Essayføljetong 1:9 — Hans Jonas og problemet med moderne teknologi

Media er prega av permanent innovasjon og stadige kontroversar om retninga på utviklinga. Optimistar meiner vi har det betre enn nokon sinne og bør halde stø kurs framover, medan pessimistar meiner vi vert framandgjorte og mistar kontrollen. I dette essayet skal eg undersøke den bekymra haldninga.

Dette er fyrste del i ein essayføl­je­tong om prob­lemet med å skape ei ans­var­leg utvikling innan mod­erne teknolo­gi. Eg pre­sen­ter­er boka The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty. In Search of an Ethics for the Tech­no­log­i­cal Age (1984) av moral­filosofen Hans Jonas (1903–1993), og fork­lar­er kvi­for denne boka er så vik­tig. Deretter vis­er eg kor­leis hans teknologikri­tikk er rel­e­vant for medieutviklin­ga i samti­da, og pre­sen­ter­er også livshis­to­ria hans for å skape his­torisk kontekst.

Hans Jonas var 81 år då «The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty» kom ut på engel­sk i
Etter eit langt liv i det godes ten­este kunne han tillate seg å moralis­ere. (Presse­fo­to).

Essayføljetong i ni delar

Nærlesing av The Imperative of Responsibility (1984)

Hans Jonas er bekym­ra for framti­da, og allereie i 1984 gav han ut ei bok om prob­le­ma med mod­erne teknolo­gi og kor­leis dei berre vil vekse seg sterkare viss vi ikkje gjer noko straks. Eg leste The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty i som­mar, og vart slått av kor rel­e­vant denne kri­tikken er for medi­er og kom­mu­nikasjon også i vår tid.

            I denne essayføl­je­ton­gen vil eg difor under­søke hans fun­da­mentalkri­tikk av det mod­erne sam­fun­net. Jonas mein­er at mod­erne teknolo­giar har gitt oss ein særskilt type makt over naturen som gjer dei svært far­lege for oss sjølve. Han skriv:

            “Mod­erne teknolo­gi, som vert utvikla med grunnlag i ei stadig dju­pare gjen­nomtreng­ing av naturen og dri­ven framover av mark­nad­skrefter og poli­tikk, har auka men­neskas makt utover alt nokon har høyrt om eller drøymt om før. Det er ei makt over materielle ting, livet på jor­da, og men­nes­ket sjølv, og den veks med aksel­ererande fart” (s. ix).

            The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty er ei stor­felt kri­tisk analyse av men­neskas jakt på tek­nol­o­gisk betring og vidareutvikling. Her argu­menter­er Jonas for at men­nes­ka må lage alter­na­tiv til dei mest skadelege trek­ka ved teknologiutviklin­ga, og han peikar ut nokon store hin­der for at dette vil kunne skje.

Det teknologiske imperativet

“Ingen stiller spørsmål ved det “tek­nol­o­giske imper­a­tivet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved for­di det er antropol­o­gisk grunn­leg­gande og inte­gr­ert i den men­neskelege til­standen. Det treng ingen talsper­son­ar i den vestlege ver­da i det 20. århun­dret for­di begeistringsrusen har overteke full­s­tendig. Slik vi oppfør­er oss no tek den tek­nol­o­giske dri­vkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nød­vendigheit­ene den har skapt, dens besnærande lov­nad­er, dei kort­sik­tige beløn­ningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjen­nom si sjølv­forsterkande kopling med fram­skrit­tet i vit­skapen” (s. 203).

            Koplin­ga mel­lom teknolo­gi, vit­skap og men­neske­leg åtferd vert fram­stilt som ei nesten ustop­pe­leg kraft for vidare fram­skritt og vekst, og denne utviklin­ga er skade­leg for naturen og dermed også for men­nes­ket sidan vi sjølv er ein del av den. Det tek­nol­o­giske imper­a­tivet treng å verte bal­ansert med eit imper­a­tiv om men­neske­leg ans­var; eit prin­sipp om at vi som lever no har ans­var for livsvilkåra for men­neske og dyr så langt innover i framti­da som teknolo­giane våre strekkjer seg (og det er langt!).

            Jonas peikar ut ei rekkje dilem­ma med den vek­stau­tomatikken han mein­er utspelar seg i mod­erne teknolo­gi, og hev­dar at utviklin­ga må motverkast meir aktivt i poli­tikk og næringsliv. Det er vik­tig at bor­garane vert meir med­vitne om kva dei bidreg til, og difor må teknologiutviklin­ga verte meir syn­leg i den offentlege debat­ten. Det har heldigvis vore ei god utvikling på dette området sidan boka kom ut i 1984. Andre for­fat­tarar og skriben­tar har kjem­pa for same sak som Jonas gjorde, og folk er meir med­vitne om problema.

The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty (1984) vart fyrst utgitt på tysk med tit­te­len Das Prinzip Ver­ant­wor­tung (1979). Hans Jonas omsette den til engel­sk sjølv i samar­beid med David Herr.

Ansvarleg teknologiutvikling

Boka har inspir­ert økolog­ar, moral­filoso­far, kli­maforskarar og miljøak­tivis­tar i fleire tiår. The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty har vorte ein av dei teo­retiske grunnsteinane for miljørørsla saman med økosofien frå Arne Næss og Gaia-hypote­sen til James Lovelock.

            Tankane til Hans Jonas har vore eit vik­tig grunnlag for den tradis­jo­nen som vert kalla Respon­si­ble Research and Inno­va­tion (RRI). Denne er sær­leg knytt til å gje ei framtid­sans­var­leg grun­ng­jev­ing for målsetjin­gane til forsk­ing og utvikling i Europa.

            RRI er eit forsøk på “å utvikle nye for­mer for styring som bedre kan håndtere moder­nitetens skyg­gesider og prob­le­mer” seier pro­fes­sor i vit­skap­ste­ori Roger Strand ved UiB i net­tar­tikke­len “Ans­varlig forskn­ing og inno­vasjon — et poli­tisk begrep i støpeskjeen” (2015). Han kallar RRI “en pros­ess der sam­funnsak­tør­er og inno­vatør­er har ans­var for å forholde seg aktivt til hveran­dre og arbei­de for at forskn­ingsre­sul­tater og teknolo­gi blir etisk aksept­able, bærekraftige og øns­ket av samfunnet”. 

Det finst spor etter Jonas sin tankegang i ei rekkje etiske analysar av utfor­dringane med mod­erne teknolo­gi, ofte utan at det er direk­te sitat. Dette gjeld til dømes Spiek­er­manns Eth­i­cal IT Inno­va­tion (2015), Jasanoffs Ethics of Inven­tion (2016), Bowles Future Ethics (2018) og Cock­el­berghs AI Ethics (2020).

Det problematiske ved moderne medier

Jonas er mest opp­tatt av utfor­dringane for miljøet, men reson­nementet hans er i stor grad all­men­ngyldig. Då eg leste boka tenk­te eg heile tida at dette gjeld jo også for mediebruken og mediesam­fun­net i vår eiga tid. Dette essayet er difor ikkje berre meint å fork­lare kva Jonas mein­er, men er også meint å aktu­alis­ere hans kri­tikk i saman­heng med medieutviklinga.

            Eg gjev ei rekkje døme på uheldige, neg­a­tive og skadelege trekk ved medi­ene i samti­da, og ynskjer å skremme både meg sjølv og lesaren til å tenkje gjen­nom kor fastlåste vi er i dei rådande teknolo­giane. Kri­tikken er “fun­da­men­tal”, og det betyr at at den gjeld heile sam­fun­net, og ikkje enkelt­per­son­ar, grup­per eller institusjonar.

            I andre saman­hen­gar arbei­der eg med pos­i­tive tilnær­min­gar. Mediedesign og inno­vasjon­sped­a­gogikk er løys­ing­sori­en­terte og kon­struk­tive faglege tilnær­min­gar som involver­er kol­le­gaer og stu­den­tar i tver­rfa­glege samarbeid.

            Det er svært vik­tig å arbei­de for ans­var­lege medieløysin­gar. Dette essayet kan lesast som ein moral­filosofisk bak­teppe for det store arbei­det som skal gjerast i det nye sen­teret for forsk­ings­driv­en inno­vasjon, Medi­a­Fu­tures, som vert etablert ved Uni­ver­sitetet i Bergen hausten 2020. Jo betre forståing vi har av fare og risiko, jo betre stilt er vi til å gjere noko med dei.

Eg bruk­te meir tid på «The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty» enn alle andre bøk­er eg har lese dei siste åra. Hans Jonas skriv veldig kom­pakt og mein­ing­stett og det var vanske­leg å komme gjen­nom meir enn 15–20 sider i ei økt. Eg måtte lese dei vik­ti­gaste poen­ga fleire gonger for å verte trygg på at mi omsetjing til nynorsk vart pre­sis. Foto: Bar­bara Wendelbo.

Om Hans Jonas

Hans Jonas (1903–1993) var ein tysk-jødisk filosof som opplevde 2. verd­skrig på krop­pen og vart pre­ga av det i si tenkjing. Jonas rømte frå det nazis­tiske regimet i Tysk­land og vart sol­dat for dei allierte i Midt-Austen. Han kjem­pa også for Israel i den ara­bisk-israelske kri­gen i 1948. Erfaringane frå kri­gen og jødeu­try­d­din­ga gav arbei­det hans eit eksis­ten­sielt alvor, og eit nøk­ternt for ikkje å seie neg­a­tivt syn på menneska.

            På midten av 1950-talet emi­gr­erte Jonas til New York der han bud­de resten av livet. Han vart pro­fes­sor i filosofi ved New School for Social Research, og arbei­d­de med biol­o­gisk etikk, livs­filosofi og natur­filosofi. Ei anna av hans kjente bøk­er er The Phe­nom­e­non of Life (1966). Stipen­di­at ved NTNU Sig­urd Hver­ven har skrive om denne boka i artikke­len “Hans Jonas og fenomenet liv” i Filosofisk sup­ple­ment (udatert).

            Boka som eg tek for meg; The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty (1984), er pre­ga av at Hans Jonas hadde Mar­tin Hei­deg­ger som ret­tleiar på dok­tor­graden sin. Jonas hadde eit kom­plis­ert forhold til denne inn­fly­telses­rike filosofen gjen­nom heile sin kar­riere, og på 1960-talet tok han eit gen­er­aloppg­jer med Hei­deg­gers nazisme.

            Sam­tidig finst det tydelege ele­ment av Hei­deg­gers teori om mod­erne teknolo­gi i reson­nemen­ta til Jonas. Der Hei­deg­ger i stor grad er beskri­vande er Jonas nor­ma­tiv. Han peikar ut dei moralske imp­likasjo­nane av at teknolo­gi har fått så enorm kraft i sam­fun­net, og her ligg det ein spen­nande dia­log med Hei­deg­gers filosofi.

            Det har vorte skrive ein del om Hans Jonas på norsk. Alfred Fid­jestøl utgav i 2004 boka Hans Jonas. Ein intro­duk­sjon på Uni­ver­sitets­for­laget, men den er diverre utselt frå for­laget. Klassekam­p­en gjorde eit inter­vju Fid­jestøl med tit­te­len “Etikk for en ny tid” då boka kom ut. Utover dette har eg funne to korte ped­a­gogiske fram­still­ingar som er verdt å lese; Hein Berdi­ne­sen (2017) “Hans Jonas og ans­varet for fremti­den” på nettstaden Kli­maak­sjo­nen og Morten Fastvold (udatert) “Ans­varsetikk” på nettstaden Filosofi i skolen. Engel­sk Wikipedia har eit grundig og leseverdig opp­slag om Hans Jonas.

Omsetjinga

Eg har omsett alle sita­ta til nynorsk. Hans Jonas skriv godt, og han for­mulerer tankar med eit slikt alvor at eg får frys­ningar på ryggen. Han brukar slåande metaforar, har slagfer­di­ge poeng og før­er innsik­ts­fulle reson­nement. Men sam­tidig er det ingen tvil om at han skriv vanske­leg. Han skriv til eit fag­filosofisk og akademisk pub­likum og smykkar seg med grundi­ge drøftin­gar av alt frå dyd­setikken til filosofen Immanuel Kant til marx­is­tisk utopisk teori frå Ernst Bloch.

            Jonas skriv reson­nement på mange titals sider som går så djupt inn i det filosofiske grunnlaget for framtid­setikken at det nesten vert ule­se­leg. Han har sjølv omsett sin tysk til eit engel­sk, og dette gjer ikkje saka betre. Det er innskotne set­ningar i dei innskotne set­ningane, liksom.

            Difor har eg utført ei seman­tisk omsetjing. Eg har lagt større vekt på kva som er poenget med set­ninga enn å omset­je den nøyak­tig med dei norske orda som ville tilsvara dei engelske, eller med tilsvarande set­ning­sopp­byg­nad. Nynorsk er eit aktivt språk, og eg har i mange til­felle “aktivert” Hans Jonas sine setningar.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni delar. Neste del heit­er “Framti­da er vik­ti­gare enn noti­da”. Her pre­sen­ter­er eg det aller vik­ti­gaste moralske poenget til Hans Jonas. For­di mod­erne teknolo­gi har gitt men­nes­ka så stor makt over naturen har vi også eit stort ans­var for at livet klarar seg i framti­da. Vi må dyrke ei ans­varskjensle par­al­lell til den forel­dre har til sitt nyfødte barn, men ans­varet må dreie seg om å skjøtte miljøet, teknologiutviklin­ga og men­neskas vilkår.

TEMA

M

edier

99 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

til toppen