Den franske komikaren Dieudonné M’Bala M’Bala vart i oktober 2009 dømt til å betale ei bot på 10 000 euro, eller om lag 100 000 norske kroner, for å ha brote ei føresegn i fransk lovgjeving som gjer det straffbart å framsette krenkande eller fornærmande ytringar retta mot personar eller grupper av personar på grunn av deira rase, religiøse overtyding, eller nasjonalt eller etnisk opphav. Den omstridde hendinga skjedde i samband med eit underhaldningsshow i Paris i desember 2008.
Mot slutten av dette showet hadde M’Bala M’Bala invitert den kjente Holocaust-fornektaren Robert Faurisson opp på scena for å tildele han ei utmerking (“a prize for unfrequentability and insolence”). Prisen, som bestod av ein trearma lysestake med eit eple festa på kvar av dei tre armane, vart utdelt av ein skodespelar som var iført ein stripete pyjamas. På pyjamasen var det festa ei gul stjerne med ordet jøde (“Jew”) påskrive, og det er ikkje tvilsamt at skodespelaren skulle gestalte rolla som jødisk deportert i dette opptrinnet.
M’Bala M’Bala meinte at straffedommen frå dei franske domstolane var uforeineleg med vernet av ytringsfridommen i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 10, og han klaga den franske staten inn for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg (EMD) med påstand om at EMK artikkel 10 var krenka.
I ei avvisningsavgjerd av 20. oktober 2015 (pressemelding) kom EMD til at dei omstridde ytringane ikkje var omfatta av vernet i EMK artikkel 10, og denne avgjerda er heilt på linje med tidlegare praksis frå EMD i saker der nasjonale domstolar har domfelt for liknande ytringar.
Krenkande ytringar har også eit konvensjonsvern
Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har opp gjennom åra utvikla eit sterkt vern av ytringsfridommen. Allereie i dommen Handyside mot Storbritannia frå desember 1976 slo EMD fast at vernet av ytringsfridommen i EMK artikkel 10 ikkje berre omfattar informasjon og idear som er “favourably received or regarded as inoffensive or as a matter of indifference, but also to those that offend, shock or disturb the State or any sector of the population” (avsnitt 49 i dommen).
Dette utgangspunktet blir regelmessig framheva av EMD i saker som gjeld inngrep i ytringsfridommen, og det framstår som nokså sjølvsagt for dei fleste: Det er dei krenkande og omstridde ytringane som først og fremst treng eit menneskerettsleg vern. Det er likevel ikkje slik at vernet av ytringsfridommen er utan grenser, og i praksis frå EMD ser ein at desse grensene er utvikla med grunnlag i to prinsipielt sett svært ulike tilnærmingsmåtar.
I dei aller fleste klagesakene under EMK artikkel 10 har EMD fastlagt grensene for vernet av ytringsfridommen med utgangspunkt i ei tolking av uttrykket “necessary in a democratic society” i EMK artikkel 10 nr. 2. Dette er eitt av tre vilkår som må vere oppfylt for at inngrepet i ytringsfridommen ikkje skal vere ei krenking av konvensjonen. Dei to øvrige vilkåra – at inngrepet må ha eit tilstrekkeleg grunnlag i nasjonal rett, og at inngrepet må vere eigna til å verne ei eller fleire av dei interessene som er opprekna i EMK artikkel 10 nr. 2 – er av mindre interesse i denne samanhengen.
Vurderinga av om det er naudsynt i eit demokratisk samfunn å gripe inn mot dei omstridde ytringane, er nokså samansett, og den samla praksisen frå EMD gjer nokså sikre haldepunkt for kva moment som er relevante å vektlegge i denne vurderinga. Likevel kan utfallet i den enkelte sak vere usikkert; dei relevante momenta kan trekke i ulike retningar. Nyare praksis frå EMD kan tyde på at den internasjonale kontrollen med nasjonale domstolar er i endring: Ein ser stadig fleire eksempel på at EMD nøyer seg med å vurdere om nasjonale domstolar har vurdert dei relevante momenta, men overlet til nasjonale domstolar å trekke den endelege konklusjonen om det er foreineleg med konvensjonsvernet å gripe inn mot ytringane.
Sagt med andre ord: EMD overlet i større grad til nasjonale domstolar å bruke den konvensjonsrettslege regelen på det faktum som er funne bevist. Etter mitt syn er dette i all hovudsak ei positiv utvikling.
Nærmare om yttergrensene for vernet av ytringsfridommen
For nokre kategoriar av ytringar er situasjonen derimot grunnleggande annleis. Det er gjerne i desse sakene ein klarast ser at ytringsfridommen i EMK artikkel 10 har visse absolutte grenser. Det er i første rekke ytringar som fornektar Holocaust som ikkje er omfatta av vernet i EMK artikkel 10 nr. 1, og at slike ytringar står i ei særstilling i Europa, har sine openberre historiske grunnar.
Hatefulle ytringer i Norge
Les også: Rett til ikke å bli krenket?. Om den norske regjeringens arbeid mot hatefulle ytringer og norsk rettstilstand.
Standpunktet kom klart fram allereie i avvisningsavgjerda Garaudy mot Frankrike frå juni 2003. Roger Garaudy, ein fransk filosof og forfattar, og tidlegare politikar, publiserte i 1995 boka “The Founding Myths of Israeli Politics”, og i kjølvatnet av dette vart han i fleire rettsprosessar for franske domstolar dømt til betinga fengsel og bøtestraffer for utsegner i boka som dels vart tolka som fornektingar av Holocaust, og dels som rasistiske ytringar og ytringar som oppfordra til rasistisk og religiøst motivert hat og vald.
Garaudy meinte at straffesanksjonane innebar ei krenking av vernet av ytringsfridommen i EMK artikkel 10, og han klaga saka inn for domstolen i Strasbourg, men her møtte han langt på veg stengte dører. EMD såg det slik at Garaudy i boka stilte spørsmål ved realiteten i, og omfanget av, jødeutryddingane under andre verdskrigen. Han fornekta systematisk brotsverka mot menneskeslekta som nazi-regimet gjennomførte mot det jødiske folket. Domstolen peika vidare på at ytringar som dette undergrev dei verdiane som kampen mot rasisme og anti-semittisme er bygd på, og at dei representerer ein alvorleg trugsel mot offentleg ro og orden. Ytringane er uforeinelege med demokrati og menneskerettar fordi dei tek sikte på å krenke andres menneskerettar, og då følgjer det av misbruksføresegna i EMK artikkel 17 at dei som ytrar seg på denne måten, heller ikkje sjølv kan påberope seg menneskerettsvernet som ligg i konvensjonen. EMD avviste denne delen av klagen på denne måten:
“Accordingly, the Court considers that, in accordance with Article 17 of the Convention, the applicant cannot rely on the provisions of Article 10 of the Convention regarding his conviction for denying crimes against humanity. It follows that this part of the complaint is incompatible ratione materiae with the provisions of the Convention ” (s. 23–24 i avgjerda)
Konsekvensen av denne tilnærmingsmåten var at EMD ikkje trengte å vurdere om dei nasjonale straffesanksjonane oppfylte dei tre inngrepsvilkåra som er nedfelt i EMK artikkel 10 nr. 2: lovskravet, kravet om legitimt føremål, og kravet om at inngrepet må framstå som naudsynt i eit demokratisk samfunn.
Ein viktig konsekvens av at ytringane ikkje er omfatta av EMK artikkel 10 nr. 1, er at nasjonale domstolar ikkje er bundne av kravet i EMK artikkel 10 nr. 2 om at inngrepet må vere forholdsmessig. Med andre ord: EMD vil ikkje vurdere om dei idømte straffesanksjonane er for strenge. Her står nasjonale domstolar fritt, sjølvsagt med dei begrensingar som følgjer av nasjonal straffelovgjeving.
Når det så gjaldt dei øvrige ytringane som Garaudy var domfelt for i franske domstolar, kom EMD under sterk tvil til at desse var omfatta av vernet i EMK artikkel 10 nr. 1, men at det var naudsynt i eit demokratisk samfunn å straffesanksjonere desse ytringane. Heller ikkje for denne delen av klagen fekk altså Garaudy medhald i Strasbourg. Nokre nyare avvisningsavgjerder kan også tyde på at ytringar som gjer uttrykk for etnisk og religiøst hat kan utelukkast heilt frå vernet i EMK artikkel 10 nr. 1 på grunn av dei omsyna som ligg til grunn for misbruksføresegna i EMK artikkel 17, men eg går ikkje nærmare inn på desse her.
Dieudonné M’Bala M’Bala: Ei viktig rettsavklaring
Avvisningsavgjerda i Dieudonné M’Bala M’Bala mot Frankrike frå oktober i fjor føyer seg fint inn i det argumentasjonsmønsteret som låg til grunn for avvisninga av klagen frå Roger Garaudy i 2003, og som EMD har praktisert også i seinare avgjerder. Dommarane i Strasbourg kom til at det aktuelle opptrinnet i showet til M’Bala M’Bala var klart revisjonistisk og anti-semittisk, og at ytringane altså ikkje i det heile teke hadde eit konvensjonsrettsleg vern. Slikt sett tilfører avgjerda lite nytt til den rettstilstanden eg har gjort greie for ovanfor.
På eitt punkt er denne avgjerda likevel avklarande, sjølv om ein skal vere varsam med å legge altfor stor vekt på det som kan utleiast av ei avvisningsavgjerd: M’Bala M’Bala påberopte seg nemleg vernet for kunstnarleg fridom, både for franske domstolar og for EMD, men utan å bli høyrt med dette. Franske domstolar såg det slik at showet til M’Bala M’Bala endra karakter til å bli eit politisk møte då Robert Faurisson vart invitert opp på scena. EMD slutta seg til dette. Elles peika domstolen på at dei tidlegare sakene der ytringar hadde vorte utelukka frå det konvensjonsrettslege vernet i EMK artikkel 10 nr. 1 med tilvising til misbruksføresegna i EMK artikkel 17, hadde knytta seg til ytringar der det revisjonistiske innhaldet hadde kome eksplisitt til uttrykk. Den omstridde delen av showet til M’Bala M’Bala hadde ikkje eit eksplisitt revisjonistisk innhald. At ytringane ga uttrykk for hat og anti-semittisme bygde derimot på ei tolking av dei ulike elementa i opptrinnet, nemleg at eit offer for jødedeportasjonane under andre verdskrigen heidra ein av dei mest kjente Holocaust-fornektarane i Frankrike med å tildele han ein pris.
Denne avvisningsavgjerda kan difor vanskeleg tolkast på anna vis enn at EMD ikkje finn grunn til å oppstille eit krav om at det revisjonistiske budskapet eller fornektinga av Holocaust eksplisitt må kome til uttrykk for at ytringane kan utelukkast frå det konvensjonsrettslege vernet med tilvising til misbruksføresegna i EMK artikkel 17. Legg ein dette til grunn som eit tolkingsprinsipp i saker der spørsmålet er om ytringar heilt skal utelukkast frå vernet i EMK artikkel 10 nr. 1, må det same tolkingsprinsippet etter mitt syn også gjelde i saker om andre former for rasistiske og hatefulle ytringar. Også i desse sakene må det vere rom for ei tolking av ytringane, og det må vere greitt at tolkingsresultatet går ut over det som eksplisitt følgjer av ordlyden i dei omstridde ytringane.
Etter mitt syn inneber difor denne avgjerda i realiteten ei svekking av det folkerettslege vernet til rasistiske og hatefulle ytringar. Dei som ønskjer å framsette slike ytringar, har med denne avgjerda fått trongare rammer for sin ytringsfridom.