefødte barn”.
“Et arnested for revolusjonære»
Når den allmenne radikaliseringa i samband med EF-striden, Vietnamkrigen og Ottosen-komiteen på tidleg syttital òg nådde journaliststudentane, gjekk rykta raskt i pressa om skulen som “et arnested for revolusjonære”, og leiinga vart ofte og høglytt kritisert av presseorganisasjonane. Dels gjekk dette på at dei var for ettergjevande for “radikale strømninger”, men like mykje var dette ein strid om kva som var god journalistikk og korleis journalistikk best kan lærast, der naudsynet av meir praksisbasert undervisning og eit lågt journalistisk nivå hjå lærarane var vanlege ankepunkt. At endåtil folk som ikkje var erfarne journalistar skulle undervise var òg eit heitt tema når når distriktshøgskulen i Volda etablerte si journalistutdanning i 1971.
Den sterkaste politiske kritikken av journaliststudentane stilna utover syttitalet, i takt med den ålmenne avradikaliseringa av politikken og studentane. Om ein framleis i dag finn dømer på at journalistar er bekymra for radikale journaliststudentar, skjer dette vanlegvis i moderate ordelag, der ein, med E24-redaktør Per Valebrokk sine ord, “håpa at journaliststudentane tek til vitet”. Men oftare enn frykt for for sterkt politisk engasjement er kritikken no heller at studentane er for lite engasjerte, som når Harald Stanghelle 16. mars i år sa at han skulle ynskje at journalistutdanningane
… ikkje berre la vekt på karakterar frå vidaregåande, men på engasjement i organisasjonslivet, det å vise at ein er tett knytta til det samfunnet ein skal fungere i som journalist, at ein la vekt på folk som hadde jobba litt forskjellige stadar, med andre ord at ein skapte ein større variasjon (…) Ingenting er galt med gode karakterar, men som journalist bør du ha ein slags følelse, ein resonansbotn ovanfor eit samfunn som ein skal vera ein del av som journalist, ei djupare forståing av det, og det er slett ikkje alltid at det er dei med best karakterar, dei som har brukt heile tida på å skaffe seg dei, viser seg vere dei beste journalistane.
Stanghelle sine ord røyver òg ved ein annan vanleg skepsis i bransjen til journaliststudentar: dei er skuleflinke, men manglar livserfaring. Oftast går dette saman med eit handverksideal om at journalistikk best lærast gjennom praksis i redaksjonane, og at journalistutdanning i beste fall er ei ufullstendig (for teoretisk) førebuing til yrket, i verste fall vekkasta tid, slik Jon Hustad uttrykte det i Journalisten i 2009 under overskrifta “Journalistutdanning — helst ikkje”:
Les norske journaliststudentar George Orwell, studerer dei reisebreva til Knut Hamsun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Economist? Skriv dei essay om den amerikanske borgarkrigen, studerer dei årsakene til krakket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg kommareglane? Nei, stort sett ikkje. Dei konsentrerer seg om form og teknikk. Meistrar dei så teknikken og forma når dei kjem ut i ein redaksjon? Nja… dei brukar vel om lag like lang tid på å læra seg handverket som dei som ikkje har gått på ei norsk journalistutdanning. Norske journalistutdanningar (…) er for norske journalistar det Praktisk pedagogisk utdanning er for norske lektorar: eit metastudium, og for dei fleste praktiske føremål bortkasta tid.
Surveyundersøkingar viser at denne typen haldningar ikkje er uvanlege hjå norske journalistar, men dei har ein klår aldersprofil: di eldre journalistane er, di oftare vektlegg dei handverkskunnskap og livserfaring framfor formell utdanning som viktig for journalistar. At slike synspunkt no er mindre vanlege er nok mykje eit resultat av utdanningsrevolusjonen i bransjen: Berre dei ti siste åra har andelen med høgare utdanning auka frå 70 til 95 prosent, og i dag har 35 prosent av journalistane over fire år med høgare utdanning.
Sentralt i denne utviklinga står journalistutdanningane. Fram til 1987 var utdanningane i Oslo og Volda einerådande, og uteksaminerte kring 85 studentar i året. I 1987 kom høgskulane i Stavanger og Bodø etter, og seinare har fleire fleirårige journalistutdanningar vorte oppretta — og nokre nedlagde, inkludert Mediehøgskulen Gimlekollen (1997-), Samisk journalistutdanning (2000-), BI (2002–11, spesialisert mot økonomisk journalistikk), Bjørknes privatskole (2000–6), Norges Kreative fagskule/MI (2003-) og Universitetet i Bergen (2005-). Her bør ein òg nemne opprettinga av ei masterutdanning i journalistikk i Oslo i 2001, og fleire nye masterutdanningar knytt til dokumentarfilm (Lillehammer, Volda).
Kva syn har desse journalistikkens arvingar på profesjonen si rolle i samfunnet?
Den store auken i talet som no tek journalistikkretta utdanning har kome samstundes med stagnasjon i bransjen. I 1981 var det 3400 medlemer av Norsk Journalistlag. I dei to hendingsrike tiåra etter vart dette talet nesten tredobla, men dei siste ti åra har medlemstalet halde seg nokså stabilt. Saman med naturleg avgang har dette bidrege til at å ha journalistutdanning har gått frå å vere noko nokså sjeldsynt til å verte den vanlegaste vegen inn i yrket: I 2005 hadde 13 prosent av dei aktive journalistane som kom inn i yrket på sekstitalet ei journalistutdanning, og andelen var større for kvart tiår (dei som starta i yrket på syttitalet: 20 prosent, åttitalet: 29 prosent, nittitalet: 39 prosent, fyrste delen av totusentalet: 53 prosent). I dag verkar slik utdanning vere endå vanlegare blant nye journalistar.
På den eine sida er dei eldre generasjonane journalistar sin stadige skepsis til journaliststudentane lett å mistenkeleggjere som utslag av tilårskomen nostalgi eller som behagelege synspunkt i indre profesjonsstridar. Men vi har òg å gjere med ein reell fagstrid, med ulike syn på kva som er god journalistikk, kva som skal vere journalisten si rolle i samfunnet og korleis journalistikk best kan lærast. At generasjonsmotsetningane her òg i ein viss grad har vore omsnudde klassemotsetnadar, (der nykomarane typisk har rekruttert sosialt høgare enn journalistane dei ein gong skal erstatte) kan ha bidrege til at desse motsetningane har halde seg levande så lenge.
Eg skal her ikkje gå nærare inn i argumenta i denne fagstriden. Derimot vil eg formidle litt frå norsk journalistforsking sine studiar av journaliststudentar gjennom dei siste 25 år: Kva gjer journalistutdanninga med studentane? Kven vert studentar, kvar vil dei arbeide og kva syn har desse journalistikkens arvingar på profesjonen si rolle i samfunnet?
Journalistutdanning — liten verknad?
I tidlegare forsking har den uformelle opplæringa i redaksjonane vorte tillagd stor vekt i forminga av nye journalistar. Når grunnopplæringa av desse no har flytta seg ut av redaksjonane og inn i høgskular og universitet, har det vore stor interesse for kva rolle journalistutdanningane har i profesjonssosialiseringa. I kva grad endrar denne “gradification of journalism” — som Slavsko Splichael og Colin Sparks kalla fenomenet i sin pionerstudie (1994) — studentanes haldningar og yrkesambisjonar i løpet av studiet? Og endrar dei seg i møtet med yrkeslivet?
På slutten på nittitalet vart det gjort mange surveystudier av journaliststudentar i ulike land. Felles for desse var likevel at dei var eingongstilfelle for studentane det gjaldt, og ein visste difor lite om kva endringar som fann stad i løpet av studie- og yrkeskarrieren. For å bøte på dette gjennomførde eg saman med Rune Ottosen (HiO) og Gunn Bjørnsen (no HVO) på totusentalet panelstudiar av fleire kull journaliststudentar i Oslo og Volda som del av det norske StudData-prosjektet. Studentane fekk surveyar ved studiestart, studieslutt og etter nokre år i yrkeslivet.
Studentar frå lågare sosiale kår føretrekk oftare enn andre ein ikkje-konfronterande journalistikk
Ikkje uventa fann vi at studentane orienterte seg sterkare mot bransjen di seinare dei kom i løpet, m.a. i form av meir spesialiserte ynskjer til fagfelt og arbeidsstad, og ved å vise større vilje til å arbeide med tema som ein kunne vente hadde lågare status i utdanningane enn i bransjen (som sport- og livsstilsjournalistikk). Meir overraskande var at endringane var svært små: På trass av hundrevis av timar med undervisning og praksis i journalistikk, var journaliststudentane sine svar — deira tilslutning til ulike samfunnsroller for pressa, deira syn på kva eigenskapar som kjennemerka ein god journalist, kva som var viktig å lære i utdanninga eller kvar dei ville arbeide — i store trekk dei same når dei starta og når dei slutta i studiet. Og endringane var også ganske små når vi spurde dei etter nokre år i yrkeslivet.
Det er openbert for alle som har vore involvert i journalistutdanning at studentane gjennomgår ei stor fagmessig utvikling i løpet av studiet. Kvifor framstod då utdanninga ha så liten effekt på deira haldningar og øvrige yrkesorientering? To forklaringar er her nærliggjande.
Det fyrste er at journalistutdanning i ein viss grad “lærer fisk å symje”. I 2000 hadde 59 prosent av studentane hatt lønna jobb som journalist før dei tok til på studiet (34 prosent på fulltid), og hadde slik på førehand gjennomgått ei viss yrkessosialisering. At studentar sjølvsagt òg har eit førehandsinntrykk om profesjonen og denne sine ideal frå media, film og litteratur kan òg ha vore medverkande.
Det andre er at folkelege bilete av yrkesutdanning er forvirra av dårlege metaforar: heller enn å sjå studentane som “tome kar”, “blanke tavler” eller “leirklumpar” som vert fylde eller forma gjennom sosialiseringa i utdanninga og redaksjonane, er det gode argument for at “profesjonelle” haldningar i journalistikken òg er tydeleg prega av det Pierre Bourdieu kallar eins habitus, varige tanke- og handlingsmønster som er djuprøta i oss i vår tidlege oppvekst under bestemte sosiale vilkår. Slik kan ein t.d. forklare kvifor studentar frå lågare sosiale kår konsekvent oftare enn andre føretrekk ein ikkje-konfronterande journalistikk og vektlegg handverksmessige ideal framfor kreative. I eit slik perspektiv er kven som vert journaliststudentar eit like viktig spørsmål som kva dei lærer på studiet.
Å hevde at journalistutdanning er utan effekt framstår som ein openbert urimeleg påstand. Men at slik utdanning i liten grad verkar ha innverknad der ein kanskje ville venta det mest — i haldningar og ideal — burde vere tankevekkjande.
Den nye vin
Kva bakgrunn har dei nye journaliststudentane — sosialt, yrkesfagleg, utdanningsmessig? Kva haldningar har dei til yrket? Kva jobbynskjer har dei? Og korleis skil dagens journaliststudentar seg frå tidlegare? Om slike spørsmål oftast kjem frå bransjen, har dei vidare interesse: Å studere korleis desse journalistikkens arvingar har endra sin sosiale profil kan gje peikepinnar om yrkets framtidige sosiale status, og endringane i yrkeshaldningar er sameleis eit innblikk i den neste generasjonen av journalistar — inkludert deira syn på samfunnsoppdraget.
Der flesteparten før kom til journalistutdanninga som journalistlærlingar, er dei no langt oftare mediestudentar
Våre tidlegare studiar av journaliststudentane i Oslo og Volda har i 2005, 2008 og 2012 vorte fylgd opp i nordiske surveyar, der tilsaman 4674 studentar ved 30 institusjonar (10 i Norge) har delteke. Vi har slik svært gode data for å seie noko om denne utviklinga dei siste tolv åra. I tillegg finst nokre eldre undersøkingar av norske journaliststudentar som gjev eit viss samanlikningsgrunnlag, der særskild tre bør nemnast. Den fyrste er Kirsten Beate Magnus sin studie av elevane ved Norsk journalistskole i 1965–75 i Den fagutdannede journalist (mellomfagsoppgåve, Institutt for sosiologi, UiO 1975). Den andre er Splichal og Sparks sin ovannemnde fleirnasjonale studie, der Rune Ottosen gjennomførte surveyen til Oslo-studentane i årsskiftet 1987/8. Den siste studien — og den eg her vil nytte for samanlikning — er Johann Roppens survey av studentane ved journalistutdanningane i Oslo, Volda, Stavanger og Bodø i kandidatoppgåva “Kven er vi — og kva står vi for” (1988).
Om det sjølvsagt er avgrensa kva slike statistiske samanlikningar kan vise, er det likevel mogleg å trekke nokre forsiktige historiske linjer 25 år attende — til nokså andre tider for norsk journalistikk og det offentlege ordskiftet. Det er forteljinga om lærlingane som vart studentar, om avismediets fall, om politisk og sosial mainstreaming, og eit slankare — men neppe betre — samfunnsoppdrag for journalistikken.
Frå lærlingar til studentar
Gjennomsnittsalderen til journaliststudentane i Oslo, Volda, Bodø og Stavanger er i dag 23,4 år — fire år lågare enn i 1988. Dette er i stor grad eit resultat av endra opptaksreglar, hovudsakleg påført utanfrå. Dei siste femten åra har m.a. regelen vore at minst halvparten av studentane kjem inn på primærvitnemålskvoten (i praksis: elevar rett frå vidaregåande som konkurrerer på basis av karakterar). Studentane har, som ein naturleg fylgje av dette, mindre utdanning og erfaring frå yrkes- og bransjeliv enn før.
Om journaliststudentar framleis er ei sosialt privilegert gruppe, er dei det i klart mindre grad enn før
I 1988 hadde nesten alle (86 prosent) teke høgre utdanning før studiet (halvparten meir enn to år), og mange verka ha hatt journalistisk erfaring frå før — 34 prosent som fulltidstilsette journalistar. I 2012 har færre (63 prosent) høgare utdanning før studiet, og utdanninga dei har er kortare. Berre 10 prosent har tidlegare arbeidd fulltid som journalistar (29 prosent på deltid), og svært få har annan fulltids yrkeserfaring.
Ikkje uventa medfører dette høgst ulike framtidsplanar: Nesten alle i 1988 (80 prosent) hadde planar om å gå ut i journalistyrket ved avslutta studium. I 2012 er det berre 30 prosent som er heilt sikre på at dei ynskjer å arbeide som journalist “i framtida” (69 prosent er heilt eller delvis sikre), og fleirtalet planlegg ta meir utdanning etter studiet.
I sum framstår dette som ei viktig historisk forskyving: der flesteparten før kom til journalistutdanninga som journalistlærlingar, er dei no langt oftare mediestudentar.
Mindre eliteprega
Den fyrste Maktutredningen (Norske journalister: Et gruppeporterett, Lorentzen og Høyer 1974) sitt funn om at journalistikken i liten grad rekrutterer frå lågare sosiale lag er framleis dekkjande, om kanskje ikkje i like stor grad som før. Det same kan ein seie om journaliststudentane.
Når Johann Roppen i 1988 fann at studentane “i svært sterk grad” kom frå eliten i samfunnet, var dette basert på ein sterk overrepresentasjon av høgstatusyrke og høgare utdanning hjå foreldra: 60 prosent av fedrane hadde slik utdanning, mot berre 14 prosent i den yrkesaktive befolkninga. Men der andelen i befolkninga med høgare utdanning har dobla seg dei siste 25 åra, har andelen med slike fedre vore nokså konstant hjå journaliststudentane. Det er eit klart signal om at journalistutdanning, trass sine framleis høge karakterkrav, har vorte mindre sosialt ekskluderande (men merk at det her er viktige skilje mellom utdanningane).
Vi har berre anekdotisk kunnskap om studentane i 1988 var born av journalistar, men det framstår ha vore nokså vanleg. I 2000 hadde ein av fem journaliststudentar i Oslo og Volda slik bakgrunn, og i 2012 berre ein av tjue. Studia framstår slik òg i stadig mindre grad bidra til at journalistyrket går i arv.
Halvparten av studentane i 1988 ville stemme SV eller RV
At dei store journalistutdanningane — samla sett — no i mindre grad er attraktive frå born av dei mest velutdanna sosiale laga (og journalistar), kan lesast på fleire måtar. Det kan tyde på at yrket har ein fallande sosial status. Men det kan òg vere eit teikn på at dei eldste yrkesretta utdanningane for desse gruppene er erstatta av andre utdannings- og yrkesløp. Dette veit vi lite om. Det som er sikkert, er at om journaliststudentar framleis er ei sosialt privilegert gruppe, er dei det i klart mindre grad enn før.
Indoktrineringsleire for kulturelle marxister?
Også politisk framstår journaliststudentane i dag ha vortne meir mainstream. Halvparten av studentane i 1988 ville stemme SV eller RV, og 13 prosent Ap (henhaldsvis 7 prosent og 38 prosent i befolkninga ville gjere det same). Samstundes verka dette i liten grad gå saman med ei politisert journalistrolle: 62 prosent meinte samfunnsjournalistikk burde vere partipolitisk uavhengig, og berre 6 prosent hadde noko imot å arbeide i ei medieverksemd med eit anna politisk syn enn dei sjølve.
I 2012 er deira politiske profil langt mindre særprega: Det er fleire journaliststudentar som vil stemme Høgre (19 prosent) enn SV eller RV (tilsaman 18 prosent), 35 prosent vil stemme Ap og 13 prosent Venstre. Studenter stemmer slik no langt meir likt den ålmenne befolkninga, og også skilnaden til journalistar flest har vorte nokså liten. Interessant nok framstår dei òg stadig mindre venstrevridde enn samfunnsstudentar ved universiteta, ei gruppe som i 2000 hadde nokså lik partiprofil. At konsekvent berre 35 prosent av journaliststudentane no seier seg svært interesserte i å arbeide med samfunn og politikk som tema, og 17 prosent beskriv seg som svært interessert i politikk (26 prosent i liten/ingen grad) er ytterlegare teikn på at Anders B. Breivik sine ord i 2009 om journalistutdanningane som “indoktrineringsleire for fremtidige generasjoner av kulturelle marxister/multikulturalister/politisk korrekte” no ikkje er særleg dekkjande. Òg “demonstrasjonsekshibismen” som Oddvar Aasen beklaga seg over i 1974 framstår i dag vere mindre grunn til otte enn Stanghelles spørsmål om studentanes engasjement i samfunnet dei skal dekkje.
Avisenes fall, vekeblada og fjernsynets vekst
Medan avisene dei siste femten åra har gjennomgått ein teknisk revolusjon, har det i same tidsrom vorte stadig færre norske journaliststudentar som ynskjer arbeide i avis, til fordel for tv og magasin.
I 1988 ville halvparten av studentane arbeide i avis, og resten fordelte seg likt på radio og fjernsyn. I 2005 var dette mønsteret nokså likt — med eit visst innslag av studentar som ville arbeide i magasin og vekeblad. I 2012 er det derimot slik at fleire ynskjer arbeide i fjernsyn enn i avis. At studentane sine ynskjer ikkje berre enkelt fylgjer arbeidsmarknaden er likevel klårt ved at nesten ingen dei siste tolv åra — jamt berre 2–3 prosent — har nettavis som fyrsteval. Den auka interessa for radio/tv-journalistikk har nok òg med at dette har vorte eit vanlegare undervisningstilbod. I Volda, som hadde slik spesialisering frå starten, har andelen studentar som vil arbeide i avis kontra radio/TV vore nokså uforandra dei siste ti åra. I Oslo derimot, som fekk slike tilbod seinare, er andelen som ynskjer arbeide i avis i same periode meir enn halvert (frå 69 prosent til 27 prosent), og andelen som vil arbeide i kringkasting meir enn fordobla (frå 23 prosent til 53 prosent).
Norske studentar fylgjer her ein felles nordisk trend, men her finst det viktige skilnadar: interessa for å arbeide i avis har falle mest i Finland og Danmark, og minst i Sverige. I motsetnad til Norge er nedgangen i Finland fyrst og fremst ei dreiing mot magasin, ikkje kringkasting, og i Danmark er nedgangen tydlegare knytt til eit vanlegare ynskje for å arbeide utanfor tradisjonelle områder for journalistikken — som PR.
I eit samfunnsperspektiv er likevel slike endringar i jobbpreferansar mindre viktige enn spørsmål om kva tema journaliststudentane ynskjer arbeide med, og kva syn dei har på pressas samfunnsrolle. I eit lengre perspektiv verkar det rimeleg å lese dreiinga mot magasin og kringkasting som eit teikn på at i alle fall overvakings- og informasjonsfunksjonen til pressa framstår mindre sentral for studentane.
Vi har her ikkje så gode data for samanlikning før dei siste sju åra. Til gjengjeld er det interessant lesnad.
No numbers, please
Bortsett frå at studentane seier seg interesserte i stadig færre tema, er det små endringar i denne perioden: kultur og samfunn/politikk er tema som flest seier seg svært interesserte i å arbeide med, og få er interesserte i å arbeide med økonomi og næringsliv. I lys av dei siste åras finanskriser må det siste seiast vere oppsiktsvekkande.
Det er heller ikkje store endringar i syn på kva som er sentrale journalistiske ferdigheiter: kjeldekritikk, presseetikk og språk/rettskriving er alle ting som meir enn tre av fire studentar i perioden seier er svært viktig å lære på utdanninga.
Journalistikk — for eigen del?
Når studentane vert spurde om motiva for å søkje seg til journalistyrket, er det sjølvrealiseringa som dominerer: dei vil arbeide med ting som interesserer dei, vere kreative og ha eit fritt yrke. Utsikter til god løn og høg status vert nemnd av fleire no enn før, men færre oppgjev ynskjet om å deltake i samfunnsdebatten som viktig motivasjon. Det fører oss over til samfunnsoppdraget.
Eit slankare samfunnsoppdrag
I Roppens studie i 1988 var gransking av makthavarar og rask nyheitsformidling sentrale ideal for studentane: 40 prosent sette overvaking og å skape debatt om offentlege organ og institusjonar som pressas viktigaste oppgåve (12 prosent private bedrifter og institusjonar). Deretter kom å bringe nyhende til folk så raskt som råd (18 prosent), debattere stridsspørsmål og problem som er oppe i tida (10 prosent), få fram synspunkta til dei som sjeldan får ordet i samfunnsdebatten (8 prosent), få fram negative sider ved samfunnet (6 prosent), utvikle folk sine intellektuelle og kulturelle interesser (8 prosent) og underhalde (1 prosent). I hovudsak verkar dagens norske studentar fylgje same mønster: granskingsfunksjonen vert som før oftare trekt frem som svært viktig enn informasjonsfunksjonen, og underhaldning er tilsvarande svært få som dreg fram.
I perioden 2005-12 ser vi likevel at granskingsidealet i studentenes auger framstår verte ein stadig viktigare del av samfunnsoppdraget, medan intellektuelle ideal om å drive samfunnsdebatt og stimulere publikum til å tenkje nye tankar begge har fallande oppslutning (også dette er eit felles trekk for dei skandinaviske land). Også idealet om nøytralitet har auka tilslutning. Dei norske journaliststudentane sitt samfunnsoppdrag av 2012 framstår i ei stadig slankare og mindre kompleks utgåve enn før, der tradisjonelle intellektuelle og politiske oppgåver for journalistikken er nedtona til fordel for overvaking av makthavarane. Om nokon sikkert ynskjer lese dette som ein siger for den kritiske journalistikken, er dette ein lesnad som høver dårleg med andre trekk i perioden, som den konstant låge andelen som seier seg politisk interessert og nedgangen i andelen som seier at arbeid mot urettvise er ei sentral journalistisk oppgåve.
Det er tvert imot grunn til å spørje om ikkje journalistikkens nye vin er i ferd med å verte til eddik for samfunnsoppdraget sin del, og om dette “slankare” samfunnsoppdraget ikkje fyrst og fremst er ei auka tilslutning til det Olof Petersson har omtalt som journalisme, ein profesjonsbyggjande ideologi der journalistane er folkets riddarar i kampen mot elitanes maktmisbruk. Om det er rett, må ein nok søkje forklaringa ikkje berre i samfunns- og teknologiutvikling, men òg i endringar i profesjonen og rekrutteringa til journalistutdanningane.
For det fyrste går studentanes auka fokus på granskingsidealet inn i ei velkjend forteljing om den “indre vendinga” i norsk journalistikk, ein prosess som er drøfta av mange, inkludert Odd Raaum i boka Pressen er løs! (1999), i Martin Eide sin artikkel “Det journalistiske mistaket” (1988) og i underteikna si avhandling. For det andre må vi hugse kven som no tek journalistutdanning: Der journalistutdanning i 1988 for dei fleste markerte ein start på (eller for mange: eit framhald av) ei journalistkarrière, har flesteparten av nye journaliststudentane ikkje umiddelbare planar om slikt. All sosiologi tilseier at dette tilhøvet, saman med studentanes lågare sosiale integrering i bransjen, må medføre ei lausare mental integrering i journalistverda, ein journalistikkens Entzauberung (avtrylling) om ein vil, eit svakare følt engasjement for journalistikkens indre og ytre strider, eller det ein med Pierre Bourdieu kan kalle ein svakare journalistisk illusio, som framstår vere bestemt til å misoppfattast av dei eldre journalistlærarane og journalistane som ein serie av individuelle faglege og moralske problem hjå studentane (“uengasjert”, “lat”, “lite seriøs”).
Takk for interessant og grundig kronikk.
Jeg synes særlig sitatet fra Øgrim er interessant:
“Les norske journaliststudentar George Orwell, studerer dei reisebreva til Knut Hamsun, les dei Italia-essaya til Hans E. Kinck eller The Economist? Skriv dei essay om den amerikanske borgarkrigen, studerer dei årsakene til krakket i 1929? Eller for den del: Lærer dei seg kommareglane? Nei, stort sett ikkje.”
Det jeg selv savner hos norsk journalister er kunnskaper utover det journalistfaglige, dvs journalister som er solid kunnskap om noe mer, fra andre fagfelt. Viktige unntak er f.eks. Steinfeld som er historiker. Slik kunnskap gir helt annet grunnlag for journalistarbeidet på et konkret område, f.eks. Russland i Steinfelds tilfelle. Kanskje burde det journalistfaglige komme som en påbygning til disiplinkunnskap fra fag som historie, økonomi eller statsvitenskap?