Dei er små, uavhengige, digitale og lokale. Og dei greier seg fint.

Uavhengige digitale lokale nettaviser er ei aldri så lita bølgje – frå Alvdal midt i væla til The Tyler Loop.

I USA snakkar dei om «infor­ma­tion deserts», infor­masjon­sørke­nar, alt­så område der dei ikkje har dekn­ing av tradis­jonelle media. Det er til dels store ørkenom­råde. Slikt skaper rom for dei små, entu­si­astiske og vil­lige, og det kan like gjerne vere på Man­hat­tan som i meir sprei­d­dbygde område. Her i lan­det har vek­sten i under­sko­gen av lokale dig­i­tale media gått tem­me­leg stille for seg.

Salangen nyheter er ikkje åleine

Salan­gen nyheter fekk eige tv-pro­gram. Dei og «Alv­dal midt i væla», super­lokal avis for Alv­dal, mag­a­sinet «The Tyler Loop» i Texas, hard­poli­tiske «Tuc­son Sen­tinel» i Ari­zona, lokalav­isa porten.no i Indre Sogn og «Great Lakes Den», ein pub­likasjon for homofile i Chica­go og Illi­nois, har fak­tisk noko felles – dei er alle del av ei aldri så lita bøl­gje – uavhengige dig­i­tale lokale nettstad­er. Og alle greier seg fint.

Eit anna fellestrekk er at dei er små, somme bittes­må. Sjølv om lesar­talet kan variere frå 700 til 70 000, er det eit særsyn med redak­sjonar med meir enn to faste medar­bei­darar. Frilansarar, fot­ballmø­dr­er, friv­il­lige og stu­den­tar tar seg av resten.

LION (local inde­pen­dent online news) Pub­lish­ers, organ­isas­jo­nen for denne typen media i USA, veks jamt og trutt, og nær­mar seg 200 medlem­mer. Det er førebels ikkje noko svært imponerande tal i dette lan­det, fram­leis er det langt fleire tradis­jonelle lokalavis­er, men tren­den er tydeleg.

På den årlege kon­fer­ansen til LION i Chica­go i okto­ber var det nær dobbelt så mange pub­likasjonar rep­re­sen­terte som for eit par år sidan. På sitt vis er LION ein amerikan­sk par­al­lell til norske LLA (Land­slaget for lokalavis­er), men med ein vik­tig forskjell – ingen av pub­likasjo­nane kjem ut på papir.

Butikkopningar og High School-fotball

Medan dei norske dig­i­tale lokalavisene på alle vis lik­nar på tradis­jonelle lokalavis­er, er det mas­sive forskjel­lar på dei amerikanske. The Tyler Loop pre­sen­ter­er få, men grundi­ge, artik­lar om ting som rør­er seg i Tyler, Texas. Dei har for eksem­pel gjen­nom­ført ein grundig demografisk analyse av Tyler-sam­fun­net, basert på alle tilgjen­gelege data. Den viste at Tyler slett ikkje er den byen folk går rundt og trur det er, og at 100 stem­mer er nok til å snu eit val.

Kart over Texas med Smith Coun­ty. Byen Tyler mark­ert med rødt. (Illus­trasjon: Wiki­me­dia Com­mons — Offentlig eiendom).

I «Saucon Source» I Penn­syl­va­nia kan du teikne abon­nement på dekninga av High School-fot­ball, med mot­toet «be first with the final score», Great Lakes Den dekkjer «the bear, leather and fetish com­mu­ni­ties of the Mid­west», Char­lottesville Tomor­row har blin­ka seg ut fire område dei skriv om, og berre dei, medan andre er mest opptekne av butikkop­ningar, restau­ran­tar og interiør.

Betalt innhald

Dette siste har mest med for­ret­ningsmodel­lar å gjere. Dei kan i og for seg vere like forvir­rande som mang­faldet i typen pub­likasjonar. Men eitt trekk går igjen. Etter­som tradis­jonelle ban­ner­an­non­sar ikkje kan bere nokon av dei økonomisk, er såkalla «native con­tent» ofte bere­b­jelken. Det er alt­så heilt tradis­jonell innhalds­mark­nads­føring, ein plass i pub­likasjo­nen som er sett av til dette.

Den økonomiske logikken blir då slik: Der­som vi skriv om butikkar, restau­ran­tar og inter­iør, får vi fatt i dei lesarane som er inter­esserte i den slags. Dermed blir det også inter­es­sant for butikkar og restau­ran­tar å kjøpe innhald på nettstaden. Dei fleste stad­er står dei heilt fritt til å skrive sitt eige innhald, men mange får råd frå redak­sjo­nen om kor­leis det best skal gjerast. Redak­sjo­nane hev­dar at dette går gre­it, og at det sjel­dan er over­tramp i det betalte innhaldet. Dei fleste merk­er det dessu­tan godt.

Strengt tatt finst det ret­ningslin­jer for innhalds­mark­nads­føring; The Fed­er­al Com­mu­ni­ca­tions Com­mis­sion (FCC) har laga eit regelsett som media helst skal halde seg til. Du kan for eksem­pel godt ha betalt innhald der ein madrass­bu­tikk for­tel at du bør skifte madrass kvart tiande år, men du har ikkje lov til å seie at din butikk har dei bil­le­gaste madrassene. Det er vanske­leg å seie om ret­ninglin­jene alltid blir følgde.

Betalingsmurar

Betal­ingsmu­rar er ukjent ter­reng for dei fleste i dette medieland­skapet, dei er berre så vidt i gang med diskusjo­nen om dette kan vere noko for dei. Men det finst likev­el vari­antar. Char­lotte Agen­da sat­sar så å seie utelukkande på sitt daglege nyheits­brev, som du alt­så må abon­nere på. Der møter du også annon­sørane, 25 i talet, og dei betaler mel­lom 25 000 og 75 000 dol­lar årleg for å vere der. Det er meir enn nok til å halde sku­ta flytande.

Rop om hjelp

Mange av pub­likasjo­nane ber lesarane om direk­te støtte, og det til dels ganske høg­lytt. Dei prøver gjerne å få folk til å gi ein fast sum, for eksem­pel kvar månad, og somme får det til. I andre til­felle star­tar dei kro­nerulling for å kunne dekkje eit bestemt tema. Andre søk­jer om  pen­gar frå fond og legat, som det jo finst ein heil del av i USA. Meir fikst er det å ta betal­ing for lesarinn­legg (!), arran­gere events eller ta pen­gar for å omtale ulike arrange­ment. Alt blir prøvd.

For profit – non profit

Eit litt sært skil­je i amerikanske dig­i­tale media går mel­lom dei som er reg­istr­erte som non prof­it-tiltak og dei som ikkje er det. Det er spe­sielle reglar for å bli reg­istr­ert som non prof­it-tiltak, og mediedrift er ikkje blant dei utvalde for­måla. Likev­el har mange grei­dd å bli reg­istr­erte, og sjølv om det ikkje har noko å seie for innhaldet i media, har det ein heil del å seie økonomisk, etter­som non prof­it-tiltak har skattefritak.

Samarbeid

Ulike for­mer for samar­beid, sær­leg med andre media, er ein annan trend blant dei små, lokale. Gjen­nom blant andre Cen­ter for Coop­er­a­tive Media ved Mont­clair State Uni­ver­si­ty er dette til dels godt organ­is­ert. Heile New Jer­sey vart i ein peri­ode pepra av sak­er om gam­le søp­pelplas­sar og andre giftk­jelder gjen­nom dette samar­bei­det. Elles er samar­beid med lokale radio- og tv-stasjonar også van­leg, gjerne slik at det lokale dig­i­tale medi­et gir bort sak­er for å få omtale som kjelde.

Alvdal midt i væla og andre

Den norske lokalav­is­mark­naden kan sjå ut til å vere noko av det mest sta­bile i heile mediever­da. Her i lan­det har vek­sten i under­sko­gen av lokale dig­i­tale media gått tem­me­leg stille for seg.

Alv­dal midt i væla — norsk lokal nettavis.

«Alv­dal midt i væla» har ei for­tid som papi­ravis, rett nok berre fire gonger i året, men tok i 2011 steget over i den dig­i­tale ver­da, og frå 2015 som beta­lavis på net­tet. Dei har også star­ta tynsetingen.no, og til saman har dei to godt over 1100 dig­i­tale abon­nen­tar i to kom­mu­nar som kvar har om lag 2 500 innbyggjarar.

I mot­set­ning til «Alv­dal midt i væla» er porten.no ei open lokalavis. Dekn­ing­som­rådet er primært Lærdal, Årdal og Sogn­dal, og dei konkur­rerer direk­te med Sogn Avis i dekn­ing­som­rådet. På Frøya er Tore Strømøy redak­tør for Frøya.no, ei net­tavis som har eksis­tert sidan 2010 i skarp konkur­ranse med Hitra-Frøya, på Tromøya ved Aren­dal duk­ka det ved nyt­tår opp ei ny dig­i­tal lokalavis, «Gei­ta», og det er rom for fleire.

TEMA

L

okalmed
ier

9 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen