Bolivia: Pressefridommens gode eksempel — eller sjølvsensurens land?

Bolivia er det landet utom Europa med den friaste pressa. Friare enn den danske og amerikanske pressa. I alle fall om ein skal tru pressefridomsorganisasjonen Reportere Uten Grenser.

På to år har Boli­via avan­sert seks­ti plas­sar på indek­sen over presse­fri­dom den Paris-baser­te orga­ni­sa­sjo­nen Repor­te­re Uten Gren­ser kjem ut med kvart år. Det ein­as­te ikkje-euro­pe­is­ke lan­det som kan måla seg med Boli­via, er Cana­da. Saman deler des­se ein 16. plass med Aus­ter­rike på indek­sen. Land som Dan­mark, Tysk­land, Frank­ri­ke og USA ligg bak Boli­via.

Den­ne posi­sjo­nen har alt­så det sør­ame­ri­kans­ke u-lan­det trass i at det med sine næra­re 200 stats­kupp­for­søk top­par kupp­sta­ti­stik­ken på verds­ba­sis. Like­vel har dei sis­te 25 åra vore pre­ga av ein demo­kra­ti­se­rings­pro­sess i Boli­via, og med det føl­gjer presse­fri­dom. Det kan sjå slik ut, i alle fall.

2006 Press Freedom Index


Presse­fri­doms­in­dek­sen plass 1–53 (illust­rert gjen­gi­ving)

Mot­stri­dan­de rap­por­tar
Repor­te­re Uten Gren­ser sin årle­ge indeks blir laga ved at eit spørje­skje­ma med 50 spørs­mål om presse­fri­dom blir sendt rundt til 130 kor­re­spon­den­tar som repre­sen­te­rer 14 uli­ke part­nar­or­ga­ni­sa­sjo­nar til Repor­te­re Uten Gren­ser. Skje­ma­et blir også sendt til jour­na­lis­tar, advo­ka­tar, fors­ka­rar og men­neske­ret­tig­heits­ak­ti­vis­tar, og spørs­må­la går i hovud­sak på kor man­ge jour­na­lis­tar som er blitt drep­ne, tru­ga, fengs­la og lik­nan­de i dei uli­ke lan­da. Gjen­nom ana­ly­se­ring av sva­ra får lan­da eit tal som indi­ke­rer stør­re presse­fri­dom di låga­re talet er (sjå tabell). Sva­ra er basert på til­hø­va frå 1. sep­tem­ber eitt år til 1. sep­tem­ber nes­te år.

— I Boli­via var det nes­ten ingen aggre­sjon over­for pres­sa i den­ne peri­oden det sis­te året, sei­er Benoit Her­vieu, ansvar­leg for den ame­ri­kans­ke des­ken i Repor­te­re Uten Gren­ser.

Men sam­ti­dig som det i den­ne indek­sen ser lyst ut for presse­fri­dom­men i Boli­via, teik­nar flei­re and­re presse­fri­dom-orga­ni­sa­sjo­nar eit anna bile­te. Man­ge av des­se mei­ner Evo Mora­les, for­kjem­pa­ren for urfol­ket i lan­det som vann pre­si­dent­va­let i febru­ar i år, har ført ein poli­tikk som tru­gar meir enn frem­jar den boli­vi­ans­ke presse­fri­dom­men.

Evo Morales (foto: Alain Bachellier)


Boli­vias pre­si­dent Evo Mora­les under et besøk i Frank­ri­ke i mai 2006 (foto: Alain Bachel­li­er. Bil­det er pub­li­sert med en Crea­ti­ve Com­mons-lisens.)

Flo­ri­da-baser­te Inter Ame­ri­can Press Associa­tion er i ein rap­port frå 2006 om utvik­lin­ga for den boli­vi­ans­ke presse­fri­dom­men kla­re i sitt syn på Mora­les, som med pla­nar om å nasjo­na­li­se­ra Boli­vias olje- og gass­føre­koms­tar tok pre­si­dent­pos­ten til stor for­tvi­ling for mel­lom and­re USA: «Stil­lin­ga teken av hans admi­ni­stra­sjon over­for den boli­vi­ans­ke pres­sa har ført til eit kli­ma med ope fiend­skap og aukan­de spen­ning.»

Råd­gje­var ved den boli­vi­ans­ke ambas­sa­den i Stor­bri­tan­nia, Pab­lo Ossio, mei­ner rap­por­ten teik­nar eit skeivt bile­te.

— Om lag 80 pro­sent av pres­sa i Boli­via er pri­vat­eigd, og sidan eiga­ra­ne stort sett er vel­stå­an­de, er dei neg­a­ti­ve til Mora­les. Dei ser etter alle teikn på at han avgren­sar presse­fri­dom­men, så då trur dei han gjer det. Dess­utan er man­ge av des­se media med­lem­mar av Inter Ame­ri­can Press Associa­tion (IAPA).

I alt tolv boli­vi­ans­ke medie er med­lem­mar av IAPA, viser tal frå orga­ni­sa­sjo­nen sjølv. Ossio grunn­gjev sitt syns­punkt om ei fri boli­vi­ansk pres­se med dei skriv­ne love­ne. — Den boli­vi­ans­ke kon­sti­tu­sjo­nen garan­te­rer for stor presse­fri­dom i lan­det, sei­er han.

Ossio viser til at artik­kel 7 i kon­sti­tu­sjo­nen har gje­ve jour­na­lis­tar ytring­fri­dom sidan 1967, og at det også har kome ord­nin­gar dei sei­na­re åra som er fremjan­de for presse­fri­dom­men. I 2004 kom det til dømes ein for­ord­ning som opna for utvi­ding av lokal­ra­dio­nett­ver­ket, noko som er svært vik­tig i eit land der nes­ten ein fem­del av fol­ket er analfa­be­tar. Og i 2005 kom infor­ma­sjons­lova, som slår fast at offent­le­ge teneste­menn er pålag­de å sva­ra på hen­ven­din­gar frå pres­sa innan 15 dagar. Dess­utan stop­pa Mora­les eit fram­legg frå sitt eige par­ti, «Movi­mi­en­to al Socia­lis­mo» («Rørs­la for sosia­lis­me») om ei lov som skul­le kon­trol­le­ra jour­na­lis­tar, og som vil­le vera meir restrik­tiv over­for presse­fri­dom­men, påpei­ker Her­vieu i Repor­te­re Utan Gren­ser:

— Evo Mora­les vil­le ikkje ei gong debat­te­ra den­ne lova, sei­er han

Ossio mei­ner det­te er eit uttrykk for den posi­sjo­nen pres­sa har i Boli­via.

— Fram­leg­get gjekk ikkje gjen­nom for pres­sa har for stor makt.

Fri­doms­av­gren­san­de lover og sjølv­sen­sur
På den and­re sida er det også ein del lover man­ge vil opp­fat­ta som avgren­san­de for presse­fri­dom­men. Jour­na­lis­tisk verk­semd kan ber­re utfø­rast av per­son­ar med uni­ver­si­tets­grad i jour­na­lis­tikk, og straffe­lova har ein para­graf om at ære­kren­kin­gar av offent­le­ge teneste­menn frå jour­na­lis­tisk hald kan føra til inn­til to års feng­sel, eller tre år om det er tale om pre­si­den­ten. Brot på kon­sti­tu­sjo­nen eller bor­ga­ra­ne sine ret­tig­hei­ter blir ført for ein presse­dom­stol med 40 per­son­ar.

Like­vel er ingen nokon gong døm­te av den­ne dom­sto­len, og ber­re to saker har vore oppe for den. Her­nan Alber­ro, utdan­na jour­na­list med mas­ter i poli­tikk og pro­gram­di­rek­tør i Argen­ti­na-baser­te Cen­ter for the Ope­ning and Devel­op­ment of Latin Ame­rica, skriv årle­ge fors­kings­rap­por­tar om saman­hen­gen mel­lom øko­no­misk fri­dom og presse­fri­dom i Latin-Ame­ri­ka. Han mei­ner det at få saker er oppe for dom­sto­len ikkje kan takast som eit ein­ty­dig teikn på høg grad av presse­fri­dom, noko han trur kan vera ein av grun­na­ne til den høge plas­se­rin­ga til Boli­via på Repor­te­re Uten Gren­ser sin indeks.

— Repor­te­re Uten Gren­ser kan seia at når få blir prøv­de for ret­ten, gjer det ikkje noko, men at lover som avgren­sar presse­fri­dom­men er der, kan jo ver­ka inn i høve til sjølv­sen­su­ren, sei­er Alber­ro.

Ein annan som finn den høge plas­se­rin­ga til Boli­via over­ras­kan­de, er Car­los Da Sil­va. Han har vore jour­na­list rundt om i Sør-Ame­ri­ka, og har job­ba mykje på gren­sa mel­lom Bra­sil, som han kjem frå, og Boli­via. I til­legg har han vore kor­re­spon­dant i Noreg under Uten­riks­de­par­te­men­tet sitt inter­na­sjo­na­le presse­sen­ter, og også hatt uli­ke sam­funns­vit­ska­pe­le­ge forsk­nings­pro­sjekt i Sør-Ame­ri­ka.

— Eg trur ikkje på sli­ke utrek­nin­gar, eg trur meir på kunn­ska­pen ein får «på bak­ken» ved å snak­ka med kol­le­ga­er, ven­ner og lik­nan­de, sei­er Da Sil­va, og under­byg­gjer:

— Du er fri til å kri­ti­sera, men det er far­leg, så eg veit ikkje kor fritt det då eigent­leg er. Dei demo­kra­tis­ke struk­tu­ra­ne til­sei­er fri­dom, men gjer dei morals­ke og etis­ke struk­tu­ra­ne det? Eg er natur­leg­vis svært glad for den høge plas­se­rin­ga Boli­via har fått, men for­held meg skep­tisk.

Alber­ro mei­ner Repor­te­re Uten Gren­ser sin måte å måla på med spørs­mål om uli­ke for­mer for aggre­sjon over­for jour­na­lis­tar, ikkje fan­gar så godt opp lite syn­le­ge til­hø­ve i mind­re land. Han saman­lik­nar USA, som er på 53. plass i årets indeks, med Boli­vias plas­se­ring.

— I USA har det vore ein del jour­na­lis­tar i feng­sel, og det er lett å sjå, med­an skjul­te angrep og trugs­lar, som det er meir av i Boli­via, ikkje blir fan­ga opp.

- Aner­kjend indeks
Kaj­sa Törn­roth, lei­ar for avde­lin­ga for presse­fri­dom i World Associa­tion of New­spa­pers, er klar på at Repor­te­re Uten Gren­ser sin indeks er til å sto­la på, men at det at den er laga av ein euro­pa­ba­sert orga­ni­sa­sjon kan ver­ka inn på resul­ta­ta.

— Den er svært påli­te­leg og godt aner­kjent. Men det er klart at slikt som føre­går «bak sce­na» i land langt unna Paris, vil nok kun­ne ver­ta fan­ga opp betre med ann­leis målin­gar av insti­tu­sjo­nar som ligg næra­re.

Det fak­tum at det­te er ei måling teke føre seg av ein euro­pe­isk orga­ni­sa­sjon, er noko Alber­ro også trur kan vera med på å for­kla­ra den høge plas­se­rin­ga til Boli­via. Målin­ga­ne blir gjort med «euro­pe­is­ke auge», mei­ner han.

— Hjå dei blir det i man­ge saman­hen­gar sett på som vel­kom­men at sty­res­mak­te­ne har eit aktivt for­hold til pres­sa eller også tek over medie­verk­sem­der, for­di det som oftast fører til noko bra for euro­pe­is­ke media, og dei stat­le­ge media der fun­ge­rer godt. Men slik er det ikkje her etter­som pres­sa his­to­risk har blitt brukt til poli­tis­ke mål. Repor­te­re Uten Gren­ser prø­ver ikkje å sjå kva poli­tik­ken i lan­det vil gje­ra med presse­fri­dom­men i det lan­ge løp.

Da Sil­va trur dess­utan den boli­vi­ans­ke pres­sa er lett å bru­ka poli­tisk:

— Eg er 46 år gam­mal, og har reist rundt og sett mykje i dei sør­ame­ri­kans­ke lan­da. Eg har til dømes vore ein del på gren­sa mel­lom Boli­via og Bra­sil, og avi­se­ne der har ofte over­skrif­ter som open­bart ikkje er san­ne. Boli­via­na­ra­ne er tem­me­leg ukri­tis­ke og det er høg grad av anal­fe­be­tis­me, så dei kjø­per his­to­ri­er lett.

- Demo­kra­ti nyde­leg på papir
Alber­ro påpei­ker at Boli­via har vore kjend for å ha ei tem­me­leg fri pres­se i høve til and­re sør­ame­ri­kans­ke sta­tar, og med tan­ke på at det er eit fat­tig land, i fjor fat­ti­gast i Sør-Ame­ri­ka med brutto­na­sjo­nal­pro­dukt på under 3000 dol­lar per inn­byg­ger (sjå fak­ta om Boli­via på globalis.no. Alter­na­tivt Verds­ban­ken).

Men den øko­no­mis­ke fri­dom­men i Boli­via er syn­kan­de, og på Her­ita­ge Foun­da­tion sin indeks over øko­no­misk fri­dom som kom i janu­ar i fjor var Boli­via det lan­det i ver­da med fjer­de størst til­bake­gang. Der­med er presse­fri­dom­men også på veg i feil ret­ning, mei­ner Alber­ro, som fors­kar på den­ne saman­hen­gen.

— I ei verd der pres­sa er avhen­gi­ge av mark­na­den vil det med meir avgren­sa øko­no­misk fri­dom også bli avgren­sa presse­fri­dom. Det fak­tum at den øko­no­mis­ke fri­dom­men går ned­over må då den boli­vi­ans­ke pres­sa «kom­pense­ra» for ved å gje frå seg noko av presse­fri­dom­men så dei får meir øko­no­misk stø­nad frå sty­res­mak­te­ne ved til dømes å ”rekla­me­ra” for dei.

Det­te går alt­så stikk i strid med Repor­te­re Uten Gren­ser sin indeks. Grun­nen er at det­te ikkje er å fin­na i ver­ken tal eller ord, under­stre­kar Alber­ro.

— Eg vil seia det er ein over­gangs­si­tua­tion i des­se dagar. End­rin­ga­ne er ikkje i form av lov­gje­ving, men jour­na­lis­ta­ne står over­for press dei ikkje har gjort før. Det­te er ofte øko­no­misk press der pres­sa blir beløn­na eller straf­fa alt etter­som omta­la av sty­res­mak­te­ne er for­del­ak­tig eller ikkje.

Inter Ame­ri­can Press Associa­tion uttryk­kjer det slik i fram­hal­det av sin rap­port: «Viss ein ting har karak­te­ri­sert Boli­via i dei­ra 24 år med demo­ra­ti, har det vore respekt for pres­se- og ytrings­fri­dom hjå admi­ni­stra­sjo­na­ne. I alle fall des­se kon­sti­tu­sjo­nel­le ret­tig­hei­ta­ne har ikkje vore offer for sto­re angrep eller restrik­sjo­nar». Vida­re ram­sar rap­por­ten opp flei­re anled­nin­gar der Evo Mora­les og and­re frå sty­res­mak­te­ne har utvist stor mis­nøye med at dei er omta­la neg­a­tivt i boli­vi­ansk pres­se, samt and­re til­hø­ve som orga­ni­sa­sjo­nen mei­ner er uttrykk for at det går feil veg med presse­fri­dom­men.

Her­vieu frå Repor­te­re Uten Gren­ser påpei­ker at indek­sen dei­ra er laga uti­frå sva­ra uli­ke men­nes­ke med kom­pe­tan­se på fel­tet gjev på eit spørje­skje­ma, og er med det aud­mjuk i høve til at den nok ikkje fan­gar opp til dømes sjølv­sen­sur og kor­rup­sjon i sær­leg grad.

— Boli­via si plas­se­ring var ei over­ras­king, og ein må vera for­sik­tig med indek­sen. At eit land kjem høgt kan også vera eit uttrykk for at pres­sa ikkje tør å behand­la «far­le­ge» områ­de som kor­rup­sjon, traf­fick­ing, brot på men­neske­ret­tig­hei­tar også vida­re, og der­med hel­ler ikkje blir utset­te for åtak og lik­nan­de. Slik er det i Boli­via for­di det er stor usta­bi­li­tet i poli­tik­ken, og det er mykje kor­rup­sjon av jour­na­lis­tar frå til dømes loka­le poli­ti­ka­rar.

Da Sil­va utdju­per poen­get ved å visa til saman­hen­gen mel­lom lov og ret­tar på den eine sida, og prak­sis på den and­re.

— Kva er defi­ni­sjo­nen på demo­kra­ti? Demo­kra­ti er nyde­leg på papir. Den boli­vi­ans­ke kon­sti­tu­sjo­nen er det­te papi­ret. Men kor­leis kan ein saman­lik­na svært uli­ke land med kvar­and­re i høve til det­te, og kor­leis det blir prak­ti­sert? Å ran­ge­ra kven som er num­mer ein og kven som er num­mer to her, er ikkje lett.

Fram­ti­di­ge utsik­ter
Alber­ro fryk­tar at avgren­sin­gar i presse­fri­dom­men også vil visa seg gjen­nom lov­re­gu­le­rin­gar i fram­ti­da. Pre­si­dent Mora­les har uttalt poli­tisk stø­nad frå Vene­zu­e­las pre­si­dent, Hugo Chávez, og blei i 2005 også skul­da for å ha mot­te­ke øko­no­misk stø­nad frå den vene­zu­e­lans­ke leia­ren. Chávez kom til mak­ta ved demo­kra­tisk val i Vene­zu­e­la i 1999, sju år etter at han had­de vore med å leia eit kupp­for­søk, og har sett man­ge kon­tro­ver­si­el­le refor­mer ut i livet. Vene­zu­e­la har fal­le på Repor­te­re Uten Gren­ser sin indeks frå 77. plass til 115. plass dei åra indek­sen har eksis­tert, frå 2002 til 2006.

Alber­ro er redd Mora­les vil føl­gja fote­fara til Chávez når han no skal for­ma ein ny boli­vi­ansk kon­sti­tu­sjon. Den skal vera klar i august i år.

— Fore­lø­pig er det­te fyrst og fremst frykt, men det kan fort bli rea­li­tet. Fryk­ta er at med all den insti­tu­sjo­nel­le omro­ke­rin­ga når dei for­mar den nye kon­sti­tu­sjo­nen, vil det fort kun­ne slå ut i mind­re presse­fri­dom. Det­te er ein tendens me har sett svært klart i Vene­zu­e­la len­ge, og som me fryk­tar i Boli­via. Fryk­ta blir enno stør­re med tan­ke på at Boli­via er meir usta­bilt enn Vene­zu­e­la, og at det der­med er enno vans­ke­le­ga­re å for­ma kon­sti­tu­sjo­nen.

Artik­kel­for­fat­ta­ren stu­de­rer jour­na­lis­tikk ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen.

TEMA

J

ournali
stikk

129 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen