Kven følgjer med på #metoo?

Kampanjen har raskt vorte eit globalt fenomen. Men det er vesentlege skilnader mellom kven som følgjer saka, både etter alder, kjønn og partipolitisk tilhøve.

Emne­k­nag­gen #metoo opp­stod i sosia­le media i okto­ber i fjor, etter avslø­rin­ga­ne av Hol­ly­wood-pro­du­sen­ten Har­vey Wein­steins sek­su­el­le tra­kas­se­ring av kvin­ner, som ei opp­mo­ding om å avdek­kje omfan­get av det­te som sam­funns­pro­blem.

I Noreg har skode­spe­la­rar, legar, aka­de­mi­ka­rar, fag­for­ei­nin­gar og and­re grup­per hatt eig­ne opp­rop. Kam­pan­jen har til dømes vor­te kop­la til avslø­rin­gar om ukul­tu­ren i TV 2 i novem­ber, saka om Ap-nest­lei­ar Trond Gis­ke frå midt­en av desem­ber, og no sei­nast til avgan­gen til Unge Høg­re-leia­ren og mang­lan­de hand­te­ring av var­sel i par­tia.

Ein kan, som med man­ge sto­re saker i medie­bi­le­tet, und­rast på om det­te er ein tema­tikk som enga­sje­rer folk flest, eller om det­te noko først og fremst jour­na­lis­tar og dei­ra like er opp­tek­ne av. For #metoo er det­te spørs­må­let påtren­gjan­de, all den tid kam­pan­jen har vor­te drøf­ta som eit tids­skil­je i sam­fun­net når det gjeld sek­su­ell tra­kas­se­ring.

#metoo har engasjert svært mange

I MeCIn-pro­sjek­tet ved Insti­tutt for infor­ma­sjons- og medie­vit­skap ved Uni­ver­si­te­tet i Ber­gen arbei­dar me med kor­leis nord­menn på uli­ke vis knyt seg til offent­leg­hei­ta gjen­nom media og på and­re måtar.

Inter­es­sa for #metoo står fram tyde­leg ster­ka­re hjå dei yng­re, spe­si­elt hjå tredve­årin­ga­ne, og tyde­leg sva­ka­re hjå dei over seks­ti

I novem­ber og desem­ber gjen­nom­før­te me ei repre­sen­ta­tiv spørje­grans­king til 2064 nord­menn. Eit av spørs­må­la var kva nyheits­sa­ker ein had­de følgd med på den sis­te tida, og #metoo var ei av 32 saker folk kun­ne vel­je, i til­legg til å kun­ne nem­ne eig­ne saker. Slik kan me nok­så pre­sist sjå kven som følg­de saka, og kor­leis inter­es­sa skil seg frå and­re saker i same tid.

Her må mer­kast at våre data vart sam­la inn før Gis­ke-saka vart sle­gen stort opp, og slik sett før #metoo vart del av ei stor nasjo­nal poli­tisk sak.

68 pro­sent av dei spur­de sa at dei følg­de med på #metoo. Det gjer den til ei av dei oftast følg­de av sake­ne ein kun­ne vel­je mel­lom.

Om lag like man­ge følg­de #metoo-saka som saka mot Eirik Jen­sen, SSB-brå­ket, kom­mune­sa­man­slå­in­ga, uroa i Cata­lo­nia og den rus­sis­ke inn­blan­din­ga i den ame­ri­kans­ke val­kam­pen. Ber­re situa­sjo­nen i Nord-Korea var følgd av tyde­leg flei­re.

Gra­fikk: Håvard Legreid / Kil­de: UiB

Slik har #metoo enga­sjert svært man­ge. Den har også enga­sjert breitt. Saka er følgd av litt flei­re kvin­ner enn menn, men saman­lik­na med man­ge and­re saker er skil­jet nok­så lite.

SSB-brå­ket, regje­rings­for­hand­lin­ga­ne med sen­trums­par­tia, Stø­res pri­vat­øko­no­mi og Nord-Korea er nokre av man­ge dømer på meir kjønns­del­te saker – men då i menns favør.

#metoo er hel­ler ikkje tyde­leg meir popu­lær i Oslo enn i and­re deler av lan­det. Der­imot er den noko meir popu­lær blant dei med høga­re utdan­ning. At flei­re høgt utdan­na føl­gjer med på #metoo treng like­vel ikkje å bety at dei er spe­si­elt inter­es­ser­te i tema­et. Det kan òg speg­le at det er ei grup­pe med høgt nyheits­bruk (dei eld­re er ei anna slik grup­pe), som difor føl­gjer med på dei fles­te sto­re sake­ne.

Høgresidas veljarar minst interessert

Gjen­nom sta­tis­tis­ke pro­se­dy­rar – i det­te til­fel­let regre­sjon – kan ein like­vel til ein viss grad ta høg­de for pro­ble­met med å for­stå kor­leis sli­ke skil­je heng saman. Saman­lik­nar me «like for like» – folk med om lag same nyheits­in­ter­es­se og elles like eigen­ska­par – trer dei sosia­le skil­ja i inter­es­se for saka tyd­le­ga­re fram. Då ser me at kvin­ner har om lag dob­belt så stor sjan­se som menn – med same nyheits­in­ter­es­se, same alder, same utdan­ning og så bort­et­ter – til å føl­gje med på #metoo.

Inter­es­sa for #metoo står fram tyde­leg ster­ka­re hjå dei yng­re, spe­si­elt hjå tredve­årin­ga­ne, og tyde­leg sva­ka­re hjå dei over seks­ti. Der­imot er det ingen klår saman­heng med kor mykje folk tener eller lands­de­len dei bur i, og effek­ten av utdan­ning er òg svak.

Gra­fikk: Håvard Legreid / Kil­de: UiB

Tala syner også at høgre­sida er minst inter­es­sert. Utover kjønn og alder, er det mest slå­an­de den poli­tis­ke pro­fi­len til dei #metoo-inter­es­ser­te. Så å seie alle SV-vel­ja­rar føl­gjer med på saka, mot ber­re litt over halv­par­ten av Frp-vel­ja­ra­ne. Ap og Høg­re plas­se­rer seg i mel­lom des­se, men etter same høg­re-venst­re-akse.

At #metoo enga­sjer­te sterkt blant venstre­sida alle­reie før saka mot Gis­ke er nok ei av årsa­ke­ne til at den er eks­tra betent for det­te par­ti­et, og at lik­nan­de saker kan­skje er mind­re tru­gan­de for høgre­par­tia.

Om artik­ke­len
Artik­ke­len ble først pub­li­sert i Ber­gens Tiden­de 22. janu­ar 2018.

Det­te må ikkje mis­ty­dast til at #metoo-saka er for spe­si­elt inter­es­ser­te.

Som alle­reie påpeikt, er #metoo ei av sake­ne flest var inter­es­ser­te i, og inter­es­sa er breitt for­delt i befolk­nin­ga. Og om dei inter­es­ser­te i #metoo har ein viss sosi­al pro­fil, er det­te ikkje spe­si­elt for den­ne saka: Det gjeld alle nyheits­sa­ker – og all medie­bruk.

Me lever i same offent­leg­heit, men det er høgst ulikt kva saker som enga­sje­rer oss.

Uan­sett er #metoo ei sak som har enga­sjert breia­re enn dei fles­te.

Gate­kunst til støt­te for #metoo-kam­pan­jen i Lon­don i novem­ber 2017.

TEMA

#

metoo

1 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen