Facereader – ein farleg teknologi som bør brukast i forsking

Ansiktet seier meir enn tusen ord. Ansiktslesarteknologi som Facereader har positivt potensial for medieforsking, men reiser óg mange etiske dilemma.

Det er allereie van­leg å få lest av ansik­tet sitt i ulike teknolo­giar. iPhone X brukar ansik­ts­g­jenkjen­ning for å opna telefonen.

Innafor forsk­ing og utvikling er den bio­metriske ansik­t­sle­saren eit pre­sist verk­tøy som vert stadig meir tilgjen­ge­leg. Store menger data kan lagrast og brukast vidare.

Her vil me fyrst fortel­ja litt om den indus­trien som ansik­t­sle­saren er ein del av. Kan slik teknolo­gi spela ei verdi­full rolle for akademisk resep­sjons- og pub­likums­forsk­ing også? Kva er forde­lane og ulem­pene med dette nye verk­tøyet for utvikling og forsking?

Fagreise til Nederland

Me drog på vitjing til Noldus Infor­ma­tion Tech­nol­o­gy i Ned­er­land i haust for å læra meir om temaet. Me tes­ta eye­track­ing og Fac­eread­er, og me fekk fork­laringar frå Patrick H. Zim­mer­man. Han har dok­tor­grad i åtferds­bi­olo­gi med fokus på dyrev­elferd og dyrep­sykolo­gi, så utgangspunk­tet er mildt sagt forskjel­lig frå medievitskapen!

Slik fungerer Facereader

Fac­eread­er er ei pro­gram­vare basert på maskin­læring. Den utfør­er automa­tiske analysar av ansik­t­sut­trykk ved hjelp av 500 nøkkelpunkt. Verk­tøyet kan ta imot alle video- og bilet­for­mat, og er meint å gje innsikt i den kort­sik­tige effek­ten av ulike stim­uli som ein brukar vert utsett for.

Screen­shot av Fac­eread­er når den les ansik­tet til Lars Nyre. Foto: Lars Nyre.

Fac­eread­er analy­ser­er muskel­beveg­elser i ansik­tet. Analy­sen vis­er utslaget for dei seks ansik­t­sut­tryk­ka glad, trist, sint, over­ras­ka, redd og ube­hage­leg. Pro­gram­met reg­istr­erer også meir dem­pa følel­sar som inter­essert, nøy­tral, forak­t­full, keisemd og forvirring. 

Noldus har brukt 10.000 manuelt koda foto for å tre­na opp pro­gram­varen. Dei har tes­ta sys­temet ved hjelp av ei ekspert­gruppe som kjørte par­al­lelle analyser. Fac­eread­er tre­f­fer i rundt 95 pros­ent av tilfella.

Pro­gram­varen har tatt høgde for men­neskelege forskjel­lar knytt til alder og etnisitet, og det finst eigne innstill­ingar for asi­atar, born og eldre. I til­legg går det an å kali­brere Fac­eread­er på indi­vid­nivå. Null­nivået kan justerast etter kor store muskel­rørsler det enkelte indi­videt har når det vis­er emosjonar. 

Fangar det intuitive

Me ser nokre pos­i­tive sider ved Fac­eread­er som gjer at den kan brukast i human­is­tisk og sam­funnsvit­skap­leg resepsjonsforsking. 

San­nings­ge­halt, løgn­de­tek­tor. Ansik­tet seier meir enn tusen ord. Der­som orda ikkje samsvar­er med ansik­t­sut­trykket er det ansik­tet som vinn kvar gong, og difor ligg det vik­tig infor­masjon i folk sine ansiktsuttrykk.

Bio­me­trien kan fan­ga det intu­itive, berre halvt bevis­ste ved men­neske­leg åtferd. Det intu­itive, halvmed­vitne, rutinemessige. 

Truverdige data

Noldus IT har ein pro­gram­vare kalla Explor­er der alle typar bio­metriske data vert reg­istr­ert. Pro­gram­varen tag­gar emosjonar fortlø­pande og gir ei grafisk frem­still­ing fordelt på dei emosjonene forskaren vil sjå nærare på.

Desse data vil vera kobla opp mot eye­track­ing og bio­metriske data som puls og svette, og verk­tøya kan saman­lagt gje veldig tru­verdi­ge data om ein per­sons emosjonelle tilstandar. 

Grenser for tolking

Ein ansik­t­sle­sar kan vise kor­leis ansik­tet oppfør­er seg, men ikkje kva folk tenkjer. Nokon smil­er når dei er nervøse, andre når dei er sinte.

Fac­eread­er er eit pro­gram som køyr­er på data­mask­inene i labben til Noldus IT. Ansik­tet til Nyre sco­rar høgt på ver­di­en “nøy­tral”. Foto: Malin Fjell Olsen.

Fac­eread­er vis­er ikkje nød­vendigvis ein per­sons eigentlege sinnsstemn­ing, og sjølv om ansik­t­sle­saren kan bekref­ta at infor­man­ten smil­er, kan den ikkje seia kvi­for ho smil­er. Dette er kval­i­ta­tive inter­vju meir eigna til å finna ut av. 

Innbyr til tverrfagleg forsking

Net­topp for­di bio­metriske data ikkje er nok i seg sjølv, er det godt poten­sial for tver­rfa­g­leg forsk­ing der også medieforskarar er involvert. Meto­dane til Noldus IT kan kom­bin­erast med inter­vju og andre kval­i­ta­tive meto­dar som for eksem­pel Insti­tutt for infor­masjons- og medievit­skap ved UiB har kom­petanse på.

Ei slik tver­rfa­g­leg opp­kobling ville vore bra. Då ville dei hermeneutisk ori­en­terte forskarane måt­ta forhol­da seg til objek­tive forhold i krop­pen til folk, medan behav­ior­is­tiske forskarar vil måt­ta forhol­da seg til folk sine tolkingar av kva dei opplevde.

Bør utforskast på universitetet

Ansik­t­sle­saren er ein poten­sielt far­leg teknolo­gi for­di den kan brukast som ein løgn­de­tek­tor – og ikkje minst kan den oppl­ev­ast slik av infor­man­tar. Ein slik bruk reis­er mange etiske dilemma. 

Vi mein­er difor det er vik­tig at slik teknolo­gi vert tes­ta på uni­ver­sitetet, både i under­vis­ning og forsk­ing. Fac­eread­er bør utforskast på uni­ver­sitetet både for­di den har stort pos­i­tivt poten­sial, og for­di den kan mis­brukast av kom­mer­sielle, statlege og mil­litære krefter. Media City Bergen bør dri­va med design og inno­vasjon for å sikra at gode ans­var­lege krefter også prøver ut det kraft­fulle og far­lege. Dette er for øvrig i pakt med teorien om trans­gres­siv mediedesign.

TEMA

M

edietek
nologi

7 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen