Transgressiv mediedesign – forsking på farlege teknologiar

Transgressiv mediedesign tek grep om dei mest problematiske og farlege teknologiane, for å sjå om det går an å gjera dei verdifulle og nyttige for samfunnet.

Forskarar bør sær­leg utfors­ka teknolo­giar som har kraft­fulle eigen­ska­par. Droner er eit godt eksem­pel, men også kun­stig intel­li­gens-baserte verk­tøy som ansik­ts­g­jenkjen­ning, syn­tetisk tale og sjølvkøyrande bilar.

Kva er mediedesign?

Vi har job­ba med ei tilnærm­ing kalla “mediedesign” i mange år. Her vert meto­dar frå infor­masjonsvit­skap kom­bin­ert med teo­ri­ar frå sam­funnsvit­ska­pane og humaniora.

Forskarar og stu­den­tar utg­jer eit team eller ein redak­sjon som utviklar dat­apro­gram, lagar inter­ak­sjons­de­sign og skriv jour­nal­is­tisk innhald. Dette utg­jer eit pro­vi­sorisk medi­um som vi tes­tar saman med rel­e­vante mål­grup­per, til dømes avisle­sarar. Vi forsøk­er å forstå tek­nol­o­giske og perseptuelle pros­es­sar ved å prø­va dei ut sjølve og kjen­na på dei tek­nol­o­giske kreftene gjen­nom pro­gra­mutvikling, eksper­i­menter­ing og eval­uer­ing med van­lege brukarar.

Vi har gjen­nom­ført pros­jek­ta Lokanytt (Nyre et.al. 2012) om loka­tiv lokaljour­nal­is­tikk, Pedi­aCloud om geo-lokalis­erte Wikipedia-opp­slag (Tessem et.al. 2015) og News­Cloud (Tessem og Nyre 2016) om mikrolokalis­erte nyheit­er i Bergen. Føremålet med våre studi­er er å under­sø­ka stadig nye kvalite­tar ved dei tek­nol­o­giske mulighei­tane, i dette til­fel­let lokasjon­ste­knolo­gi, og gjera eksper­i­ment for å sjå kva som kan kom­ma til nytte for samfunnet.

Dette er ei teknologibasert og framtid­sret­ta medieforsk­ing, og den trengst som eit sup­ple­ment til den ana­lytiske og his­toriske medieforsk­inga som er van­leg ved norske uni­ver­sitet. Vi mein­er at sær­leg akademiske utvikling­steam må kun­na akseptera ein viss risiko når det gjeld far­lege eigen­ska­par ved teknolo­giane som vert utprøvd. Dette er noko vi ynskjer å sat­sa meir på i åra som kjem, både i forsk­inga og undervisninga.

Omgrepet “transgressiv”

Forskarar ved Info­me­dia i Bergen har allereie lenge vore opptekne av dette omgrepet. Asb­jørn Grøn­stad forskar på “the cin­e­ma of trans­gres­sion”. Dette er ei film­rørsle som brukar vald, sjokk og humor som verkemid­del for å over­skri­da dei etablerte grensene for kva du kan gjera i kun­st og design (Grøn­stad 2016). Omgrepet er også knytt til dataspelkul­turen. I pros­jek­tet Games and Trans­gres­sive Aes­thet­ics forskar Kris­tine Jør­gensen på kor­leis spelaren opplever kon­tro­ver­sielt innhald i dig­i­tale spel (Jør­gensen, 2018).

TEKNOLOGIBLOGGEN
Dette er første inn­legg i den nye Teknologi­bloggen på Vox Pub­li­ca. Les meir om kva vi plan­legg på bloggen framover.

Dei gam­le romarane snakka om to delar av Gal­lia: det cisalpine og transalpine Gal­lia. Det var stor forskjell på dei men­nes­ka som bud­de på kvar si side av Alpane. Dei cisalpine gal­larane var på same side som Romar­riket og utgjorde ingen fare, men dei transalpine gal­larane var på andre sida av Alpane og lot seg ikkje så lett kon­trollera eller forstå. Å dra til den andre sida betyr at du står over­for fare. Det er risik­a­belt å krys­sa fjellet.

Cisgressiv design

Over­ført til design kan poenget leg­gast ut slik: Cis­gres­siv design er på same sida av nor­mver­ket som brukarane, og før­er til ei styrk­ing og vidare­føring av sta­tus quo. Cis­gres­siv design skal kon­servera eksis­terande funksjonar og ver­diar, til dømes at ein avisredak­sjon skaf­far seg nye tekniske løysin­gar som under­støt­ter deira noverande mål om 8.000 beta­lande abonnentar.

Sustaining/konserverande teknolo­gi ska­par effek­tivis­er­ing ved å fjer­na nokre ledd og pros­es­sar, men det skjer ikkje nem­n­everdi­ge endringar i kom­mu­nikasjon­snormene. Inn­føringa av DAB-radio i Noreg er eit eksem­pel på dette.

Transgressiv design

Trans­gres­siv design der­i­mot er på veg over fjel­let, og der finst det dis­rup­tive krefter som under­grev dei noverande funksjo­nane og normene. Vi vil bruke ansik­ts­g­jenkjen­ning som gjen­nomgåande eksem­pel. Denne typen maskin- eller data­syn er basert på kun­stig intel­li­gens og er ein vik­tig ny teknolo­gi i vår samtid. Det er lett å reg­istr­era ansik­ta til folk, det er lett å laga falske eller manip­ulerte bilete av folk, og vanske­leg for den enkelte å hal­da kontrollen.

Slik teknolo­gi går rett i stru­pen på Vær var­som-plakat­en i norsk jour­nal­is­tikk. Vær var­som-plakat­en tillet ikkje manip­u­lasjon av foto. “Bilder som brukes som doku­men­tasjon må ikke endres slik at de skaper et fal­skt inntrykk,” åtvarar para­graf 4.11. Dermed føl­gjer det at data­syn og manip­u­lasjon er prob­lema­tisk i ser­iøs norsk journalistikk.

Datasyn i journalistikken

Prosopo er det fyrste pros­jek­tet som aktivt brukar ei trans­gres­siv tilnærm­ing til design og eval­uer­ing. Pro­to­typen dreier seg om bilet­bruk i krim­i­naljour­nal­is­tikk, og forsøk­er å refor­mulera den jour­nal­is­tiske ver­di­en iden­titet ved hjelp av manip­ulerte portret­tbilete. Prosopo er eit mediedesign i forsk­ing­spros­jek­tet Vis­me­dia ved Uni­ver­sitetet i Bergen (Mid­tun, 2017; Lien 2017a; 2017b).

Data­syn er i ferd med å ver­ta van­leg i mange mediesamanhengar

Ein Android-app lagar «gjen­nom­snitts­bilete» av eit ansikt basert på kun­stig intel­li­gens-teknolo­giar. Vår hypotese var at avis­er kan bru­ka slike bilete for å ska­pa sterkare iden­ti­fikasjon. Dei kan visa real­is­tiske, men refer­anse­lause bilete av inter­es­sante per­son­ar i ei sak. Det kan vera ei ung jente som er offer for sek­suell mis­han­dling, eller ein volds­for­bry­tar som har rømt frå fengselet.

Gjen­nom­snitts­biletet vis­er det etniske opphavet til per­so­n­en, og naturlegvis også kjønn, alder og eventuelt andre sær­preg. Desse kvalite­tane vil gjera at lesaren får sterkare iden­ti­fikasjon med nyheitssa­ka, er vår hypotese.

Ikkje over­raskande fram­står dette som djupt prob­lema­tisk for jour­nal­is­tar. Vi snakka med jour­nal­is­tar i Bergens Tidende, TV 2 og NRK, og deira respons på bruk av data­syn i jour­nal­is­tikk var ein­ty­dig neg­a­tiv. Å bru­ka slike bilete i nyheits­formidling bryt med normene i Vær var­som-plakat­en, og kjem ikkje til å bli aktivt utfors­ka av avisene sjølve.

Kva om endringane skjer uansett?

Prosopo lærte oss at etablerte nyheitsme­di­er ikkje utan vidare er inter­esserte i å eksper­i­mentera med trans­gres­sive for­mer. Men data­syn er i ferd med å ver­ta van­leg i mange mediesaman­hen­gar, og vil kun­na påver­ka folks måte å forstå ver­da på uavhengig av kva jour­nal­is­tikken gjer.

Nokre nye teknolo­giar er så kraft­fulle at dei under­grev eksis­terande normer

Snapchat, Musicly og andre sosiale medi­er brukar ansik­ts­g­jenkjen­ning og ‑manip­u­lasjon som over­skrid­er alle tidle­gare for­mer for bilet­p­re­sen­tasjon. Brukarane kan tul­la med biletet, og skif­ta ut andletet, set­ja kan­inøyr­er på, eller skif­ta kjønn. Ofte er det ikkje så nøye kva biletet rep­re­sen­terte i utgangspun­ket, eller om det i det heile tatt har ein verkelegheitsreferanse.

Trans­gres­siv design tek ikkje omsyn til eksis­terande kom­mu­nikasjons­former. Nokre nye teknolo­giar er så kraft­fulle at dei under­grev eksis­terande normer og tvinger oss til å etablera nye norm­sett. Desto meir prekært er det difor at akademia sat­sar på trans­gres­siv mediedesign som ein del av forsk­ing og utdan­ning. Til dømes bør utdan­ningane i Media City Bergen i sær­leg grad ver­ta involvert i denne typen framtid­sori­en­tert, risikovil­lig design.

Kjelder

Grøn­stad Asb­jørn (2016). From an Ethics of Trans­gres­sion to a Gen­er­al Ethics of Form. In: Film and the Eth­i­cal Imag­i­na­tion. Pal­grave Macmil­lan, London

Jør­gensen, Kris­tine (2018). Games and Trans­gres­sive Aes­thet­ics. About the GTA Project.

Lien, Camil­la (2017a) “– Jeg kan ikke se noen stor nyt­tever­di”. I TekLab 7. august 2017.

Lien, Camil­la (2017b) “Kun­stig intel­li­gens utfor­dr­er presseetikkens normer”. I TekLab 16. august 2017.

Lien, Camil­la (2017c) “Gam­bling med skjør tro­verdighet”. I TekLab 2. okto­ber 2017.

Mid­tun, Joar (2017) Auto­mat­ic Facial Anonymi­sa­tion Using Aver­age Face Mor­ph­ing. Mas­teroppgåve ved Uni­ver­sitetet i Bergen.

Mid­tun, Joar, Bjørnar Tessem, Simen Karlsen & Lars Nyre (2017) “Real­is­tic face manip­u­la­tion by mor­ph­ing with aver­age faces”. Norsk Infor­matikkon­fer­anse 2017.

Nyre, Lars; Bjørnes­tad, Solveig; Tessem, Bjørnar; Øie, Kjetil Vaage (2012). “Loca­tive jour­nal­ism: Design­ing a loca­tion-depen­dent news medi­um for smart­phones”. In Con­ver­gence 18(3) s. 297–314.

Tessem, Bjørnar, Solveig Bjørnes­tad, Weiqin Chen, Lars Nyre (2015). “Word Clouds for Loca­tive Infor­ma­tion”. In Jour­nal of Loca­tion-based Ser­vices. 9(4):254–272.

Tessem, Bjørnar; Karlsen, Simen Skaret; Nyre, Lars. 2016. Mobilen som dis­tribusjon­skanal for hyper­lokal jour­nal­is­tikk. NOKOBIT — Norsk kon­fer­anse for organ­isas­jon­ers bruk av infor­masjon­ste­knolo­gi. 24. 16 sider.

TEMA

M

edier

99 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen