Svekka europeisk vern for rasistiske og hatefulle ytringar

I avvisinga av ein klage frå komikaren Dieudonné M'Bala M'Bala held Den europeiske menneskerettsdomstolen fast på at fornektingar av Holocaust ikkje er verna av ytringsfridommen i EMK artikkel 10. Avgjerda inneber også i realiteten ei svekking av det folkerettslege vernet til rasistiske og hatefulle ytringar.

Den frans­ke komi­ka­ren Dieudon­né M’Bala M’Bala vart i okto­ber 2009 dømt til å beta­le ei bot på 10 000 euro, eller om lag 100 000 nors­ke kro­ner, for å ha bro­te ei føre­segn i fransk lov­gje­ving som gjer det straff­bart å fram­set­te kren­kan­de eller for­nær­man­de ytrin­gar ret­ta mot per­son­ar eller grup­per av per­son­ar på grunn av dei­ra rase, reli­giø­se over­ty­ding, eller nasjo­nalt eller etnisk opp­hav. Den omstrid­de hen­din­ga skjed­de i sam­band med eit under­hald­nings­show i Paris i desem­ber 2008.

Mot slut­ten av det­te show­et had­de M’Bala M’Bala invi­tert den kjen­te Holo­caust-for­nek­ta­ren Robert Fau­ris­son opp på sce­na for å til­de­le han ei utmer­king («a prize for unfre­quen­ta­bi­li­ty and inso­len­ce»). Pri­sen, som bestod av ein tre­arma lyse­sta­ke med eit eple fes­ta på kvar av dei tre arma­ne, vart utdelt av ein skode­spe­lar som var iført ein stri­pe­te pyja­mas. På pyja­ma­sen var det fes­ta ei gul stjer­ne med ordet jøde («Jew») påskri­ve, og det er ikkje tvil­samt at skode­spe­la­ren skul­le gestal­te rol­la som jødisk depor­tert i det­te opptrinnet.

M’Bala M’Bala mein­te at straffe­dom­men frå dei frans­ke dom­sto­la­ne var ufor­ei­ne­leg med ver­net av ytrings­fri­dom­men i den euro­pe­is­ke men­neske­retts­kon­ven­sjo­nen (EMK) artik­kel 10, og han kla­ga den frans­ke sta­ten inn for Den euro­pe­is­ke men­neske­retts­dom­sto­len i Stras­bourg (EMD) med påstand om at EMK artik­kel 10 var krenka. 

I ei avvis­nings­av­gjerd av 20. okto­ber 2015 (presse­mel­ding) kom EMD til at dei omstrid­de ytrin­ga­ne ikkje var omfat­ta av ver­net i EMK artik­kel 10, og den­ne avgjer­da er heilt på lin­je med tid­le­ga­re prak­sis frå EMD i saker der nasjo­na­le dom­sto­lar har dom­felt for lik­nan­de ytringar.

Krenkande ytringar har også eit konvensjonsvern

Men­neske­retts­dom­sto­len i Stras­bourg har opp gjen­nom åra utvik­la eit sterkt vern av ytrings­fri­dom­men. Alle­reie i dom­men Handy­side mot Stor­bri­tan­nia frå desem­ber 1976 slo EMD fast at ver­net av ytrings­fri­dom­men i EMK artik­kel 10 ikkje ber­re omfat­tar infor­ma­sjon og ide­ar som er «favourab­ly rece­i­ved or regar­ded as inof­fen­si­ve or as a mat­ter of indif­fe­ren­ce, but also to those that offend, shock or dis­turb the Sta­te or any sec­tor of the popu­la­tion» (avsnitt 49 i dommen). 

Det­te utgangs­punk­tet blir regel­mes­sig fram­heva av EMD i saker som gjeld inn­grep i ytrings­fri­dom­men, og det fram­står som nok­så sjølv­sagt for dei fles­te: Det er dei kren­kan­de og omstrid­de ytrin­ga­ne som først og fremst treng eit men­neske­retts­leg vern. Det er like­vel ikkje slik at ver­net av ytrings­fri­dom­men er utan gren­ser, og i prak­sis frå EMD ser ein at des­se gren­se­ne er utvik­la med grunn­lag i to prin­si­pi­elt sett svært uli­ke tilnærmingsmåtar.

I dei aller fles­te klage­sa­ke­ne under EMK artik­kel 10 har EMD fast­lagt gren­se­ne for ver­net av ytrings­fri­dom­men med utgangs­punkt i ei tol­king av uttryk­ket «neces­sa­ry in a democra­tic socie­ty» i EMK artik­kel 10 nr. 2. Det­te er eitt av tre vil­kår som må vere opp­fylt for at inn­gre­pet i ytrings­fri­dom­men ikkje skal vere ei kren­king av kon­ven­sjo­nen. Dei to øvri­ge vil­kå­ra – at inn­gre­pet må ha eit til­strek­ke­leg grunn­lag i nasjo­nal rett, og at inn­gre­pet må vere eig­na til å ver­ne ei eller flei­re av dei inter­es­se­ne som er opp­rek­na i EMK artik­kel 10 nr. 2 – er av mind­re inter­es­se i den­ne samanhengen.

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Foto: Domi­nic Doy­lecb

Den euro­pe­is­ke men­neske­retts­dom­sto­len i Strasbourg.

Vur­de­rin­ga av om det er naud­synt i eit demo­kra­tisk sam­funn å gri­pe inn mot dei omstrid­de ytrin­ga­ne, er nok­så saman­sett, og den sam­la prak­si­sen frå EMD gjer nok­så sik­re halde­punkt for kva moment som er rele­van­te å vekt­leg­ge i den­ne vur­de­rin­ga. Like­vel kan utfal­let i den enkel­te sak vere usik­kert; dei rele­van­te momen­ta kan trek­ke i uli­ke ret­nin­gar. Nya­re prak­sis frå EMD kan tyde på at den inter­na­sjo­na­le kon­trol­len med nasjo­na­le dom­sto­lar er i end­ring: Ein ser sta­dig flei­re eksem­pel på at EMD nøy­er seg med å vur­de­re om nasjo­na­le dom­sto­lar har vur­dert dei rele­van­te momen­ta, men over­let til nasjo­na­le dom­sto­lar å trek­ke den ende­le­ge kon­klu­sjo­nen om det er for­ei­ne­leg med kon­ven­sjons­ver­net å gri­pe inn mot ytringane. 

Sagt med and­re ord: EMD over­let i stør­re grad til nasjo­na­le dom­sto­lar å bru­ke den kon­ven­sjons­retts­le­ge rege­len på det fak­tum som er fun­ne bevist. Etter mitt syn er det­te i all hovud­sak ei posi­tiv utvikling. 

Nærmare om yttergrensene for vernet av ytringsfridommen

For nokre kate­go­ri­ar av ytrin­gar er situa­sjo­nen der­imot grunn­leg­gan­de ann­leis. Det er gjer­ne i des­se sake­ne ein kla­rast ser at ytrings­fri­dom­men i EMK artik­kel 10 har vis­se abso­lut­te gren­ser. Det er i førs­te rek­ke ytrin­gar som for­nek­tar Holo­caust som ikkje er omfat­ta av ver­net i EMK artik­kel 10 nr. 1, og at sli­ke ytrin­gar står i ei sær­stil­ling i Euro­pa, har sine open­ber­re his­to­ris­ke grunnar.

Hate­ful­le ytrin­ger i Norge
Les også: Rett til ikke å bli kren­ket?. Om den nors­ke regje­rin­gens arbeid mot hate­ful­le ytrin­ger og norsk rettstilstand.

Stand­punk­tet kom klart fram alle­reie i avvis­nings­av­gjer­da Gara­udy mot Frank­ri­ke frå juni 2003. Roger Gara­udy, ein fransk filo­sof og for­fat­tar, og tid­le­ga­re poli­ti­kar, pub­li­ser­te i 1995 boka «The Foun­ding Myths of Israe­li Poli­tics», og i kjøl­vat­net av det­te vart han i flei­re retts­pro­ses­sar for frans­ke dom­sto­lar dømt til betin­ga feng­sel og bøte­straf­fer for utseg­ner i boka som dels vart tol­ka som for­nek­tin­gar av Holo­caust, og dels som rasis­tis­ke ytrin­gar og ytrin­gar som opp­ford­ra til rasis­tisk og reli­giøst moti­vert hat og vald. 

Gara­udy mein­te at straffe­sank­sjo­na­ne inne­bar ei kren­king av ver­net av ytrings­fri­dom­men i EMK artik­kel 10, og han kla­ga saka inn for dom­sto­len i Stras­bourg, men her møt­te han langt på veg steng­te dører. EMD såg det slik at Gara­udy i boka stil­te spørs­mål ved rea­li­te­ten i, og omfan­get av, jøde­ut­ryd­din­ga­ne under and­re verds­kri­gen. Han for­nek­ta sys­te­ma­tisk brots­ver­ka mot men­neske­slek­ta som nazi-regi­met gjen­nom­før­te mot det jødis­ke fol­ket. Dom­sto­len pei­ka vida­re på at ytrin­gar som det­te under­grev dei ver­di­ane som kam­pen mot rasis­me og anti-semit­tis­me er bygd på, og at dei repre­sen­te­rer ein alvor­leg trug­sel mot offent­leg ro og orden. Ytrin­ga­ne er ufor­ei­ne­le­ge med demo­kra­ti og men­neske­ret­tar for­di dei tek sik­te på å kren­ke and­res men­neske­ret­tar, og då føl­gjer det av mis­bruks­føre­seg­na i EMK artik­kel 17 at dei som ytrar seg på den­ne måten, hel­ler ikkje sjølv kan påbe­ro­pe seg men­neske­retts­ver­net som ligg i kon­ven­sjo­nen. EMD avvis­te den­ne delen av kla­gen på den­ne måten:

«Accor­ding­ly, the Court con­si­ders that, in accor­dan­ce with Article 17 of the Con­ven­tion, the appli­cant can­not rely on the pro­vi­sions of Article 10 of the Con­ven­tion regar­ding his con­vic­tion for deny­ing cri­mes against huma­ni­ty. It follows that this part of the com­plaint is incom­pa­tib­le ratione mate­riae with the pro­vi­sions of the Con­ven­tion » (s. 23–24 i avgjerda) 

Kon­se­kven­sen av den­ne til­nær­mings­må­ten var at EMD ikkje treng­te å vur­de­re om dei nasjo­na­le straffe­sank­sjo­na­ne opp­fyl­te dei tre inn­greps­vil­kå­ra som er ned­felt i EMK artik­kel 10 nr. 2: lov­s­kra­vet, kra­vet om legi­timt føre­mål, og kra­vet om at inn­gre­pet må fram­stå som naud­synt i eit demo­kra­tisk samfunn. 

Ein vik­tig kon­se­kvens av at ytrin­ga­ne ikkje er omfat­ta av EMK artik­kel 10 nr. 1, er at nasjo­na­le dom­sto­lar ikkje er bund­ne av kra­vet i EMK artik­kel 10 nr. 2 om at inn­gre­pet må vere for­holds­mes­sig. Med and­re ord: EMD vil ikkje vur­de­re om dei idøm­te straffe­sank­sjo­na­ne er for stren­ge. Her står nasjo­na­le dom­sto­lar fritt, sjølv­sagt med dei begren­sin­gar som føl­gjer av nasjo­nal straffelovgjeving. 

Når det så gjaldt dei øvri­ge ytrin­ga­ne som Gara­udy var dom­felt for i frans­ke dom­sto­lar, kom EMD under sterk tvil til at des­se var omfat­ta av ver­net i EMK artik­kel 10 nr. 1, men at det var naud­synt i eit demo­kra­tisk sam­funn å straffe­sank­sjo­ne­re des­se ytrin­ga­ne. Hel­ler ikkje for den­ne delen av kla­gen fekk alt­så Gara­udy med­hald i Stras­bourg. Nokre nya­re avvis­nings­av­gjer­der kan også tyde på at ytrin­gar som gjer uttrykk for etnisk og reli­giøst hat kan ute­luk­kast heilt frå ver­net i EMK artik­kel 10 nr. 1 på grunn av dei omsy­na som ligg til grunn for mis­bruks­føre­seg­na i EMK artik­kel 17, men eg går ikkje nær­ma­re inn på des­se her.

Dieudonné M’Bala M’Bala: Ei viktig rettsavklaring

Avvis­nings­av­gjer­da i Dieudon­né M’Bala M’Bala mot Frank­ri­ke frå okto­ber i fjor føy­er seg fint inn i det argu­men­ta­sjons­møns­te­ret som låg til grunn for avvis­nin­ga av kla­gen frå Roger Gara­udy i 2003, og som EMD har prak­ti­sert også i sei­na­re avgjer­der. Dom­ma­ra­ne i Stras­bourg kom til at det aktu­el­le opp­trin­net i show­et til M’Bala M’Bala var klart revi­sjo­nis­tisk og anti-semit­tisk, og at ytrin­ga­ne alt­så ikkje i det hei­le teke had­de eit kon­ven­sjons­retts­leg vern. Slikt sett til­fø­rer avgjer­da lite nytt til den retts­til­stan­den eg har gjort greie for ovanfor.

Dieudonné M'Bala M'Bala i 2007.
Foto: Alex­and­re Hervaudcbna

Dieudon­né M’Bala M’Bala i 2007.

På eitt punkt er den­ne avgjer­da like­vel avkla­ran­de, sjølv om ein skal vere var­sam med å leg­ge alt­for stor vekt på det som kan utlei­ast av ei avvis­nings­av­gjerd: M’Bala M’Bala påbe­rop­te seg nem­leg ver­net for kunst­nar­leg fri­dom, både for frans­ke dom­sto­lar og for EMD, men utan å bli høyrt med det­te. Frans­ke dom­sto­lar såg det slik at show­et til M’Bala M’Bala end­ra karak­ter til å bli eit poli­tisk møte då Robert Fau­ris­son vart invi­tert opp på sce­na. EMD slut­ta seg til det­te. Elles pei­ka dom­sto­len på at dei tid­le­ga­re sake­ne der ytrin­gar had­de vor­te ute­luk­ka frå det kon­ven­sjons­retts­le­ge ver­net i EMK artik­kel 10 nr. 1 med til­vi­sing til mis­bruks­føre­seg­na i EMK artik­kel 17, had­de knyt­ta seg til ytrin­gar der det revi­sjo­nis­tis­ke inn­hal­det had­de kome eks­pli­sitt til uttrykk. Den omstrid­de delen av show­et til M’Bala M’Bala had­de ikkje eit eks­pli­sitt revi­sjo­nis­tisk inn­hald. At ytrin­ga­ne ga uttrykk for hat og anti-semit­tis­me byg­de der­imot på ei tol­king av dei uli­ke ele­men­ta i opp­trin­net, nem­leg at eit offer for jøde­de­por­ta­sjo­na­ne under and­re verds­kri­gen heid­ra ein av dei mest kjen­te Holo­caust-for­nek­ta­ra­ne i Frank­ri­ke med å til­de­le han ein pris.

Den­ne avvis­nings­av­gjer­da kan difor vans­ke­leg tol­kast på anna vis enn at EMD ikkje finn grunn til å opp­stil­le eit krav om at det revi­sjo­nis­tis­ke bud­ska­pet eller for­nek­tin­ga av Holo­caust eks­pli­sitt må kome til uttrykk for at ytrin­ga­ne kan ute­luk­kast frå det kon­ven­sjons­retts­le­ge ver­net med til­vi­sing til mis­bruks­føre­seg­na i EMK artik­kel 17. Legg ein det­te til grunn som eit tol­kings­prin­sipp i saker der spørs­må­let er om ytrin­gar heilt skal ute­luk­kast frå ver­net i EMK artik­kel 10 nr. 1, må det same tol­kings­prin­sip­pet etter mitt syn også gjel­de i saker om and­re for­mer for rasis­tis­ke og hate­ful­le ytrin­gar. Også i des­se sake­ne må det vere rom for ei tol­king av ytrin­ga­ne, og det må vere greitt at tol­kings­re­sul­ta­tet går ut over det som eks­pli­sitt føl­gjer av ord­ly­den i dei omstrid­de ytringane. 

Etter mitt syn inne­ber difor den­ne avgjer­da i rea­li­te­ten ei svek­king av det folke­retts­le­ge ver­net til rasis­tis­ke og hate­ful­le ytrin­gar. Dei som ønskjer å fram­set­te sli­ke ytrin­gar, har med den­ne avgjer­da fått tron­ga­re ram­mer for sin ytringsfridom.

TEMA

H

atefull
e ytrin
ger

4 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen