NRKs valgomat – norske konfliktaksar og læring undervegs

Med mål om å treffe ungt, laga NRK ein valgomat som la vekt på at brukarane våre skal få forklaringar og lære politikk.

Vi bestem­te oss også tid­leg for å bru­ke res­sur­sar på inter­ak­sjons­de­sign, for­kla­rings­teks­tar, video­ar og visu­elt uttrykk. NRK har nem­lig blin­ka ut «andre­gongs­vel­ja­ren» som hovud­mål­grup­pe for valet i 2017.

Lære!

At desig­net i år er meir tids­rik­tig og til­pas­sa mobil­te­le­fon enn desk­top, er avgje­ran­de for å nå ut. Men ei grunn­leg­gan­de end­ring er det ikkje, det er ber­re ein kon­se­kvens av den tek­nis­ke utvik­lin­ga. Det som der­imot var eit meir grunn­leg­gan­de val, hand­la om kon­se­kven­sen av å leg­ge meir vekt på læring.

Vi spur­te oss sjøl­ve: Skal ein valg­omat vere eit ora­kel som spyr ut eit par­tisvar til slutt etter at du har fylt ut ei sjølv­mel­ding med stand­punkt? Eller skal du kun­ne for­stå litt om norsk poli­tikk undervegs?

Rett på sak i NRKs valg­omat: Hold­ning til skat­ter og avgif­ter skil­ler mel­lom partiene.

Det er argu­ment for beg­ge delar. Ein kan ten­ke slik vi har gjort før; at det er ein ver­di i at du ikkje skal vere påver­ka av at du ser din poli­tis­ke skår og pro­fil når du sva­rar. Då vil kan­skje skå­ren din vere eit «ekte» resul­tat som føl­gjer av dine ube­sud­la stand­punkt. Det and­re alter­na­ti­vet var at du ser kor­leis par­tia ligg an i kam­pen om din stem­me i eit slags heste­vedde­løp under­vegs. Eg var sjølv skep­tisk, men snud­de og vart sik­ra­re jo meir vi job­ba med det­te. For no har vi laga eit pro­dukt der bru­ka­ra­ne får vel­dig godt inn­blikk i kva par­tia mei­ner under­vegs. Partigra­fa­ne sprett opp og ned alt etter kva du sva­rar. Vi ser på bru­kar­data at folk prø­var seg med uli­ke svar-pro­fi­lar, går fram og til­ba­ke i spørs­må­la, vel litt uli­ke hald­nin­gar til dei poli­tis­ke påstan­da­ne. Og kvi­for ikkje eigent­leg? Viss ein gjer det på den måten, så bru­kar ein jo valg­o­ma­ten til å ori­en­te­re seg om par­tia sine poli­tis­ke stand­punkt. Alt­så gir det poten­si­elt sett meir læring.

Valg­o­ma­ter: Auto­ma­ti­sert valghjelp

Når vi ser at poli­tisk enga­sjer­te deler NRKs valg­omat i Face­bo­ok med teks­ten «Jeg ble 100% …», så mis­ten­ker vi nok at dei har prøvd nokre gon­gar. Og det er ber­re fint. Då har dei sik­kert lært sitt eige parti­pro­gram betre ved hjelp av oss.

Kva måler eigentleg valgomaten?

NRKs valg­omat måler eigent­leg poli­tisk avstand mel­lom deg og dei poli­tis­ke par­tia. Du mar­ke­rer dine syns­punkt på ei rek­ke påstandar.

I vår modell gjer vi om det­te til tal. Er du «heilt einig» i ein påstand er tal­ver­di­en din på det­te spørs­må­let +2. Der­som til dømes SV er «heilt ueinig» i påstan­den har dei ver­di­en -2 og avstan­den mel­lom deg og SV er 4 poeng på det­te spørs­må­let. Der­som Høg­re var mar­kert med same stå­stad som deg, så er avstan­den mel­lom deg og Høg­re 0 på det spørs­må­let. Når du har svart på alle påstan­dar sum­me­rer vi avstan­den din til alle par­ti. Så gjer vi om avstands­må­let til ein einig­heits­pro­sent. Går du gjen­nom hei­le valg­o­ma­ten med ein avstand til eit par­ti på 0 (som nokon alt­så har bevist i sosia­le media at dei har klart), vil du vere 100 pro­sent einig med det­te par­ti­et. Å bli 0 pro­sent einig med eit par­ti er der­imot umogleg.

Korleis har vi valgt ut påstandar?

Vi la uli­ke kri­te­ri­um til grunn for utva­let av påstandar.

Det skal vere aktu­el­le poli­tis­ke spørs­mål som er oppe i debat­ten i 2017, og som vi had­de grunn til å tru kun­ne pre­ge val­kam­pen. Vi såg helst at det var poli­tis­ke tema som var behand­la på par­tia sine lands­møte, slik at par­tia sine stand­punkt er å fin­ne i parti­pro­gram­ma for 2017–2021. Med and­re ord: Valg­o­ma­ten bur­de ta for seg poli­tis­ke spørs­mål der par­tia fak­tisk går til valg på eit doku­men­ter­bart stand­punkt. I dei til­fel­la der det ikkje var pro­gram­fes­ta stand­punkt å fin­ne, gjekk vi til and­re kjel­der, det kun­ne vere prin­sippro­gram, stem­me­gje­ving i Stor­tin­get, for­slag frå regje­rin­ga, kro­nik­kar, syns­punkt som var fremja i sam­funns­de­bat­ten eller liknande.

Så må det jo helst vere vesent­leg det vi spør om. Men kva som er eit vesent­leg poli­tisk spørs­mål kan det vere man­ge svar på. Vi har nok i stor grad tenkt etter det jour­na­lis­tis­ke vesent­leg-kri­te­ri­et: Noko som er vik­tig for mange.

Tema­tisk varia­sjon er eit open­bert krav til ein valg­omat som skal tref­fe breitt. Ein valg­omat må ha noko om sku­le, noko om helse, noko om sam­ferds­le, mil­jø og så vidare.

Vi var også opp­tek­ne av at valg­o­ma­ten skal speg­le landet.

Dei norske konfliktaksane

Men aller vik­ti­gast for utva­let av spørs­mål, er kri­te­ri­et om at spørs­må­la skal vise fram poli­tis­ke skilje­li­ner. Eit poli­tisk spørs­mål kan vere så aktu­elt, vesent­leg og variert det ber­re vil. Der­som ikkje par­tia har uli­ke stand­punkt til det poli­tis­ke spørs­må­let blir det mei­nings­laust å ta det med.

Då går vi til stats­vit­ska­pen. Dei vel­etab­ler­te teori­ane om skilje­li­ne­ne i norsk poli­tikk, som stam­mar frå Stein Rok­kan, er med inn i NRKs valg­omat. Den øko­no­mis­ke høg­re-venst­re-aksen er den skilje­lina som domi­ne­rer valg­o­ma­ten. Vi ser på det­te valet som eit sty­rings­val. Det er to fram­tre­dan­de stats­mi­nis­ter­kan­di­da­tar, Erna Sol­berg og Jonas Gahr Stø­re. Og sjølv om vi kan dis­ku­te­re sam­ar­beids­kon­stel­la­sjo­nar i times­vis, så er kam­pa om regje­rings­mak­ta grunn­leg­gan­de sett ein kamp mel­lom to blok­ker. Difor er det rik­tig å spør­re vel­ja­ren spørs­mål langs den øko­no­mis­ke aksen – der par­tia mel­lom anna skil seg i synet på bru­ken av offent­le­ge og pri­va­te løy­sin­gar. På des­se spørs­må­la – til dømes skatte­spørs­må­la – grup­pe­rer par­tia i den bor­gar­le­ge blok­ka seg stort sett på den eine sida av 0 og dei and­re på den and­re sida.

Sen­trum-peri­fe­ri-aksen har all­tid vore sen­tral i norsk poli­tikk. Då vi laga valg­o­ma­ten i vår kjen­dest den meir rele­vant enn nokon gong. Sen­ter­par­ti­et var i mei­nings­må­lings-rus, og det var teikn til dis­trikts­opp­rør man­ge sta­der. Difor måt­te man­ge spørs­mål ta opp i seg den­ne aksen. Spørs­mål om ulv, politire­form og land­bruk illust­re­rer det­te. Her grup­pe­rer par­tia seg ann­leis enn på dei øko­no­mis­ke spørsmåla.

Mil­jø – eller det som har blitt kal­la vekst-vern-aksen – har nok styr­ka seg som ein poli­tisk akse, og må med. Spør du MdG, er jo ikkje skil­jet leng­re mel­lom raudt og blått, men mel­lom grønt og grått. Om ein ikkje kjø­per hei­le den ana­ly­sen, så er det uan­sett rik­tig å speg­le aksen med flei­re spørs­mål, og her grup­pe­rer par­tia seg ann­leis enn dei gjer på øko­no­mi-spørs­må­la og distriktsaksen.

Skil­ja langs den reli­giøs-seku­læ­re dimen­sjo­nen er også sen­tral i ana­ly­sen av det poli­tis­ke Nor­ge. Den lever i bes­te vel­gå­an­de, og er med i valg­o­ma­ten. Ikkje med man­ge spørs­mål rik­tig­nok, men den er med. Den hjel­per først og fremst til å skil­je ut KrF som har sitt eksis­tens­grunn­lag på grunn av den­ne poli­tis­ke kon­flikt­lin­ja, men den skil også and­re par­ti frå kvar­and­re. Spørs­mål om KRLE er det «rei­nas­te» spørs­må­let langs den­ne aksen, men skilje­lina kjem også indi­rek­te til uttrykk i spørs­mål om kon­tant­støt­te og sur­ro­ga­ti til dømes.

Synet på inn­vand­ring blir ana­ly­sert som ein eigen poli­tisk kon­flikt­akse. Vi har det­te med i to spørs­mål i valg­o­ma­ten. Spørs­må­la sor­te­rer grovt sagt dei inn­vand­rings­li­be­ra­le par­tia frå dei restrik­ti­ve, mens FrP skil­jer seg tyde­le­gast ut i sum.

Ein glo­bal-nasjo­nal akse er også ein del av norsk poli­tisk debatt. Den kan kome til uttrykk i synet på EU til dømes. Når vi spør om hald­ning til EØS og til dels når vi spør om Natos topro­sent­mål, så speg­lar vi dette.

I sum vil par­tia grup­pe­re og plas­se­re seg ulikt når vi spør spørs­mål som speg­lar uli­ke aksar. At dei uli­ke kon­flikt­ak­sa­ne er repre­sen­ter­te i valg­o­ma­ten er der­med langt vik­ti­ga­re for for­de­lin­ga av par­ti enn at uli­ke poli­tis­ke tema er dekt.

Gir valgomaten eit riktig råd?

Det er ei rek­ke dilem­ma med ein valgomat.

Ei avgren­sing er sjølv­sagt det valg­o­ma­ten IKKJE måler. Val av poli­tisk par­ti hand­lar om langt meir enn parti­po­li­tis­ke saks-stand­punkt. Det drei­er seg om til­lit og iden­ti­tet. Valg­o­ma­ten kan ikkje måle kva for ein poli­ti­kar du har til­tru til, kven du trur vil prio­ri­te­re dei ret­te sake­ne i for­hand­lin­gar, kven du trur er flin­kast til å sty­re. Den vil hel­ler ikkje i sær­leg stor grad fan­ge opp det som har å gje­re med iden­ti­tet. Kva du stem­mer hand­lar jo også om kven du vil vere, kor­leis du ser på deg sjølv, og det kan hen­ge saman med din fami­lie­bak­grunn eller kul­tu­rel­le miljø.

Har vi spurt deg om det du er opp­te­ken av? Nei, det er jo slett ikkje sik­kert. Der­som di alt­over­skug­gan­de kamp­sak er ei loka­li­se­rings­sak eller eit kul­tur­po­li­tisk spørs­mål vi ikkje har noko om, så gir jo ikkje valg­o­ma­ten mykje mei­ning. Men vi går ut frå at dei fles­te gjer eit parti­val basert på for­skjel­li­ge saker. For å gje bru­ka­ren litt meir av mak­ta, har vi valt at du kan mar­ke­re kva for nokre spørs­mål som er vik­ti­gast for deg. Des­se spørs­må­la blir så til­lagt meir vekt i utrek­nin­ga av resultatet.

Sidan valg­o­ma­ten eigent­leg sum­me­rer avstand, vil par­ti med man­ge eks­tre­me stand­punkt (heilt einig eller ueinig) sann­syn­lig­vis vere dei som i snitt får størst avstand til gjen­nom­snitts­bru­ka­ren. Det vil gje­re at til dømes SV, R og FrP får stor avstand til enkel­te bru­ka­rar. Men det viser seg å ikkje vere noko stort pro­blem, det kan nem­lig vere heilt rik­tig at fløy­par­tia har stor avstand til ein gjen­nom­snitts­vel­jar. Avstands-sum­me­rin­ga gir også ein annan effekt. Ein del sen­trums­par­ti vil – for­di dei har mode­ra­te stand­punkt i man­ge saker, til dømes på venstre/høg­re-aksen – i sum ikkje ha så stor avstand til gjen­nom­snitts­bru­ka­ren. Det gjer at ein typisk bru­kar som ikkje sva­rar vel­dig eks­tremt, kan få høga­re skår på nokre av sen­trums­par­tia enn ved­ko­man­de had­de sett for seg.

Men på den and­re sida: Akku­rat det sei­er jo også noko rik­tig om norsk poli­tikk. Og det ser også ut til at dei som høy­rer hei­me hos dei sto­re par­tia eller i sen­trum i mind­re grad mar­ke­rer for dei eks­tre­me stand­punk­ta. Når par­tia let sine eig­ne folk prø­ve ut valg­o­ma­ten før lan­se­ring, traff dei sitt eige par­ti med over­ty­dan­de stor presisjon.

TEMA

S

torting
svalget
2017

13 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

Abonner på kommentarer
til toppen