«Å røre ved Kronede Hoveder»: om dei norske adresseavisenes barndom

Korleis blei dei første avisene i Christiania og Trondheim introdusert for allmennheita på 1760-talet, og kva slags funksjonar fylte dei i offentlegheita?

I europeisk målestokk opp­sto dei norske avisene seint. Noreg var som kjend ein provins under­lagt det danske kon­geriket, med Køben­havn som det udiskutable sen­trum – både poli­tisk, økonomisk og kul­turelt. Den første danske (men rett nok tyskspråk­lege) avisa blei allereie etablert i 1634, over hun­dre år før den norske avis­pres­sa tok til. Den første dan­sk-språk­lege avisa såg dagens lys i 1725.

Rett nok blei det gjort eit mis­luk­ka forsøk på å stifte avis i Bergen i 1722, men det var først i 1763 at Noreg fekk si første ordinære og regelmes­sig utgitte avis med Norske Intel­li­genz-Sed­del­er i Chris­tia­nia. I løpet av dei neste sju åra blei såkalla adresseav­is­er etablert i ytter­legare fire norske byar (Bergen i 1765, Trond­heim i 1767, Aren­dal i 1769 og Sta­vanger i 1770). Nam­net adresseav­is spel­er på koplin­ga til adressekon­to­ra, dei offentlege opplysnings­byråa som på 1700-talet hadde kon­ge­leg priv­i­legium til å formi­dle kun­ng­jeringar i europeiske byar.

Om dei tidle­gaste adresseav­isene kan kallast for avis­er ut i frå dagens defin­isjonar, er kan­skje tvil­samt, men ambisjo­nane om å utføre eit sam­funnsop­p­drag var til stades frå første prent.

Norske Intelligenz-Seddeler: Nyheitsavis eller annonseorgan?

Førsteutgåva av Norske Intelligenz-Seddeler

Førs­teut­gå­va av Norske Intel­li­genz-Sed­del­er (25. mai, 1763)

Mange har lenge «for­langet og øns­ket og se nyt­tige efter­ret­ninger Norge betr­e­f­fende», observer­er utg­je­var og bok­trykkar Samuel Con­rad Schwach i første utgåve av Norske Intel­li­genz-Sed­del­er 25. mai 1763, og lover så å utg­je sitt blad kvar veke. Deretter føl­ger eit vik­tig atter­hald, då «denne heele nyt­tigge Indret­ning» var avhengig av alle «Patri­ot­ers God­hed og Vil­lighed, i at ind­sende til Bogtryg­geri­et alt hvad der­til eragtes tien­ligt». Schwach opp­gav ingen sjanger- eller temames­sige restrik­sjonar. Var det nyt­tig, var det velkoment!

Den unge bok­trykkaren var opti­mistisk på veg­ne av den nye avisas framtid. I avisas opn­ings­dikt blir spørsmålet «Men skrivter! Hvor er de?» med eitt besvart: «Jo mænd De find­es!». Ende­leg kunne pub­likum lese ei norsk avis som «før­er Norsk Beretning»! Sågar skulle avisa «Fyldest­giøre dig i aller­største Grad», og slik vise at Noreg «ejer og Forstand».

[…] Men Skrivter! Hvor er de?

Jo mænd! De find­es, som om Norge ogsaa taler;

Men hvad kand Norge for, at alle ej vil see?

Her kom­mer nu et Blad, som før­er Norsk Beretning

Om en og anden Ting, som ogsaa tiene kand;

Det andre viise skal til Deres Efterretning:

At Norge haver Folk, som ejer og Forstand.

Jo meer, Min læsere! Man Dig bedst kand fornøje;

Jo meer begiærlig Du afhæn­ter dette Blad,

Jo meer man Stræbe skal, og have sig for Øje:

At Fyldest­giøre Dig i aller­største Grad.

(Intel­li­genss­ed­lanes opningsvers)

Av førs­teut­gå­va å dømme er det liten tvil om at Intel­li­genss­ed­lane var meint som eit ledd på veg­en mot ein styr­ka norsk iden­titet og sjølvk­jensle. Både avisas tit­tel, pro­gramerk­læring og opn­ingsvers er pre­ga av refer­ansar til det norske og det patri­o­tiske. Som det i ei seinare utgåve vart påpeikt: Bladet skulle vere til ære og nytte for fedrelandet.

Kva er det som gjer at etter­ti­da omtaler net­topp Intel­li­genss­ed­lane som Noregs første avis? Med tanke på den rike tidsskrift­flo­raen som veks fram i Noreg på 1700-talet, er dette eit rime­leg spørsmål. Intel­li­genss­ed­lane hadde visse lik­skap­strekk med tidsskrif­ta, både med omsyn til utgiv­ings­frekvens, typografi og sjanger­bruk. Men der tidsskriftlit­ter­a­turen fokuserte på bor­ti­mot tid­lause spørsmål rundt vit­skap, reli­gion, filosofi og moral, intro­duserte den nye avisa ein heilt ny grad av aktu­alitet i sitt kun­ng­jer­ingsstoff. Med dei meir eller min­dre faste vignettane som tjen­estesøk­ende, bek­jent­gjørelser, til kjøps, tapte sak­er, auk­sjon­er, fødte og døde samt inkomne skip, opna Intel­li­genss­ed­lane opp for ei byr­jande insti­tusjon­alis­er­ing av offent­leg infor­masjon­ssprei­ing. Kun­ng­jeringar som tidle­gare var delt gjen­nom jun­gel­telegrafen – eventuelt i form av fly­ge­blad eller bod­stikker – fekk ved hjelp av avisene ein effek­tiv veg inn i den enkelte pri­vats­fære og vidare inn i det felles offentlege rom. Slik bidrog aver­tisse­mentsstof­fet til å desen­tralis­ere og tilgjen­ge­leg­gjere den såkalla norske beretning. Sam­stun­des bør sprei­ingsef­fek­ten ikkje over­dri­vast: Sjølv om avisene blei delt av mange lesarar i meir eller min­dre organ­is­erte lesesirk­lar, utgjorde avisas opplag (om lag to hun­dre) i under­kant av tre pros­ent av byens innbyg­g­jar­tal mot slut­ten i 1765.

Tre vek­er før avisa såg dagens lys, pub­lis­erte Schwach eit notat der han greia ut om den plan­lagde hov­ud­dis­po­sisjo­nen for dei komande num­ra. Her kjem det klart fram at annon­se­formidling skulle vere avisas hov­ud­verk­semd. Det rom som eventuelt blei ledig, skulle fyl­last med små forteljin­gar i prosa eller på vers. Allereie etter dei første num­ra kan ein merke at aver­tisse­mentsstof­fet ikkje på langt nær blei så omfat­tande som for­ven­ta, og ymse over­skotsstoff (san­nyn­legvis hen­ta frå andre skrifter) blei raskt inklud­ert. Sær­leg kjem dette til syne under den breie spal­ta Oeconomiske og andre Efter­ret­ninger. Paradok­salt nok for ei byavis, som neppe hadde ein stor lesarskare utan­for Chris­tia­nias grenser, fekk pub­likum her servert tips om kor­leis ein skal føre­bygge sjuk­do­mar hos sau, kor­leis ein skal dyrke åker og kor­leis ein lagrar sitronar gjen­nom vin­ter­halvåret. At det sist­nem­nde stykket blei tryk­ka midt på som­maren, tyder også på at stofftil­fanget neppe var formidabelt.

Etter kvart som annon­se­an­de­len sta­bilis­er­er seg på eit nivå tilsvarande under halv­parten av avisas spal­teplass, aukar innslaget av tek­star i essay‑, dikt, brev- og fabelform. Styk­ka fyller som regel både førte- og andresi­da og er gjerne sprei­dd ut over fleire utgåver, noko som gjer dei til utgåvenes mest omfangsrike enkelt­tek­star. Desse tek ofte opp moralske, filosofiske og smak­sre­laterte tema frå ein ofte kri­tisk synsvinkel. Sær­leg får stykket «Om Sma­gen i at skrive» ein vik­tig plass i avisas spede start som debat­tor­gan. Essayet kri­tis­er­er dei mod­erniserte og «fordærvede» skrivereglane, og blir gjen­stand for ei rekkje applauderande og kri­tiske tilsvar. Denne er utgangspunk­tet for eit svært kri­tisk brev frå ein anonym innsendar:

Cri­ti­quer, som gjerne agtes onde, for den vidende og gjen­nemtræn­gende Kraft der føl­ger med dem, og som de oftest før­er med sig, er dog u‑skateerlige og gode, naar de bruges ret, og holdes inden sine Grændser, naar al Ond­skab, naar al Hevng­jer­righed, og naar al skar­nagtig Skumlen er deru­den fore, thi da seer man ikke sjelden: at de lære og forbedre.

Kri­tikken og mein­ingsinnhaldet fekk alt­så spal­teplass i Intel­li­genss­ed­lane, i kon­trast til opp­fat­ningar om at adresseav­is­er berre dreiv kun­ng­jer­ingsar­beid. Det betyr likev­el ikkje at Intel­li­genss­ed­lane var eit oppo­sisjonelt organ i ein poli­tisk og sam­funns­de­bat­terande kon­tekst. Sjølv om Schwach unng­jekk å søke om kon­ge­leg priv­i­legium for si adres­sev­erk­semd, og såleis utnyt­ta eit hål i priv­i­legium­sor­d­ninga, valde styres­mak­tane i Køben­havn å akseptere avisas eksis­tens – i føl­gje Sven­nik Høy­er på grunn av dens poli­tiske tannlausheit. Schwach var sannsyn­legvis høgst med­viten om at kon­gens godvil­je var lett å omvende, og la sjølv fleire restrikive avgrensin­gar på avisas man­dat: Ein skulle berre trykke stoff som «betr­e­f­fer alleene Kon­geriget Norge», og all rap­por­ter­ing frå det poli­tiske sen­trum i Dan­mark vart dermed utelukka.

Avismotstand i Trondheim

Førsteutgåva av Adresseavisen

Førs­teut­gå­va av Adresseav­isen (3. juli, 1767). Legg merke til det kon­gelege vapen­skjold­et, som fram­leis pry­der avisas emblem.

Adresseav­isen i Trond­heim vart skipa i 1767, og er med det Noregs desidert eld­ste avis som fram­leis kjem ut. Heller ikkje i Trond­heim blei nyvin­ninga pre­sen­tert i blyge orde­lag. I føl­gje utg­je­var Mar­tinius Nis­sen ville bladet (med det fulle nam­net Kon­gelig allene priv­iligerede Trond­heims Adresse-Con­toirs Efter­ret­ninger) møte både mishag, lat­ter og skuldin­gar om kjetteri:

Hvo opfandt noget Nyt, som en af mange lastes?

Og som et Kiæt­terie af Daaren tidt forkastes,

For­di han Føl­gerne og Nyt­ten ei kan see,

Og troer han haver Ret til alle Ting at lee?

Hvad saa uskyldigt kan man sig vel foretage?

Som ey den Van­hæld har at lastes og mishage?

[…] Jeg som Adres-Con­toir i Tron­hiem vil oprette,

Jeg maae med Vil­lighed jo ogsaa vente dette,

At det, som i vor Bye saa usæd­van­ligt er,

Ey Bifald finde vil saa snart hos en og hver.

Sjølv om Adresseav­isen hadde fått monopol­rett av kon­gen, som avisas fulle namn indik­er­er, blei det fleire gonger gjort forsøk på å stoppe utgivin­ga. Trond­heims myn­digheit­er meinte nem­leg at bor­garanes infor­masjons­be­hov ikkje var stort nok til å ret­tfer­dig­gjere ei avis, og at byens einaste bok­trykkar hadde krav på konkur­ran­sev­ern. Det var net­topp avs­laget på eit slikt priv­i­legium som i 1721 grus­la det stutte bergenske avis­forsøket Den Ridende Mer­curius.

Ei skisse av ein borgarleg offentlegheit

Mar­tinius Nis­sens visjonar om å til­by byen ein ny offentlegheit­sare­na kjem tyde­leg fram i form av eit skjønnlit­terært stykke allereie i første utgåve. Tek­sten, med tit­te­len «Avis-Dis­cours», skil­drar eit sel­skap som kvar postdag sam­lar seg på det lokale vertshuset og debat­ter­er stof­fet i ei ikkje-nam­n­gitt avis. Dialo­gen mel­lom desse bor­garane blir saman­lik­na med ord­skiftet i ei lov­gi­vande forsamling:

Der sættes Konger og Fyrster baade ind og af, uden at betænke, hvor liden eller slet ingen Myn­dighed de der­til har. Der stiller de Armeer i Marken, som ingen Penge koster at under­holde. Der jager de et fientligt Par­tie efter det andet paa Flugten, og ere dog saa langt fra dem, at de ikke kan see, min­dre ramme dem. Der eqviper­er de en Flode til Landgang, som ved Mod­vind og god Vind seyler lige langt. Der lev­er­er de store Felt­slage og udgy­der dog ikke en Draabe Blod.

Men det er vel ikkje forsvar­leg for den gemene hop å «røre ved kro­nede Hov­ed­er» på denne måten, skyt forteljin­gas observerande hov­ud­per­son inn. Skal van­lege menn «indtrænge sig i de For­ret­ninger, hvor­til man ikke er kaldet»? Jo, svar­er vertshus-eigaren. Den som vis­er seg fram på ver­das skode­plass, skal vente at «enhver, som er Tilskuer, raison­ner­er over ham, hvorledes han spiller sin Per­son». Slik skal avisa hjelpe bor­garane til å øve sin for­stand, hev­dar han. Men viss dei «kro­nede Hov­ed­er» blir møtt med vanære og fornær­min­gar og viss folkets delib­erasjon før­er til frak­sjons­dan­ning og saman­rot­ting, kan slike øvin­gar ikkje lenger tol­ererast. Skildringane er langt på veg i tråd med Trygve Riis­er Gun­der­sens omtale av 1700-talets offentlegheits­forståing i Danmark-Noreg:

Det poten­sielt farlige er […] muligheten for foren­ing – den mon­u­men­tale fortet­tin­gen som kan opp­stå i de sjeldne til­fel­lene hvor myr­i­adene av meninger i bak­gater, bon­destuer og borg­er­hjem krys­tallis­eres til én.

Ei for­ein­ing av men­neskjer og meiningar blir i dag sett på som eit open­bart aspekt ved eit demokrati, og som ein fun­da­men­tal føre­set­nad for ytrings­fridom. Men sam­stun­des er ikkje denne ret­ten iden­tisk med fridomen til å ytre seg. Statens frykt for offent­leg frak­sjons­dan­ning var også reell i Noreg lenge etter inn­føringa av grunnlovens para­graf 100. Til dømes blei mil­itær­makt, med heimel i den såkalla opprørslo­va, fleire gonger nyt­ta for å bryte opp fre­delege men oppo­sisjonelle folke­sam­lin­gar på 1800-talet (blant anna under bon­deto­ga i 1818 og under torgslaget 17. mai 1829). Mis­tenke­leg­gjeringa av organ­is­er­ing og frak­sjons­dan­ning gjaldt også den etablerte poli­tikken: Alle for­mer for valkam­pverk­semd og stem­mepåverk­nad blei betrak­ta som eit brot på vallo­va til langt ut på 1800-talet.

Bod­skapen i Adresseav­isens forteljing kan også sjåast i lys av Jür­gen Haber­mas sine nor­ma­tive skildringar av den bor­gar­lege offentlegheitas vekst og fall. Haber­mas si offentlegheits­forteljing tek utgangspunkt i kor­leis det vek­sande han­dels­bor­garskapet i vestlege bysam­funn på 1700-talet gav opphavet til ein ny are­na som var skilt ut frå det pri­vate, der kaf­fi­husa og offentlege all­men­ningar dan­na are­naar for eit rasjonelt ord­skifte mel­lom uavhengige bor­garar. Gjen­nom drøftin­gar om moralske og poli­tiske spørsmål i det opne rom blei ideen om ein felles offent­leg diskurs skapt, hev­dar Haber­mas, som ikkje var til stades i tidle­gare sam­funn. I kraft av avisenes og tidsskrif­tas framkomst blei «folkets røst» ytter­legare ekspon­ert og ekspan­dert, og i takt med aukande kom­mer­sialis­er­ings- og pro­fesjon­alis­er­ing­s­ten­den­sar har sam­fun­net inntatt (re)føydale trekk: Dei reelle sam­funnspåverkande debat­tane har blitt over­ført til mak­tas skjulte kor­ri­do­rar, medan den mediedek­te offentlege sam­tale i realiteten er ein evig­varande bok­sekamp mel­lom etablerte og insti­tusjon­alis­erte fraksjonar.

I Adresseav­isa åtvara for­fattaren om at dei poli­tiske debat­tane kan skape uheldige frak­sjonar. Denne åtvaringa blir delt av Haber­mas. Deltakaranes fridom i høve til einan­nan er ein fun­da­men­tal føre­set­nad for å skape ein for­nuftig og rasjonell offentlegheit, hev­dar han: Først når deltakarane ser bort i frå alle sta­tussym­bol, og ikkje rep­re­sen­ter­er andre enn seg sjølv, kan argu­mentets autoritet vinne over det sosiale hier­arki­ets autoritet.

Der­som Adresseav­isens offentlegheitsskildringar seier noko om kva slags ord­skifte avisene ville legge til rette for, er den neppe for­eine­leg med den mod­erne forståing av offentleghei­ta som ein debattare­na med tydelege for­greiningar til konkret lovg­je­vande verk­semd. I dette fal­l­et fram­står den som ein luk­ka offentlegheit, kor bor­garane søk­er å imitere dei reelle avg­jerd­spros­es­sane, fram­for å ha reelle mak­t­påverkande ambisjonar. Vanske­leg er det då å sjå på adresseav­isene som ein sjølvs­tendig insti­tusjonell for­leng­ing av den kaf­fi­hus-offentleghei­ta som Haber­mas snakkar om. Som Riis­er Gun­der­sen også er inne på, bør ikkje syt­ten­hun­dretalets offentlegheit­side­al tolka­st som eit frislepp av den offentlege røys­ta, men heller som eit slags kon­serverande nasjon­alt danningsprosjekt:

I stedet bør vi snarere forstå de nye patri­o­tiske offentlige insti­tusjonene som et forsøk på å inter­venere over­for den uformi­dlede offentlige menin­gen. Opin­io­nen skal tuk­tes og dannes, inngis med den rette borg­erånd og statsfølelse.

Rekonstruert utgåve av Adresseavisens første handpresse. Presentert på fjernsynet under avisas 200 års-jubileum.

Adresseav­isens første hand­presse, rekon­struert i tre fjerde­les stor­leik. Pres­sa, som kunne trykke 200 avis­er per time, vart pre­sen­tert i sam­band med avisas 200-årsju­bileum i 1967 (skjer­mdump frå NRK).

Schizofrene aviser?

Innhaldet i Trond­heims første avis syn­er både lik­skap­strekk og ulikheit­er med Intel­li­genss­ed­lane i Chris­tia­nia. Trass i det vidløftige intro­duk­sjon­sstykket, er det sam­funns­de­bat­terande og poli­tiske mein­ingsinnhaldet omtrent fråverande, medan innslaget av lokalt og nasjon­alt nyheitsstoff er noko meir frekvent enn i Intel­li­genss­ed­lane sitt fød­sel­sår. Vignetten Adskil­lige Nyt har ofte ein form som me i dag gjerne vil karak­teris­ere som tabloid­stoff. Her får lesarane både servert blodig krim­i­nal­stoff om mord og offentlege avret­tin­gar, samt meir let­tbeinte forteljin­gar om blant anna ei sak om ei van­skapt ku, ein «mål­laus mann» som plut­se­leg fekk attende sitt mæle samt om ein Ork­dal-fam­i­lie «som bleve angreb­ne af en stærk Opkas­telse» etter å ha drukke kaf­fi med rottegift.

Mar­tinius Nis­sen pub­lis­erte ei rekkje naturvit­skapelege og his­toriske stykke med eit klart all­mennop­plysande man­dat, og Trond­heims adresseav­is var slik også eit pro­dukt av opplysingsti­das idear.  Blant anna hadde Chris­t­ian Fes­ter, math­e­mati­cus ved De Angelske Stif­telser, ein meir eller min­dre fast spalte med utgrei­in­gar om matem­atikkens his­to­rie og om ulike matem­a­tiske prob­lem. Ved fleire høve finn ein også heil­sider som blir vigd til astronomiske storhen­der i Finn­mark, og i eit num­mer blir his­to­ria om «glas­sets opprin­nelse» for­t­ald over fleire sider.

I dag omta­lar me gjerne våre riks­dekkande laus­sal­savis­er som «schizofrene», på grunn av sin måte å kom­binere ser­iøst og meir tabloid nyheitsstoff. Med sin salige bland­ing av under­vis­ing og under­hald­ing, er kan­skje dette også ei pas­sande skildring av våre første adresseaviser?

Sensurens tidsalder

Då Adresseav­isens utg­je­var åtvara mot frak­sjons­dan­ningar og oppo­sisjonelle utsegn, skjed­de det i ei tid pre­ga av streng stat­leg sen­sur. I Noreg måtte ein sende alle tryk­te pub­likasjonar til føre­hand­skon­troll hos biskopen, medan pro­fes­so­rane hadde tilsvarande oppgåve i Dan­mark. Med tanke på dei avgren­sa vilkåra offentleghei­ta levde under på 1700-talet, vil Haber­mas sine idear om den framvek­sande bor­gar­lege offentleghei­ta gjerne fram­stå som over­drevent ide­aliserande. I alle fall gir Haber­mas si fram­still­ing eit util­strekke­leg bilete for å forstå pre­mis­sane som låg til grunn for den offentlege mein­ingskul­turen i Dan­mark-Noreg i denne perioden.

Det var først Napoleon­skri­g­ane som tvang fram ei reell nyheit­s­presse i Noreg, hjulpe fram av aukande etter­spur­nad etter nyheit­er samt han­dels­blokaden som i 1807 hin­dra importen av danske avis­er. Men når ein snakkar om norsk avis­er som uavhengige og kri­tiske are­naar, fri frå stat­leg kon­troll og sen­sur, var det inn­føringa av grunnloven i 1814 og dens trykkfridomspara­gaf som for alvor bana veg for ei presse med poli­tisk gjen­nom­slagskraft.

Dei norske adresseav­isene på 1760-talet var ikkje masse-medi­um, og kan nok heller ikkje betrak­tast som delib­er­a­tive mein­ingsare­naar. Men vår tidle­gaste avis­presse har likev­el ein sen­tral plass i norsk offentlegheit­shis­to­rie, sær­leg i kraft av sitt teknisk-insti­tusjonelle bidrag: Dei bidrog til å skape nye band mel­lom men­neskjer og geografiske område, og endra sjølve tids­for­løpet og dekn­ings­graden i skapin­ga av pub­likums felle­ser­faringar. Alt dette er utvil­samt grunn­leg­g­jande føre­set­nadar for framvek­sten av ein brei og deltakande offentlegheit.

Kjelder:

Eide, Mar­tin (red) (2010): Norsk Press­es His­to­rie: En sam­funns­makt blir til 1660–1880. Oslo: Universitetsforlaget.

Haber­mas, Jür­gen (1991): Borg­erlig offent­lighet. Oslo: Gyldendal .

Høy­er, Sven­nik (1995): Pressen mel­lom teknolo­gi og sam­funn: norske og inter­nasjonale per­spek­tiv­er på presse­his­to­rien fra Guten­berg til vår tid. Oslo: Universitetsforlaget.

Kon­gelig allenepriv­i­legerede Tron­hiem Adresse-Con­toirs Efter­ret­ninger, årgang 1767–1769

Støren, Wil­helm K. (1966): Adresseav­isen to hun­dre år. Trond­heim: A/S Adresseavisen.

Norske Intel­li­genz-Sed­del­er, årgang 1763–1765.

Nød­ing, Aina (2007): Vit­tige kameleon­er. Lit­terære tek­ster i norske adresseav­is­er, 1763–1769. Oslo: Uni­ver­sitetet i Oslo.

Spraut­en, Knut (1992): Oslo bys his­to­rie: Byen ved fes­t­nin­gen. Oslo: Cappelen.

Sta­tis­tisk sen­tral­byrå (1980): Norges første folketelling 1769. Oslo.

Viken, Øys­tein Idsø (2009): «”Et Blad som før­er Norsk Beretning” – Ein inten­sjon­al pås­tand mot struk­turelle tesar gjel­dande nyhen­dekon­junk­tu­rane i Norske Intel­li­genz-Sed­del­er 1763–74». For­tid 6, nr. 1.

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen