I europeisk målestokk oppsto dei norske avisene seint. Noreg var som kjend ein provins underlagt det danske kongeriket, med København som det udiskutable sentrum – både politisk, økonomisk og kulturelt. Den første danske (men rett nok tyskspråklege) avisa blei allereie etablert i 1634, over hundre år før den norske avispressa tok til. Den første dansk-språklege avisa såg dagens lys i 1725.
Rett nok blei det gjort eit mislukka forsøk på å stifte avis i Bergen i 1722, men det var først i 1763 at Noreg fekk si første ordinære og regelmessig utgitte avis med Norske Intelligenz-Seddeler i Christiania. I løpet av dei neste sju åra blei såkalla adresseaviser etablert i ytterlegare fire norske byar (Bergen i 1765, Trondheim i 1767, Arendal i 1769 og Stavanger i 1770). Namnet adresseavis speler på koplinga til adressekontora, dei offentlege opplysningsbyråa som på 1700-talet hadde kongeleg privilegium til å formidle kunngjeringar i europeiske byar.
Om dei tidlegaste adresseavisene kan kallast for aviser ut i frå dagens definisjonar, er kanskje tvilsamt, men ambisjonane om å utføre eit samfunnsoppdrag var til stades frå første prent.
Norske Intelligenz-Seddeler: Nyheitsavis eller annonseorgan?
Mange har lenge «forlanget og ønsket og se nyttige efterretninger Norge betreffende», observerer utgjevar og boktrykkar Samuel Conrad Schwach i første utgåve av Norske Intelligenz-Seddeler 25. mai 1763, og lover så å utgje sitt blad kvar veke. Deretter følger eit viktig atterhald, då «denne heele nyttigge Indretning» var avhengig av alle «Patrioters Godhed og Villighed, i at indsende til Bogtryggeriet alt hvad dertil eragtes tienligt». Schwach oppgav ingen sjanger- eller temamessige restriksjonar. Var det nyttig, var det velkoment!
Den unge boktrykkaren var optimistisk på vegne av den nye avisas framtid. I avisas opningsdikt blir spørsmålet «Men skrivter! Hvor er de?» med eitt besvart: «Jo mænd De findes!». Endeleg kunne publikum lese ei norsk avis som «fører Norsk Beretning»! Sågar skulle avisa «Fyldestgiøre dig i allerstørste Grad», og slik vise at Noreg «ejer og Forstand».
[…] Men Skrivter! Hvor er de?
Jo mænd! De findes, som om Norge ogsaa taler;
Men hvad kand Norge for, at alle ej vil see?
Her kommer nu et Blad, som fører Norsk Beretning
Om en og anden Ting, som ogsaa tiene kand;
Det andre viise skal til Deres Efterretning:
At Norge haver Folk, som ejer og Forstand.
Jo meer, Min læsere! Man Dig bedst kand fornøje;
Jo meer begiærlig Du afhænter dette Blad,
Jo meer man Stræbe skal, og have sig for Øje:
At Fyldestgiøre Dig i allerstørste Grad.
(Intelligenssedlanes opningsvers)
Av førsteutgåva å dømme er det liten tvil om at Intelligenssedlane var meint som eit ledd på vegen mot ein styrka norsk identitet og sjølvkjensle. Både avisas tittel, programerklæring og opningsvers er prega av referansar til det norske og det patriotiske. Som det i ei seinare utgåve vart påpeikt: Bladet skulle vere til ære og nytte for fedrelandet.
Kva er det som gjer at ettertida omtaler nettopp Intelligenssedlane som Noregs første avis? Med tanke på den rike tidsskriftfloraen som veks fram i Noreg på 1700-talet, er dette eit rimeleg spørsmål. Intelligenssedlane hadde visse likskapstrekk med tidsskrifta, både med omsyn til utgivingsfrekvens, typografi og sjangerbruk. Men der tidsskriftlitteraturen fokuserte på bortimot tidlause spørsmål rundt vitskap, religion, filosofi og moral, introduserte den nye avisa ein heilt ny grad av aktualitet i sitt kunngjeringsstoff. Med dei meir eller mindre faste vignettane som tjenestesøkende, bekjentgjørelser, til kjøps, tapte saker, auksjoner, fødte og døde samt inkomne skip, opna Intelligenssedlane opp for ei byrjande institusjonalisering av offentleg informasjonsspreiing. Kunngjeringar som tidlegare var delt gjennom jungeltelegrafen – eventuelt i form av flygeblad eller bodstikker – fekk ved hjelp av avisene ein effektiv veg inn i den enkelte privatsfære og vidare inn i det felles offentlege rom. Slik bidrog avertissementsstoffet til å desentralisere og tilgjengeleggjere den såkalla norske beretning. Samstundes bør spreiingseffekten ikkje overdrivast: Sjølv om avisene blei delt av mange lesarar i meir eller mindre organiserte lesesirklar, utgjorde avisas opplag (om lag to hundre) i underkant av tre prosent av byens innbyggjartal mot slutten i 1765.
Tre veker før avisa såg dagens lys, publiserte Schwach eit notat der han greia ut om den planlagde hovuddisposisjonen for dei komande numra. Her kjem det klart fram at annonseformidling skulle vere avisas hovudverksemd. Det rom som eventuelt blei ledig, skulle fyllast med små forteljingar i prosa eller på vers. Allereie etter dei første numra kan ein merke at avertissementsstoffet ikkje på langt nær blei så omfattande som forventa, og ymse overskotsstoff (sannynlegvis henta frå andre skrifter) blei raskt inkludert. Særleg kjem dette til syne under den breie spalta Oeconomiske og andre Efterretninger. Paradoksalt nok for ei byavis, som neppe hadde ein stor lesarskare utanfor Christianias grenser, fekk publikum her servert tips om korleis ein skal førebygge sjukdomar hos sau, korleis ein skal dyrke åker og korleis ein lagrar sitronar gjennom vinterhalvåret. At det sistnemnde stykket blei trykka midt på sommaren, tyder også på at stofftilfanget neppe var formidabelt.
Etter kvart som annonseandelen stabiliserer seg på eit nivå tilsvarande under halvparten av avisas spalteplass, aukar innslaget av tekstar i essay‑, dikt, brev- og fabelform. Stykka fyller som regel både førte- og andresida og er gjerne spreidd ut over fleire utgåver, noko som gjer dei til utgåvenes mest omfangsrike enkelttekstar. Desse tek ofte opp moralske, filosofiske og smaksrelaterte tema frå ein ofte kritisk synsvinkel. Særleg får stykket «Om Smagen i at skrive» ein viktig plass i avisas spede start som debattorgan. Essayet kritiserer dei moderniserte og «fordærvede» skrivereglane, og blir gjenstand for ei rekkje applauderande og kritiske tilsvar. Denne er utgangspunktet for eit svært kritisk brev frå ein anonym innsendar:
Critiquer, som gjerne agtes onde, for den vidende og gjennemtrængende Kraft der følger med dem, og som de oftest fører med sig, er dog u‑skateerlige og gode, naar de bruges ret, og holdes inden sine Grændser, naar al Ondskab, naar al Hevngjerrighed, og naar al skarnagtig Skumlen er deruden fore, thi da seer man ikke sjelden: at de lære og forbedre.
Kritikken og meiningsinnhaldet fekk altså spalteplass i Intelligenssedlane, i kontrast til oppfatningar om at adresseaviser berre dreiv kunngjeringsarbeid. Det betyr likevel ikkje at Intelligenssedlane var eit opposisjonelt organ i ein politisk og samfunnsdebatterande kontekst. Sjølv om Schwach unngjekk å søke om kongeleg privilegium for si adresseverksemd, og såleis utnytta eit hål i privilegiumsordninga, valde styresmaktane i København å akseptere avisas eksistens – i følgje Svennik Høyer på grunn av dens politiske tannlausheit. Schwach var sannsynlegvis høgst medviten om at kongens godvilje var lett å omvende, og la sjølv fleire restrikive avgrensingar på avisas mandat: Ein skulle berre trykke stoff som «betreffer alleene Kongeriget Norge», og all rapportering frå det politiske sentrum i Danmark vart dermed utelukka.
Avismotstand i Trondheim
Adresseavisen i Trondheim vart skipa i 1767, og er med det Noregs desidert eldste avis som framleis kjem ut. Heller ikkje i Trondheim blei nyvinninga presentert i blyge ordelag. I følgje utgjevar Martinius Nissen ville bladet (med det fulle namnet Kongelig allene priviligerede Trondheims Adresse-Contoirs Efterretninger) møte både mishag, latter og skuldingar om kjetteri:
Hvo opfandt noget Nyt, som en af mange lastes?
Og som et Kiætterie af Daaren tidt forkastes,
Fordi han Følgerne og Nytten ei kan see,
Og troer han haver Ret til alle Ting at lee?
Hvad saa uskyldigt kan man sig vel foretage?
Som ey den Vanhæld har at lastes og mishage?
[…] Jeg som Adres-Contoir i Tronhiem vil oprette,
Jeg maae med Villighed jo ogsaa vente dette,
At det, som i vor Bye saa usædvanligt er,
Ey Bifald finde vil saa snart hos en og hver.
Sjølv om Adresseavisen hadde fått monopolrett av kongen, som avisas fulle namn indikerer, blei det fleire gonger gjort forsøk på å stoppe utgivinga. Trondheims myndigheiter meinte nemleg at borgaranes informasjonsbehov ikkje var stort nok til å rettferdiggjere ei avis, og at byens einaste boktrykkar hadde krav på konkurransevern. Det var nettopp avslaget på eit slikt privilegium som i 1721 grusla det stutte bergenske avisforsøket Den Ridende Mercurius.
Ei skisse av ein borgarleg offentlegheit
Martinius Nissens visjonar om å tilby byen ein ny offentlegheitsarena kjem tydeleg fram i form av eit skjønnlitterært stykke allereie i første utgåve. Teksten, med tittelen «Avis-Discours», skildrar eit selskap som kvar postdag samlar seg på det lokale vertshuset og debatterer stoffet i ei ikkje-namngitt avis. Dialogen mellom desse borgarane blir samanlikna med ordskiftet i ei lovgivande forsamling:
Der sættes Konger og Fyrster baade ind og af, uden at betænke, hvor liden eller slet ingen Myndighed de dertil har. Der stiller de Armeer i Marken, som ingen Penge koster at underholde. Der jager de et fientligt Partie efter det andet paa Flugten, og ere dog saa langt fra dem, at de ikke kan see, mindre ramme dem. Der eqviperer de en Flode til Landgang, som ved Modvind og god Vind seyler lige langt. Der leverer de store Feltslage og udgyder dog ikke en Draabe Blod.
Men det er vel ikkje forsvarleg for den gemene hop å «røre ved kronede Hoveder» på denne måten, skyt forteljingas observerande hovudperson inn. Skal vanlege menn «indtrænge sig i de Forretninger, hvortil man ikke er kaldet»? Jo, svarer vertshus-eigaren. Den som viser seg fram på verdas skodeplass, skal vente at «enhver, som er Tilskuer, raisonnerer over ham, hvorledes han spiller sin Person». Slik skal avisa hjelpe borgarane til å øve sin forstand, hevdar han. Men viss dei «kronede Hoveder» blir møtt med vanære og fornærmingar og viss folkets deliberasjon fører til fraksjonsdanning og samanrotting, kan slike øvingar ikkje lenger tolererast. Skildringane er langt på veg i tråd med Trygve Riiser Gundersens omtale av 1700-talets offentlegheitsforståing i Danmark-Noreg:
Det potensielt farlige er […] muligheten for forening – den monumentale fortettingen som kan oppstå i de sjeldne tilfellene hvor myriadene av meninger i bakgater, bondestuer og borgerhjem krystalliseres til én.
Ei foreining av menneskjer og meiningar blir i dag sett på som eit openbart aspekt ved eit demokrati, og som ein fundamental føresetnad for ytringsfridom. Men samstundes er ikkje denne retten identisk med fridomen til å ytre seg. Statens frykt for offentleg fraksjonsdanning var også reell i Noreg lenge etter innføringa av grunnlovens paragraf 100. Til dømes blei militærmakt, med heimel i den såkalla opprørslova, fleire gonger nytta for å bryte opp fredelege men opposisjonelle folkesamlingar på 1800-talet (blant anna under bondetoga i 1818 og under torgslaget 17. mai 1829). Mistenkeleggjeringa av organisering og fraksjonsdanning gjaldt også den etablerte politikken: Alle former for valkampverksemd og stemmepåverknad blei betrakta som eit brot på vallova til langt ut på 1800-talet.
Bodskapen i Adresseavisens forteljing kan også sjåast i lys av Jürgen Habermas sine normative skildringar av den borgarlege offentlegheitas vekst og fall. Habermas si offentlegheitsforteljing tek utgangspunkt i korleis det veksande handelsborgarskapet i vestlege bysamfunn på 1700-talet gav opphavet til ein ny arena som var skilt ut frå det private, der kaffihusa og offentlege allmenningar danna arenaar for eit rasjonelt ordskifte mellom uavhengige borgarar. Gjennom drøftingar om moralske og politiske spørsmål i det opne rom blei ideen om ein felles offentleg diskurs skapt, hevdar Habermas, som ikkje var til stades i tidlegare samfunn. I kraft av avisenes og tidsskriftas framkomst blei «folkets røst» ytterlegare eksponert og ekspandert, og i takt med aukande kommersialiserings- og profesjonaliseringstendensar har samfunnet inntatt (re)føydale trekk: Dei reelle samfunnspåverkande debattane har blitt overført til maktas skjulte korridorar, medan den mediedekte offentlege samtale i realiteten er ein evigvarande boksekamp mellom etablerte og institusjonaliserte fraksjonar.
I Adresseavisa åtvara forfattaren om at dei politiske debattane kan skape uheldige fraksjonar. Denne åtvaringa blir delt av Habermas. Deltakaranes fridom i høve til einannan er ein fundamental føresetnad for å skape ein fornuftig og rasjonell offentlegheit, hevdar han: Først når deltakarane ser bort i frå alle statussymbol, og ikkje representerer andre enn seg sjølv, kan argumentets autoritet vinne over det sosiale hierarkiets autoritet.
Dersom Adresseavisens offentlegheitsskildringar seier noko om kva slags ordskifte avisene ville legge til rette for, er den neppe foreineleg med den moderne forståing av offentlegheita som ein debattarena med tydelege forgreiningar til konkret lovgjevande verksemd. I dette fallet framstår den som ein lukka offentlegheit, kor borgarane søker å imitere dei reelle avgjerdsprosessane, framfor å ha reelle maktpåverkande ambisjonar. Vanskeleg er det då å sjå på adresseavisene som ein sjølvstendig institusjonell forlenging av den kaffihus-offentlegheita som Habermas snakkar om. Som Riiser Gundersen også er inne på, bør ikkje syttenhundretalets offentlegheitsideal tolkast som eit frislepp av den offentlege røysta, men heller som eit slags konserverande nasjonalt danningsprosjekt:
I stedet bør vi snarere forstå de nye patriotiske offentlige institusjonene som et forsøk på å intervenere overfor den uformidlede offentlige meningen. Opinionen skal tuktes og dannes, inngis med den rette borgerånd og statsfølelse.
Schizofrene aviser?
Innhaldet i Trondheims første avis syner både likskapstrekk og ulikheiter med Intelligenssedlane i Christiania. Trass i det vidløftige introduksjonsstykket, er det samfunnsdebatterande og politiske meiningsinnhaldet omtrent fråverande, medan innslaget av lokalt og nasjonalt nyheitsstoff er noko meir frekvent enn i Intelligenssedlane sitt fødselsår. Vignetten Adskillige Nyt har ofte ein form som me i dag gjerne vil karakterisere som tabloidstoff. Her får lesarane både servert blodig kriminalstoff om mord og offentlege avrettingar, samt meir lettbeinte forteljingar om blant anna ei sak om ei vanskapt ku, ein «mållaus mann» som plutseleg fekk attende sitt mæle samt om ein Orkdal-familie «som bleve angrebne af en stærk Opkastelse» etter å ha drukke kaffi med rottegift.
Martinius Nissen publiserte ei rekkje naturvitskapelege og historiske stykke med eit klart allmennopplysande mandat, og Trondheims adresseavis var slik også eit produkt av opplysingstidas idear. Blant anna hadde Christian Fester, mathematicus ved De Angelske Stiftelser, ein meir eller mindre fast spalte med utgreiingar om matematikkens historie og om ulike matematiske problem. Ved fleire høve finn ein også heilsider som blir vigd til astronomiske storhender i Finnmark, og i eit nummer blir historia om «glassets opprinnelse» fortald over fleire sider.
I dag omtalar me gjerne våre riksdekkande laussalsaviser som «schizofrene», på grunn av sin måte å kombinere seriøst og meir tabloid nyheitsstoff. Med sin salige blanding av undervising og underhalding, er kanskje dette også ei passande skildring av våre første adresseaviser?
Sensurens tidsalder
Då Adresseavisens utgjevar åtvara mot fraksjonsdanningar og opposisjonelle utsegn, skjedde det i ei tid prega av streng statleg sensur. I Noreg måtte ein sende alle trykte publikasjonar til førehandskontroll hos biskopen, medan professorane hadde tilsvarande oppgåve i Danmark. Med tanke på dei avgrensa vilkåra offentlegheita levde under på 1700-talet, vil Habermas sine idear om den framveksande borgarlege offentlegheita gjerne framstå som overdrevent idealiserande. I alle fall gir Habermas si framstilling eit utilstrekkeleg bilete for å forstå premissane som låg til grunn for den offentlege meiningskulturen i Danmark-Noreg i denne perioden.
Det var først Napoleonskrigane som tvang fram ei reell nyheitspresse i Noreg, hjulpe fram av aukande etterspurnad etter nyheiter samt handelsblokaden som i 1807 hindra importen av danske aviser. Men når ein snakkar om norsk aviser som uavhengige og kritiske arenaar, fri frå statleg kontroll og sensur, var det innføringa av grunnloven i 1814 og dens trykkfridomsparagaf som for alvor bana veg for ei presse med politisk gjennomslagskraft.
Dei norske adresseavisene på 1760-talet var ikkje masse-medium, og kan nok heller ikkje betraktast som deliberative meiningsarenaar. Men vår tidlegaste avispresse har likevel ein sentral plass i norsk offentlegheitshistorie, særleg i kraft av sitt teknisk-institusjonelle bidrag: Dei bidrog til å skape nye band mellom menneskjer og geografiske område, og endra sjølve tidsforløpet og dekningsgraden i skapinga av publikums felleserfaringar. Alt dette er utvilsamt grunnleggjande føresetnadar for framveksten av ein brei og deltakande offentlegheit.
Kjelder:
Eide, Martin (red) (2010): Norsk Presses Historie: En samfunnsmakt blir til 1660–1880. Oslo: Universitetsforlaget.
Habermas, Jürgen (1991): Borgerlig offentlighet. Oslo: Gyldendal .
Høyer, Svennik (1995): Pressen mellom teknologi og samfunn: norske og internasjonale perspektiver på pressehistorien fra Gutenberg til vår tid. Oslo: Universitetsforlaget.
Kongelig alleneprivilegerede Tronhiem Adresse-Contoirs Efterretninger, årgang 1767–1769
Støren, Wilhelm K. (1966): Adresseavisen to hundre år. Trondheim: A/S Adresseavisen.
Norske Intelligenz-Seddeler, årgang 1763–1765.
Nøding, Aina (2007): Vittige kameleoner. Litterære tekster i norske adresseaviser, 1763–1769. Oslo: Universitetet i Oslo.
Sprauten, Knut (1992): Oslo bys historie: Byen ved festningen. Oslo: Cappelen.
Statistisk sentralbyrå (1980): Norges første folketelling 1769. Oslo.
Viken, Øystein Idsø (2009): «”Et Blad som fører Norsk Beretning” – Ein intensjonal påstand mot strukturelle tesar gjeldande nyhendekonjunkturane i Norske Intelligenz-Seddeler 1763–74». Fortid 6, nr. 1.