Ein fri sosialistisk vilje

Det var på tide med ein god biografi om Olav Dalgard, ein radikal fritenkjar som gjorde viktig pionérarbeid i norsk kultur.

Om bio­gra­fens frems­te opp­gå­ve er «ald­ri å for­rin­ga livet», slik Tor Bomann-Lar­sen hev­dar, har Jan Olav Gat­land gjort godt arbeid med fram­stil­lin­ga av livet og vir­ket til kul­tur­ar­bei­da­ren og kunst­na­ren Olav Dal­gard.

Det var ein radi­kal fri­ten­kjar som drog frå Voss lands­gym­nas til Oslo haus­ten 1920 for å stu­de­ra, 22 år gamal.

Dal­gard gjor­de seg raskt gjel­dan­de i orga­ni­sa­sjo­na­ne til dei to rørs­le­ne han var knytt til hei­le livet — arbei­dar­rørs­la og mål­rørs­la. Tru­leg såg han det­te som to sider ved same sak — eitt levan­de, fol­ke­leg norsk skrift­språk som føre­set­nad for ein demo­kra­tisk kul­tur.

Omslaget til biografien om Olav Dalgard, gitt ut på Samlaget 2013.

Omsla­get til bio­gra­fi­en om Olav Dal­gard, gitt ut på Sam­la­get 2013.

Kul­tur- og språk­po­li­tikk var klasse­kamp. I DNA såg ein posi­tivt på nynorsk for­di det var eit folke­mål, men i 1929 slo Ap sin Språk- og kul­tur­ko­mi­té fast at nynors­ken ikkje var så sam­lan­de som mål­rørs­la hev­da: Arbei­da­ra­ne sitt språk var dår­leg repre­sen­tert, kon­so­li­de­rings­lina til Noregs Mål­lag vart stemp­la som poli­tisk reak­sjo­nær. Dal­gard stod her på Koht si line i språk­po­li­tik­ken, og han inklu­der­te aust­norsk og bytale­mål i tea­ter­opp­set­jin­ga­ne sine.

Om og for folket

Det var «kunst um og for fol­ket» som galdt. På tea­ter­fel­tet balan­ser­te Dal­gard kra­va til «sosi­alt tea­ter» med eit kul­tur­pe­da­go­gisk pro­gram. Eit mål om å gje­ra arbei­da­rar mot­ta­ke­le­ge for kul­tur­go­de­ne «over­klas­sen» had­de hatt mono­pol på, utan spørs­mål ved om det var klasse­be­stem­te trekk ved «kul­tur­ar­ven», var nep­pe uom­tvis­ta — ver­ken på 1920- eller 1930-talet.

Hel­ler ikkje kra­vet til pro­fe­sjo­na­li­se­ring av teat­ret, som kun­ne opp­fat­tast som ei form for inte­gre­ring i den bor­gar­le­ge kul­tur­of­fent­lig­he­ten, var til hin­der for at Dal­gard paral­lelt enga­sjer­te seg i den orga­ni­ser­te tea­ter­rørs­la der målet var å fri­gje­ra arbei­dar­klas­sen frå bor­gar­kul­tu­ren og bru­ka teat­ret som pro­pa­ganda­mid­del i den poli­tis­ke kam­pen.

Pionér

Dal­gard ser ut til å ha unn­gått øydan­de ideo­lo­gis­ke stri­dar om sli­ke spørs­mål, og vi kun­ne gjer­ne fått vita meir om kor­leis, men det er lett å ten­kja seg at den prag­ma­tis­ke og kun­ni­ge Dal­gard har late arbei­det tala for seg. Hans tea­ter­po­li­tis­ke og dra­ma­tur­gis­ke grunn­syn ned­fel­ler seg i arbei­det. Bio­gra­fi­en gjev inn­syn i kor­leis Dal­gard arbeid­de, som dra­ma­turg og lit­te­rær kon­su­lent. Ikkje minst arbei­det som råd­gje­var for kjen­te og ukjen­te for­fat­ta­rar teik­nar eit fint bil­de av Dal­gard, som fag­mann og ven. Gat­land har fine fram­stil­lin­gar av sam­spe­let og sam­ar­bei­det mel­lom Dal­gard og for­fat­ta­rar som Upp­dal, Ørja­sæ­ter og Ves­aas. Det­te er noko av det mest verd­ful­le ved den­ne bio­gra­fi­en.

Det er lett å bli impo­nert over alt Olav Dal­gard fekk utret­ta, innan tea­ter, film, lit­te­ra­tur. Aktiv lit­te­ra­tur­kri­ti­kar var han hei­le livet, han var den førs­te som tala nynorsk i radio og dreiv aktiv kul­tur­for­mid­ling i pro­gram­pos­ten «Sett og hørt». Han var ein av dei sto­re nors­ke film­pio­né­ra­ne, og ei orga­ni­sa­to­risk driv­kraft der han enga­sjer­te seg. Han skreiv lære­bø­ker om tea­ter og film­skode­spel.

Føregripande politikk

Opp­lys­nings­man­nen Dal­gard var også ein fram­synt kul­tur­po­li­ti­kar. Tid­leg var han ute med fram­legg om tea­ter­ut­dan­ning — ikkje ber­re om tea­ter­sku­le, han vil­le etab­le­ra tea­ter­vit­skap og -his­to­rie som uni­ver­si­tets­fag. Han vil­le ha este­tisk opp­læ­ring i sku­len. Han vil­le sku­le­ra utøva­rar av fol­ke­le­ge kunst­for­mer, opp­øva dei­ra kri­tis­ke kunst­sans og for­nya folke­kuns­ten. Dal­gard føre­greip med sine fram­legg og kul­tur­po­li­tis­ke ten­king mykje av det som sei­na­re er blitt offent­leg kul­tur­po­li­tikk.

Gat­land legg alt det­te fram for oss, men vi sak­nar at han saman­fat­tar det i ein ster­ka­re his­to­risk og kul­tur­po­li­tisk saman­heng. Vi skul­le t.d. gjer­ne fått vita meir om det von­bro­tet Dal­gard seint i livet gav uttrykk for, over folk si lunk­ne hald­ning til kunst og kul­tur — for «ein som trud­de på arbei­dar­klas­sen som det nye kul­tur­be­ran­de ele­ment i sam­fun­net». Den grad­vise avpo­li­ti­se­rin­ga av kuns­ten utover på 1930-talet er tru­leg ein del av von­bro­tet. Kuns­ten og sær­leg film­me­di­et vart del­vis tenkt som ledd i ein pro­pa­ganda­of­fen­siv, og del­vis som eit ledd i å utvik­la ein arbei­dar­kul­tur — men paral­lelt var det den kul­tur­pe­da­go­gis­ke ten­kin­ga som vann fram, i takt med sosial­de­mo­kra­ti­et si erob­ring av sam­funns­in­sti­tu­sjo­na­ne. Etter 1945 vart kul­tur­pe­da­go­gik­ken nær eine­rå­dan­de. Kor­leis hand­ter­te Dal­gard det­te?

«Utopisk rest»

Så har som­me etter­lyst Dal­gard sitt «opp­gjer» med Sta­lin sitt ter­ror­vel­de. Dal­gard kom ald­ri med open kri­tikk av under­tryk­kin­ga i Sov­jet, sjølv om han «bekla­ga» man­ge­len på ytrings­fri­dom og påpeik­te avstan­den mel­lom «ideal og rea­li­tet» i Sov­jet­unio­nen. Mi tese er at Dal­gards «mang­lan­de opp­gjer» heng saman med det omtal­te von­bro­tet, og at han vil­le behol­da ein «uto­pisk rest» — både ei tru på kuns­tens sam­funns­om­for­man­de poten­si­al og at Sov­jet kun­ne utvik­la ein demo­kra­tisk sosia­lis­me. Éi side ved det­te er at Dal­gard i stor grad var for­ma og inspi­rert av sov­je­tisk og tysk avant­gar­dis­tisk film- og tea­ter­kunst, ei anna beund­rin­ga av Sov­jet­unio­nen etter 1917-revo­lu­sjo­nen, som pre­ga alle delar av arbei­dar­rørs­la utover 1920- og 1930-talet. Hen­din­ga­ne under kri­gen, og Dal­gard sine opp­le­vin­gar som krigs­fan­ge i Sach­sen­hau­sen, skap­te nep­pe noko stort behov for eit «opp­gjer» frå hans side. Om det­te er ei rime­leg tese, får vi ikkje noko godt svar på hjå Gat­land.

Det var på tide at det kom ein skik­ke­leg bio­gra­fi om Olav Dal­gard. Gat­land har no rudd grun­nen for opp­føl­gjan­de stu­di­er der orga­ni­sa­sjons­his­to­ris­ke for­hold, sosial­his­to­rie og skif­tan­de kul­tur­po­li­tis­ke tenke­må­tar i arbei­dar­rørs­la i ster­ka­re grad vert truk­ke inn for å kas­ta lys over vir­ket til Dal­gard og and­re sosia­lis­tis­ke kul­tur­ar­bei­da­rar.

TEMA

A

rbeider
partiet

15 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen