Dei digitale rammevilkåra, del 2: Fri kultur og kunnskap er råstoffet

Å støype den digitale framtida etter analoge prinsipp kjem aldri til å fungere.

I del 1 av denne kro­nikken freista eg å gje eit his­torisk tilbake­b­likk på dri­vkreftene bak omformin­ga frå eit heilanalogt til eit heildig­i­talt sam­funn. Her i del 2 skal eg ta føre meg kor­leis sam­fun­net kan tilpasse seg desse kreftene for å nå dei høgstlig­g­jande måla for eit godt samfunn.

Kva med avisene, forlaga, CD-platene, musikkindustrien? Overlever dei?

Rupert Mur­doch driv i desse dagar med storstilte eksper­i­ment for å sel­je avisene sine over Inter­nett og som app­likasjonar for Apple iPad. Fram til no har betal­ingsmu­rar for å lese avis­er og mag­a­sin vore mis­luk­ka med veldig få unntak. Årsak­ene er sikkert mange, men ei fork­lar­ing kan vere at når folk fyrst har sett seg ned i god­stolen for å lese avis­er og dei vert bedne om å dra fram kred­it­tko­rtet for å betale, så hop­par dei like gjerne til noko anna inter­es­sant. Dessu­tan så har folks opp­fat­ning av ver­di foran­dra seg radikalt i sam­band med over­gan­gen frå atom til bits. Folk ser ver­di­en i ei trykt avis, men ikkje i ei elek­tro­n­isk fil.

Plate­bran­sjen opplever dei same prob­le­ma. Folk er ikkje lenger inter­esserte i å kjøpe CD-plater, og på Inter­nett er alle plate­bu­tikkar tilnær­ma like. Kopis­per­rer er det ingen av dei som kan ha lenger for­di folk har så myk­je musikk at der­som dei skal gjere musikk med kopis­per­rer tilgjen­ge­leg til alle dingsar dei til kvar tid har, så får dei fort dagar og vek­er med arbeid. Sjølv om artis­tar ikkje ten­er nem­n­everdig på Spo­ti­fy, så er det snart ingen som har råd til ikkje å vere der. Skil­naden på piratkopier­ing og Spo­ti­fy nær­mar seg null. 

Når det gjeld for­lag, så er det ein tyde­leg trend å hoppe over for­lags­bran­sjen. For­fat­tarar som legg alt fritt ut, ten­er meir pen­gar på å sel­je fil­er til ned­last­ing eller «trykt på etterspurnad»-bøker enn dei ville hatt ved å gå gjen­nom eit tradis­jonelt for­lag. Pri­vat­per­son­ar ten­er godt med pen­gar med å pub­lis­ere såkalla indiebøk­er for­di dei treng berre å sel­je brøkde­lar i tal bøk­er som sjølvpub­liserande for­fat­tar saman­lik­na med å pub­lis­ere via for­lag. Piratkopier­ing er meir å rekne som reklame, og så lenge folk synest noko har ein for­nuftig pris, er betal­ingsvil­jen fram­leis sterk nok til at det vert bra sal. I til­legg har det duk­ka opp ei rekkje nye for­ret­ningsmodel­lar. Hol­ly­wood ten­er i dag meir pen­gar på t‑skjorter og leikety enn på film, og News­grape, Groupon, Flat­tr, Spo­ti­fy, Airbnb og ei rekkje andre for­ret­ningsmodel­lar dukkar opp som paddehattar.

Samle lokalt –dele ut globalt

Google Books og Euro­peana er to gigan­tiske inter­nasjonale dig­i­talis­er­ing­spros­jekt med om lag 15 mil­lionar bøk­er kvar. I til­legg har me Ama­zon, Barnes & Noble og Apple iTunes. Bib­lioteks­di­rek­tøren på uni­ver­sitets­bib­lioteket på Har­vard, Robert Darn­ton, er godt i gang med å sanke støtte til å skape ein amerikan­sk ver­sjon av Europeana.

Bib­liote­ka er med andre ord i full gang med å sam­le lokalt, det vil seie skanne sine eigne sam­lin­gar, og til­by dei gratis til alle som har ei data­maskin og til­gang til Inter­nett. Også bib­liotek­brukarane kan få same lagnad ved at dei etterk­vart brukar bib­lioteket som ein stad der dei utnyt­tar forde­lane med men­neske­leg sam­vere til å skape mate­ri­ale som dei del­er med ver­da. Serendip­itet er stikko­rdet. Me har alt ifrå seglfor­einingar og poli­tiske par­ti med aktive nettstad­er, men somme tider treng folk å møtast andlet til andlet. Å plan­leg­gje kva ein skal oppdage, for så å oppdage det, er ei sjølv­mot­sei­ing. Difor møter ein ikkje opp i den lokale fiske­for­eininga eller lokalhis­to­riefor­eininga om ein ikkje alt har oppda­ga at ein har desse interessene.

Lit­ter­aturhuset i Oslo fun­ger­er annleis. Her har ein reelle sjansar til å oppdage magien ved serendip­itet, og Lit­ter­aturhuset har tydelegvis skjønt noko IKEA-entre­prenør Ing­var Kam­prad skjønte heilt ifrå starten; mat og drikke.

Bib­liotekvesenet sine verdik­jed­er vert snud­de på hov­udet ved å sam­le bøk­er frå heile ver­da til lokalt utlån, til å sam­le lokalt til glob­al ned­last­ing eller strøyming. 

Nynorsken sitt potensiale til å vere in

Folkeop­plysning og sær­pre­ga sam­funnskri­tikk har vore nokre av nynorskrørsla sine vik­ti­gaste bidrag til sam­fun­net opp gjen­nom tidene. Nynorskrørsla gjorde at både europeisk intellek­tuelt tankegods nådde lan­det og at under­k­las­sane i utkantstrok fekk sjølvtil­lit i utdan­ningssys­temet. Det spe­sielle sær­preget på sam­funnskri­tikken frå nynorskrørsla kan kan­skje ha noko å gjere med ein viss dis­tanse til «mak­ta sine sen­trifu­galkrefter» ved å halde på dialek­ten og ha sitt eige skriftspråk.

Dis­tanse til sam­fun­net var i alle fall Thorstein Veblen sitt utgangspunkt då han i 1919 vart opp­mo­da av den sion­is­tiske rørsla om å skrive noko pos­i­tivt om jødane sitt krav på Palesti­na. Dei fekk eit svar som dei neppe hadde rek­na med då han skreiv at han ikkje ynsk­te at jødane skulle få sitt eige land. Då ville nem­leg ver­da gå glipp av dei vik­tige intellek­tuelle bidra­ga frå jødane som var pre­ga av at dei såg sam­fun­net dei sjølve levde i, utan­frå. Eg veit ikkje om denne kri­tiske dis­tansen også kunne høve for fork­laringa på nynorskrørsla sine bidrag, men nynorsken burde tenkje på om ein kan freiste å dyrke fram både avansert vit­skap og folkeop­plysning også i framti­da. Men­nes­ka er veldig på jakt etter å styrk­je ein iden­titet dei vil vere, ofte meir enn nokon som helst rasjonelle penge­mo­tiv. Kven veit om nynorsken kunne vorte noko som rep­re­sen­ter­er noko særmerkt og inno­v­a­tivt? Kva om nynorsk­folket hadde gripe sjansen med å lage den nynorske wikipedi­aen til Noregs største lek­sikon? At nynorsklek­sikonet Allkunne der­i­mot har valt å tru­ga Wikipedia med krav om erstat­ning, kan vise seg å verte nynorskrørslas største strate­giske bom­mert nokon gong.

Overvaking og intellektuell eigedom

Tilheng­jarar av fri kul­tur og tradis­jonell intellek­tuell eige­dom ser på kvaran­dre gjen­sidig som mørke krefter. Den eine prøver å byg­gje ned frik­sjon, medan den andre prøver å ved­like­halde insen­tiv for pro­duk­sjon. Begge leirar ynskjer å mak­simere kvalitet og meng­da kul­turelle og vit­skaplege arbeid. Den eine leiren ynskjer å fj erne mest mog­leg over­vak­ing, medan den andre prøver å inn­føre glob­al over­vak­ing gjen­nom inter­nasjonale organ­isas­jonar som ACTA. Niall Fer­gu­son har eit inter­es­sant per­spek­tiv, han seier at Vesten sitt fem hun­dre år lange hege­moni er over, og at Kina kan gå for­bi USA når som helst som økonomisk, og seinare som mil­itær super­makt. Han for­tel vidare at det einaste kor­tet me har att i konkur­ransen «Vesten mot resten» er demokrati­et og ytringsfridomen. 

ARPANET — ur-inter­nett — i 1973. Nor­sar er den norske noden (ill: Arpanet Maps)

At grovt rek­na alle OECD-lan­da no legg opp til total over­vak­ing, er difor neppe det luraste dei kan gjere for å ver­je om dette siste kor­tet på han­da. Attpåtil å prøve å hin­dre den defin­i­tivt mest effek­tive mod­ellen for kul­turell og vit­skape­leg pro­duk­sjon, å leg­gje press på dei kryaste vestlege ver­diane som men­neskerettar og ytrings­fridom er som å pisse i buk­sa, trur eg. Å støype den dig­i­tale framti­da etter analoge prin­sipp kjem aldri til å fun­gere, trur eg. Intellek­tuell eige­dom er for det fyrste ikkje eige­dom, og om ein skal nytte dette ordet, så er det pri­vat eige­dom til ver­neti­da går ut, og offent­leg for alltid etter­på. Den frie kul­turen og kunnskapen er råstoff et for ny omdrei­ing i sam­funns­mo­toren, og for lange drag mel­lom ny fylling av sylin­deren før­er til at det går for sak­te. Reglar og økonomiske insen­tiv har to ting felles, det vert myk­je advokat­mat og raudt lim­band av det.

Ronald Coase sa det tre­f­fande då han fann opp teorien om transak­sjon­skost­nad­er: når hin­dringane ved å la mark­naden ordne opp er fleire enn når ein gjer dei same pros­es­sane innan­for eit føre­tak, så veks føre­ta­ka. Når kost­nadene (til dømes admin­is­tra­tive) er større innan føre­ta­ka enn i mark­naden, så minkar stor­leiken på føre­ta­ka. Verdiskapin­ga i sam­fun­net kan vere upåver­ka av organ­isas­jons­formene. Å erstat­te materiell kap­i­tal­isme med drau­men om ein intellek­tuell kap­i­tal­isme med pro­pri­etære eigen­ska­par er som å tvinge ein fisk til å fly­ge, ein skal avle bra lenge før det let seg gjere.

Konklusjon

Om to år byr­jar Google og ei rekkje andre investorar å skyte opp opp­til 90 lågtsve­vande satel­lit­tar som vil gje låge pris­ar og nær sagt same farten som fiber­breiband. På om lag same tid får dei fat­ti­gaste i ver­da sannsyn­legvis gratis lese­plater med tanke på fram­tidi­ge mark­nadsin­ter­ess­er. Alt vil verte påver­ka av over­gan­gen frå atom til bits. Alle insti­tusjonar, næringslivet, kul­turlivet og vit­skapen vil tene på å posisjonere seg ut frå desse realite­tane. I mot­standen mot denne omformin­ga av sam­fun­net, er det siste ein bør gjere å kaste vrak på Vesten sine grunn­leg­g­jande tradis­jonar som har gjort mil­liar­dar av men­neske frå slavar til frie men­neske. Gløymer me his­to­ria, så veit me kork­je kva me driv med eller kven me er.

Les del 1 av artikke­len: Det his­toriske grunnlaget.

Artikke­len vart først pub­lis­ert i Norsk Tidend nr. 1, 2011. 

TEMA

F

orsknin
g

29 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

4 KOMMENTARER

  1. Over­gan­gen til dig­i­tale media er en rev­o­lusjon. Eller tsuna­mi for å bruke en mod­erne analo­gi. Demnin­gene kom­mer ikke til å holde. Bered­skapen må settes inn på å motvirke overvåk­ing og andre tiltak som bun­ner i frykt.

  2. Aslam Rhall Munch says:

    “Tilheng­jarar av fri kul­tur og tradis­jonell intellek­tuell eige­dom ser på kvaran­dre gjen­sidig som mørke krefter”. 

    Dette er da ikke en så diame­tral mot­set­ning som artikkelfor­fat­teren vil ha det til. Jeg vil da tro det er mulig både å være tilhenger av net­tnøy­tralitet og åpen kildekode, sam­tidig som man ser ver­di­en av å verne om åndsverk­slovene. “Å støype den dig­i­tale framti­da etter analoge prin­sipp kjem aldri til å fun­gere” skriv­er han, men jeg men­er også det er synd om analoge for­tiden skal forvit­res av dig­i­tal prin­sipp. Bare for­di en tekst kan dig­i­talis­eres betyr det vel ikke at den bør, eller skal, miste sine “pro­pri­etære” egenskaper. 

    Når det gjelder selvpub­lis­er­ing, så synes jeg i og for seg ikke at det er onde. Men om pris­nivået skal være slik som i sak­en du link­er til, alt­så på rundt 1 dol­lar, ja så blir man nødt til å selge 500 000 eksem­plar­er for i det hele tatt å kunne over­leve. Men hva med den mar­ginale kvalitet­slit­ter­a­turen? Hva med lyrik­eren eller akademik­eren som har et pub­likum på rundt 1000? Skal han kjøre Hol­ly­wood-mod­ellen og livnære seg på salg tv-skjorter og plastfigurer?

  3. Pål Lykkja says:

    Alle ser ver­di­en av å verne åndsverk­slo­vane, ser­leg Lawrence Lessig, man­nen bak Cre­ative Com­mons ser dette. Cre­ative Com­mons lisen­sane si juridiske kraft ligg jo net­topp i at for­fattaren råder over verket. 

    Det som er det store spørsmålet er leng­da på åndsverk­slo­va. The Econ­o­mist har i dei siste 10–15 åra fores­lått 14 år, med mulegheit til å for­lenge yttar­lege 14 år. Andre fores­lår 10 år. 

    Å støype den dig­i­tale framti­da på prin­sip­per som er utfor­ma for å sikre dei som byg­gjer opp store fysiske lager av papir og vinyl, sikre at dei får godt­gjordt for fysisk trans­port av papir og vinyl, og sikra fysiske per­son­ar som sel papir og vinyl ei inntekt har veldig lite med dagens realite­tar å gjere meinar eg.

    Du seier ein må sel­je 500 000 eksem­plar­er for å få ei god inntekt. For det fyrste så er det ytterst få som grei­d­de å leve av å vere lyrikar, musikar eller for­fat­tar også for fem, ti, femten, tjue år sidan. Om inter­nett gjer det mog­leg eller hin­drar at 0,001 eller 0,0001 pros­ent av alle som går hardt inn for å leve av kun­sten å lukkast er uvisst. Det er mange som ten­er meir pen­gar ved å sel­je indiebøk­er på Ama­zon Kin­dle enn dei ville gjordt via for­lag til dømes. Uansett, dei fær­raste vil lukkast uansett. Lyrikarar og smale musikarar er heilt avhengige av offent­leg støtte uansett, kven var det som betalte Oper­aen til dømes, var det pri­vate eller den norske staten? 

    Når det gjeld akademikarar som pro­duser­ar lære­bøk­er, så har prak­tisk talt alle full løn betalt av offentlege mid­lar eller forskn­ings­fond uansett. Det er ingent­ing i veg­en for å gi dei ei godt­g­jer­ing som vert auka pro­gres­sivt når fleire uni­ver­siteter eller andre lærestad­er nyt­tar den fritt tilgjen­gelege boka i sine kurs. Det er berre å melde alle bøk­er ein nyt­tar, med kor mange stu­den­tar som treng boka, og så smøre skikke­leg på. 

    Den analoge for­ti­da forvi­t­rar på grunn av analoge prin­sip­per om opphavs­rett. Film­rullar frå 1. verd­skri­gen går til grunne i høgt tem­po for­di opphavs­ret­ten er uavk­lart til dømes. Såkalte “orphan works”, dvs. bøk­er som ingen veit har opphavs­ret­ten til på grunn av for­lag som har gått konkurs eller folk som har døy­dd er så kost­bart å avk­lare ret­tane til at det i prak­sis ikkje er nokon som tek på seg å hyre inn opphavs­rettseksper­tar som til tusen­vis av kro­ner i timen til å sende brev og avert­ere etter ret­tigheit­shavarane i avisene. Google prøvde seg på dette, dei avert­erte i lokalavis­er og rik­s­presse i nesten alle ver­das land. Dei prøvde å effek­tivis­ere det ved å inngå avtaler som vart forsøkt øyde­lagt av for­fat­taror­gan­isas­jo­nane sjølve. Dei fleste av desse bøkene er det offentlege sin eige­dom. Det offentlege vert snytt med andre ord for enorme ver­diar, ting som det offentlege eig.

  4. Aslam Rhall Munch says:

    Takk for et godt og vel­fun­dert svar. Vil bare under­streke at jeg ikke er uenig med noe av det du skriv­er, og at jeg nok var polemisk mest for polemikkens egen skyld.

til toppen