NRKs valgomat – norske konfliktaksar og læring undervegs

Med mål om å treffe ungt, laga NRK ein valgomat som la vekt på at brukarane våre skal få forklaringar og lære politikk.

Vi bestemte oss også tid­leg for å bruke ressur­sar på inter­ak­sjons­de­sign, fork­lar­ing­stek­star, videoar og visuelt uttrykk. NRK har nem­lig blin­ka ut “andregongsvel­jaren” som hov­ud­mål­gruppe for valet i 2017.

Lære!

At designet i år er meir tid­srik­tig og tilpas­sa mobil­tele­fon enn desk­top, er avg­jerande for å nå ut. Men ei grunn­leg­gande endring er det ikkje, det er berre ein kon­sekvens av den tekniske utviklin­ga. Det som der­i­mot var eit meir grunn­leg­gande val, hand­la om kon­sekvensen av å legge meir vekt på læring.

Vi spurte oss sjølve: Skal ein val­go­mat vere eit orakel som spyr ut eit par­tis­var til slutt etter at du har fylt ut ei sjølvmeld­ing med stand­punkt? Eller skal du kunne forstå litt om norsk poli­tikk undervegs?

Rett på sak i NRKs val­go­mat: Hold­ning til skat­ter og avgifter skiller mel­lom partiene.

Det er argu­ment for begge delar. Ein kan tenke slik vi har gjort før; at det er ein ver­di i at du ikkje skal vere påver­ka av at du ser din poli­tiske skår og pro­fil når du svarar. Då vil kan­skje skåren din vere eit “ekte” resul­tat som føl­gjer av dine ube­sud­la stand­punkt. Det andre alter­na­tivet var at du ser kor­leis par­tia ligg an i kam­p­en om din stemme i eit slags hes­teved­deløp under­vegs. Eg var sjølv skep­tisk, men snud­de og vart sikrare jo meir vi job­ba med dette. For no har vi laga eit pro­dukt der brukarane får veldig godt innblikk i kva par­tia mein­er under­vegs. Par­ti­grafane sprett opp og ned alt etter kva du svarar. Vi ser på brukar­da­ta at folk prø­var seg med ulike svar-pro­fi­lar, går fram og tilbake i spørsmåla, vel litt ulike hald­ningar til dei poli­tiske pås­tan­dane. Og kvi­for ikkje eigent­leg? Viss ein gjer det på den måten, så brukar ein jo val­go­mat­en til å ori­en­tere seg om par­tia sine poli­tiske stand­punkt. Alt­så gir det poten­sielt sett meir læring.

Val­go­mater: Automa­tis­ert valghjelp

Når vi ser at poli­tisk engas­jerte del­er NRKs val­go­mat i Face­book med tek­sten “Jeg ble 100% …”, så mis­tenker vi nok at dei har prøvd nokre gongar. Og det er berre fint. Då har dei sikkert lært sitt eige par­tipro­gram betre ved hjelp av oss.

Kva måler eigentleg valgomaten?

NRKs val­go­mat måler eigent­leg poli­tisk avs­tand mel­lom deg og dei poli­tiske par­tia. Du mark­er­er dine syn­spunkt på ei rekke påstandar.

I vår mod­ell gjer vi om dette til tal. Er du “heilt einig” i ein pås­tand er talver­di­en din på dette spørsmålet +2. Der­som til dømes SV er “heilt ueinig” i pås­tanden har dei ver­di­en ‑2 og avs­tanden mel­lom deg og SV er 4 poeng på dette spørsmålet. Der­som Høgre var mark­ert med same stås­tad som deg, så er avs­tanden mel­lom deg og Høgre 0 på det spørsmålet. Når du har svart på alle pås­tan­dar sum­mer­er vi avs­tanden din til alle par­ti. Så gjer vi om avs­tandsmålet til ein einigheit­spros­ent. Går du gjen­nom heile val­go­mat­en med ein avs­tand til eit par­ti på 0 (som nokon alt­så har bevist i sosiale media at dei har klart), vil du vere 100 pros­ent einig med dette par­ti­et. Å bli 0 pros­ent einig med eit par­ti er der­i­mot umogleg.

Korleis har vi valgt ut påstandar?

Vi la ulike kri­teri­um til grunn for utvalet av påstandar.

Det skal vere aktuelle poli­tiske spørsmål som er oppe i debat­ten i 2017, og som vi hadde grunn til å tru kunne prege valkam­p­en. Vi såg helst at det var poli­tiske tema som var behand­la på par­tia sine landsmøte, slik at par­tia sine stand­punkt er å finne i par­tipro­gram­ma for 2017–2021. Med andre ord: Val­go­mat­en burde ta for seg poli­tiske spørsmål der par­tia fak­tisk går til valg på eit doku­menter­bart stand­punkt. I dei til­fel­la der det ikkje var pro­gram­fes­ta stand­punkt å finne, gjekk vi til andre kjelder, det kunne vere prin­sip­pro­gram, stem­meg­jev­ing i Stortinget, forslag frå reg­jeringa, kro­nikkar, syn­spunkt som var frem­ja i sam­funns­de­bat­ten eller liknande.

Så må det jo helst vere vesent­leg det vi spør om. Men kva som er eit vesent­leg poli­tisk spørsmål kan det vere mange svar på. Vi har nok i stor grad tenkt etter det jour­nal­is­tiske vesent­leg-kri­teri­et: Noko som er vik­tig for mange.

Tem­a­tisk vari­asjon er eit open­bert krav til ein val­go­mat som skal tre­ffe bre­itt. Ein val­go­mat må ha noko om skule, noko om helse, noko om sam­ferd­sle, miljø og så vidare.

Vi var også opptekne av at val­go­mat­en skal spe­gle landet.

Dei norske konfliktaksane

Men aller vik­ti­gast for utvalet av spørsmål, er kri­teri­et om at spørsmåla skal vise fram poli­tiske skil­je­lin­er. Eit poli­tisk spørsmål kan vere så aktuelt, vesent­leg og vari­ert det berre vil. Der­som ikkje par­tia har ulike stand­punkt til det poli­tiske spørsmålet blir det mein­ingslaust å ta det med.

Då går vi til statsvit­skapen. Dei veletablerte teo­ri­ane om skil­je­linene i norsk poli­tikk, som stam­mar frå Stein Rokkan, er med inn i NRKs val­go­mat. Den økonomiske høgre-ven­stre-aksen er den skil­jeli­na som dominer­er val­go­mat­en. Vi ser på dette valet som eit styringsval. Det er to framtredande statsmin­is­terkan­di­datar, Erna Sol­berg og Jonas Gahr Støre. Og sjølv om vi kan diskutere samar­bei­d­skon­stel­lasjonar i timesvis, så er kam­pa om reg­jer­ings­mak­ta grunn­leg­gande sett ein kamp mel­lom to blokker. Difor er det rik­tig å spørre vel­jaren spørsmål langs den økonomiske aksen – der par­tia mel­lom anna skil seg i synet på bruken av offentlege og pri­vate løysin­gar. På desse spørsmåla – til dømes skat­te­spørsmåla – grup­per­er par­tia i den bor­gar­lege blok­ka seg stort sett på den eine sida av 0 og dei andre på den andre sida.

Sen­trum-per­iferi-aksen har alltid vore sen­tral i norsk poli­tikk. Då vi laga val­go­mat­en i vår kjen­d­est den meir rel­e­vant enn nokon gong. Sen­ter­par­ti­et var i mein­ingsmålings-rus, og det var teikn til dis­trik­t­sop­prør mange stad­er. Difor måtte mange spørsmål ta opp i seg denne aksen. Spørsmål om ulv, poli­tire­form og land­bruk illus­tr­erer dette. Her grup­per­er par­tia seg annleis enn på dei økonomiske spørsmåla.

Miljø – eller det som har blitt kalla vekst-vern-aksen – har nok styr­ka seg som ein poli­tisk akse, og må med. Spør du MdG, er jo ikkje skil­jet lengre mel­lom raudt og blått, men mel­lom grønt og grått. Om ein ikkje kjøper heile den analy­sen, så er det uansett rik­tig å spe­gle aksen med fleire spørsmål, og her grup­per­er par­tia seg annleis enn dei gjer på økono­mi-spørsmåla og distriktsaksen.

Skil­ja langs den religiøs-sekulære dimen­sjo­nen er også sen­tral i analy­sen av det poli­tiske Norge. Den lever i beste vel­gåande, og er med i val­go­mat­en. Ikkje med mange spørsmål rik­tig­nok, men den er med. Den hjelper først og fremst til å skil­je ut KrF som har sitt eksis­tens­grunnlag på grunn av denne poli­tiske kon­flik­tlin­ja, men den skil også andre par­ti frå kvaran­dre. Spørsmål om KRLE er det “reinaste” spørsmålet langs denne aksen, men skil­jeli­na kjem også indi­rek­te til uttrykk i spørsmål om kon­tantstøtte og sur­ro­gati til dømes.

Synet på innvan­dring blir analy­sert som ein eigen poli­tisk kon­flik­takse. Vi har dette med i to spørsmål i val­go­mat­en. Spørsmåla sorter­er grovt sagt dei innvan­dringslib­erale par­tia frå dei restrik­tive, mens FrP skil­jer seg tydel­e­gast ut i sum.

Ein glob­al-nasjon­al akse er også ein del av norsk poli­tisk debatt. Den kan kome til uttrykk i synet på EU til dømes. Når vi spør om hald­ning til EØS og til dels når vi spør om Natos topros­ent­mål, så speglar vi dette.

I sum vil par­tia grup­pere og plassere seg ulikt når vi spør spørsmål som speglar ulike aksar. At dei ulike kon­flik­tak­sane er rep­re­sen­terte i val­go­mat­en er dermed langt vik­ti­gare for fordelin­ga av par­ti enn at ulike poli­tiske tema er dekt.

Gir valgomaten eit riktig råd?

Det er ei rekke dilem­ma med ein valgomat.

Ei avgrens­ing er sjølvsagt det val­go­mat­en IKKJE måler. Val av poli­tisk par­ti hand­lar om langt meir enn par­tipoli­tiske saks-stand­punkt. Det dreier seg om tillit og iden­titet. Val­go­mat­en kan ikkje måle kva for ein poli­tikar du har tiltru til, kven du trur vil pri­or­itere dei rette sak­ene i forhan­dlin­gar, kven du trur er flinkast til å styre. Den vil heller ikkje i sær­leg stor grad fange opp det som har å gjere med iden­titet. Kva du stem­mer hand­lar jo også om kven du vil vere, kor­leis du ser på deg sjølv, og det kan henge saman med din fam­i­liebak­grunn eller kul­turelle miljø.

Har vi spurt deg om det du er oppteken av? Nei, det er jo slett ikkje sikkert. Der­som di altover­skug­gande kamp­sak er ei lokalis­er­ingssak eller eit kul­tur­poli­tisk spørsmål vi ikkje har noko om, så gir jo ikkje val­go­mat­en myk­je mein­ing. Men vi går ut frå at dei fleste gjer eit parti­val basert på forskjel­lige sak­er. For å gje brukaren litt meir av mak­ta, har vi valt at du kan markere kva for nokre spørsmål som er vik­ti­gast for deg. Desse spørsmåla blir så tillagt meir vekt i utrekninga av resultatet.

Sidan val­go­mat­en eigent­leg sum­mer­er avs­tand, vil par­ti med mange ekstreme stand­punkt (heilt einig eller ueinig) sannsyn­ligvis vere dei som i snitt får størst avs­tand til gjen­nom­snitts­brukaren. Det vil gjere at til dømes SV, R og FrP får stor avs­tand til enkelte brukarar. Men det vis­er seg å ikkje vere noko stort prob­lem, det kan nem­lig vere heilt rik­tig at fløy­par­tia har stor avs­tand til ein gjen­nom­snittsvel­jar. Avs­tands-sum­meringa gir også ein annan effekt. Ein del sen­trumspar­ti vil – for­di dei har mod­er­ate stand­punkt i mange sak­er, til dømes på ven­stre/hø­gre-aksen – i sum ikkje ha så stor avs­tand til gjen­nom­snitts­brukaren. Det gjer at ein typisk brukar som ikkje svarar veldig ekstremt, kan få høgare skår på nokre av sen­trumspar­tia enn ved­ko­mande hadde sett for seg.

Men på den andre sida: Akku­rat det seier jo også noko rik­tig om norsk poli­tikk. Og det ser også ut til at dei som høyr­er heime hos dei store par­tia eller i sen­trum i min­dre grad mark­er­er for dei ekstreme stand­punk­ta. Når par­tia let sine eigne folk prøve ut val­go­mat­en før lanser­ing, traff dei sitt eige par­ti med over­ty­dande stor presisjon.

TEMA

S

torting
svalget
2017

13 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen