«For at være en god Karikaturtegner maa man være kold som Is lige ovenfor alle Meninger og Personer. Sympatier eller Antipatier eksisterer ikke. Fremfor alt ingen Respekt for Autoriteter, Traditioner eller nogen som helst i Himlen, ikke engang for noget i Helvede.»
(Ragnvald Blix)
Den satiriske karikaturteikninga har ei lang fartstid i europeisk presse. Det første dedikerte satirebladet såg dagens lys i Frankrike i 1830, og her heime har fenomenet sine røtter frå midten av 1800-talet. Bladet Krydseren (1849–1859) bana veg, og sidan oppsto ei rekke meir eller mindre tungt illustrerte vittigheitsblad med titlar som Vikingen, Korsaren, Humoristen, Hvepsen, Tyrihans og Exlex. Sistnemnde vart skipa og redigert av avisteiknaren Ragnvald Blix (1882–1958), som for øvrig også hadde vore redaktør i Tyrihans.
Ragnvald Blix var son av professor, kyrkjeminister og salmediktar Elias Blix. Karikaturkunsten lærte han svært tidleg, og var langt på veg autodidakt. Store delar av sitt liv tilbragte han i utlandet, mellom anna i København, Göteborg, München og i Paris. Likevel skulle han få stor betyding som satirikar og opinionsdannar i den norske offentlegheita gjennom heile den første halvdelen av 1900-talet.
Hylla av Mark Twain
I Paris fekk han sitt internasjonale gjennombrot i 1905, etter utstillinga av ei samling karikaturar av kjende verk frå Louvre. Utstillinga førte til oppstandelse i ei rekke Paris-aviser, særleg på grunn av eit særs harselerande portrett av Mona Lisa, men blei godt mottatt av publikum. Blant beundrarane var den amerikanske forfattaren Mark Twain, som i svært rosande ordelag uttrykte sin begeistring i eit personleg brev. Blix sjølv syntes ikkje å ha vore komfortabel med den valdsame mottakinga: «De lo, og latteren var ikke alltid fin i kanten. Et øyeblikk ble jeg rådvill. Det var ikke komiker jeg ville være», uttala han i ettertid.
Det var derimot politisk satirikar han skulle bli, og Blix sine karakteristiske strekar blei for alvor kjend for den norske allmennheita same år – midt i unionsoppløysinga – då han gav ut juleheftet Broderfolkenes Farvel. I eit kraftig oppgjer med hykleriske politikarar som kom «drassande med eit nytt fyrstehus», blei dei norske regjeringsmedlemmene portrerttert på særs uflatterande vis – utan ein tråd på kroppen.
Under sitt opphald i Tyskland, og gjennom heile den første verdskrigen, teikna han for det tyske vittigheitsbladet Simplicissimus. Bladet hadde lenge kjempa for internasjonal avspenning, men gjekk seinare over «til å bli en nasjonal krigstrompet» — dette ifølgje Blix sjølv. Hans teikningar vart etter kvart smitta av den tyske agitasjonen, før han — og bladet — mot slutten av krigen igjen fremma fredstankens sak.
Tilbake i Noreg i 1918 var han involvert i oppstarten av det fellesnordiske og partiuavhengige satiremagasinet Exlex, kor han i kompani med storleikar som Sigurd Hoel og Georg Brandes retta sin kvasse blyant mot alle sider. Men gullalderen for vittigheitsbladene var forbi, og det ambisiøse bladet heldt berre ut i to årgangar. Blix søkte seg til dagspressa for å kunne overleve som politisk teiknar. Han tok til å levere ei teikning i veka til tre store skandinaviske aviser, både i Noreg (Tidens Tegn, seinare Dagbladet), Danmark (Berlingske Tidende) og Sverige (Svenska Dagbladet, seinare Göteborgs Handels- og Sjöfartstidning). Slik blei han, slik forfattaren Sigurd Hoel uttrykte det, til ein nordisk institusjon. I perioden kunne han skilte med lesartal høgare enn kanskje nokon annan publisist i Norden.
Sjølv om avisene i utgangspunktet utstyrte Blix med ein fri penn, blei han ved fleire høve førehandssensurert frå redaksjonelt hald. Til dømes skjedde dette då Berlingske Tidende, av omsyn til den danske dronninga, valde å kutte ut ei teikning av den avsatte kronprinsessa i Tyskland. Dette trass i at den frittalande Blix gjekk med på å slanke kronprinsessa kraftig, og attpåtil erstatte «det skidt hun gaar i» med ein «chik ridedragt».
Rasande Göring
Trass i ein kortvarig flørt med den tyske keisarmakta under den første verdenskrigen, er det likevel Blix’ antinazistiske teikningar fram mot — og ikkje inst under — okkupasjonen som har gitt han ettermælet som den første nordiske avisteiknaren av internasjonalt format, og som ein av «de to store» saman med Olaf Guldbransson. Blix hadde opplevd Hitler allereie i 1922 under ein folketale i München, og åtte år seinare trådte han for første gong fram som figur i hans teikningar. «Deretter slapp han ikke Hitler av syne før denne omsider kreperte i sin bunker i 1945», merka den svenske forfattaren Kjell Hjern seg mange år etter.
Den tyske statsmakta såg med uro på Blix sin satire. Dette kom først til uttrykk i 1933, då riksminister Hermann Göring sendte inn ein rasande protest til Handelstidningen i Göteborg. Telegrammet kom på prent, og framgår slik i ei norsk oversetting:
Jeg protesterer på det skarpeste mot de uttalelser om den tyske rikskansler som er trykket i Deres avis av fredag den tredje februar i spalten I dag. Som det svenske folks oppriktige venn ser jeg slike skitne uttalelser som en alvorlig fare for de hjertelige slektskapsforbindelser mellom de to folk. Før det innledes videre forføyninger, ber jeg om å få vite om Deres redaksjon for fremtiden kommer til å gripe inn mot slike uttalelser.
Heldigvis for Blix var Handelstidningen redigert av den mektige professoren og antinazisten Torgny Segerstedt, som allereie samme år hadde rapportert om konsentrasjonsleirane i Tyskland. Segerstedt akta på ingen måte å føye seg etter Görings trugsmålsliknande anbefalingar:
[…] Den som leser vedkommende aktstykke, vil uten videre forstå at det kunne oppstå tvil om dets ekthet. Vi har riktignok ikke hatt noen overdrevne forstillinger om den nåværende tyske regjerings dømmekraft, men dette telegram vitner om en sinnstilstand som vi dog ikke ville ha tiltrodd noen av dens medlemmer. Herr riksminister Göring behager å betegne seg som det svenske folks oppriktige venn. Det finnes nok kretser i Sverige som vil godta denne vennskaserklæring. Likevel betakker den altoverveiende del av det svenske folk seg for herr Görings vennskap. Den har sympati for det tyske folk, men ikke for den retning som nå er i ferd med å styrte dette tyske folk ut i nye ulykker […]
«Det er vår oppriktige mening at herr Hitler er en fornærmelse», stadfesta Segerstedt avslutningsvis, og markerte dermed sin tilslutning til sjølve punchlinja i Blix sin vitseteikning. Denne totalt kompromisslause haldninga blei ikkje delt av alle hans skandinaviske kolleger. Tre år seinare – i 1936 – blei Blix’ ytringsrom i Danmark kraftig innsnevra, då Berlingske Tidende på anbefaling frå det danske utanriksministerium avgjorde aldri meir å publisere teikningar av kongen av Italia, Mussolini eller Hitler.
Utanriksministeriet stod under eit valdsamt press i denne tida. Skal me tru ei uttaling frå direktøren, var 99 prosent av klagene dei mottok frå Tyskland og Italia grunna i nettopp Ragnvald Blix sine antinazistiske og antifascistiske satireteikningar.
I eksil med pseudonym
Blix sin siste teikning før krigen stod på prent i Dagbladet 6. april 1940. Berre veker etter Tysklands invasjon av Noreg 9. april tok han seg over grensa til Sverige, og tok raskt kontakt med redaktør Torgny Segerstedt. Frå hausten byrja han igjen til å levere vekentlege avisteikningar til Handelstidningen, frå no av under pseudonymet Stig Höök. Her heime blei teikningane under krigen spreia av den illegale avisa Håndslag – som sannsynlegvis nådde ut til fleire hundre tusen nordmenn kvar veke. Begge stader fortsatte han fram til krigens slutt, stadig med spiss brodd mot totalitarisme i all sin form – det vere seg i Tyskland, Italia, Sovjet eller Noreg. Hans kanskje aller viktigaste og minneverdige karikatur – i alle fall sett med eit historisk tilbakeblikk – førestiller Vidkun Quisling. Teikninga ber tittelen «I audiens hos Hitler», og syner Quisling medan han framfører ein nazihelsing til ein tysk soldat. Den korte replikkvekslinga går føre seg slik:
- Jeg er Quisling!
- Og Navnet?
Ein god satire krev mot og integritet. Den skal kunne sparke oppover, og den skal kunne sparke hardt. Dette er heilt i tråd med Blix’ personlege motto, som i debattane etter terroråtaket i Paris har fått ein velfortent renessanse i fleire norske medier:
«For at være en god Karikaturtegner maa man være kold som Is lige ovenfor alle Meninger og Personer. Sympatier eller Antipatier eksisterer ikke. Fremfor alt ingen Respekt for Autoriteter, Traditioner eller nogen som helst i Himlen, ikke engang for noget i Helvede.»
PS: Visstnok bidrog Blix’ teikning sterkt til å etablere quisling som eit internasjonalt synonym for landssvik.
Kjelder:
Bencard, Ernst Johan: «Blix, en antiautoritær satiriker», Ragnvald og Ida Blix’ fond.
Berentsen, Bredo: Skarpt sett — historien om vittighetspressen i Norge. Andresen & Butenschøn, Oslo. 1999.
Hjern, Kjell: Blix — verdenspolitikken gjennom 50 år i karikaturens speil. H. Aschehoug & Co, Oslo. 1982.