Kan tillit gje inntekt til mediehusa?

Tilliten til media forsvinn parallellt med annonseinntektene. Kan medlemsbasert journalistikk motverke begge desse trendane? Det skal forskarane i The Membership Puzzle Project finne ut av.

– Inn­tekts­strau­mar og pub­li­kums­en­ga­sje­ment er to sider av same sak slik vi ser det, sei­er Emi­ly Goli­go­ski. Ho har tid­le­ga­re arbeidd med sys­tem for bru­kar­opp­le­ving i New York Times, som fors­kar og utvik­lar, og er no fors­kings­di­rek­tør for The Mem­ber­ship Puzz­le Pro­ject.

– I jak­ta på ei ny sosi­al kon­trakt mel­lom media og pub­li­kum, ten­kjer vi mykje på for­skjel­la­ne mel­lom abon­ne­ment og med­lem­skaps­mo­del­lar. Abon­ne­ment går ut på at medie­or­ga­ni­sa­sjo­nen tek imot pen­ga­ne dine og gjev deg inn­hald. Det kan fun­ge­re heilt fint, men det er ber­re ein trans­ak­sjon. Vi er inter­es­sert i model­lar der folk gjev av tida si, av ide­ane eller eks­per­ti­sen sin, for å støt­te noko dei trur på. Med­lem­skaps­mo­del­lar ser på pub­li­kum som meir enn ei inn­tekts­kjel­de, sei­er ho.

Medlemmar er meir enn abonnentar

The Mem­ber­ship Puzz­le Pro­ject star­ta i 2017 på ini­tia­tiv frå Jay Rosen, pro­fes­sor i jour­na­lis­tikk ved New York Uni­ver­sity (NYU). Pro­sjek­tet er eit sam­ar­beid mel­lom Rosen sitt mas­ter­pro­gram i jour­na­lis­tikk ved NYU, og den neder­lands­ke med­lems­ba­ser­te jour­na­lis­tikk­platt­for­ma De Cor­re­spon­dent, som vart etab­lert i 2013.

Vi ser på De Cor­re­spon­dent som sjøl­ve proto­ty­pen på med­lems­ba­sert jour­na­lis­tikk. Dei er lei­an­de når det gjeld å inklu­de­re pub­li­kum i pro­ses­sen, sei­er Goli­go­ski.

De Cor­re­spon­dent får største­de­len av inn­tek­te­ne sine frå 60 000 neder­lands­ke med­lem­mar, som beta­lar i under­kant av 700 kro­ner for eit års med­lem­skap. Men med­lem­ma­ne bidreg med mykje meir enn pen­gar. Dei føl­gjer jour­na­lis­ta­ne – eller «kor­re­spon­den­ta­ne», som dei blir kal­la – tett og kjem med ide­ar, inn­spel, kor­ri­ge­rin­gar og for­slag til kjel­der, eller dei stil­ler opp som fakta­sjek­ka­rar, data­knu­sa­rar eller fag­eks­per­tar. Det gjer dei for­di dei mei­ner at jour­na­lis­tik­ken som blir pro­du­sert av De Cor­re­spon­dent er rele­vant og vik­tig, og for­di dei opp­le­ver at bidra­ga frå med­lem­ma­ne blir verd­sett og utgjer ein for­skjell.

No er De Cor­re­spon­dent i ferd med å plan­leg­ge ein glo­bal, engelsk­språk­leg ver­sjon av platt­for­ma. Gjen­nom ein folke­fi­nan­sie­rings­kam­pan­je rett før jul sam­la dei inn meir enn 2,5 mil­lio­nar ame­ri­kans­ke dol­lar, og set­te med det ny rekord for eit folke­fi­nan­siert jour­na­lis­tisk pro­dukt. Eitt av del­måla for The Mem­ber­ship Puzz­le Pro­ject er å nyt­te inn­sik­te­ne frå pro­sjek­tet til å hjel­pe The Cor­re­spon­dent med å etab­le­re den inter­na­sjo­na­le ver­sjo­nen, men fors­ka­ra­ne sam­ar­bei­der også med and­re medie­or­ga­ni­sa­sjo­nar som nyt­tar med­lem­skaps­mo­del­lar, og har dess­utan lan­sert eit eige fond som skal støt­te eks­pe­ri­men­te­ring med sli­ke model­lar. I løpet av dei fire åra pro­sjek­tet skal vare, vonar fors­ka­ra­ne å kun­ne pei­ke på nye vegar for fram­ti­das jour­na­lis­tikk, vegar som kan sik­re inn­tek­te­ne i ei tid der Face­bo­ok og Goog­le stikk av med annonse­kro­ne­ne, og som sam­stun­des kan for­nye det jour­na­lis­tis­ke sam­funns­opp­dra­get.

Optimalisere tillit

Model­len til The Cor­re­spon­dent tek utgangs­punkt i det Jay Rosen bru­kar å kal­le «til­lits­op­ti­ma­li­se­ring». Det er gamalt nytt at til­li­ten til media er tynn­slitt i ein medie­kvar­dag pre­ga av pola­ri­se­ring, ekko­kam­mer og «alter­na­ti­ve fak­ta», og der høge klikkra­ter kan vere vel så vik­tig som tru­ver­dig rap­por­te­ring. Men til­lit er i seg sjølv eit kom­pli­sert omgrep.

Folk kan ha låg til­lit til media av man­ge uli­ke grun­nar: Dei kan vere i tvil om media er nøy­tra­le og uav­hen­gi­ge, dei kan vere i tvil om jour­na­lis­tar set eiga kar­rie­re eller medie­or­ga­ni­sa­sjo­nen sin pro­fitt fram­for pub­li­kum sine inter­es­ser, dei kan ha kjens­la av at det ikkje er plass til dei­ra eig­ne lev­de erfa­rin­gar i jour­na­lis­tik­ken. 

Ein­si­dig ideo­lo­gis­ke medi­um som Breit­bart eller Fox News har høg til­lit hjå sitt pub­li­kum, men det er ikkje det same som at dei har høg jour­na­lis­tisk integri­tet. Der­som ein ny sosi­al kon­trakt mel­lom medie­bru­ka­rar og jour­na­lis­tar skal opti­ma­li­se­re for til­lit, må han difor kom­bi­ne­re støt­te frå pub­li­kum med ein høg stan­dard for jour­na­lis­tisk veri­fi­se­ring av fak­ta, mei­ner Rosen.

– Man­ge­len på til­lit til media tyder på at vi som jour­na­lis­tar har ein stor jobb å gje­re for å men­nes­ke­leg­gje­re pro­fe­sjo­nen vår. Å vere auten­tis­ke og trans­pa­ren­te er vik­tig for å gje­re jour­na­lis­tik­ken meir tru­ver­dig, sei­er Emi­ly Goli­go­ski. (I heim­leg saman­heng kom dei to dans­ke jour­na­lis­ta­ne Søren Schultz Jør­gen­sen og Per Wes­tergård i fjor med ei bok basert på om lag same kon­klu­sjon.)

Veit lite om mediebedrifter

I fors­kings­pro­sjek­tet ser Goli­go­ski og kolle­a­ge­ne difor på kor­leis med­lems­ba­ser­te nyhende­or­ga­ni­sa­sjo­nar kan gje­re seg etter­ret­te­le­ge. Å syn­leg­gje­re kvar ein får pen­gar frå og kva dei blir brukt til, er ein vik­tig del.

– Men det kan også hand­le om å vise fram men­nes­ka som er involvert i å lage det jour­na­lis­tis­ke pro­duk­tet, å vise fram den jour­na­lis­tis­ke agen­da­en og prio­ri­te­rin­ga­ne, eller å respon­de­re på kri­tikk, sei­er ho.

Noko av det som har over­ras­ka hen­ne mest i arbei­det med pro­sjek­tet, er kor lite folk flest veit om medie­be­drif­te­ne dei føl­gjer dag­leg. Dei fles­te kjen­ner kan­skje nam­net på ein pro­mi­nent jour­na­list eller kom­men­ta­tor, men har inga inn­sikt i kor­leis orga­ni­sa­sjo­nen tener eller bru­ker pen­ga­ne sine, eller pro­fi­le­rer seg sjølv i uli­ke saman­hen­gar.

– For at eg som medie­bru­kar skal ha til­lit media, for­drar det at medie­or­ga­ni­sa­sjo­nen er tyde­leg om kva den er og kven som står bak, at eg har grunn til å tru at det dei pre­sen­te­rer er sant og vik­tig for sam­fun­net, og at eg sjølv kan slep­pe til med mitt bidrag, mine lev­de erfa­rin­gar eller pro­fe­sjo­nel­le eks­per­ti­se, illust­re­rer ho.

Medlemsmanifest

For at ein med­lem­skaps­mo­dell skal fun­ge­re best mog­leg, er det vik­tig å til­by med­lem­ma­ne uli­ke måtar å del­ta på. Kan ein til dømes til­by med­lem­mar å beta­le gjen­nom del­ta­king i sta­den for med pen­gar? Gjen­nom pro­sjek­tet kart­leg­ger fors­ka­ra­ne ei stort spek­ter av del­ta­kings­for­mer, som på uli­ke vis kan for­bet­re både jour­na­lis­tik­ken og til­hø­vet mel­lom medie­be­drif­ta og pub­li­kum.

– Der­som med­lem­skap ber­re er for dei som har råd til å beta­le, kan det bli ein elite­klubb som ikkje repre­sen­te­rer dei som treng jour­na­lis­tik­ken mest. Men folk kan gje av tida si på vel­dig man­ge måtar, og vi ser sta­dig at det medie­bru­ka­ra­ne ver­ke­leg vil, er å bli tek­ne på alvor, og at del­ta­kin­ga dei­ra blir sett pris på, sei­er Goli­go­ski.

I star­ten av pro­sjek­tet snak­ka fors­ka­ra­ne med eit par hund­re medie­bru­ka­rar som støt­tar ein medie­or­ga­ni­sa­sjon gjen­nom med­lem­skap, for å få vite kva som driv dei. Sva­ra vart opp­sum­mert i «med­lems­ma­ni­fest».

Goli­go­ski opp­mo­dar medie­ak­tø­r­ar som snu­sar på ein med­lem­skaps­mo­dell, om å ta utgangs­punkt i det når dei skal vur­de­re kva som må gje­rast.

– Tenk på kven som kan ha lyst til å føl­gje deg i arbei­det. Så kan du byr­je å ska­pe eit mil­jø der du lyt­tar til dei og involve­rer dei i pro­ses­sen.

TEMA

J

ournali
stikk

129 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen