Stopp støtta til nynorskdiskriminerande riksaviser

Det er på høg tid at staten set i verk tiltak for å gjera slutt på forboda riksaviser har mot nynorsk.

I 2015 var ver­di­en av moms­fritaket for avis­er iføl­gje Finans­de­parte­mentet 1,5 mil­liar­dar kro­ner. Moms­fritaket er grun­ng­jeve med eit ønskje om å støt­ta ytrings­fridom og norsk språk. I 2009 gjekk likev­el over ein femt­edel av den indi­rek­te press­es­tøt­ta i lom­ma på nynorskdiskrim­inerande VG, som har redak­sjonelt for­bod mot nynorsk. Denne sum­men utg­jer om lag det same beløpet som den sam­la direk­te press­es­tøt­ta, pro­duk­sjon­stil­skotet, som går til 149 avis­er. I 2015 var denne støt­ta på 303 mil­lionar. Det er merkverdig at rik­savis­er som kneblar sine jour­nal­is­tar og steng ute eit av to jam­stilte norske skrift­språk, skal støt­tast med slike sum­mar når dei open­bart ikkje lev opp til for­ventin­gane som ligg til grunn for fritaket. 

Det nyt­tar ikkje å kas­ta om seg med språkpoli­tiske mål og ønskjer om å styr­ka nynorsk. Om media ikkje vil sjå sitt språk­lege ans­var sjølv, må stat­en kom­ma med tiltak. 

Nyting utan yting

I 2009 fekk dåverande styremedlem i Språkrådet, Tor Fugle­vik, pub­lis­ert debat­tinn­legget Statsstøt­tet diskrim­iner­ing i Dagens Næringsliv, ei av rik­savisene som steng ute nynorsken. Han ville at Stortinget skulle nyt­ta hand­samin­ga av stort­ingsmeldin­ga Mål og mein­ing til å ta eit oppg­jer med diskrim­iner­inga som Sylfest Lomheim har omtalt som ei “insti­tusjon­alis­ert diskrim­iner­ing av eit språk som allereie står svakt.”

Nynorskfri sone. Skjermbilde av forsida på vg.no 10. mai 2016.

Nynorsk­fri sone. Skjerm­bilde av for­si­da på vg.no 10. mai 2016.

Diskrim­iner­inga i riks­me­dia er sær­leg prob­lema­tisk, likev­el er det rik­savisene VG, Aften­posten, Dag­bladet og Dagens Næringsliv som ten­er mest på moms­fritaket. Alle for­byr nynorsk på redak­sjonell plass, og vel slik å nyta utan å yta. VG har i til­legg fått merk­semd for å gje att eit Frode Gryt­ten-dikt på bok­mål, og Aften­posten har fått merk­semd for å omset­ja nynorsk-tek­star frå sine samar­bei­d­savis­er til bok­mål, til dømes inter­vju med Jon Fos­se.

Desse avisene driv alt­så eit aktivt arbeid mot nynorsk, til trass for at ein burde ven­ta det mot­sette så lenge dei nyt godt av moms­fritaket. At ei støtte som er til for å styrk­ja ytrings­fridomen og skrift­språ­ka våre finan­sier­er omsetjing frå nynorsk til bok­mål, gjer det tyde­leg at moms­fritaket òg kan gå mot si hensikt. 

Handling må til

I Soria Moria-erk­læringa frå 2005 blei dei raud­grøne reg­jer­ingspar­tia samde om at stat­en måtte ta ans­var for å leg­g­ja til rette for meir likeverdi­ge vilkår mel­lom dei norske skrift­språ­ka. Ein blei òg samd om at ein poli­tikk som er tufta på eit opprik­tig ønskje om å sikra levande norsk skriftkul­tur, må omfat­ta tiltak som er sær­leg innret­ta på å støt­ta nynorsk språk. 

I Språkrådet sin rap­port Norsk i hun­dre! er det skrive at stat­en ved å støt­ta media, òg må kun­na stil­la språk­lege krav om bruk av nynorsk. Men i Mål og mein­ing, som byg­gjer på Soria Moria-erk­læringa og Språkrådet sin rap­port, la departe­mentet berre fram at dei «ven­tar at riks­dekk­jande avis­er i større grad gjev høve til å nyt­ta nynorsk på redak­sjonell plass». I den same meldin­ga er det fast­sett eit behov for eit meir heil­h­jar­ta og sys­tem­a­tisk arbeid for å styrk­ja nynorsk. Men vil­jen til å gjera noko for å føl­g­ja opp dette behovet, er fråverande. Det er ikkje nok å ven­ta, det har òg reg­jeringa fast­sett, og ein kan spør­ja seg kor det blir av tiltaka. 

Staten støttar vond sirkel

Stat­en greier ikkje ein­gong å føl­g­ja opp Grunnlo­va slik støt­te­ord­ningane er i dag. I § 100 står det at «Dei statlege styres­mak­tene skal leg­gje til rette for eit ope og opplyst offent­leg ord­skifte». Men ved å støt­ta rik­savis­er som nek­tar jour­nal­is­tane sine å nyt­ta nynorsk, støt­tar stat­en snarare ein vond sirkel som bidrar til dår­lege hald­ningar til nynorsk, og til usikker­heit kring eige språk. Det sist­nem­nte gjeld sær­leg unge nynorskbrukarar som gjerne går over til bok­mål etter kvart som dei blir eldre, men òg andre mål­folk har behov for å møta eige språk. Språkrådet skriv i sin rap­port at ein ikkje må under­vur­dera masse­me­dia si bety­d­ing som are­na for framvis­ing av språk og språk sin sta­tus. Her blir det òg pei­ka på at språk­bruken i media påverkar folk sine språk­van­er, og at utesteng­ing av nynorsk frå rik­savis­er har neg­a­tive verk­nadar på den offentlege sam­ta­la på norsk. 

Etter­som sam­funnsutviklin­ga ten­der­er til å redusera opp­slut­ninga kring det minst bruk­te språket, er eit høgt tal på nynorskbrukarar eit vik­tig grunnlag for å styrk­ja posisjo­nen til nynorsk. Det er difor vik­tig med tiltak som kan leg­g­ja til rette for at så mange som råd kan og vil nyt­ta nynorsk. Eit tiltak som går ut på å stop­pa støt­ta til nynorskdiskrim­inerande rik­savis­er ville ver­ka pos­i­tivt med tanke på rekrut­ter­ing av nynorskbrukarar. Sam­stun­des ville tiltaket ver­ka proak­tivt med tanke på å motverke usikker­heit kring eige språk, og utviklin­ga av dår­lege hald­ningar til nynorsk, som bidrar til det først­nem­nte. Slik ville tiltaket igjen gjort det offentlege ord­skiftet både meir ope og opplyst. 

Eit språk som riksavisene skjøner

Det står myk­je for­nuftig i Norsk i hun­dre! og Mål og mein­ing, men i sist­nem­nte er det ikkje lagt fram forslag om kutt av støtte til nynorskdiskrim­inerande rik­savis­er. No må stat­en visa at det meinast alvor med språkpoli­tikken. Ein kan ikkje ausa ut fleire hun­dretals mil­lionar kro­ner til rik­savis­er som kneblar jour­nal­is­tane sine, og som ikkje bidrar til å styrk­ja norsk språk, forstått som både bok­mål og nynorsk. Noko av det som ligg til grunn for moms­fritaket er trass alt at media skal bidra til å styrk­ja desse skriftspråka. 

Det å stop­pa støt­ta til rik­savis­er som steng ute nynorsk vil heller ikkje vera eit inngrep i den redak­sjonelle fridomen til pres­sa, som enkelte hev­dar. Om det ikkje hadde vore for øns­ket om å styr­ka ytrings­fridomen og det norske språk, så ville ikkje avis­er hatt moms­fritak, så eit krav om motyt­ing bør ikkje vera så kon­tro­ver­sielt. Tiltaket vil såleis berre vera eit inngrep i støt­te­ord­ningane til pres­sa, ikkje i deira redak­sjonelle fridom. Eg mein­er ikkje at stat­en skal tvin­ga moms­fritaket på rik­savisene. Tiltaket vil ver­ka opp­modande, det hand­lar berre om å nyt­ta eit språk som rik­savisene skjøner.

TEMA

M

ediestø
tte

56 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

3 KOMMENTARER

  1. Viss mål­folket ynskjer å lesa nyhende og bøk­er på nynorsk, kan ein la dat­apro­gram mask­i­nom­sette nettsider og e‑bøker. Pro­gram­vare for dette finst allereie. Når tek­ster er dig­i­tale i staden for på papir kan omset­ting gjerast kost­nads­fritt og automa­tisk slik at alle får all tekst på den mål­for­ma dei føretrekker.

  2. HARALD: Automa­tisk omsetjing har ikkje god nok kvalitet.

    • Pet­ter: Akku­rat nå vil mange si det. Men det blir litt som en i 1990 hadde argu­mentert for at mobil­tele­fon­er ikke er en bruk­bar løs­ning på noe for­di de ikke har god nok kvalitet. 

      Hvis en hun­dredel av pen­gene som brukes årlig på men­neskeo­ver­set­ting og trykking av p‑aviser og p‑bøker for opp­fyl­lelse av mållo­va hadde blitt investert i bedre og frie mask­i­no­ver­set­ting­spro­gram­mer, vil alle kunne få all tekst på fore­trukket mål­form med god oversettingskvalitet.

til toppen