Ifølge filosofiprofessor Åsa Wikforss ved Stockholms universitet er presidenten i USA eit symptom på eit internasjonalt problem. Verda over blir etablert kunnskap og fakta mistenkeleggjort, og det offentlege rommet for dialog om kva som er sant blir borte. Ein av konsekvensane er at demokratiet mister ein viktig basis for rasjonell debatt, ein annan at universitet og forsking blir svekka.
I boka Alternativa fakta. Om kunskapen och dess fiender (2017) hevdar Wikforss at kunnskapsaktørane sjølve har ansvar for å ta eit oppgjer med denne relativismen. Har universiteta svikta si oppgåve som forsvarar og formidlar av sanning?
Åsa Wikforss innleia om temaet på møte i Forum for vitenskap og demokrati i Bergen 1. oktober 2018. Møteleiar: Tor Halvorsen.
Les og: Intervju med Wikforss i Vox Publica: Hvorfor vi faller for falske nyheter og desinformasjon.