Hagen-dom styrkar Stortinget

Carl. I Hagen sin standhaftige kamp endte med ein viktig høgsterettsdom. Den har styrka Stortingets makt til å regulere pensjonane våre.

Oljein­ntek­tene går ned, og arbei­d­sløysa stig. Sen­tral­banksje­fen åtvarar om ein økonomisk vin­ter. Sam­stun­des avseier Høg­sterett i det stille ein dom som styrkar Stortingets fram­tidi­ge han­dlingsrom over­for stat­søkonomien. Det kan vi takke ingen ringare enn Carl I. Hagen for.

Så kva har Hagen og Høg­sterett med vår økonomiske framtid å gjere?

His­to­ria er denne: Då Hagen avs­lut­ta si lange kar­riere som stort­ingsrep­re­sen­tant i 2009, fekk han innvil­ga pen­sjon etter Stortingets pen­sjon­sor­d­ning. Året etter endra Stortinget lova om stort­ingspen­sjon i sam­band med ei brei omleg­ging av pen­sjon­ssys­temet etter pen­sjons­for­liket i 2005. For Hagen vart det nye pen­sjon­s­grunnlaget dår­legare enn det han fyrst vart innvilga.

Carl I. Hagen under eit debattmøte i Bergen i 2012.

Carl I. Hagen under eit debattmøte i Bergen i 2012.

Hagen gikk difor til sak med pås­tand om at den etter­føl­g­jande loven­dringa var grunnlovsstridig.

Spørsmålet er klas­sisk: Er Grunnlo­vas for­bod mot tilbakev­erkande lover til hin­der for at Stortinget endrar ein lovbestemt økonomisk rett til skade for innehavarane av retten?

Dom­men fall 19. feb­ru­ar, og Hagen tapte så det suste. Resul­tatet var ikkje over­raskande for dei som kjen­ner jussen på dette fel­tet. Dom­men er likev­el vik­tig ut over Hagens sak.

Få reglar i norsk rett har vore så poli­tisk og juridisk omstrid­de som Grunnlo­va para­graf 97 og dei enkle orda: «Inga lov må gjev­ast tilbakev­erkande kraft.» Berre dei siste åra har Høg­sterett avsagt fleire plenums­dom­mar på dette området, alle under skarp dissens.

På pen­sjon­som­rådet har det der­i­mot vore tilsynela­tande fred og har­moni, sidan Høg­sterett i to dom­mar i 1996 god­tok at Stortinget reduserte ekte­fel­letil­legg for alder­spen­sjon og til­leg­gspen­sjon til uførepen­sjon­istar med verk­nad for løpande pensjonar.

Sam­stun­des har det heile tida vore litt usikkert kva 1996-dom­mane ville bety for fram­tidi­ge og breiare endringar i pen­sjons- og trygdesys­temet. Med Hagens pen­sjons­dom er denne tvilen vesent­leg min­dre og til Stortingets fordel.

For det fyrste kan dom­men lesast som ei viss svekking av den tradis­jonelle særstill­inga stat­spen­sjo­nane har hatt i pen­sjon­ssys­temet. Pen­sjon­sor­d­ningane til offent­leg tilsette er rek­na for sær­ret­tar knytt til arbei­d­sav­tal­en, og har større vern mot etter­føl­g­jande lovreg­u­ler­ing. Høg­sterett er likev­el klår på at også stat­spen­sjonar kan måtte tole jus­ter­ing, ikkje minst lovbestemte statlege pen­sjon­sret­tar, slik som Hagens stortingspensjon.

For det andre legg Høg­sterett stor vekt på at Stortingets jus­teringar i pen­sjons- og trygdesys­temet er nød­vendi­ge for at velferd­sor­d­ningane våre skal kunne finan­sierast også i framti­da. Høg­sterett peikar pila rett framover mot framti­das økonomiske utfor­dringar: «Sen­trale stikko­rd er et bærekraftig pen­sjon­ssys­tem, like­be­han­dling og en ret­tfer­dig fordel­ing mel­lom generasjonene.»

Adres­sa for denne meldin­ga er ikkje sak­søkar Hagen, men dei 169 tillitsvalde på Løvebakken.

Ret­ten og dom­sto­lane er oljen i stats­ma­ski­ne­riet vi ikkje ser og fyrst mer­kar om dei blir borte

Høg­steretts forhold til Stortinget har ham­na i medias søkelys den siste tida i sam­band med utnemninga av ny høg­sterettsjusti­tiar­ius. Media har boltra seg i karik­erte omtaler av søkarane langs ein akse mel­lom dom­stol­sak­tivisme og stort­ingslo­jalitet. Midt i alt ståket avseier alt­så Høg­sterett ein dom, som direk­te trekk opp ei vik­tig grense mel­lom dom­stols­makt og lovgivarmakt.

Pen­sjons- og trygderettar utg­jer ein vesent­leg del av stats­bud­sjet­tet. Stortingets han­dlingsrom over­for desse ret­tane er difor vik­tig for stat­søkonomien. Det er dette Hagens pen­sjons­dom hand­lar om. Dom­men styrkar Stortinget.

Pen­sjon­istar og trygde­mot­takarar er på ingen måte rettslause på den veg­en Høg­sterett har sta­ka ut. Grunnlo­va vernar fram­leis mot klårt urimelege eller uret­tfer­di­ge inngrep i pen­sjo­nane våre. Dette kan vere der ei loven­dring slår svært dår­leg ut for ei min­dre eller spe­sielt sår­bar gruppe pen­sjon­istar. Ut over dette set Høg­sterett sam­fun­net føre individet.

Ret­ten og dom­stolane er oljen i stats­mask­iner­i­et vi ikkje ser og fyrst merkar om dei blir borte. Hagens pen­sjons­dom får ikkje verk­nad for andre enn Hagen med det fyrste. Om fem, ti eller tjue år der­i­mot, når mishøvet mel­lom pen­sjon­istar og skat­te­be­ta­larar blir slik at pen­sjon­ssys­temet må justerast for å vere berekraftig, vil Hagens pen­sjons­dom på nytt vakne til liv, og gi vide ram­mer for Stortingets reguleringsmakt.

Det ligg ein deilig ironi i tanken om at den kon­tro­ver­sielle Frp-kjem­pens stand­haftige kamp mot sys­temet har styr­ka Stortingets makt til å reg­ulere pen­sjo­nane våre.

TEMA

H

øyester
ett

6 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen