I boka Norsk kriminaljournalistikk etter 2000 (Røssland 2019) er eit viktig poeng at kriminaljournalistikken sin posisjon er betra. Dersom éin enkeltfaktor skal framhevast som den som framfor alt symboliserer ein auka legitimitet for kriminaljournalistikken etter år 2000, så må det vera bruken av kommentarsjangeren.
Kommentarsjangeren har mange nyansar. Eg skal her konsentrera meg om nyhendeanalysen/den analytiske kommentaren og meiningskommentaren. Begge deler er knytt opp til forklarande eller kontekstuell journalistikk, som spør seg kvifor noko er slik eller slik, korleis me kan forstå det og kva som no skjer vidare. Sven Egil Omdal har eit treledda perspektiv på kommentarsjangeren. Den handlar, ifølgje Omdal, om kunnskapsformidling, om analyse av ei problemstilling og om å finna ei form som engasjerer. Det første leddet er trygt og godt plassert i analysedelen, dei to andre kan føra til at kommentaren blir ein meiningskommentar.
28. januar 2019 var ein dramatisk dag i Borgarting lagmannsrett. Den aller siste juryen i Norge avsa si avgjerd i ankesaka mot den tidlegare politimannen Eirik Jensen. Juryen hadde drøfta skuldspørsmålet svært lenge. Den svarte nei på spørsmålet om skuld i narkotikasmugling og ja på spørsmålet om skuld i grov korrupsjon. Etter ein time valte fagdommarane å setja avgjerda til juryen til sides. Sjølvsagt var dette tema for kommentatorane. Denne artikkelen baserer seg på ei nærare gransking av nokre av dei mest sentrale kommentarane frå dei første timane etter dramaet i retten (28.–29.1.).
Nyhendeanalytikaren
Olav Rønneberg sin kommentar «Ingen fordel med ny rettssak» på nrk.no gir ein sakleg gjennomgang av kva som har skjedd. Som lesar sit ein klokare igjen. Ønsker ein som publikummar å gjera seg opp ei meining om kva som burde ha skjedd eller ikkje burde ha skjedd, så kan ein gjera det på etter måten fritt grunnlag. Rønneberg gir ein varsam spådom om kva som kan koma til å skje i ein ny rettssak, men kjem ikkje med noko eigentleg eiga avgjerd om rett og gale i dommen i denne runden.
Meinaren
TV 2 sin kommentator, Mathias Fischer, er langt tydelegare på å meina noko i sin kommentar. Meiningar i denne saka kan ein ha på ulike nivå. Dei første timane etter lagmannsrettsdommen handla det om å meina noko om saka i seg sjølv, om fagdommarane si tilsidesetjing og om juryordninga som ordning.
Dette siste er det Fischer er oppteken av i kommentaren «Takk og god natt, juryordning». Fischer nyttar nettopp Jensen-saka til å understreka at det var rett å avskaffa juryordninga. Det framstår spesielt, all den tida juryordninga ikkje stod på dagsordenen. Stortinget vedtok å avskaffa den, i juni 2017, halvtanna år før juryen fungerte i ei sak for siste gong.
«Denne gangen klarte ikke selv de mest durkdrevne rettskommentatorene å forklare kjennelsen», slår Fischer fast, men stemmer dette?
Den durkdrevne
Å forklara er eitt krav, å forstå er eit anna. Den durkdrevne, erfarne rettskommentatoren framfor nokon er Inge D. Hanssen i Aftenposten. Han var i retten som journalist første gongen i 1969. Han la i sin kommentar, «For et rettsdrama!», for det første, i motsetnad til Fischer, vekt på at juryen – trass i manglande grunngjeving – hadde gjort ein skikkeleg jobb: «Etter å ha vurdert bevisene i seks døgn kom lagretten frem til at det ikke er bevismessig grunnlag for å kjenne Jensen skyldig i å ha medvirket til innførsel av 13,9 tonn hasj.» For det andre vedgjekk han at dette kom overraskande på han, men så konkluderte han likevel slik: «Etter min mening burde fagdommerne ha respektert og godtatt juryens kjennelse etter at den samvittighetsfullt har vurdert bevisene i seks døgn.»
Konkluderaren
Astrid Meland konkluderer i vg.no («En forfordelig dag for Eirik Jensen»), på same dag som rettsdramaet, motsett av den durkdrevne. Det påfallande er i kor stor grad Meland gjentar fagdommarane og påtalemakta sin argumentasjon når ho vel å konkludera: «Tilsidesettelsen er etter mitt skjønn likevel riktig». Det er altså skilnad på å forklara lesarane kvifor fagdommarane vurderte som dei gjorde – dei fann ikkje juryens si avgjerd logisk – og det å sjølv som kommentator fastslå at det ikkje var logisk, slik Meland gjer det.
Den prinsipielle
Der Fischer og Meland sine meiningar og konklusjonar er svært like dei til fagdommarar og påtalemakt, så inntar Martine Aurdal i Dagbladet ein annan posisjon. At det skal handla om juryen, og det på ein annan måte, ser me av tittelen – «Spyttet på juryen», eit utsegn lånt frå Eirik Jensen sjølv. Aurdal legg til grunn, på ein annan måte enn Fischer og Meland, at juryordninga enno galdt, til og med Jensen-saka, og ho er prinsipiell på juryordninga sine vegne: «Men det at vanlige mennesker skal vurdere bevisene, uten et fagjuridisk blikk, er et viktig prinsipp for å sikre at domstolenes rettspraksis er i overensstemmelse med den allmenne rettsoppfatning. Juryen har med sitt beste skjønn samvittighetsfullt tvilt seg fram til den avgjørelsen de mener er riktig. Medlemmene har gjennom de siste fem månedene fått full oversikt over saken – og like god oversikt som fagdommerne.»
Ein viktig del av Aurdal sin analyse botnar i bakgrunnen for tilsidesettingsordninga: «Adgangen fagdommerne har til å sette til side en jurys kjennelse var opprinnelig utelukkende en ekstra mulighet til å frifinne». Den botna altså i frykta for at ein jury skulle gå på kostnad av prinsippet om at ein tiltalt berre skal dømmast om all tvil er kosta til sides. Aurdal peikar på at det truleg var frifinninga av Arnulf Øverland for blasfemi i 1933 som førte til ei endring, der det også blei opna for tilsidesettingar av jury-frifinningar.
Aurdal poengterer også at sjølv om fagdommarane har hatt høve til å setja ei jury-avgjerd til side, så har dei ikkje noko plikt til å gjera det. For det er ikkje den manglande logikken det bør fokuserast på, ifølgje Aurdal, det er bevisvurderinga, som er «…kjernen av lagrettens oppgave».
Juristen
Eirin Eikefjord i Bergens Tidende er sjølv jus-utdanna. Ho skreiv kommentaren «De har ham ikke helt ennå». Der Fischer og Meland legg seg tett opp til fagdommar-perspektivet, vel Eikefjord å forsterka det. Det gjer ho mellom anna ved adjektivbruk. Det er ikkje berre ulogisk det juryen har gjort: «Men juryens konklusjon er en gigantisk logisk brist».
Eikefjord er også oppteken av det som Aurdal skildra som juryens viktigaste oppgåve, bevisvurderinga. Ho kommenterer dei sentrale sms-meldingane i saka og fastslår at dei ikkje kan handla om «…annet enn hasj». Eikefjord legg seg også tett opp til den juridiske tenkinga når ho nyttar grunngjevingar frå tingrettsdommen som sanningsvitne på at juryen har gjort feil.
Kritisk ståstad
Kommentarane etter avgjerda i lagmannsretten i Eirik Jensen-saka 28. januar viser ulike måtar å kommentera, analysera og skapa engasjement på. Dei varierer mellom anna i kva grad dei i hovudsak held seg nære den føreliggande saka og i kva grad dei evnar å løfta blikket til eit prinsipielt nivå.
Ei viktig kjerne i kommentarjournalistikkens plass i moderne kriminaljournalistikk ligg i evna til å plassera krim og straffeprosess inn i dei større spørsmåla rundt etikk, demokrati og det offentlege. Men det handlar også om å definera kva noko handlar om, å bera eller provosera fram synspunkt innanfor temaet – og å vera folkeopplysar.
Kommentatorverksemda må skje frå ein uavhengig, kritisk ståstad. Journalistar som blir dugande krimkommentatorar har gjerne henta sin kunnskap gjennom tett og god kjeldekontakt i straffeprosessen, over lang tid. Dette gir innsikt som igjen gir solid bakgrunn for analysar og kommentarar – og meiningar. Så må ein vakta seg for i meiningsfasen å ikkje overta kjeldene sine meiningar.
Kjelder
Igland, Alf Kjetil og Audun Stølås (2008) Kommentaren. Oslo: IJ-forlaget.
Mathisen, Birgit Røe og Lisbeth Morlandstø (2016) Kommentaren – en sjanger i endring. Oslo: Cappelen Damm Akademisk.
NOU 2011:13 Juryutvalget – Når sant skal skrives. Justis- og politidepartementet.
Roksvold, Thore (1997) “Riss av norske avisers sjangerhistorie” – i Thore Roksvold (red.) Avissjangrer over tid. Fredrikstad: Institutt for journalistikk.
Røssland, Lars Arve (2019) Norsk kriminaljournalistikk etter 2000. En vegg av krim. Cappelen Damm Akademisk: Oslo.