Sensur og subsidiar i trykkefridomens grenseland

Historia om kong Carl Johans pressepolitikk syner fram trykkefridomens grenser i unionstidas Noreg.

To hund­re år etter 1814 er trykke­fri­do­men og infor­ma­sjons­fri­do­men trygt inn­bakt i kon­sti­tu­sjo­nen, og presse­støt­ta fun­ge­rer som eit sik­rings­nett for ei fri og dif­fe­ren­si­ert pres­se. Sta­ten skal vere pres­sas støtte­spe­lar, men på ei arm­lengds avstand: Støt­ta må byg­gjast på reint objek­ti­ve for­hold, og skal ikkje fram­stå favo­ri­se­ran­de eller dis­kri­mi­ne­ran­de.

Det vak­te difor ei viss opp­sikt då Frams­tegs­par­ti­ets Ib Thom­sen i fjor haust vars­la kutt i presse­støt­ta, og der­et­ter kom med ei trugs­måls­lik­nan­de spå­dom om Dags­avi­sens dyst­re fram­tid: Dei «bør skjel­ve i buk­se­ne».

Sann­syn­leg­vis vil­le Thom­sens utspel pas­sa betre inn i 1800-talets medie­of­fent­leg­heit og i debat­ta­ne om por­to­mo­de­ra­sjo­nen. Presse­støt­tas tid­le­gas­te for­lø­par utvik­la seg nem­leg til å ver­te eit treff­sik­kert poli­tisk vapen, og dei nors­ke avi­s­ma­ka­ra­ne skalv utvil­samt i buk­se­ne.

«Uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae»

Sjølv om 1969 van­leg­vis blir rek­na som start­punk­tet for den nors­ke presse­støt­ta, har nors­ke aviser og tids­skrift i rea­li­te­ten mot­te­ke sær­ei­gen og livs­vik­tig stats­støt­te heilt sidan den såkal­la por­to­mo­de­ra­sjo­nen opp­sto ved lov i 1796.

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Karl Johan som kron­prins. Malt i 1811 av Fran­cois Gerard.

Med den­ne nye ord­nin­ga kun­ne ein sen­de aviser og tids­skrift med kraf­tig redu­ser­te eller ingen porto­kost­na­dar, fram­for å sen­de dei i pos­ten som brev. Rabatt­ord­nin­ga blei utover 1820-åra nyt­ta sær­leg aktivt av kong Carl Johan, som del­te den ut til kvar enkelt redak­sjon «inn­til vida­re». Såleis ver­ka den både som eit føre­byg­gjan­de og eit sank­sjo­ne­ran­de mid­del: For å opp­nå por­to­mo­de­ra­sjon måt­te utgje­va­ra­ne opp­ar­bei­de ei viss grad av til­lit og vel­vil­je hos kon­gen, og der­som til­li­ten for­svann, vart den øko­no­mis­ke straf­fa hard å over­le­ve.

«Thi uden Por­to­mo­de­ra­tion kan nep­pe Avi­is i Nor­ge bestaae.» Det var kon­klu­sjo­nen til redak­tør Soel­vold i oppo­si­sjons­avi­sa Stats­bor­ge­ren etter at den blei frå­te­ken sin por­to­mo­de­ra­sjon i 1834. Årsa­ka var enkel: Stats­bor­ge­ren had­de gjort seg skul­dig i å pren­te «løgn­ak­ti­ge» og «for­nær­me­li­ge» påstan­dar i to smede­dikt om finans­mi­nis­ter Jonas Col­lett. Om påstan­da­ne ikkje var for­nær­me­le­ge, var dei utvil­samt kon­fron­te­ran­de: Dik­tets hovud­per­son blei skul­da i å «råde under­gang», og demo­ra­li­se­re fol­ket ved «skjen­dig pral». Før han «skal vor fri­het søn­der­knu­ge», opp­mo­da for­fat­ta­ren til å jage hans slekt ut av lan­det («Af Lan­det jage vi hans Æt»). I avslut­nin­ga blir det stilt eit høgst reto­risk spørs­mål: «Hvad Nyt­te har vel C-let gjort For Sta­ten i det hele? Mon andet ædelt, Godt og Stort, End egen Kage mælet.»

Avisen Statsborgeren med Collett-diktet på førstesiden. Klikk på bildet for å laste ned hele avisutgaven i pdf.

Avi­sen Stats­bor­ge­ren med Col­lett-dik­tet på første­si­den. Klikk på bil­det for å las­te ned hele avis­ut­ga­ven i pdf.

Stats­bor­ge­ren, som var blant lan­dets mest oppo­si­sjo­nel­le røys­ter, mis­ta ikkje por­to­mo­de­ra­sjo­nen utan kamp. Avi­sa tryk­ka flei­re inn­send­te brev (som sann­syn­leg­vis var for­fat­ta av redak­tør Soel­vold sjølv), kor den såkal­la des­po­tis­ke regje­rin­ga vart skul­da i å spø­ke med kon­sti­tu­sjo­nens hovud­prin­sipp: «Saa­vel den nors­ke, som svens­ke Regje­ring have i den sene­re Tid taget saa alvor­li­ge For­holds­reg­ler mod Tryke­fri­he­den, at man næs­ten kun­de fris­tes til at troe, de have svo­ret den Under­gang».

Systemkritikk under press

I det famø­se dik­tet (pdf) blei Jonas Col­lett rett nok ikkje namn­gitt, men vart der­imot omta­la ved den lite kryp­tis­ke omskri­vin­ga «C-let». Sli­ke grep var ikkje uvan­le­ge i dåti­das aviser og nyheits­blad, og skul­le nok ver­ke som ei sik­ring mot kon­ge­leg unå­de og retts­leg til­ta­le. Stats­bor­ge­ren gjekk langt i å nek­te for at den­ne C-let var iden­tisk med stats­råd Col­lett. På trykk hev­da ein at «Ingen, uden den meest vil­kaar­li­ge For­tolk­ning» kan for­kla­re at finans­mi­nis­te­ren var dik­tets hovud­per­son.

Kon­gens aksjon mot Stats­bor­ge­ren vis­te like­vel at sati­ren og den indi­rek­te sys­tem­kri­tik­ken var under sterkt press. Når kri­ti­ka­ren ikkje len­ger kun­ne gøy­me seg bak omskri­vin­gar, alle­go­ri­ar og iro­ni, blei det umog­leg å leg­ge sine ord på vekt­skå­la utan at rabu­lis­ten ga dei ei ny mei­ning, hev­da Soel­vold: «…naar det til Exem­pel skul­de fal­de Nogen ind at tale om Regje­rin­gens dybe Ind­sig­ter og mage­løse Viis­dom, med mere Godt, som en Regje­ring bør være i Besid­del­se af, saa kun­de det jo bli­ve udty­det til Spot». Til og med ros og smi­ger kun­ne føre til poli­tisk for­føl­ging!

1821: Trykkefridomens «nesten-død»

Norsk offent­lig­hets his­to­rie

  • Fritt Ord løy­va i vår 1,5 mil­lio­nar kro­ner til bok­pro­sjek­tet Norsk offent­lig­hets his­to­rie.
  • Ini­tia­tiv­ta­ka­ra­ne er ei grup­pe fors­ka­rar ved Insti­tutt for infor­ma­sjons- og medie­vi­ten­skap, UiB, med pro­fes­sor Jostein Grips­rud som lei­ar.
  • Målet for pro­sjek­tet er eit stort og rikt illus­tert bok­verk, med plan­lagt pub­li­se­ring i utgan­gen av 2016.
  • Arbei­det vil bli for­mid­la under­vegs i form av artik­lar og blogg­inn­legg på Vox Pub­li­ca.

Fire år etter unions­av­ta­len med Sve­ri­ge i 1814, fore­slo kong Carl Johan eit til­legg til riks­akta som i prak­sis vil­le inn­skren­ke trykke­fri­do­men: Alle pren­ta ytrin­gar som enten direk­te eller indi­rek­te for­nær­ma unio­nen og bro­der­fol­ket, skul­le kun­ne straf­fast med feng­sel. Det­te uav­hen­gig av om for­nær­min­ga var «iklæd­te i For­tæl­lin­ger, Fab­ler og over­ho­ved­et i Alle­go­ri­er». For­fat­ta­ren eller utgi­va­ren av sli­ke verk skul­le også for all tid tape ret­ten til å utgje offent­le­ge pub­li­ka­sjo­nar.

Først i 1821 blei saka tatt opp i Stor­tin­get, og ein gjekk ein­stem­mig mot pro­po­si­sjo­nen. Frå talar­sto­len blei det hev­da at for­mu­le­rin­ga «indi­rek­te» vil­le gi anled­ning til svært vage og vil­kår­li­ge for­tol­kin­gar, og at for­sla­get vil­le «til­in­tet­gjø­re det i Grund­lo­vens §. 100 giv­ne Bud, «at Trykke­fri­het bør fin­de sted», og saa­le­des gjø­re en For­and­ring i Grund­lo­ven, der stod i Strid med et af dens Prin­ci­per».

Carl Johan ope­rer­te utvil­samt i ei grå­sone. Sjølv om Stor­tin­get ver­na om trykke­fri­do­mens opp­hav­le­ge form, kun­ne para­gra­fen juri­disk sett ikkje hind­re Carl Johans makt over avi­se­nes leve­vil­kår. I prin­sip­pet var mode­ra­sjons­ord­nin­ga ei øko­no­misk godt­gjers­le, og utgjor­de i seg sjølv ikkje noko eks­pli­sitt for­bod av makt­kri­tis­ke og and­re ska­de­le­ge ytrin­gar.

På veg mot ein stortingsregulert portomoderasjon

At por­to­mo­de­ra­sjo­nen like­vel utgjor­de eit brot på trykke­fri­do­men i prak­sis, var der­imot kon­sen­sus i dei oppo­si­sjo­nel­le presse­kret­sa­ne. Redak­tør for avi­sa Patroul­len, Lud­vig Mari­boe, var blant dei mest mar­kan­te stem­me­ne i saka. Sjølv fekk han avslag på sin søk­nad om mode­ra­sjon i 1824, og karak­te­ri­ser­te ord­nin­ga som eit reint sen­sur­mid­del.

Ludvig Mariboe (1781-1841), avisredaktør.

Lud­vig Mari­boe (1781–1841), avis­re­dak­tør.

Patroul­len har i etter­tid blitt omta­la som det grun­di­gas­te oppo­si­sjons­or­ga­net i Noreg før 1830, og det er enkelt å skjø­ne at avi­sa kun­ne vur­de­rast som ei fare for stats­ap­pa­ra­tet. Bladets tit­tel spel­te nett­opp på avi­sas rol­le som eit patrul­je­ran­de og grans­kan­de organ, og gjor­de seg aner­kjend gjen­nom sine detal­jer­te og kri­tis­ke refe­rat frå stor­tings­for­hand­lin­ga­ne. Finans­de­par­te­men­tet, som hand­sa­ma Mari­boes søk­nad om por­to­mo­de­ra­sjon, grun­na avsla­get i avi­sas «upas­sen­de Ytrin­ger og Per­so­na­li­te­ter».

I 1827 fore­slo Mari­boe ein lov­be­stemt og stor­tings­re­gu­lert avis­por­to som skul­le like­stil­le alle aviser og blad, fram­for at den utøvan­de makt del­te ut mode­ra­sjo­nen enkelt­vis. Først i 1837 blei lova om stor­tings­re­gu­lert por­to ved­tatt, og kon­gen mis­ta sitt høve til å indi­rek­te dri­ve sen­sur av oppo­si­sjo­nel­le og kri­tis­ke ytrin­gar. Den nors­ke grunn­lova av 1814 stad­fes­ta i sin opp­hav­le­ge hund­re­de para­graf at «trykke­fri­dom bør fin­de sted» og at «Fri­mo­di­ge Ytt­rin­ger om Stats­sty­rel­sen og hvil­ken­som­helst anden Gjen­stand ere Enhver til­lad­te». Det tok der­med lang tid før sli­ke ideal blei hand­sa­ma i prak­sis.

Opportunisten Niels Wulfsberg

For­hol­det mel­lom konge­makt og pres­se var ikkje ber­re pre­ga av oppo­si­sjon og fiend­skap. Niels Wulfs­berg, som i etter­tida står fram som vår førs­te sto­re avispio­ner, byg­de langt på veg sin kar­rie­re på kon­ge­le­ge alli­an­sar og teneste­by­ter.

I første­ut­gå­ve av avi­sa Tiden 28. janu­ar 1808 (pdf) pren­ta Wulfs­berg det førs­te av man­ge hyl­lings­vers til danske­prin­sen og statt­hol­da­ren Chris­ti­an Fre­de­rik. Tiden, som var lan­dets førs­te eigent­le­ge nyheits­avis, lova i si pro­gram­er­klæ­ring «At dra­ge frem for Lyset man­gen nyt­tig Idee, der elles blev skjult i Mør­ket; at for­øge den inden­lands­ke Com­mu­ni­ca­tion til Lands­mænds Nyt­te». Slik skul­le ein også hand­le over­eins med «deres Kongl. Høi­heds Øns­ker, Deres gode Vil­lie». Den svært så aud­mju­ke og under­da­ni­ge støtte­er­klæ­rin­ga had­de sann­syn­leg­vis saman­heng med prin­sens øko­no­mis­ke ytin­gar, som etter kvart vis­te seg å bli ein vik­tig føre­set­nad for at avi­sa i det hei­le kun­ne over­le­ve.

Førsteutgaven av avisen Tiden fra 28. januar 1808. Klikk på bildet for å laste ned hele utgaven som pdf.

Første­ut­ga­ven av avi­sen Tiden fra 28. janu­ar 1808. Klikk på bil­det for å las­te ned hele utga­ven som pdf.

Chris­ti­an Fre­de­rik fekk sjølv­sagt valu­ta for pen­ga­ne, og Tiden utvik­la seg til å bli hans offi­si­el­le organ. Den nære kop­lin­ga mel­lom Wulfs­berg og det dans­ke konge­hu­set er kan­skje på sitt mest påfal­lan­de i det sterkt poli­tisk far­ga eks­tra­num­me­ret etter Kiel-trak­ta­ten i 1814. Utgå­va var tin­ga av kron­prin­sen sjølv, og Tiden kun­ne som førs­te offent­le­ge organ mel­de om fred i Nor­den. «Om Freds­vil­kaa­re­ne kan Udgi­ve­ren Intet til­føie, da han ikke kjen­der dem», skreiv Wulfs­berg. Det gjor­de der­imot Chris­ti­an Fre­de­rik, som bevisst had­de heldt til­ba­ke infor­ma­sjo­nen om at Noreg var avstått til Sve­ri­ge. I til­legg redi­ger­te han bort Wulfs­bergs aller mest entu­si­as­tis­ke for­mu­le­rin­gar om (den påståt­te) fre­den, tru­leg i eit for­søk på å dem­pe fol­kets for­vent­nin­gar.

1814 blei eit merke­år i Wulfs­bergs flek­sib­le kar­rie­re som avis­en­tre­pre­nør. Frå først å føre eit hyl­lan­de for­svar av norsk sjølv­sten­de og grunn­lovs­kon­gen Chris­ti­an Fre­de­rik i Tiden, snud­de han raskt kap­pa etter vin­den då unions­av­ta­len med Sve­ri­ge vart under­teik­na. Det­te kom til syne ved etab­le­rin­ga av Den Nors­ke Rigs­ti­den­de (namne­end­rin­ga kom på ini­tia­tiv frå dåve­ran­de kron­prins Carl Johan, då nam­net visst­nok var meir svensk­ven­leg enn Tiden). Etter kort tid fekk Wulfs­berg eine­rett til å pub­li­se­re regje­rin­gas kunn­gje­rin­gar, og bladet blei raskt eit infor­ma­sjons­or­gan med ein endå meir offi­si­ell stil enn for­gjen­ga­ren. I tida etter unions­av­ta­len var Rigs­ti­den­de fak­tisk lan­dets ein­as­te ikkje-oppo­si­sjo­nel­le avis – og Wulfs­berg mot­tok «Naades­be­vi­is­nin­ger og Gra­ti­fi­ca­tio­ner» frå Carl Johan gjen­nom hei­le sitt ver­ke i bladet.

Skjebnene

Stor­tin­gets ved­tak om ein lov­be­stemt por­to­mo­de­ra­sjon var ikkje til hjelp for Stats­bor­ge­ren og avi­sas aktø­r­ar. Utgje­var Peder Soel­vold gav seg i avi­sa året etter pren­tin­ga av Col­lett-dik­ta, og sat sei­na­re ein kort peri­ode i feng­sel. Ti år etter, i 1845, vart han obser­vert i Chris­tia­nias gater; fat­tig, hus­laus og for­kom­men. Han vart over­la­ten til Akers­hus fat­tig­ve­sen, og døyd­de av kold­brann to år sei­na­re.

Stort betre gjekk det ikkje med for­fat­ta­ren bak smede­dik­tet. Jens Johan Van­gen­steen, som raskt tok på seg ansva­ret, blei stilt for ret­ten og dømt til tukt­hus for ytrin­ga­ne. I etter­tid omgjor­de stift­over­ret­ta ved­ta­ket, då det vis­te seg at for­fat­ta­ren i rea­li­te­ten var løyt­nant Jens Hen­rik von Hadeln. Då Van­gen­steen blei fri­fun­nen, var han alle­reie død.

Trass i ei for­his­to­rie fylt med stat­leg kon­troll og sen­sur – ofte i sterk kon­trast til kon­sti­tu­sjo­nens ideal om trykke­fri­dom – kan for­tel­jin­ga om unions­ti­das presse­po­li­tikk til­by ei vik­tig påmin­ning: Presse­støt­ta har eksis­tert heilt sidan avi­se­nes barn­doms­år, og vår pres­se har til alle tider vore avhen­gig av stat­le­ge sub­si­di­ar for å over­le­ve.

Kjelder

De Nors­ke Rigs­ti­den­de, årgang 1814.
Eide, Mar­tin (red) (2010): Norsk pres­ses his­to­rie 1660–2010, bind 1
Johan­nes­sen, Finn Erhard (1997): All­tid under­veis: Post­ver­kets his­to­rie gjen­nom 350 år
Patroul­len, årgang 1825.
Stats­bor­ge­ren, årgang 1834.
Sto­re Nors­ke Lek­si­kon (nett­ut­gå­ve)
Stor­tings­for­hand­lin­ger, 1818
Stor­tings­for­hand­lin­ger, 1969
Tiden, årgang 1813 og 1814

TEMA

O

ffentli
ghet

73 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen