Det er over 40 år sidan den fyrste tekst-TV-tenesta i verda vart lansert, og meir enn 30 år sidan Noreg fekk det fyrste verkeleg store digitale massemediet. Millionar brukte tekst-TV, likevel ser det ut til at dei fleste har gløymd det i dag.
Tekst-TV har vore ein del av europearars kvardagsliv i over førti år. Trass i at mediet i periodar hadde like høge lesartal som dei største papiravisene, har medieforskarane knapt brydd seg om mediet. Men i februar kom boka Teletext in Europe – from the Analog to the Digital Era ut. Boka gjer, gjennom 15 ulike artiklar, ein vitskapeleg introduksjon til tekst-TV. Tekstane er redigert av Hallvard Moe og Hilde Van den Bulck, som høvesvis forskar på media ved Universitetet i Bergen og Universitetet i Antwerpen.
Teletext in Europe er ein godbit til medienerdar som likar å mimre. Ho er òg ei nyttig oppsummering av opp- og nedturen til det fyrste digitale massemediet vårt. Likevel, som tidligare redaktør i NRK Tekst-TV, og med ein stor porsjon godhug for mediet, opplever eg at boka ikkje dokumenterer heile historia til tekst-TV i Europa. Til det er ho for prega av at redaktørane har slitt med å finne forskarar som hadde lyst til å bidra. Dette har forfattarane reflektert over sjølv, i innleiingskapitlet. Her skriv Moe og Van den Bulck om kor overraska dei var då dei byrja undersøkje kva som har vore skrive om tekst-TV tidlegare. Når dei spurde kollegaer om dette, fekk dei stadfesta ikkje berre at det hadde vore lite interesse for det, men også at deira interesse for fenomenet blei møtt med vantru og latter.
At Moe og Van den Bulck likevel ikkje vart avskrekka av reaksjonane frå kollegar, er eg glad for. Dei har klart å lage ei viktig og lærerik samling artiklar om tekst-TV før mediet forsvinn ut av historia.
Digitale signal i analog innpakking
Teletext in Europe er utgjeve på Nordicom forlag, er på 250 sider, og inneheld bidrag frå 15 forfattar med ulik tilnærming til tekst-TV. Den fyrste delen av boka gjev ulike perspektiv på mediet frå ein vitskapleg ståstad. Redaktørane forsøker å forklare kvifor medieforskarar ikkje har brydd seg om tekst-TV, og lanserer fleire teoriar: Mediet var ingeniørstyrt og oppstod nærmast tilfeldig; det var lite kontrovers kring mediet; det er nærmast umogleg for ein forskar å gjere «opptak» av sidene og mediet er ikkje minst – som redaktørane med rette peikar på – svært kjedeleg.
Den andre delen av boka gjev presentasjonar av tekst-TV i fleire europeiske land: Sveits, Finland, Sverige, Island, Noreg, Kroatia, Italia og Frankrike. Utvalet verkar å vere litt tilfeldig, og eg saknar kanskje spesielt ein artikkel om Storbritannia: At tekst-TV vart oppfunne av BBC er rett nok nemnt fleire stader i boka, men dei fyrste store tenestene Ceefax og Oracle (BBC og ITV) hadde fortent eigne artiklar.
Sjølve opphavet til tekst-TV er så vidt nemnd i innleiingskapitlet, men redaktørane har ikkje teke sjansen på å ta med ein eigen tekst om korleis mediet oppstod. Det er litt synd, for det er relativt sjeldan at eit massemedium bokstaveleg talt oppstår i eit hôl.
Tekst-TV-fakta
Tekst-TV vart lansert i Storbritannia i 1974 og i Noreg i 1983.
Tekst-TV i Noreg nådde popularitetstoppen så seint som i 2005 – då brukte 62 prosent av nordmenn NRK Tekst-TV kvar veke.
I dag ligg bruken av Tekst-TV jamnt med dei største papiravisene, rundt 20 prosent av folket bruker Tekst-TV kvar veke.
Tekst-TV oppstod nærmast tilfeldig: Då standarden for overføring av TV-signal vart utforma på 1930-tallet, var ingeniørane som stod bak standarden urolege for at signala kunne bli så sterke at dei kunne lage hôl i TV-røyra om det ikkje var eit relativt langt opphald mellom kvart bilete. Etter kvart viste det seg at tomromma var mykje større enn dei måtte vere, og ein byrja bruke dei til å sende testsignal til TV-apparat.
I 1972 oppdaga BBC at tomrommet kunne nyttast til å sende tekst direkte til TV-apparatet. Analoge TV-signal blir sendt som eitt og eitt bilde, med eit kort opphald mellom kvart bilete. Tekst-TV blir overført ved å bruke desse tomromma i dei vanlege TV-bileta. Signala er digitale, og om ein forstørrar bileta kraftig kan ein sjå tekst-TV som små kvite prikkar i kanten av biletet. Det tok to år å utvikle standarden, og i 1974 vart BBCs tekst-TV Ceefax lansert. Den fyrste versjonen var veldig enkel: Rein tekst i åtte ulike fargar. Seinare kom andre versjon av standarden, som opna for enkel grafikk, bokstavar i dobbel høgd, skjult tekst og nokre få andre funksjonar.
Brutalistisk form
Mi eiga erfaring med tekst-TV starta i 2009, då eg, nokså motvillig, fekk redaktøransvar. NRK Tekst-TV verka ikkje akkurat som ein bransje å byggje karriere i. Men, det tok ikkje veldig lang tid før eg oppdaga kor fascinerande mediet er, i sin brutalistisk enkle og raske form. Det er det mest avgrensa mediet eg nokon sinne har arbeidd med: Nyheitssakene er avgrensa til 550 teikn, titlane maks 39 teikn. Ingressane er om lag like lange som ei Twitter-melding.
Det kanskje mest underhaldande bidraget i Teletext in Europe er Is It Just Text?, der Raquel Meyers skriv om tekst-TV som kunst. Meyers argumenterer for at det fyrst er no, når mediet er i avslutningsfasen av livet, at det verkeleg blir opna for kunst. Ho samanliknar tekst-TV med brutalisme i arkitekturen:
Text is used unadorned and rough-cast, like concrete. Brutalism has an unfortunate reputation of evoking a raw dystopia and teletext evokes an “object of nostalgia” (…). Teletext and brutalism has more in common than the raw aspect and unpretentious honesty. Both heralded a new age, a changing socio-economic society, and captured the spirit of their time and contradictions.
“Utopia is on its way”
Fleire av artiklane i Teletext in Europe gjev innblikk i historia bak tekst-TV. Den store revolusjonen mediet stod for ved innføringa på 70-talet er likevel i liten grad omtalt. Det var utan tvil revolusjonerande. NRK har eit relativt stort arkiv med avisklipp og omtale av tekst-TV-utviklinga, nokre av artiklane er ganske fornøyelege å lese i dag. I 1977 skreiv for eksempel magasinet Radio Times i Storbritannia:
Utopia is on its way. Touch a few buttons … and your television screen will throw up, in written form, the latest news, the current sports score, the most recent weather forecast, exactly when you want it and for as long as it takes you to read it. Ceefax is the name of the system. So far only a limited number of sets can receive it. But soon it will be as common as colour.
Tekst-TV vart raskt populært, og vart rulla ut i dei fleste vesteuropeiske land på 1970- og 80-talet. I 1983 vedtok Stortinget at NRK kunne starte sendingar, og NRK Tekst-TV vart offisielt lansert 2. februar 1983.
I løpet av det fyrste året vart Noreg visstnok landet i Europa med høgaste tekst-TV-bruk per innbyggjar.
Bruken steig jamnt utover 80- og 90-talet, og ved årtusenskiftet hadde NRK Tekst-TV omtrent like mange lesarar som Dagbladet og Aftenposten. 2005 vart toppåret, då var det like mange som las nyheiter på NRK Tekst-TV som det var lesarar av papir-VG.
Kjapt, trygt og billig
I Europa har tekst-TV fyrst og fremst vore eit nyheitsmedium. Nyheitstenestene er omtalt i fleire av landartiklane i Teletext in Europe, men det manglar ein gjennomgripande analyse av nyheitsmediet tekst-TV: Hadde «nyheiter når du vil» innverknad på publikum?
Mediets fremste kjennemerke er at det er raskt. Heilt fram til 2012 vart NRK Tekst-TV publisert med terminalkodar i eit grensesnitt som såg like primitivt ut som det tekst-TV gjer for lesarane. Men kjapt var det: Det tok omtrent eitt sekund frå publisering til artiklane var dytta ut til alle TV-sendarane i heile landet. Ein fryd for ein nettjournalist som på den tida var vand med lange cachetider på nettsidene.
I Norden, kanskje i resten av Europa òg, hadde publikum enormt høg tiltru til tekst-TV. Ikkje berre publikum, forresten: I NRK går det fortsatt gjetord om den gangen Dagsrevyen ringde politiet for oppdaterte ulukkestal, og vakthavande oppgav tala han fann på tekst-TV.
Minimalisme-erotikk og skandalar
Men tekst-TV har ikkje berre blitt brukt til nyheiter: I 1992 la dei britiske styresmaktene ut teletext-lisensen på ITV og Channel 4 på anbod. Som eit resultat av dette vart ITVs populære Oracle-teneste lagt ned, til store protestar frå brukarane. Tenesta vart erstatta av Teletext Ltd, som m.a. lanserte nokre av verdas fyrste sex- og datingsider på tekst-TV.
Frankrike fylgde tett etter. Her var tekst-TV supplert med Minitel, ein slags forløpar til internett, men med same grafiske utsjånad som tekst-TV. I kapitlet Teletext and Videotext in France beskriv Lyombe Eko mellom anna Minitel som «the cradle of online sexual capitalism». Han skriv og om korleis Minitel utvikla «minimalisme-erotikk». Pornoindustrien viste tydelegvis veg, òg når mediet var avgrensa til tekst i åtte fargar:
One of the most notable features of the history of the French Minitel videotex system is that sections of it were quickly transformed into spaces of online sexual capitalism known as Minitels roses. These sex-themed online services were commercial enterprises whose stock-in-trade was sex, and sex-themed products and services. (…) Many French entrepreneurs made a fortune on the Minitel Rose (which, ironically they subsequently invested in the up-and-coming Internet).
Erotikken forsvann relativt kjapt frå mediet då plattformar som rett og slett hadde betre porno kom på banen. Reklamen hadde derimot gode dagar: 90-talet var dei kommersielle glansdagane for tekst-TV, med millionomsetning på annonsesal.
Kor mange år står att?
Tekst-TV har vore eit stort dilemma for dei fleste europeiske kringkastarane. I fleire år har alle visst at mediet var over middagshøgda. Samtidig har lesartala vore så høge at ein ikkje kunne ignorere tenesta heller.
Hausten 2001 la BBC ned tekst-TV-tenestene sine. Protestane vart enorme, og etter å ha tenkt seg litt om, lappa dei saman tenestene og relanserte dei nokre månader seinare. I Skandinavia var det tilsvarande diskusjonar, og i 2009 var NRK eigentleg klare til å skru av heile Tekst-TV, men éin million daglege brukarar gjorde at vi ikkje tok sjansen. Løysinga vart å automatisere store delar av Tekst-TV, og i løpet av eit par år skalerte vi ned bemanninga frå 15 medarbeidarar til én.
Mediet kan umogleg ha mange år att før dei siste tenestene blir skrudd av. Eg er difor veldig glad for at Moe og Van den Bulck har skrive om tekst-TV, og eg vonar vi kjem til å sjå fleire slike forskingsprosjekt i åra som kjem: Medier vil kome og gå, og vi bør prøve å lære det vi kan av dei før dei forsvinn.
Kjelder:
Moe, Hallvard og Hilde Van den Bulck (red.) (2016): Teletext in Europe. Göteborg, Nordicom.
Bolstad, Erik og Brit Henschien (2011, upublisert): NRK Tekst-TVs historie. Oslo, NRK.
Kirchner, Lauren (2012): “Teletext Lives On in Scandinavia”, Columbia Journalism Review.
Newcomb, Horace (2014): Encyclopedia of Television (Museum of Broadcast Communications). New York, Routledge.