Essayføljetong 3:9 — Tradisjonell etikk har gått ut på dato

Grunnlaget for etikken har endra seg for­di teknolo­giane si rolle i sam­fun­net har vorte så myk­je større og sterkare. Tradis­jonell etikk klarar ikkje å reg­ulere vår åtferd med mod­erne teknolo­gi. Der­som ein vil dri­ve med ans­var­leg teknologiutvikling går det difor ikkje an å bruke his­to­ria som rettes­nor for kva ein bør gjere. Hans Jonas mein­er for­ti­da no i hov­ud­sak lær­er oss kva vi ikkje bør gjere.

 

Essayføljetong 2:9 — Framtida er viktigare enn notida

Hans Jonas er djupt bekym­ra over den store påverkinga som mod­erne teknolo­gi har på natur­miljøet, og dermed på vilkåra til men­neske og dyr i framti­da. Vi har fått langt større makt til å endre ting enn vi er i stand til å handtere. Sam­fun­net må verte flinkare til å ta ans­var for til­stan­dar i framti­da, og under­søkinga av kor­leis dette kan skje kallar han futur­olo­gi eller enklare; framtidsetikk.