Russland: Hei og farvel til ytringsfridomen?

Kritiske røyster og uavhengige medium finst i den russiske offentlegheita, men kontroll, søksmål og trugslar gjev dei stadig vanskelegare kår.

Dei siste åra har me sett ei aukande merk­semd kring ulike statars vek­sande grad av over­vak­ing og kon­troll av infor­masjon og den enkelte sam­funns­bor­gars mediebruk. I somme til­felle bal­anser­er styres­mak­ter på ei smal lin­je mel­lom kva som er aksept­abelt og kva som gren­sar over i spi­onas­je ovan­for sitt eige folk. 

Den rus­siske føderasjon er på ingen måte ny i dette gamet, og nasjo­nens his­toriske arv har sett sterke røter som strekk seg langt inn i dagens mod­erne rus­siske sam­funn. Lan­det er kjend for si his­toriske tradis­jon med både streng sen­sur og kon­troll over alle instansar i sam­fun­net, også opin­io­nen. Her har lan­dets massemedi­um spela ei sen­tral og avg­jerande rolle for å halde mas­sane pas­sive og opp­daterte på styres­mak­tenes lin­jer. Berre unntaksvis har media ført ei alter­na­tiv lin­je til den reg­jerande eliten.

Media i Russland
Artikke­len byg­gjer på nokre av fun­na i for­fattarens mas­ter­avhan­dling avlagt ved Uni­ver­sitetet i Bergen i 2014. Gjen­nom kval­i­ta­tive inter­vju med sen­trale og renom­merte uavhengige jour­nal­is­tar og eksper­tar på den rus­siske mediemark­naden, vur­der­er avhan­dlin­ga kva rolle uavhengige medi­um og uavhengig, kri­tisk jour­nal­is­tikk har i det rus­siske sam­fun­net og kva utfor­dringar dei står ovanfor.

Sjølv den dag i dag gjer stadig meir kom­plekse og skjulte for­mar for kon­troll og sen­sur av infor­masjon­sstrau­men seg gjel­dande. Trass eit rel­a­tivt lib­er­alt medielovverk som skal sikre ytrings- og mediefridomen i lan­det, ytter­legare forster­ka ved eit ned­felt for­bod mot sen­sur, er det lite som til­seier at ytrings­fridomen i Rus­s­land får like stort spelerom i kvarda­gen som det lovver­ket tilseier.

Mot ei ytterlegare innskrenking av ytringsfridomen?

Pres­i­dent Vladimir Putin la lite skjul på sitt endelege mål om å oppar­bei­de seg ei god kon­troll over opin­io­nen ved å leg­gje lan­dets største TV-kanalar under stat­leg kon­troll, då han inntok pres­i­den­tem­betet for fyrste gong ved tusenårsskiftet. I tida etter dette har stadig større delar av det rus­siske medieland­skapet også vorte del av grup­pa med statlege styrte masse­me­dia. Dette anten gjen­nom direk­te stat­leg eigarskap, eller indi­rek­te via stat­leg eigde mediesel­skap eller mek­tige eigarar lojale til styresmaktene.

Styres­mak­tenes og mak­telitens syn på medias rolle og funksjon i det rus­siske sam­funn bær­er i stor grad preg av grunn­leg­g­jande hald­ningar som har sett djupe røter i sam­fun­net frå dei fyrste avisene vart intro­duserte i lan­det i det 18. århun­dre. Tradis­jo­nen tru har media i stor grad vorte nyt­ta som munnstykke for den reg­jerande eliten sidan dette. 

Ei slik organ­is­er­ing av media byr på store kon­sekven­sar for det generelle medieinnhaldet. Førekom­sten av såkalla “gule nyhende” som i stor grad dreiar seg kring enkel under­hald­ning, skan­dale­jour­nal­is­tikk og eit ein­sidig og stan­dard­is­ert nyhen­de­bilete, dominer­er i det rus­siske medieland­skapet. Den kri­tiske vin­klin­ga og jak­ta på san­ninga tru mot meir vestlege ide­al for jour­nal­is­tikk og mediev­erk­semd er ei klår man­gel­vare. Likev­el verkar den generelle rus­siske sam­funns­bor­garen nøgd. Ein teori er at på mot­takar­si­da har denne stan­dard­is­eringa og for­dum­min­ga av medieinnhaldet ført til eit meir pas­sivt mediepub­likum som ikkje ser nokon grunn til å pro­testere når dei kan vel­je og vrake i under­hald­ning og skandalenyhende. 

Represalier og sjølvsensur

Også fryk­ta for repre­salier står svært sen­tralt i utformin­ga av det rus­siske mediebiletet. Dette fenomenet er såpass avg­jerande og har så stor makt over den enkelte jour­nal­ist og redak­tør at dei vel å sen­surere seg sjølve i frykt for å få trakke mek­tige aktørar eller myn­digheit­ene unødig på tærne. I dei fleste til­fel­la vel den gjen­nom­snit­tlege jour­nal­ist å unngå dei meir kon­tro­ver­sielle sak­ene. I eit inter­vju med meg for­mulerer den uavhengige jour­nal­is­ten Mia seg slik:

Du som jour­nal­ist veit kva område som vert rek­na som for­bode. Du veit kva eigarar og styres­mak­ter for­ven­tar av deg, utan at dei nød­vendigvis dik­ter­er deg direk­te i kvardagen.

Pres­set om å føl­gje meir eller min­dre uoff­isielle ret­ningslin­jer for rus­sisk jour­nal­is­tikk før­er til ei sen­surering av innhald for å unngå risikoen for mel­lom anna nedrykk i still­ing eller lønn, å miste jobben eller akkred­i­teringa si, å oppleve trugslar eller vald, eller som i dei meir ekstreme til­fel­la, ver­ta sende i eksil eller drep­ne grun­na deira arbeid. Anna Politkovska­ja er det mest kjende ekstreme døme. Her utelukkar ein på ingen måte at også jour­nal­is­tar med ei sterk lojalitet til styres­mak­tene vel å sen­surere seg også utan å ver­ta direk­te motiverte av frykt.

Vage lover

Dei siste åra har det også vorte intro­dusert ulike lover som er med på å opne opp for at styres­mak­tene kan stramme til jern­grepet om lan­dets media og om ytrings­fridomen. Ved hjelp av ei svært vag for­mu­ler­ing av sen­trale omgrep og fak­torar resul­ter­er desse lovene i ei ytter­legare innskrenk­ing av ytrings­fridomen i lan­det. Medieinnhald, på TV så vel som på papir og radio, samt enkelt­per­son­ars ytringar på nett i form av blog­gar eller brukarkon­toar på sosiale medi­um, har enda opp som målskive. 

22. juli 2014 sign­erte pres­i­dent Putin ei ny lov som krev at infor­masjon kring ytringar og brukar­in­for­masjon på sosiale nettverk skal lagrast på server­ar lokalt i Rus­s­land. På denne måten vil Kreml kunne vere i stand til å steng­je ute heile sosiale medi­um som spreier infor­masjon i det rus­siske sam­funn som strir med styres­mak­tenes lin­jer. Dette vil kunne vere ein realitet i lan­det fyrst i 2016.

Tidle­gare intro­duserte Putin ei anti-ter­rorlov og lov om ekstrem­isme kor kon­trol­lor­ganet Roskom­nad­zor over­vak­er både rus­siske medi­um på nett og papir så vel som den generelle inter­net­tbruken i lan­det. Kon­trol­lor­ganet har mel­lom anna mak­ta til å steng­je nettstad­er som spreier innhald vur­dert som ekstrem­istisk eller skade­leg, utan at lova utd­ju­par sjølve defin­isjo­nen av kva dei vur­der­er som ekstrem­istiske ytringar eller skade­leg innhald.

Roskom­nad­zor er også ans­var­leg for å fjerne brukarkon­toar på sosiale nettverk som spreier skade­leg innhald. Her er det allereie gjort fleire forsøk på å set­je i stand avta­lar med mel­lom anna Face­book og Twit­ter om å gje rus­siske styres­mak­ter full kon­troll over rus­siske brukarkon­toar. Foreløpig er det heller liten velvil­je å sjå frå både Face­book og Twit­ter. Slike intro­duk­sjonar og hand­teringar av lovverk, samt ei ignorering og utnyt­ting av andre lover, er ikkje direk­te nytt verken i Rus­s­land eller for rus­siske styres­mak­ter. Likev­el vert det ei stor utfor­dring for dei få kri­tiske instansane i sam­fun­net å arbei­de rundt og unngå desse lovene for å kunne formi­dle alter­na­tive per­spek­tiv til samfunnet.

Ei kritisk røyst i uavhengige medium

Det er lett å forstå kor­leis både Free­dom House og Reporters With­out Bor­ders vur­der­er til­standen til rus­siske medi­um som svært alvor­leg og meir eller min­dre ufrie. Likev­el er det sen­tralt å påpeike at ein også finn kri­tikk av regimet, også blant media lojale til styresmaktene. 

Den største instansen som tilbyr alter­na­tive og svært kri­tiske vur­deringar av sen­trale pros­es­sar og fenomen i det rus­siske sam­funn, er den uavhengige mediesek­toren. I denne sen­trale, men svært avgren­sa grup­pa finn ein media som er fri frå poli­tisk og økonomisk påverk­nad frå både styres­mak­ter og eigarar. Vestlege jour­nal­is­tiske ide­al står svært sterkt i den gjen­nom­snit­tlege uavhengige jour­nal­ists daglege verk­semd, og desse masse­me­dia og deira tilhøyrande jour­nal­is­tar er nokre av svært få instansar i lan­det som kan til­by eit mang­faldig og kri­tisk medieinnhald til samfunnet. 

Eg ser i dag ein ny gen­erasjon av jour­nal­is­tar som brenn for dei ide­al og ver­diar som er del av deira pro­fesjonelle liv i rus­siske media. Dei søk­jer san­ninga og slike jour­nal­is­tar spelar ei nøkkel­rolle for å frem­je ønske om endring i sam­fun­net. (Nadezh­da Azhgikhi­na i den Rus­siske Journalistunion).

Trass i ei rel­a­tivt liten rekke­v­id­de saman­lik­na med meir pop­ulære nasjonale masse­me­dia, har den uavhengige mediesek­toren vorte lagt merke til både i sitt heim­land og på inter­nasjon­alt plan. Høgt prisa for sine kri­tiske og ana­lytiske sak­er og vin­klin­gar kring tema rek­na som tabu i det rus­siske sam­funn, er slike medi­um og jour­nal­is­tar eit klårt lyspunkt i ei elles så under­trykt og eins­formig medierøynd. Utfor­dringane står dag­leg på dørstokken med søksmål, trugslar, over­fall og kva verre er for desse jour­nal­is­tane. Likev­el overdøyver sam­funnsans­varet fryk­ta for repre­salier og motiver­er dei til å halde fram med si verksemd.

Den generelle jour­nal­is­tikken i Rus­s­land er i dag heller basert på PR og prof­itt enn å bekym­re seg med å fylle jour­nal­is­tiske ide­al. Difor er vår jobb vorten enno vik­ti­gare for å kunne til­by sam­fun­net alter­na­tive vin­klin­gar og kri­tiske sak­er sjølv om det kan innebære ein viss risiko. (Yuri, uavhengig journalist).

Også den spente situ­asjo­nen i Ukraina har ført med seg eit større press på rus­siske massemedi­um til å føl­gje styres­mak­tenes lin­jer når det kjem til deira dekking av uroleghei­tane i nabolan­det. Dette er styres­mak­tenes forsøk på å innhente ein viss kon­troll over kva bilete av Ukraina og den pågåande krisa som vert pre­sen­tert for det rus­siske folket.

Om krisa i Ukraina og den tilsynela­tande vek­sande kløf­ta mel­lom Rus­s­land og Vesten held fram med å eskalera, sam­stun­des som styres­mak­tene står fritt til å halde fram slik dei gjer i dag, lover det ikkje godt for ytrings­fridomens allereie så des­per­ate posisjon i landet.
Den generelle jour­nal­is­tikken i Rus­s­land er i dag heller basert på PR og prof­itt enn å bekym­re seg med å fylle jour­nal­is­tiske ide­al. Difor er vår jobb vorten enno vik­ti­gare for å kunne til­by sam­fun­net alter­na­tive vin­klin­gar og kri­tiske sak­er sjølv om det kan innebære ein viss risiko. (Yuri, uavhengig journalist).

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen