I USA snakkar dei om «information deserts», informasjonsørkenar, altså område der dei ikkje har dekning av tradisjonelle media. Det er til dels store ørkenområde. Slikt skaper rom for dei små, entusiastiske og villige, og det kan like gjerne vere på Manhattan som i meir spreiddbygde område. Her i landet har veksten i underskogen av lokale digitale media gått temmeleg stille for seg.
Salangen nyheter er ikkje åleine
Salangen nyheter fekk eige tv-program. Dei og «Alvdal midt i væla», superlokal avis for Alvdal, magasinet «The Tyler Loop» i Texas, hardpolitiske «Tucson Sentinel» i Arizona, lokalavisa porten.no i Indre Sogn og «Great Lakes Den», ein publikasjon for homofile i Chicago og Illinois, har faktisk noko felles – dei er alle del av ei aldri så lita bølgje – uavhengige digitale lokale nettstader. Og alle greier seg fint.
Eit anna fellestrekk er at dei er små, somme bittesmå. Sjølv om lesartalet kan variere frå 700 til 70 000, er det eit særsyn med redaksjonar med meir enn to faste medarbeidarar. Frilansarar, fotballmødrer, frivillige og studentar tar seg av resten.
LION (local independent online news) Publishers, organisasjonen for denne typen media i USA, veks jamt og trutt, og nærmar seg 200 medlemmer. Det er førebels ikkje noko svært imponerande tal i dette landet, framleis er det langt fleire tradisjonelle lokalaviser, men trenden er tydeleg.
På den årlege konferansen til LION i Chicago i oktober var det nær dobbelt så mange publikasjonar representerte som for eit par år sidan. På sitt vis er LION ein amerikansk parallell til norske LLA (Landslaget for lokalaviser), men med ein viktig forskjell – ingen av publikasjonane kjem ut på papir.
Butikkopningar og High School-fotball
Medan dei norske digitale lokalavisene på alle vis liknar på tradisjonelle lokalaviser, er det massive forskjellar på dei amerikanske. The Tyler Loop presenterer få, men grundige, artiklar om ting som rører seg i Tyler, Texas. Dei har for eksempel gjennomført ein grundig demografisk analyse av Tyler-samfunnet, basert på alle tilgjengelege data. Den viste at Tyler slett ikkje er den byen folk går rundt og trur det er, og at 100 stemmer er nok til å snu eit val.
I «Saucon Source» I Pennsylvania kan du teikne abonnement på dekninga av High School-fotball, med mottoet «be first with the final score», Great Lakes Den dekkjer «the bear, leather and fetish communities of the Midwest», Charlottesville Tomorrow har blinka seg ut fire område dei skriv om, og berre dei, medan andre er mest opptekne av butikkopningar, restaurantar og interiør.
Betalt innhald
Dette siste har mest med forretningsmodellar å gjere. Dei kan i og for seg vere like forvirrande som mangfaldet i typen publikasjonar. Men eitt trekk går igjen. Ettersom tradisjonelle bannerannonsar ikkje kan bere nokon av dei økonomisk, er såkalla «native content» ofte berebjelken. Det er altså heilt tradisjonell innhaldsmarknadsføring, ein plass i publikasjonen som er sett av til dette.
Den økonomiske logikken blir då slik: Dersom vi skriv om butikkar, restaurantar og interiør, får vi fatt i dei lesarane som er interesserte i den slags. Dermed blir det også interessant for butikkar og restaurantar å kjøpe innhald på nettstaden. Dei fleste stader står dei heilt fritt til å skrive sitt eige innhald, men mange får råd frå redaksjonen om korleis det best skal gjerast. Redaksjonane hevdar at dette går greit, og at det sjeldan er overtramp i det betalte innhaldet. Dei fleste merker det dessutan godt.
Strengt tatt finst det retningslinjer for innhaldsmarknadsføring; The Federal Communications Commission (FCC) har laga eit regelsett som media helst skal halde seg til. Du kan for eksempel godt ha betalt innhald der ein madrassbutikk fortel at du bør skifte madrass kvart tiande år, men du har ikkje lov til å seie at din butikk har dei billegaste madrassene. Det er vanskeleg å seie om retninglinjene alltid blir følgde.
Betalingsmurar
Betalingsmurar er ukjent terreng for dei fleste i dette medielandskapet, dei er berre så vidt i gang med diskusjonen om dette kan vere noko for dei. Men det finst likevel variantar. Charlotte Agenda satsar så å seie utelukkande på sitt daglege nyheitsbrev, som du altså må abonnere på. Der møter du også annonsørane, 25 i talet, og dei betaler mellom 25 000 og 75 000 dollar årleg for å vere der. Det er meir enn nok til å halde skuta flytande.
Rop om hjelp
Mange av publikasjonane ber lesarane om direkte støtte, og det til dels ganske høglytt. Dei prøver gjerne å få folk til å gi ein fast sum, for eksempel kvar månad, og somme får det til. I andre tilfelle startar dei kronerulling for å kunne dekkje eit bestemt tema. Andre søkjer om pengar frå fond og legat, som det jo finst ein heil del av i USA. Meir fikst er det å ta betaling for lesarinnlegg (!), arrangere events eller ta pengar for å omtale ulike arrangement. Alt blir prøvd.
For profit – non profit
Eit litt sært skilje i amerikanske digitale media går mellom dei som er registrerte som non profit-tiltak og dei som ikkje er det. Det er spesielle reglar for å bli registrert som non profit-tiltak, og mediedrift er ikkje blant dei utvalde formåla. Likevel har mange greidd å bli registrerte, og sjølv om det ikkje har noko å seie for innhaldet i media, har det ein heil del å seie økonomisk, ettersom non profit-tiltak har skattefritak.
Samarbeid
Ulike former for samarbeid, særleg med andre media, er ein annan trend blant dei små, lokale. Gjennom blant andre Center for Cooperative Media ved Montclair State University er dette til dels godt organisert. Heile New Jersey vart i ein periode pepra av saker om gamle søppelplassar og andre giftkjelder gjennom dette samarbeidet. Elles er samarbeid med lokale radio- og tv-stasjonar også vanleg, gjerne slik at det lokale digitale mediet gir bort saker for å få omtale som kjelde.
Alvdal midt i væla og andre
Den norske lokalavismarknaden kan sjå ut til å vere noko av det mest stabile i heile medieverda. Her i landet har veksten i underskogen av lokale digitale media gått temmeleg stille for seg.
«Alvdal midt i væla» har ei fortid som papiravis, rett nok berre fire gonger i året, men tok i 2011 steget over i den digitale verda, og frå 2015 som betalavis på nettet. Dei har også starta tynsetingen.no, og til saman har dei to godt over 1100 digitale abonnentar i to kommunar som kvar har om lag 2 500 innbyggjarar.
I motsetning til «Alvdal midt i væla» er porten.no ei open lokalavis. Dekningsområdet er primært Lærdal, Årdal og Sogndal, og dei konkurrerer direkte med Sogn Avis i dekningsområdet. På Frøya er Tore Strømøy redaktør for Frøya.no, ei nettavis som har eksistert sidan 2010 i skarp konkurranse med Hitra-Frøya, på Tromøya ved Arendal dukka det ved nyttår opp ei ny digital lokalavis, «Geita», og det er rom for fleire.