Kritisk tillit til journalistikk

Vert du ofte irritert over ting du ser og høyrer i media? Slik irritasjon kan nokon gonger vera vag og retningslaus, andre gonger er den uttrykk for aktiv mistillit. Du bør kanalisera irritasjonen din i ei konstruktiv retning, og dette essayet syner fram ein muligheit.

Media pro­du­se­rer ein ver­ke­leg­heits­ef­fekt gjen­nom alle sine opp­slag og repor­ta­sjar, og gjen­nom sine san­se­le­ge for­mer. Men bor­ga­ra­ne bør ikkje utan vida­re ten­kja at den­ne ver­da er ver­ke­leg, slik som det du kan sjå og høyra direk­te. Tvert imot må me vera vakt­sa­me over­for jour­na­lis­tis­ke media slik me er over­for dei fles­te and­re kref­te­ne i sam­fun­net.

Ingen and­re kan ta ansvar for kor­leis du for­står ting, og du bør for­stå dei uti­frå din kvar­dag, i ditt sosia­le stra­tum og uti­frå dine poli­tis­ke hald­nin­gar.

Men det er eit krav til, nem­leg at du ikkje ber­re føy­er deg inn i den kon­ven­sjo­nel­le hald­nin­ga, med fas­te for­mu­le­rin­gar og fas­te synde­buk­kar.

Ei slik hald­ning kan kal­last «å ha kri­tisk til­lit».

Samfunnsoppdrag, skepsis og forvirring

Ter­ren­get er for­vir­ran­de. Sam­stun­des som me for­bin­der til­lit med noko grunn­leg­gan­de posi­tivt, går jour­na­lis­tik­kens sam­funns­opp­drag ut på å set­ja dei rådan­de til­lits­for­hol­da i tvil. Per­son­lege til­lits­for­hold treng nem­leg ikkje all­tid vera gode for sam­fun­net. Dei kan vera ego­is­tis­ke, og skjula kame­ra­de­ri og intern makt­mis­bruk i sen­tra­le insti­tu­sjo­nar. Jour­na­lis­tik­ken har difor ikkje som sam­funns­opp­drag å inn­gje til­lit så mykje som å inspi­rera bor­ga­ra­ne til å vera skep­tis­ke mot tvil­sa­me alli­an­sar. Natur­leg nok er jour­na­lis­tik­ken sjølv ei av dei mak­te­ne som kan mis­bru­kast, og der­med vert det slik at sam­stun­des som den inspi­re­rer til sam­funns­kri­tikk, så må den møtast med skep­sis. For­hol­det mel­lom posi­tiv og neg­a­tiv varie­rer hei­le tida, og dét gjer at bor­ga­ren må vera vakt­sam mot media hei­le tida.

Det vert sta­dig gjort målin­gar av bor­ga­ra­ne sin til­lit til jour­na­lis­tikk, poli­ti, læra­rar og and­re yrkes­grup­per og insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net. I mai 2014 pre­sen­ter­te Dina­mo PR si årli­ge til­lits­un­der­sø­king gjen­nom­ført av ana­lyse­by­rå­et YouGov. Her kom det fram at 60 pro­sent av alle nord­menn har til­lit til at myn­dig­hei­te­ne hand­lar til sam­fun­nets bes­te, mens 57 pro­sent har til­lit til at fri­vil­li­ge orga­ni­sa­sjo­nar gjer det. Til­li­ten til at media har ei sam­funns­nyt­tig rol­le er ber­re på 35 pro­sent, og for nærings­li­vet er den 33 pro­sent. Men kva betyr til­lit i det­te til­fel­let? Dei infor­man­ta­ne som sva­rer posi­tivt, sto­ler på at det som vert pub­li­sert i jour­na­lis­tis­ke medi­er er sant, og at det som vert pub­li­sert er rele­vant for sam­fun­net og ein sjølv.

Mis­til­lit kan omset­jast til kri­tisk til­lit

Men det er endå meir inter­es­sant å ta for seg dei 65 pro­sent som sva­rer neg­a­tivt på spørs­må­let om til­lit til jour­na­lis­tikk. Dei har ei eller anna form for mis­nøye, tvil, mis­til­lit eller kva slags ord ein vil­le vel­ja. Dei har nok uli­ke gra­der av bevisst­heit om skep­sis, men har ikkje nød­ven­dig­vis for­mu­lert den tyde­leg. Eg mis­ten­kjer at folk er svært for­vir­ra i sine kjens­ler over­for media, og at dei har vans­ke­leg for å set­ja ord på ting. Det­te essay­et er difor meint å ha ein tera­peu­tisk funk­sjon, der lesa­ren vona­leg får nye knag­gar å hen­ga frust­ra­sjo­nen på, og kana­li­se­rer den inn i ei form for for­stå­ing. Mis­til­lit kan omset­jast til kri­tisk til­lit.

Mot slut­ten dis­ku­te­rer eg også ein meir pro­ble­ma­tisk rela­sjon, nem­leg dei til­fel­la der folk har grunn­gje­ven mis­til­lit til media, og der det ikkje er moge­leg eller yns­kje­leg å utvisa kri­tisk til­lit. I 2011 vart det avslørt at News of The World dreiv med hem­me­leg avlyt­ting; den­ne avslø­rin­ga før­te til ein akutt og uopp­ret­te­leg mis­til­lit til redak­sjo­nen, og avi­sa vart lagt ned kort etter­på.

Tillitsteori og media

No skal eg gå meir sosio­lo­gisk til verks, og defi­ne­ra feno­me­net til­lit i for­hold til per­son­ar og insti­tu­sjo­nar i media, blant anna med hjelp frå Skir­bekk og Gri­men Til­lit i Nor­ge (2012). Der­et­ter nyt­tar eg den­ne teori­en på jour­na­lis­tis­ke medi­um og den gene­rel­le medie­si­tua­sjo­nen i Noreg i 2014, og går gjen­nom sun­ne og usun­ne grun­nar til ikkje å sto­la for mykje på jour­na­lis­tik­ken.

Pres­se og media er ein stor sak i sam­fun­net. Media er men­nes­kas vik­ti­gas­te verk­tøy til å for­stå kvar­and­re og sam­fun­net me lever i, og til å for­stå vår eiga rol­le som del­ta­kar i den­ne gal­ska­pen. I tusen­vis av år har avan­ser­te sig­nal­sys­tem vore i bruk for kom­mu­ni­ka­sjon, og dei har sine eig­ne san­se­le­ge og tek­nis­ke sær­trekk. Dei har også eit insti­tu­sjo­nelt aspekt, med uli­ke nor­mer og reg­lar. Det er eit stort sosio­lo­gisk land­skap med alt frå her­me­neu­tikk til ratio­nal choi­ce-teori, og det spen­ner frå Jon Elster til Bruno Latour.

Med min­kande til­lit vil me få eit far­le­gare og meir bru­talt sam­funn

Medie­ne er ein alvor­leg sak for­di det ikkje er garan­tert at kom­mu­ni­ka­sjo­nen er god, sjølv om det vert sta­dig meir av den. Det er til dømes ikkje inn­ly­san­de at dei digi­ta­le medie­ne har gjort oss til betre men­nes­ke enn me vil­le vore utan dei. Ein av dei sto­re frust­ra­sjo­na­ne i folks kvar­dag, og som kan utløy­sa alt frå raseri­an­fall til ugjen­nom­tenkt rasis­me, er nett­opp kjens­la av at kom­mu­ni­ka­sjons­hand­lin­ga er ein eksis­ten­si­ell byr­de i sta­den for å vera ein effek­tiv for­mid­lings­ka­nal for nyhei­ter og anna nyt­tig stoff.

Det har vore mykje snakk om til­lit i den offent­le­ge debat­ten dei sis­te åra. Då drei­er det seg ofte om gra­den av det sosio­lo­gen Rus­sell Har­din (2006: 2) kal­lar «coope­ra­ti­ve­ness» eller sam­ar­beids­vil­je. Riks­syn­sa­ra­ne er bekym­ra for at folk får svek­ka til­tru til helse­by­rå­kra­ti­et etter Ahus-skan­da­len, og ikkje sto­lar på at poli­ti­et tak­lar ein lik­nan­de ter­ror­ak­sjon som 22. juli, og hel­ler ikkje sto­lar på retts­psy­kia­tri­en len­ger. Med min­kan­de til­lit vil me få eit far­le­ga­re og meir bru­talt sam­funn. Det vert flei­re tvis­tar, flei­re advo­ka­tar og eit mykje meir tung­vint liv.

Men så gale er det ikkje. Redak­tø­r­a­ne av Til­lit i Nor­ge skriv: «Det høye til­lits­ni­vå­et er den vik­tigs­te for­kla­rin­gen på at vel­ferds­sta­te­ne kan være så omfat­ten­de som de er» (2012: 16). For­fat­ta­ra­ne viser at til­li­ten vår fak­tisk er sterk både til per­son­ar rundt oss, og over­for stat­le­ge insti­tu­sjo­nar. Sosio­log Dag Wol­le­bæk & co stu­der­te den gene­ra­li­ser­te til­li­ten før og etter 22. juli. På kort sikt med­før­te ter­ro­ren ein tyde­leg auke i til­lit i alle sam­funns­grup­per. Ter­ro­ren fun­ger­te sam­lan­de i sta­den for split­tan­de, og bidrog til å dem­pa utvik­lin­ga av frykt. Haus­ten 2012 var til­li­ten på same høge nivå som før 22. juli (Wol­le­bæk et al. 2012).

Skiljet mellom persontillit og institusjonstillit

Eg vil i fram­hal­det skil­ja mel­lom to nivå av til­lit; per­son­til­lit og insti­tu­sjons­til­lit. Me har eit omgreps­pro­blem på norsk, for­di me ikkje har noko etab­lert skil­je mel­lom ven­din­gar som ha til­lit til, lita på, sto­la på eller ha til­tru til. I kvar­dags­språ­ket betyr dei omtrent det same, og kan bru­kast på alle slags gjen­stan­dar for til­lit.

Skil­jet mel­lom å for­hol­da seg til insti­tu­sjo­nar eller per­son­ar kjem mykje betre fram i engelsk­språk­leg fag­lit­te­ra­tur. Der har dei eit skil­je mel­lom orda «con­fi­den­ce» og «trust» som me ikkje har på norsk. «Con­fi­den­ce» er knytt til sta­bi­le og føre­sei­e­le­ge for­hold, med­an «trust» er knytt til risiko­fyl­te, uføre­sei­e­le­ge og oftast gans­ke per­son­lege for­hold. Vi har «con­fi­den­ce in insti­tu­tions» og «trust in per­sons». Blant teo­re­ti­ka­rar som ope­re­rer med det­te skil­jet finn me filo­so­fen Niklas Luh­mann (1979) og sosio­lo­gen Adam Selig­man (1997). Den omtal­te boka Til­lit i Nor­ge intro­du­se­rer skil­jet i for­or­det, og det vert brukt noko­lun­de sys­te­ma­tisk etter­på.

Eg vil bidra til å etab­le­ra skil­jet mel­lom insti­tu­sjons­til­lit og per­son­til­lit i norsk til­lits­teori, men eg er ikkje nøgd med dei omgre­pa me har fun­ne på så langt. Eg håpar å fin­na noko som beskriv opp­le­vin­ga av til­li­ten meir nyan­sert, for no vert jo ordet «til­lit» brukt i beg­ge til­fel­le. Der er «con­fi­den­ce» og «trust» mind­re for­vir­ran­de.

Per­son­til­lit (trust) er ein rela­sjon der du aksep­te­rer å vera sår­bar for and­re men­nes­ke sine hand­lin­gar i for­hold til eit visst utkome. Luh­mann opp­fat­tar «trust» som vil­lig­heit til å risike­ra noko, og det­te gjeld for både gje­va­ren og mot­ta­ka­ren av til­lit (Luh­mann 1979: 69). Her vert avgjer­da om å vera til­lits­full gjort bevisst, uti­frå ein eva­lu­e­rings­ska­la for kva slags gode kva­li­te­tar det er rime­leg å til­leg­ga and­re aktø­r­ar. Du sto­lar på at bror din vil hjel­pa deg med eit naud­lån for å dra til Syden, men vil­le ikkje spurt ein kol­le­ga. Folk er meir beviss­te på sli­ke nære rela­sjo­nar enn rela­sjo­nen til insti­tu­sjo­nar.

San­ning er jour­na­lis­tik­kens frems­te våpen i avslø­ringa av kref­tene som svek­kjer demo­kra­ti­et

Fors­ka­ra­ne Wie­se et al. (2011) har vist at folk si opp­fat­ning av nær­leik til ein viss per­son er den vik­ti­gas­te fak­to­ren for å bestem­ma om me kan sto­la på den­ne per­sonen. Der­som me føler oss like nært knytt til to per­son­ar der den eine er fami­lie og den and­re ikkje, vil me vera meir til­bøye­le­ge til å sto­la på fami­lie­med­lem­men.

Insti­tu­sjons­til­lit (con­fi­den­ce) er ein føre­sei­e­leg rela­sjon basert på tid­le­ga­re erfa­ring med at ting går som dei skal. Gid­dens (1990) skriv at det er gode grun­nar til å sto­la på abs­trak­te sys­tem som ’pen­gar’. Folk kan vera nes­ten sik­re på at eit visst utkome vert rea­li­sert, til dømes at mini­ban­ken fak­tisk gir ut pen­gar når du vert regist­rert med eit kon­to­trekk.

Vis­se for­hold er sta­bi­le og vert hald­ne ved like kon­ti­nu­er­leg, og det er ikkje grunn til å reflek­te­ra over risi­ko i kvart enkelt til­fel­le. Harald Gri­men sei­er, sitat: «Gode insti­tu­sjo­ner gjør det for­nuf­tig for men­nes­ker å unn­la­te å ta vis­se for­holds­reg­ler, som det ellers vil­le ha vært rasjo­nelt for dem å ta» (Gri­men 2012: 89). Når det gjeld fly­to­get i Oslo er insti­tu­sjons­til­li­ten tyde­leg­vis svært høg, for det kom øvst på ei «omdøm­me­må­ling» no nyleg.

Her pas­sar også omgre­pet «gene­ra­li­sert til­lit» godt inn. På fly­plas­sen treng du kan­skje å spør­ja ein med­pas­sa­sjer om å pas­sa på kof­fer­ten din mens du er ein rask tur på toa­let­tet. Er det nokon her du kan sto­la på? Jo meir gene­ra­li­sert til­lit det er i sam­fun­net, jo stør­re sjan­se er det for at du spør nokon. Gene­ra­li­sert til­lit lik­nar mest på det som eg her kal­lar insti­tu­sjons­til­lit.

Ana­ly­sen byr­jar med ein klas­sisk sam­funns­vit­skap­leg fire­felt­sta­bell der eg skil mel­lom sunn og usunn mis­til­lit, og skil mel­lom å ret­ta den­ne hald­nin­ga mot enten insti­tu­sjon eller per­son. Då vert tabel­len slik:

 Kri­tisk til­litMis­til­lit
Insti­tu­sjonFor­tel san­nin­ga, har dags­or­den­makt, er rele­vantRå mark­nads­ka­pi­ta­lis­me, man­gel på rele­vans, dia­log og rea­lis­me
Per­sonHar integri­tet, er prin­sipp­fast, har ideo­lo­gisk truEigen­in­ter­es­se, verdi­blind­skap, oli­gar­kis­ke bin­din­gar

Eg vil bru­ka tabel­len til å hal­da orden på argu­men­ta­sjo­nen vida­re her. I bok­sa­ne har eg plas­sert åtferds­ty­par som kor­re­spon­de­rer med den typen til­lit og mis­til­lit eg påpei­kar i for­hold til jour­na­lis­tik­ken.

Kritisk tillit

Det finst klart posi­ti­ve grun­nar til ikkje å sto­la på jour­na­lis­tik­ken. Viss jour­na­lis­tik­ken set til­lits­for­hol­da sys­te­ma­tisk i tvil, vil dei kun­na avsløra kame­ra­de­ri og makt­mis­bruk i sen­tra­le insti­tu­sjo­nar. Den vil vera far­leg for makt­mis­bru­ka­rar. Slik sett har ikkje jour­na­lis­tik­ken som sam­funns­opp­drag å alli­e­ra seg med and­re aktø­r­ar for å inspi­rera til til­lit, men å vera så kri­tisk at den hel­ler inspi­re­rer til vakt­semd mot sjølv å hand­la i strid med nor­mer og reg­lar.

Opp­dra­get går ut på å for­tel­ja san­nin­gar som kan vera svært ube­ha­ge­le­ge, og som vil ska­pa sterk gjen­si­dig for­sik­tig­heit, kan­skje også direk­te kon­flikt, mel­lom ein redak­sjon og dei berør­te par­ta­ne. Mang ein bedrifts­lei­ar på Vest­lan­det har lagt Ber­gens Tiden­de for hat etter avslø­ran­de opp­slag. Alle dei utru­leg man­ge tin­ga som er san­ne kan i prin­sip­pet for­mid­last på ein legi­tim måte av jour­na­lis­tik­ken. San­ning er jour­na­lis­tik­kens frems­te våpen i avslø­rin­ga av kref­te­ne som svek­kjer demo­kra­ti­et.

Difor er det gode struk­tu­rel­le grun­nar til ikkje å ha til­lit til jour­na­lis­tar. Der­som du er i posi­sjon til å sto­la på at media tryk­ker saker slik du vil, så er jour­na­lis­tik­ken inha­bil eller direk­te kor­rupt, og du sjølv like så. Vakt­semd eller usik­ker­heit hjå mek­ti­ge aktø­r­ar er eit kva­li­tets­teikn i seg sjølv.

Dags­or­den­funk­sjo­nen er ei vik­tig side ved medias makt. Media bestem­mer ikkje kva folk skal mei­na, men dei bestem­mer kva folk skal mei­na noko om. Redak­sjo­nen ten­kjer: Kva bør den poli­tis­ke offent­leg­hei­ta ver­ta opp­lyst om i dag? Det gam­le slag­or­det «All the news that’s fit to print» er rekla­me for avi­sa si gode døm­me­kraft og ansvar­le­ge hald­ning. Media set dags­or­den for kvar­dags­de­bat­ten hei­me i sto­ve­ne, sær­leg når det gjeld nyhei­ter. Media bestem­mer i rea­li­te­ten kva det vil seia å vera ein opp­da­tert bor­gar. Poli­ti­ka­rar og and­re fram­skot­ne aktø­r­ar er endå meir påver­ka av dags­or­den­mak­ta. Dei får ofte sine stra­te­gis­ke val bestemt av emne­vala og vink­lin­ga­ne som vert gjort.

Jour­na­lis­tar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje

Mak­ta til å set­ja dags­or­den for offent­leg debatt har vore i medie­ne sine hen­der i flei­re hund­re år. Jour­na­lis­tar og redak­tø­r­ar fekk etter­kvart så stor inn­fly­tel­se at dei blei opp­fat­ta som ei fjer­de stats­makt. Dei over­va­kar dei tre stats­mak­te­ne regje­ring, stor­ting og dom­sto­lar på veg­ne av sivil­sam­fun­net. Me har vor­te opp­lær­de til å tru at medie­ne si dags­or­den­makt er noko natur­leg og sjølv­sagt, men det er ber­re på grunn av dei­ra til­sva­ran­de kri­tis­ke rol­le at dei for­te­ner den­ne mak­ta. Det er bra at medie­ne har den­ne for­plik­tin­ga på san­ning. John Dewey har pri­sa den, og Wal­ter Lipp­mann endå meir. Kri­tisk jour­na­lis­tikk er eit gode for­di den føre­byg­ger makt­mis­bruk i alle sek­to­rar av sam­fun­net, og sør­gjer for at moralsk sva­ke men­nes­ke jam­leg vert reins­ka ut av stats­ap­pa­ra­tet.

Det er natur­leg at eg også tar inn enkelt­per­sona­ne i den­ne ana­ly­sen, og ikkje ber­re snak­kar om det prin­si­pi­el­le. Kvar jour­na­list er jo eit men­nes­ke av kjøt og blod, med høg eller låg utdan­ning, sterk eller svak moral, og med ulik utstrå­ling, integri­tet, og så bort­et­ter. Det­te er ein emo­sjo­nell dimen­sjon som påver­kar oss alle i opp­byg­gin­ga av til­lits­bånd.

Integri­tet. Det vik­ti­ge er at des­se per­sona­ne deler jour­na­lis­tik­kens ver­di­ar. Då går det an å ha kri­tisk til­lit til per­son­ar som arbei­der inna­for jour­na­list­yr­ket. Den gode jour­na­lis­ten opp­fat­tar mak­ta si som ein per­son­leg kva­li­tet. Det er eg som har den­ne kunn­ska­pen, og den­ne kom­pro­miss­løy­sa og integri­te­ten, og eg utfø­rer funk­sjo­nen min i sys­te­met på ein spe­si­elt god måte.

Jour­na­lis­tar har inn­fly­tel­se over sosia­le og poli­tis­ke stem­nin­gar i pub­li­kum­met sitt nett­opp på grunn av per­son­leg­do­men sin. Dei har den­ne mak­ta, sjølv om dei er under­lagt ein streng redak­sjons­sjef, og sjølv om all­slags kon­ven­sjo­nar kan gje­ra hand­lings­rom­met avgren­sa. Jour­na­lis­tar har stor makt anten dei veit om det eller ikkje, og om dei bryr seg eller ikkje. Nokon lever så intenst i den­ne rol­la at dei ikkje ser mak­ta si, og der­med endar opp med å mis­bru­ka hen­ne. Dei som held mas­ka i ei offent­leg rol­le av den­ne typen er van­leg­vis for­nuf­ti­ge folk med integri­tet. Ingen nemn­de, ingen gløym­de.

Prin­sipp­fast. Den­ne typen jour­na­list tonar bevisst ned det fak­tum at han har makt. Det ved­kjem ikkje saka. Han er ein dyk­tig avslø­rar, og skriv sjel­dan noko feil. Og same kva som skjer som føl­gje av jour­na­lis­tik­ken hans, bekla­gar han ald­ri noko. Kvar gong han får kri­tikk eller trus­lar om søks­mål, viser han til ytrings­fri­do­men, og redak­sjo­nen sine advo­ka­tar går i stri­den for han. Så len­ge målet er hei­lagt, må ein også tola nokre våde­skot mot uskul­di­ge.

Ideo­lo­gisk. Den ideo­lo­gis­ke eller idea­lis­tis­ke jour­na­lis­ten er enkla­re å for­stå seg på. Han driv poli­tisk kri­tikk mot sty­res­mak­ter og and­re mek­ti­ge aktø­r­ar, sys­te­ma­tisk og med eit jamt trykk. Han trur så sterkt på saka at han set til side alle and­re omsyn. Den ideo­lo­gis­ke jour­na­lis­ten bru­kar medi­et som verk­tøy eller brekk­stong til å få ei løy­sing på eit poli­tisk pro­blem. Han nærer ikkje uri­me­leg til­lit til nokon aktø­r­ar.

Mistillit

Det jour­na­lis­tis­ke fel­tet har nær omgang med dei mak­te­ne den er sett til å over­va­ka, og vert no til dags i stor grad eigd av tun­ge mark­nads­ak­tø­r­ar som Schib­sted, Ame­dia, Egmont, etc. Viss redak­sjo­nen har tet­te rela­sjo­nar til vik­ti­ge insti­tu­sjo­nar i sam­fun­net så vat­nar den ut si frems­te kjel­de til tru­ver­de, nem­leg det (prin­si­pi­elt) kom­plet­te frå­ve­ret av til­lits­re­la­sjo­nar.

Eksem­pe­let med News of the World viser kor­leis det kan opp­stå akutt mis­til­lit hvis bor­ga­ra­ne opp­fat­tar at ei medie­verk­semd bryt med den morals­ke hald­nin­ga som er føre­sett i sam­funns­opp­dra­get. Her er det lite å repa­re­ra, og vans­ke­le­ga­re å kana­li­se­ra den neg­a­ti­ve ener­gi­en i posi­tiv ret­ning.

Rå mark­nads­ka­pi­ta­lis­me. Det er sto­re pen­gar knytt til medie­verk­semd. Det har både TV 2, VG, Goog­le og Face­bo­ok til dømes nytt godt av. Det finst ingen meis­ter­hjer­ne som trek­kjer i trå­da­ne, ber­re mark­nad, aktua­li­tet og inter­teks­tua­li­tet i ei hys­te­risk blan­ding. Des­se ukon­trol­ler­ba­re trek­ka gjer at medie­ne vert dår­le­ga­re verk­tøy enn dei kun­ne vore.

Kapi­ta­lis­men gjev ikkje grunn­lag for kri­tisk til­lit, men er ein slags med­født ska­vank ved den jour­na­lis­tis­ke insti­tu­sjo­nen. Den bri­tis­ke medie­fors­ka­ren Colin Sparks sei­er at «you can’t tame the tiger» og Paul Bjer­ke sei­er at du ikkje må ver­ta for­bau­sa over at tige­ren har stri­per. Tige­ren bra­sar gjen­nom jun­ge­len utan ret­ning eller stra­te­gi.

Ting vert ikkje for­midla på ein måte som er rele­vant for folks sosia­le og poli­tiske kvar­dag

Nokon vil mei­na at det også er posi­tivt at medie­verk­semd gjev grunn­lag for sto­re pen­gar og sen­tra­li­sert makt. Det til­let medie­ne å byg­ga opp ster­ke insti­tu­sjo­nar som ikkje så lett let seg pres­sa av dei endå mek­ti­ga­re aktø­r­a­ne dei skal over­våka. Ein kan fryk­ta kva som vil skje der­som dei sto­re avi­se­ne går duk­ken og me får eit myl­der av mind­re redak­sjo­nar i sta­den­for. Det bes­te er ei blan­ding av eigar­for­mer, med både børs­no­ter­te sel­skap, lisens­fi­nan­sie­ring, filan­trop-finan­sie­ring og fami­lie­sel­skap.

Man­gel på rele­vans. Paul Bjer­ke (2013) pei­kar på at engels­ke aviser bru­kar sto­re jour­na­lis­tis­ke res­sur­sar på ting som har liten sam­funns­mes­sig rele­vans. Det kan vera ei grun­dig og kost­bar grave­stu­die som avslø­rer at fot­ball­spe­lar X har vore utru med kona til fot­ball­spe­lar Y. Då vert dei jour­na­lis­tis­ke res­sur­sa­ne heilt klart brukt på feil ting.

Man­gel på dia­log. Medie­ne kan gje­ra ein van­leg til­sko­dar til ein aktiv del­ta­kar ved hjelp av tovegs­me­dia som SMS, e-post, chatte­si­der, inn­rin­ging, debatt­pro­gram og lik­nan­de. Men inter­ak­sjon vert i liten grad brukt til å for­bet­re dia­lo­gen mel­lom heim og offent­leg­heit. Inter­ak­sjo­nen vert i hovud­sak brukt til kon­kur­ran­sar, avstem­min­gar og and­re kom­mer­si­el­le for­mat, og har som føre­mål at sta­sjo­nen skal kun­ne tena mest mog­leg pen­gar. Den eks­pert­ba­ser­te offent­le­ge debat­ten er ikkje mykje betre. Her er det ei ende­laus ritu­ell posi­sjo­ne­ring der ingen av syn­sa­ra­ne skif­tar stand­punkt, men blir meir og meir kjen­te for stand­punk­tet sitt. Sli­ke for­mat har hel­ler ikkje ein spe­si­elt posi­tiv inn­verk­nad på den offent­le­ge sam­ta­len. Redak­sjo­nar som lever av å føre offent­le­ge sam­ta­lar må stre­va etter å fin­na fram til gode pro­se­dy­rar, og prø­va å laga god kom­mu­ni­ka­sjon.

For svak audio­vi­su­ell rea­lis­me. Jour­na­lis­tik­ken er så hardt redi­gert at det er vans­ke­leg å kjen­na igjen røyn­da slik me ser den omkring oss til dag­leg. Me skjø­nar mykje for­di me er vel­sku­ler­te i medi­et sine eig­ne kon­ven­sjo­nar, og tak­lar både høg klippe­ryt­me og sound­bite-redi­ge­ring. Men det­te er ikkje røyn­da utan­for vind­au­ga, det er røyn­da inne i media. Ting vert ikkje for­mid­la på ein måte som er rele­vant for folks sosia­le og poli­tis­ke kvar­dag.

Igjen må me hugsa den meir emo­sjo­nel­le rela­sjo­nen til men­nes­ke av kjøt og blod, jour­na­lis­tik­kens ster­kas­te iden­ti­tets­mes­si­ge fak­tor. Det går an å skil­ja mel­lom flei­re for­mer for usunn mis­til­lit; ei sni­kan­de kjens­le av at sam­fun­net ikkje fun­ge­rer som det bør, og at nett­opp des­se fol­ka har ein del av skul­da for det.

Eigen­in­ter­es­se. Mis­til­lit kan skul­dast arro­gan­se, eigen­in­ter­es­se eller ned­la­ten­heit. Sli­ke dår­le­ge eigen­ska­par visar igjen i skrift og på TV, og ska­par eit kon­stant til­lits­pro­blem. Jour­na­lis­ten og pro­gram­leia­ren er flink fram­for kame­ra, og gjer seg til eit anker­fes­te for iden­ti­fi­ka­sjon og beund­ring. Men har han gjort seg for­tent til dét på bak­grunn av livet utan­for medie­ne? Tja. Enkelt­per­son­ar blant jour­na­lis­ta­ne har til dels lågt tru­ver­de og driv uhem­ma til­freds­stil­ling av sine eig­ne mate­ria­lis­tis­ke behov. Slapp åtferd gjev bor­ga­ren eit neg­a­tivt inn­trykk av jour­na­lis­tik­ken, og dét kan for­ster­ka ei vag opp­fat­ning av at and­re trekk også er neg­a­ti­ve. Då vert det ein vond spi­ral av dår­leg renom­mé for både per­son og insti­tu­sjon.

Byrå­kra­tisk, verdi­blind pro­fe­sjo­na­li­tet. Jour­na­lis­ta­ne sin sta­dig aukan­de pro­fe­sjo­na­li­tet gjer at ein heil gene­ra­sjon jour­na­lis­tar er sosia­li­ser­te inn i ei åtferd utan poli­tis­ke ideo­lo­gi­ar, og utan and­re ideal enn å laga gode pro­gram og gode artik­lar. Alle er sofis­tar! Den­ne prag­ma­tis­men vert følgt av ein funk­sjo­nær­men­ta­li­tet. Redak­sjo­nen kan ver­ta slø­va av det rutine­mes­si­ge i arbei­det sitt. Viss noko går gale, ligg ansva­ret hjå redak­tø­ren, som også har funk­sjo­nær­men­ta­li­tet og rap­por­te­rer vida­re til eiga­ra­ne, som for­kla­rer alt som ein nød­ven­dig kon­se­kvens av mark­nads­lo­gik­ken. I ver­ste fall appel­le­rer dei sam­la til ytrings­fri­do­men og ansva­ret som den fjer­de stats­mak­ta, og vat­nar ut for­hol­det til ideo­lo­gi, poli­tikk og mark­nad. Der­som det ikkje er noko ret­ning, så er det hel­ler ikkje nokon grunn til å anta at funk­sjo­nen dei­ra er posi­tiv for sam­fun­net.

Oli­gar­ki. Det finst ein eks­klu­siv krets av folk som sty­rer dei insti­tu­sjo­na­ne som set dags­or­den, og dei beskyt­tar sine makt­mid­lar og for­sø­ker å utvi­da rek­kje­vid­da si. Det­te gjeld aksje­ei­ga­rar, styre­med­lem­mer, medie­råd­gi­va­rar, spin doc­tors, kjen­di­s­ar, reklame­folk, PR-folk og lob­by­is­tar. Alle des­se yrkes­grup­pe­ne er opne for over­gan­gar, og kar­rie­ren kan byr­ja på ein stad og slut­ta ein heilt annan stad. Det dei treng for å kom­ma vida­re er at media sin domi­nans i sam­fun­net vert opp­rett­hal­den, og man­gel på inn­syn.

Konklusjon: Vêr vaktsam!

Rundt 65 pro­sent av folke­set­na­den i Noreg har ikkje til­lit til at jour­na­lis­tik­ken har ei sam­funns­nyt­tig rol­le, og eg har for­søkt å tol­ka kva det­te kan skul­dast. Eg har for­mu­lert ei hugse­lis­te over trekk ved jour­na­lis­tik­ken som bør møtast med kri­tisk til­lit, og nokre punkt som kan føra til uopp­ret­te­leg mis­til­lit.

Bor­ga­ren er ikkje ein uskul­dig tredje­part i offent­leg­hei­ta. Det er ei for­dømt plikt for bor­ga­ren å ha ei kon­struk­tiv til­nær­ming til mak­ta frå media, og sjølv gje­ra sitt bes­te for at offent­leg­hei­ta kan fun­ge­ra godt. Der­som bor­ga­ren vert meir med­vi­ten på grun­na­ne til sin eigen skep­sis, kan dei neg­a­ti­ve kjens­le­ne omset­jast til noko meir kon­struk­tivt, nem­leg ei kon­ti­nu­er­lig vur­de­ring av til­lits­ver­dig­hei­ta til medie­ne. Det er ber­re du sjølv som kan iden­ti­fi­se­ra det som er sant og rele­vant. Ingen and­re kan ten­kja for deg! Vêr vakt­sam!

Litteraturliste

Bis­gaard, Anders B. (2014) «Dina­mo PR vur­de­rer nav­ne­end­ring», i Kam­pan­je 27. mai 2014.
Bjer­ke, Paul (2013) «Et for­svar for papir­avi­sa» i Klasse­kam­pen 10. mai 2013.
Enjol­ras, B., Karl­sen, R., Steen-John­sen, K. og Wol­le­bæk, D. (2013) Liker – liker ikke. Sosia­le medi­er, sam­funns­en­ga­sje­ment og offent­lig­het. Oslo: Cap­pe­len Damm Aka­de­misk.
Gid­dens, A. (1990) The Con­se­quen­ces of Moder­ni­ty. Cam­brid­ge: Poli­ty Press
Gri­men, Harald (2009) Hva er til­lit. Oslo: Uni­ver­si­tets­for­la­get.
Gri­men, Harald (2012) «Gode insti­tu­sjo­ners betyd­ning for til­lit», i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Nor­ge. Oslo: Res Pub­li­ca.
Har­din, Rus­sell (2006) Trust. Cam­brid­ge, UK: Poli­ty Press.
Luh­mann, N. (1979) Trust and Power. New York: John Wiley.
Selig­man, A. B. (1997) The Pro­blem of trust. Prin­ceton: Prin­ceton Uni­ver­sity Press.
Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Nor­ge. Oslo: Res Pub­li­ca.
Wie­se, Jason, Pat­rick Gage Kel­ley, Lor­rie Fai­th Cra­nor, Lau­ra Dab­b­ish, Jason I. Hong, John Zim­mer­man (2011) Are you clo­se with me? Are you near­by?: investi­ga­ting soci­al groups, clo­se­ness, and wil­ling­ness to share. Ubi­comp 2011: 197–206.
Wol­le­bæk, Dag, Ber­jard Enjol­ras, Kari Steen-John­sen og Guro Øde­gård (2012) «Til­lit i Nor­ge etter 22. juli», i Skir­bekk, H. og Gri­men, H. (2012) Til­lit i Nor­ge. Oslo: Res Pub­li­ca.

TEMA

J

ournali
stikk

122 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen