Essayføljetong 3:9 — Tradisjonell etikk har gått ut på dato

Grunnlaget for etikken har endra seg fordi teknologiane si rolle i samfunnet har vorte så mykje større og sterkare. Tradisjonell etikk klarar ikkje å regulere vår åtferd med moderne teknologi. Dersom ein vil drive med ansvarleg teknologiutvikling går det difor ikkje an å bruke historia som rettesnor for kva ein bør gjere. Hans Jonas meiner fortida no i hovudsak lærer oss kva vi ikkje bør gjere.

I den­ne delen pre­sen­te­rer eg det his­to­ris­ke per­spek­ti­vet Jonas har på ansvars­etik­ken. Det­te finst sær­leg i kapit­tel 1 «The Alte­red Natu­re of Human Action» og kapit­tel 5 «Respon­s­i­bi­li­ty Today: Endange­red Futu­re and the Idea of Pro­gress». Jonas går i dia­log med blant anna Imma­nu­el Kants moral­fi­lo­so­fi for å dan­ne eit solid grunn­lag for sin ansvars­etikk, men det­te stof­fet er for krev­jan­de til at eg inklu­de­rer det her.

Eg vaks opp på ein gard på Voss på 1970- og 80-talet. Vi hesja gra­set slik bøn­der had­de gjort det i hundre­vis av år. Det­te hand­ver­ket er no i prak­sis utryd­da, og dei nor­me­ne som var knytt slikt manu­elt jord­bruk er også borte.

Essayføljetong i ni deler

Tre historiske fasar i teknologiutviklinga

I tusen­vis av år var tek­no­lo­gi­ar under­lagt men­nes­ka og vi kun­ne sty­re dei som vi vil­le. Men no er tek­no­lo­gi­ane ster­ka­re enn oss og tvin­gar oss til å stre­be etter sta­dig stør­re vekst. Difor må også våre etis­ke prio­ri­te­rin­gar end­rast, skriv Jonas. Han yns­kjer at vi skal nå eit tred­je nivå der vi kan gjen­vin­ne kon­trol­len og bry­te med vekstautomatikken.

            Den­ne his­to­ris­ke ana­ly­sen er tyde­leg inspi­rert av Hei­deg­gers filo­so­fi, og kan­skje sær­leg essay­et «Spørs­må­let om tek­nikk» frå 1954. Jonas går len­ger enn Hei­deg­ger, og for­mu­le­rer ein stor­felt moralsk kri­tikk av men­neske­slek­ta. Vi må for­stå kva vi har rota oss opp i, og ta etis­ke grep for å end­re tek­no­logi­for­hol­da våre før det er for seint.

            Det tred­je nivå­et er eit uto­pisk nivå i his­to­rie­for­tel­jin­ga til Jonas. Det kan hen­de men­nes­ke ald­ri kjem til å leve i ein til­stand der tek­no­logi­ut­vik­lin­ga er bere­kraf­tig, men det er høgst nød­ven­dig å sjå for seg ein slik situa­sjon og pei­ke ut dei kva­li­te­ta­ne den vil bestå av.

Fase 1: Vi lagar teknologi med hendene våre

«Gam­le dagar» vil her seie hei­le men­nes­kets his­to­rie frå stein­al­de­ren gjen­nom antik­ken og mid­del­al­de­ren fram til indu­stria­li­se­rin­ga på 1700-talet. I alle des­se titu­sen åra bruk­te men­nes­ket ber­re hand­verks­tek­no­lo­gi­ar. Verk­tøy og enk­le maski­ner vart laga «for å ver­te brukt i direk­te omgang med and­re men­nes­ke inna­for ein avgren­sa stads- og tids­ho­ri­sont» (s. x).

            Hei­deg­ger skild­ra det­te for­hol­det i nemn­te essay­et «Spørs­må­let om tek­nik­ken». Ordet tek­no­lo­gi viser opp­rin­ne­leg til det­te ska­pan­de for­hol­det, for det stam­mar jo frå det gres­ke tech­né som betyr hand­verk eller kunst. Det viser til dei kunst­fer­di­ge akti­vi­te­ta­ne og fer­dig­hei­ta­ne til hand­ver­ka­rar som til dømes sme­den, snek­ka­ren og steinsetjaren.

            Gam­mal tek­no­lo­gi er pre­ga av at hand­ver­ka­ren «brin­ger fram» eit objekt frå mate­ria­let ho job­bar med enten det er ei stein­øks, eit skip eller ei hesje. Tech­né er ein måte å avdek­ka ver­ke­leg­heit på, sei­er Hei­deg­ger, og det skjer ved ei utfors­king og avslø­ring av poten­sia­let i dei mate­ri­el­le for­hol­da. Sme­den «ser» sver­det i metal­let og utfor­mar det sak­te men sik­kert i eit sam­ar­beid med naturen.

            Kom­mu­ni­ka­sjo­nen var også hand­verks­ba­sert. Teik­nin­gar, male­ri, skrift og sta­tu­er er døme på ytrin­gar som vart for­ma ved tech­né. Folk skap­te språk­le­ge og kul­tu­rel­le uttrykk ved sjølv å for­me om eit mate­ri­elt råma­te­ria­le. Pro­ses­sen med å lage far­gar, blekk, ler­ret og skrive­over­fla­ter var omsten­de­leg, og det tok lang tid å opp­ar­bei­de seg dei nød­ven­di­ge fer­dig­hei­te­ne. Poen­get er ikkje å idyl­li­se­re det­te sakte­gå­an­de hand­ver­ket, men å få fram at det før­te med seg etis­ke behov som vi ikkje len­ger har.

Den­ne fire tusen år gam­le hel­le­rist­nin­ga er den elds­te kjen­te avbild­nin­ga av ein ski­lø­par. Hand­ver­ket knytt til å lage sli­ke teik­nin­gar er irre­le­vant i våre dagar, og det same er hand­ver­ket knytt til å lage sine eig­ne ski. Det er hel­ler ikkje noko reelt behov for å bru­ke ski til trans­port. (Foto: Inge Ove Tysnes/Kulturarv.no.)

Etikken var ein del av situasjonen her og no

Jonas tek utgangs­punkt i den­ne his­to­ris­ke fram­stil­lin­ga og sei­er at tek­no­logi­bru­ken var sam­køyrt med etis­ke nor­mer knytt til notid og nær fram­tid. «Plan­leg­ging, mål­set­jing og ansvar had­de kort tids­ho­ri­sont. Kor­rekt åtferd had­de umid­del­ba­re kri­te­ri­er og vart også gjen­nom­ført nes­ten umid­del­bart. Dei meir lang­sik­ti­ge kon­se­kven­sa­ne var over­latt til til­fel­dig­hei­ter, skjeb­ne eller for­syn» (s. 5).

            Eg har alle­reie vist til bon­de­li­vet, som i tid­le­ga­re tider var full­sten­dig domi­ne­ran­de som over­le­vings­stra­te­gi. Bon­den kan arbei­de hardt i åke­ren, men natu­ren er all­tid ster­kast og men­nes­ket kan ber­re håpe at avlin­ga vert god. Der­som vêret er dår­leg over leng­re tid vil avlin­ga døy på rot, og ingen tek­nis­ke rei­ska­par kan end­re på det­te. Bon­den må set­je si lit til Gud eller and­re over­men­nes­ke­le­ge krefter.

            «Natu­ren var ikkje gjen­stand for men­nes­kets ansvar. Den tok hand om seg sjølv, og med litt god­snak­king og uro tok den også hand om men­nes­ket. Ikkje etikk, men dyk­tig­heit gjaldt for natu­ren […] Hand­lin­gar med ikkje-men­nes­ke­le­ge ting utgjor­de ikkje ein genuin etisk sfæ­re» (s. 4). Det var ber­re men­nes­ka sjøl­ve som kun­ne hand­te­rast med etis­ke reg­lar. Natu­ren var alt­for sterk til å la seg sty­re, og hand­verks­tek­no­lo­gi­ane var alt­for sva­ke til at det var grunn til å inn­rul­le­re dei i etikken.

Fase 2: Lærdomen vi har frå erfaringa vert makteslaus

Etik­ken har ikkje for­and­ra seg nemne­ver­dig opp gjen­nom his­to­ria, men det har tek­no­lo­gi­en. Men­nes­ka lagar no tek­no­lo­gis­ke infra­struk­tu­rar som for­mar åtfer­da vår på usik­re, sta­dig for­an­der­le­ge måtar. «Det fore­går ei kumu­la­tiv og sjølv­for­ster­kan­de tek­no­lo­gisk end­ring av ver­da, og den over­skri­der sta­dig vil­kå­ra for dei hand­lin­ga­ne som bidreg til den og ska­par situa­sjo­nar utan pre­se­dens. Lær­do­men vi har frå erfa­ring vert mak­tes­laus» (s. 7).

            Moder­ne maskin-dri­ven tek­no­lo­gi er basert på fysikk som ein eksakt vit­skap. Men­nes­ka har laga damp­ma­ski­ner, for­bren­nings­mo­to­rar og vi har temja den elekt­ris­ke kraf­ta. Vi kan dem­me opp sto­re elvar, byg­ge kuns­ti­ge øyer og enor­me byar. Vi kan sen­de men­nes­ke til månen og hei­matt, og vi kan øyde­leg­ge livs­vil­kå­ra på hei­le pla­ne­ten med atombomber.

            Dei vit­skap­le­ge og indu­stri­el­le revo­lu­sjo­na­ne gjer at men­nes­ket kan mani­pu­le­re natu­ren på eit utal måtar, og den­ne typen tek­nikk sty­rer no all men­nes­ke­leg akti­vi­tet. Alle vit­ska­pens brag­der kun­ne ram­sast opp her, til dømes moder­ne medi­sin og bio­kje­mi, kjerne­fy­sikk, kvan­te-data­ma­ski­ner og kuns­tig intel­li­gens basert på hjer­nens nev­ra­le nettverk.

            Kunn­ska­pen veks oss over hovu­det. Men­nes­ka har no stør­re makt enn vi har kunn­skap til å bru­ke den­ne mak­ta, sei­er Jonas (s. 119). «Den poli­tis­ke vis­do­men frå antik­ken kan ikkje imi­te­rast eller assi­mi­le­rast av oss moder­ne men­nes­ke så len­ge vår eksis­tens vert styrt av lova om ustop­pe­leg, sjølv­skapt end­ring. Den brin­ger jo fram ting og til­stan­dar som er genuint nye og ald­ri har vore erfart tid­le­ga­re» (s. 124).

            På den­ne måten byg­gjer Jonas opp eit grunn­lag for påstan­den om at tra­di­sjo­nell etikk er utda­tert, og at vi må lage ein etikk som er meir pas­san­de til den mak­ta vi har.

Atom­bom­ba er det ulti­mate sym­bo­let på at men­nes­kas tek­no­lo­gis­ke kraft har over­sti­ge våre morals­ke ram­me­verk. Able var ei prøve­spren­ging av ei atom­bom­be på Biki­nia­tol­len i Stille­ha­vet i 1946. Foto­et er hen­ta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Able

Vi har eit ansvar vi ikkje taklar

Tek­no­lo­gi­ens sto­re makt gjev den også stor øyde­leg­gings­kraft, sei­er Jonas (s. 23). «[Fran­cis] Bacons ideal om makt over natu­ren gjen­nom vit­skap­leg tek­no­lo­gi ska­par ein fare for kata­stro­fe som opp­står ikkje så mykje frå begren­sin­gar i kva tek­no­lo­gi­en kan gje­re som frå dens sto­re suk­sess» (s. 140).

            Den har sær­leg skapt suk­sess i mate­ri­ell pro­duk­sjon av goder og vekst i folke­set­na­den. «Moder­ne tek­no­lo­gi har gje­ve men­neske­ra­sen ei ende­laus fram­over­ret­ta driv­kraft og vor­te vårt vik­ti­gas­te pro­sjekt». Det­te gjer at «tek­no­lo­gi, utover sine objek­ti­ve for­mer, har fått ei etisk rol­le på grunn av sin sen­tra­le posi­sjon i men­nes­kas føre­mål med seg sjølv» (s. 9).

            Det som alle­reie er bygd opp kan ikkje end­rast så lett, og struk­tu­ra­ne vi lagar no kas­tar lan­ge skug­gar inn i fram­ti­da (s. 124). Vi har alle­reie laga vik­ti­ge ram­me­vil­kår for vår eiga fram­tid, men vi har alt­så ikkje ein etikk som hjel­per oss å ta ansvar for den­ne makta.

            «For oss moder­ne let ikkje vis­do­men til dei gam­le seg så lett til­pas­se og anven­de. Vår eksis­tens er under­lagt lova om evig­va­ran­de, sjølv-skapt end­ring, og som sitt natur­lege pro­dukt brin­ger den fram ting og til­stan­dar som er genuint nye» (s. 124).

            I medie­sa­man­heng er det til dømes slik at jour­na­lis­tar og kjen­di­s­ar lett kan få eit pub­li­kum på flei­re mil­lio­nar men­nes­ke utan at dei sei­er noko vik­tig. Det er ikkje ein vel­ut­vik­la etisk rela­sjon mel­lom det å adres­se­re sto­re folke­meng­der og det å ha ein alvor­leg og vik­tig bodskap.

Vi er vant med å vere grunnleggande usikre

Det er vans­ke­leg å spå, sær­leg om fram­ti­da, sei­er vi ofte. I gam­le dagar var det lett å spå. Dei aller fles­te saks­for­hold vil­le gjen­ta seg gjen­nom seson­ga­ne, og hen­din­gar vil­le utspe­le seg på same måte gong etter gong.

            Vil­kå­ra for men­nes­ke­leg hand­ling har end­ra seg radi­kalt, og då må etik­ken end­ra seg radi­kalt også. Det­te er kjer­nen i Jonas sitt his­to­ris­ke reson­ne­ment. «Nokon av hand­lin­ga­ne våre har fått kva­li­ta­tivt nye sær­trekk og det­te opnar opp ein heilt ny dimen­sjon av etis­ke rela­sjo­nar som det ikkje finst pre­se­dens for i våre etis­ke stan­dar­dar og tra­di­sjo­nar» (s. 1).

            I våre dagar kan sjølv ikkje dei dyk­ti­gas­te og mest res­surs­ster­ke fors­kings­mil­jøa spå kva slags tek­no­lo­gi som vil domi­ne­re om tre eller fem år. Den­ne grunn­leg­gan­de usik­ker­hei­ta er skapt av moder­ne tek­no­lo­gi, og gjer oss makteslause.

            I gam­le dagar var tek­no­lo­gi­ane enk­le nok til at vi i stor grad kun­ne sty­re dei, men så vart dei så kraft­ful­le at dei ista­den tok kon­troll over oss. Difor må vi utvik­le ein ansvars­etikk som moral­fi­lo­so­fi­en så langt ikkje har sett behov for.

Måne­lan­din­ga i 1969 vart opp­fat­ta som eit fan­tas­tisk uttrykk for det tek­no­lo­gis­ke fram­skrit­tet, og flei­re mil­li­ar­dar men­nes­ke såg og høyr­de den­ne hen­din­ga i si eiga sto­ve. Men frå Jonas sitt per­spek­tiv er måne­lan­din­ga uttrykk for genuint nye for­hold som den etab­ler­te etik­ken ikkje kan bru­kast på, og vi sit fasci­ner­te, usik­re og hand­lings­lam­ma fram­for fjern­sy­net. Foto: AP/NTB Scanpix.

Fase tre: Vi forstår ansvaret og gjenvinn kontrollen

Fase 2 i tek­no­logi­ut­vik­lin­ga er eit mørkt kapit­tel i men­nes­kas his­to­rie, og Jonas argu­men­te­rer for at men­nes­ka må nå fram til eit tred­je nivå for vår kon­troll over tek­no­lo­gi­ar. Det tred­je nivå­et inne­ber ei «gjen­inn­set­jing av men­nes­ket — i sis­te øye­blikk — så vi gjen­vinn kon­troll over den­ne mak­ta og bryt med dens tyran­nis­ke auto­ma­tikk», s. 142. Men­nes­ket må lære seg å sty­re måten tek­no­lo­gi­ar sty­rer men­nes­ket på, og sak­te gje­re den meir bere­kraf­tig, mode­rat og ansvarleg.

            Viss vi skal ha håp om å få kon­troll over den moder­ne tek­no­logi­ut­vik­lin­ga må vi orga­ni­se­re oss på sam­funns­nivå, sei­er Jonas. Hei­le boka hand­lar om uli­ke dilem­ma med å for­sø­ke å få betre kon­troll, og byg­ge ned dei ver­ste utsla­ga av veks­ten. Jonas pei­kar ut pro­blem utan sjølv å ha kla­re løy­sin­gar på dei.

            Vi må lære oss betre kor­leis vekst­auto­ma­tik­ken fun­ge­rer for å bekjem­pe den, sei­er han. Vi må lære oss kor­leis vi kan end­re tek­no­logi­ut­vik­lin­ga slik at den påver­kar oss på måtar som er næra­re vår erfa­rings­ho­ri­sont som men­neske­krop­par, og vi må mot­ver­ke at tek­nisk fram­skritt vert opp­fat­ta som eit mål i seg sjølv.

            Gjen­nom eit slikt meta­med­vit om for­hol­det mel­lom men­nes­ke og tek­no­lo­gi kan vi muli­gens kla­re å omfor­me fram­ti­da og gje­re den betre for dei som skal leve då (s. 141–42).

Neste del

Det­te er ein essay-føl­je­tong i ni deler. Fjer­de del hei­ter «Tek­no­lo­gi­ane vert ster­ka­re av seg sjølv». Her skild­rar eg Hans Jonas si opp­fat­ning av moder­ne tek­no­logi­ut­vik­ling i stør­re detalj. Inspi­rert av Mar­tin Hei­deg­gers tek­no­logi­fi­lo­so­fi hev­dar Jonas at tek­no­lo­gi­ane ska­par sta­dig auke i kapa­si­tet og bruks­om­rå­de som føl­gje av natur­vit­ska­pens sta­dig meir sofis­ti­ker­te utford­ring av natu­ren. Men­nes­ka er under­lagt tek­no­lo­gi­ens behov, men nek­tar å inn­sjå det.

TEMA

H

istorie

18 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

til toppen