Eit stille åtak på fienden

Valkampfilmane til Arbeidarpartiet verkar sympatiske, men er også underforståtte åtak mot høgresida.

USA, mån­dag 7. sep­tem­ber, 1964: I ei reklame­pau­se i mån­dags­fil­men, eit pro­gram «alle» ame­ri­ka­na­rar såg, ser me ei lita jen­te som tel­ler kron­bla­da til ein blom. I det ho når ni, blir stem­men hen­nar avløyst av det som umis­kjen­ne­leg er ei ned­tel­jing av eit meir mili­tært slag. Jen­ta stiv­nar, det zoo­mast inn, og me høy­rer ein vald­sam eks­plo­sjon og ser ein atom­sopp speg­le seg i pupil­len hen­nar. Ein mann­stem­me erklæ­rer: «These are the sta­kes – we much eit­her love each other, or we must die.» 

Video­en avslut­tar med ei opp­ford­ring å stem­me på pre­si­dent John­son ved valet i novem­ber – «the sta­kes are too high for you to stay home.»

«Dai­sy Girl» som video­en blei kal­la, blei ber­re sendt som rekla­me ei gong – men til gjen­gjeld vist flei­re gon­ger i nyhende­ma­ga­sin og debatt­pro­gram. John­son-kam­pan­jen blei skul­da for å skrem­me vel­ja­rar og for urett­fer­di­ge åtak på mot­kan­di­da­ten, Gold­wa­ter, som blei skild­ra som «trig­ger­happy». Det var fare for at han vil­le tryk­ke på den sto­re rau­de kna­ppen. Det­te blei ald­ri sagt direk­te i video­en, men sin­te reak­sjo­nar til både par­ti­et og TV-kana­len same kveld tyda på at dei fles­te for­sto rekla­men som eit slikt åtak.

Norsk poli­tisk kul­tur er ikkje like aggres­siv som den ame­ri­kans­ke, men me finn åtak på poli­tis­ke mot­stan­da­rar her hei­me òg

Norsk poli­tisk kul­tur er ikkje like aggres­siv som den ame­ri­kans­ke, men me finn sjølv­sagt åtak på poli­tis­ke mot­stan­da­rar her hei­me òg. Eg vil seie at Arbei­dar­par­ti­et, både i val­kam­pen 2009 og i årets val­kamp, har nyt­ta reklame­vi­deo­ar til å gå til åtak på Frams­tegs­par­ti­et, gjen­nom å indi­rek­te seie at eigent­leg er det Arbei­dar­par­ti­et som er «for folk flest». Ein vik­tig skil­nad frå «Dai­sy Girl» er at des­se video­ane er mykje meir sub­ti­le og, ikkje minst, pak­kar åta­ket inn saman med eit posi­tivt bod­skap om Arbei­dar­par­ti­et sin eigen poli­tikk.

Omsorgsfulle onkel Jens

Eit av Arbei­dar­par­ti­et sine reto­ris­ke stunts i 2009-val­kam­pen var nett­sta­den «hva-er-viktig-for-deg.no» Her kun­ne alle som vil­le, nyt­te seks ord til å skri­ve kva som var vik­tig for dei. Arbei­dar­par­ti­et sitt sen­tral­sty­re lova å lese alle inn­leg­ga som kom inn.

Den­ne inter­ak­ti­ve kam­pan­jen er inter­es­sant nok i seg sjølv, men i det­te til­fel­let vil eg sjå næra­re på video­en som intro­du­ser­te kam­pan­jen. Her syner nem­leg Arbei­dar­par­ti­et, og meir spe­si­fikt, Jens Stol­ten­berg, at dei ver­ke­leg bryr seg om oss van­le­ge folk.

Dei fire per­sona­ne i video­en er alle ordi­næ­re kvar­dags­men­nes­ke, som bryr seg om ting me alle bryr oss om: Ein god sku­le, eit godt helse­ve­sen, god eldre­om­sorg, musikk og fot­ball. Eg vil tru ytst få av oss ikkje kan iden­ti­fi­se­re seg med minst ein av des­se men­nes­ka og det dei tyk­kjer er vik­tig. Reto­ri­ka­ren Ken­neth Bur­ke hev­da at iden­ti­fi­ka­sjon er den grunn­leg­gjan­de føre­set­na­den for reto­rikk. Iden­ti­fi­ka­sjon er når reto­ren ska­par ei for­tel­jing der han og til­høy­ra­ra­ne spe­lar på same lag, har dei same inter­es­se­ne og det same utgangs­punk­tet. Det er nett­opp det Arbei­dar­par­ti­et gjer her: Mot slut­ten av video­en duk­kar Jens Stol­ten­berg opp, og på hans pla­kat står det «At alle har en trygg jobb». Film­språ­ket, som er meir kon­ven­sjo­nelt enn me kan­skje ten­kjer over til dag­leg, over­fø­rer dei fire and­re per­sona­ne sine stand­punkt til Stol­ten­berg – han er ein som bryr seg om det van­le­ge folk bryr seg om, han bryr seg alt­so om oss.

Den­ne med­kjens­la som gjen­nom­sy­rar video­en er sær­skilt tyde­leg i star­ten: Eit nær­bi­le­te av ein eld­re, tyde­leg skrø­pe­leg mann som kik­kar sak­te opp, der­et­ter klypp over til eit over­syns­bi­le­te av rom­met, der me kan sjå sonen kik­ke uro­leg på far sin, som sit krum­bøygd på sen­ga, for der­et­ter å sjå rett i auge­ne på til­sko­da­ren med eit lite, bekym­ra smil. Det­te er dem­pa, men like­vel effek­ti­ve emo­sjo­nel­le verke­mid­del som slår an ein tone for hei­le video­en – det hand­lar fyrst og fremst om omsorg.

Eit nær­bi­lete av ein eld­re, tyde­leg skrø­pe­leg mann som kik­kar sak­te opp, der­etter kan me sjå sonen kik­ke uro­leg på far sin

Arbei­dar­par­ti­et, repre­sen­tert ved Stol­ten­berg, blir pre­sen­tert i video­en som eit par­ti som bryr seg: Dei vil høy­re kva som er vik­tig for oss, men sam­stun­des veit dei det alle­reie – dei har ei føling ute blant fol­ket, veit kva som er vik­tig for folk flest.

Dei blå vil rive ned Den Norske Modellen

Ein av årets val­kamp­vi­deo­ar er «Den Nors­ke Model­len». Her for­tel stor­tings­pre­si­dent og Ap-poli­ti­kar (og skog­sar­bei­dar med fol­ke­leg dia­lekt) Dag Ter­je Ander­sen oss kor­leis den nors­ke model­len fun­ge­rer, kvi­for den er ein suk­sess og kva som er his­to­ria bak – hei­le tida med­an ei hand teik­nar opp figu­rar på ei tav­le. Det blir gans­ke snøgt tyde­leg at det er ein oppo­si­sjon mel­lom det ein kan tol­ke som «van­le­ge folk» og «rik­folk», sist­nemn­de blir avbi­le­ta i blå dres­sar og har namn som «Skips­meg­ler Ander­sen» — den­ne blå­kled­de gjen­gen riv til og med ned hei­le vel­ferds­sta­ten i ein sce­ne i video­en!

Det er van­leg å repre­sen­te­re høgre­sida i poli­tik­ken som blå – med and­re ord: Høgre­sida er slett ikkje for van­le­ge folk, tvert om er den til for rik­folk som skips­mek­la­rar og NHO-direk­tø­r­ar. Det­te blir sjølv­sagt ald­ri sagt direk­te i video­en, men eg vil like­vel hev­de at sidan bile­ta er sopass lite tvi­ty­di­ge, og i ljos av kon­teks­ten stor­tings­val 2013, der valet ver­ke­leg står mel­lom venst­re- og høgre­sida, er det liten tvil om at det­te stand­punk­tet er ein vik­tig del av Arbei­dar­par­ti­et sin reto­ris­ke stra­te­gi. Video­en blei brått eks­tra aktu­ell då Siv Jen­sen gjekk til kraf­tig åtak på den nors­ke model­len i tala si til Frp sitt lands­møte.

Høgre­sida er slett ikkje for van­lege folk, tvert om er den til for rik­folk som skips­mek­la­rar og NHO-direk­tø­r­ar

Det er flei­re vik­ti­ge skil­na­dar mel­lom des­se to rekla­ma­ne og «Dai­sy Girl». Den vik­ti­gas­te, frå mitt per­spek­tiv, er kor mykje meir sub­ti­le Arbei­dar­par­ti­et sine video­ar er. Dei pak­kar åtaka mot Frams­tegs­par­ti­et inn i ein posi­tiv, men vel­dig grunn, pre­sen­ta­sjon av sin eigen poli­tikk – dei gjeng til åtak på fien­den gjen­nom å pre­sen­te­re seg sjølv som fol­ke­le­ge, kan ein seie. Ein kan sik­kert argu­men­te­re for at «Hva er vik­tig for deg» ikkje er eit åtak i det hei­le tatt, men det er vik­tig å hug­se kor­leis Frams­tegs­par­ti­et meir eller mind­re all­tid har plas­sert seg sjølv på fol­ket si side, og kri­ti­sert Arbei­dar­par­ti­et for å vere ei fjern poli­ti­kar­klas­se. Arbei­dar­par­ti­et prø­ver med den­ne video­en å slå til­ba­ke gjen­nom å pre­sen­te­re seg sjølv som omsorgs­ful­le og fol­ke­le­ge – kan­skje ein kan seie at dei nyt­tar ein «show, don’t tell»-teknikk.

«Den Nors­ke Model­len» er eit tyd­le­ga­re åtak – tekst og voi­ce­over pre­sen­te­rer ute­luk­kan­de dei posi­ti­ve side­ne ved den nors­ke model­len og Arbei­dar­par­ti­et si rol­le i utvik­lin­ga av han, men bile­ta skild­rar tyde­leg ei høgre­side som er langt frå fol­ke­leg, ja, den er til og med ein trus­sel mot vel­fer­da til folk flest.

Åtaks­re­to­rikk kan lett bli mis­luk­ka reto­rikk. Det er ofte meir effek­tivt å fram­stil­le seg sjølv som eit godt alter­na­tiv fram­for å fyke i stru­pen på mot­stan­da­ren. Å gå til åtak på Frams­tegs­par­ti­et, som ald­ri har vore i regje­ring, kan vere eks­tra risi­ka­belt. Då er det ein for­del å pre­sen­te­re åtaka sine indi­rek­te, gjen­nom visu­el­le appel­lar, og pak­ka inn i eit posi­tivt bod­skap om eigen poli­tikk. Arbei­dar­par­ti­et fram­s­tend sym­pa­tisk, sam­stun­des som hin­tar til at Frp ikkje er det alter­na­ti­vet for folk flest dei påstend å vere. Slik reto­rikk vil nep­pe vin­ne vel­ja­rar over frå Frams­tegs­par­ti­et sine kjerne­trop­par, men den kan kan­skje dra poten­si­el­le Ap-vel­ja­rar opp frå sofa­en, og få tvi­la­ra­ne til å bestem­me seg.

TEMA

P

olitisk
kommun
ikasjon

39 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen