Vi må redde offentlegheita frå seg sjølv

Det må vere mogeleg å kultivere folks ytringsenergi på betre måtar enn tilfellet er no! Det trengst ein dugnad for ei betre offentlegheit, og den må gjennomførast av medieverksemder, forskarar og studentar i fellesskap.

Når medievi­tarar diskuter­er ny teknolo­gi er det myk­je tung kri­tikk og pes­simisme. Eg har sjølv bidratt til denne posisjo­nen med ei omfat­tande lesing av moral­filosofen Hans Jonas sitt mørke per­spek­tiv på teknologiutviklin­ga i ein essayføl­je­tong i Vox Pub­li­ca

            Men det går fak­tisk an å tenkje pos­i­tivt for medievi­tarar også. Det går an å for­mulere opti­mistiske visjonar knytt til teknologiutviklin­ga innan medi­er og kom­mu­nikasjon. I dette inn­legget vil eg sup­plere pes­simis­ten Hans Jonas med opti­mis­ten John Dewey, og vise kor­leis vi kan bruke hans måte å tenkje på for å fikse den norske offentleghei­ta anno 2020.

John Dewey (1859 — 1952) var ein amerikan­sk filosof i den prag­ma­tiske tradis­jo­nen. Han hadde ei opti­mistisk hald­ning til blant anna teknologiutvikling og ped­a­gogikk, og kan enno vere til inspi­rasjon for dei som ynskjer å endre livsvilkåra til men­nes­ka på ein vit­skap­leg måte.

Skift retning på ytringsenergien

Folk flest har myk­je på hjartet, og ytrar seg vil­lig vekk i sosiale medi­um. All den energien som går med til å skrive og fotografere på Face­book, Twit­ter, Insta­gram og Snapchat kunne i prin­sip­pet brukast annleis. Kva om bor­garane kunne over­ty­dast til å gjere ein friv­iljug innsats for å lage sak­leg, rel­e­vant og sam­funnskri­tisk jour­nal­is­tikk som medi­ene til og med fekk gratis? 

            No har det rabla for Lars Nyre, vil ein kunne meine. Det er ure­al­is­tisk å tru at medievi­tarar kan bidra til ei slik endring! Eg vil no likev­el argu­mentere for denne posisjo­nen. Det er eit visst grunnlag for opti­misme for­di fleire stu­dent­pros­jekt dei siste åra har vist kor lett det er for unge folk å fores­lå slik kon­struk­tiv endring.

            Våren 2019 laga stu­den­tar ved UiB pro­to­typen Ekko; ein app som gjer ditt nyheit­stips til ein artikkel i lokalav­isa med min­i­mal innsats. Våren 2020 laga stu­den­tar ved Uni­ver­sitetet i Sta­vanger fem pro­to­ty­par for redak­sjonell nyvin­ning. Desse utvikling­spros­jek­ta gjev eit hint om kva som kunne lagast viss verke­leg tunge ressur­sar vart sett inn. 

Offentlegheita har eit problem

Gode gam­le Jür­gen Haber­mas seier at offentleghei­ta er eit varslingssys­tem for prob­lem som må behand­last av det poli­tiske sys­temet for­di dei ikkje kan løysast andre stad­er (Between Facts and Norms 1996: 359–60). Offentleghei­ta kan best skil­drast som eit kom­mu­nikasjon­snettverk der poli­tisk infor­masjon vert formid­la ved at bor­garane fun­ger­er som sen­so­rar som fan­gar opp vik­tige forhold og melder frå gjen­nom t.d. sosiale medi­um, lokale medi­um, debat­tarrange­ment og liknande. 

            Men sosiale medi­um er er eit dår­leg varslingssys­tem! Teknologipes­simis­ten Hans Jonas ville sagt at dei er uttrykk for eit utstop­pe­leg tek­nol­o­gisk fram­skritt som ikkje tek omsyn til andre ver­diar enn endå meir fram­skritt. Sosiale medi­um er laga for at vi skal trykke på knap­pane og skape aktivitet for dei glob­ale medieak­tørane, ikkje for at vi skal kom­mu­nis­ere for­nuftig i offentlegheita.

Rett nok har van­lege men­neske gode vilkår for å ytre seg i sosiale medi­um, men debat­ten er lite sak­leg og lite pre­ga av tillit. Dei unge ser under­hold­ningsvideoar på Tik­Tok og YouTube i staden for å engas­jere seg poli­tisk. Dei gam­le kranglar seg i hel på Face­book. Hat­prat i fil­ter­bobler har for lengst sprei­dd seg ut av små fora, og bidreg til å svekke den offentlege sam­tal­en. Det er dessu­tan eit over­drive per­son­fokus i sosiale medium. 

            I ei fer­sk dok­toravhan­dling hev­dar Ida Ander­sen at sosiale medi­um er ikkje er laga for å stim­ulere til offent­leg debatt, men til å vise fram pås­tan­dar og skape reak­sjon. “Debat­ter på Face­book er domin­ert av selvhevdelse og moral­sk posisjoner­ing fram­for kon­struk­tiv argu­men­tasjon”, seier ho i eit inter­vju i Klassekam­p­en 27. august 2020. Vi er generelt blitt dår­legare til å argu­mentere for stand­punk­ta våre, og dår­legare til å skifte frå “eg mein­er” til “vi mein­er” for­di dette så sjel­dan vert for­ven­ta av oss i sosiale medi­um, seier Ander­sen. Ho under­byg­ger tanken om at det trengst ein dug­nad for skape høgare kom­petanse i å dri­ve kon­struk­tiv diskusjon i den norske offentlegheita.

Problemet kan løysast

Prob­lemet kan løysast der­som medievit­skapen, infor­masjonsvit­skapen og jour­nal­is­tikken inntek ei pos­i­tiv sosialkon­struk­tivis­tisk hald­ning og samar­bei­der på tvers. Denne haldin­ga føre­set at men­nes­ka kan bygge teknolo­giar utifrå våre behov og inter­ess­er, og såleis forme sam­fun­net til det betre for flest moge­leg ved hjelp av gjen­nomtenk­te prosjekt.

            John Dewey var ein sosialkon­struk­tivist før omgrepet var opp­funne, og han føre­set at sam­funnsvi­tarar kan byg­gje teknolog­ar slik at dei kon­struer­er gode kon­sekven­sar for men­nes­ka som tek dei i bruk: “Tech­nolo­gies should be “sub­ject to con­stant and well-equipped obser­va­tion of the con­se­quences they entail when act­ed upon, and sub­ject to ready and flex­i­ble revi­sion in light of observed con­se­quences” (The Moral Writ­ings of John Dewey 1994: 203). 

            Løysin­ga på det dår­lege debat­tk­li­maet har allereie blitt anty­da. Lat oss prøve å fly­tte den folkelege ytringsen­ergien som fløymer gjen­nom sosiale medi­um over til lokale medi­um. Ja, til lokalavisene i norske byar, bygder, fjor­dar og fjelldalar. 

            Bor­garen er jo allereie teknisk kom­pe­tent til å bidra med vel­skrivne nyheit­er. Vi har alle saman pub­lis­ert bilete på Insta­gram og Face­book, laga og redi­gert videoar, og for­mulert oss spiss­find­ig med skrivne ord. Det bør gå an å fly­tte desse fer­digheit­ene over til lokale medi­um, og bruke dei til å utg­jere det varslingssys­temet Haber­mas definer­er offentleghei­ta som.

            Bor­garen må vel kunne stim­ulerast til å vere eit varslingssys­tem for kvaliteten på sine eigne livsvilkår også i lokale medi­er, og ikkje berre på inter­nasjon­alt eigde, glob­alt ori­en­terte sosiale medium?

Mobi­lap­pen Tipps vert utvikla i eit region­alt samar­beid leia av fir­maet Future Solu­tions saman med avisene Hallingdølen, Sunnhord­land og Horda­land. Appen skal lanserast hausten 2020. 

Flytt energien frå sosiale til lokale medium

Der­som ein vil for­be­tre den norske offentleghei­ta er det vik­tig å byr­je i små, lokale saman­hen­gar, for der er det lettare å kon­struere ein styr­ka posisjon for bor­garane, og lettare for bor­garen å føle seg som ein bidragsy­tar. Det er lettare å sørge for trans­par­ent infor­masjon­sutvek­sling viss teknologileverandøren er tettare på og viss du kan opp­søke redak­tøren og klage på innret­ninga. Dei glob­ale sosiale media som Face­book og Twit­ter er jo nesten full­s­tendig util­gjen­gelege for innspel frå norsk kultur.

  Hvis ein vil prøve å bygge eit varslingssys­tem for bor­garane på 2020-talet er det ganske natur­leg å ta i bruk big data, mobil­tele­fon og kun­stig intel­li­gens. Slik teknolo­gi er svært kraft­full, og vil kunne få fart på over­gan­gen frå sosiale til lokale medi­um. Med dei rette verkemid­la kan slik teknolo­gi under­støtte lokale gras­ro­tini­tia­tiv så vel som glob­ale sosiale medium. 

            Kun­stig intel­li­gens vert allereie brukt til å lage automa­tis­erte nyheit­er. Algo­rit­mar lagar infor­ma­tive nyheit­sak­er utifrå struk­tur­ert infor­masjon om fot­ball­re­sul­tat, kjøp og sal av eige­dom, val­re­sul­tat og andre forhold som er enkle å kvan­tifis­ere. NTB legg ut tusen­vis av nyheit­er som er skrivne på denne måten, og utviklin­ga mot meir avansert automa­tis­er­ing går for fullt. 

            Stu­dent­pros­jek­tet Ekko som eg nem­nte ovan­for har vorte vidareutvikla til mobi­lap­pen Tipps. Dette er eit region­alt utvikling­spros­jekt for lokalavis­er der lesaren/borgaren skal kunne sende inn nyheit­stips til lokalav­isa. Kort for­t­alt skal brukaren kunne ta eit bilete av ei hend­ing, skrive fak­taop­plysningar inn i appen, og få auto­gener­ert ein nyheitssak som dei også kan sjå over før dei sender den inn til lokalavisa.

            Denne appen vis­er at det er poten­sial for å under­støtte og delvis automa­tis­ere ein vik­tig del av bor­garens rolle, nem­leg det å kunne ytre seg raskt og effek­tivt i lokale medi­um på omlag same vilkår som opin­ion­sleiarar og etablerte intervjuobjekt.

Tenk positivt!

Det sce­nar­i­oet eg skil­drar fram­står tru­leg som ganske hårete, men det er moge­leg å sat­sa i denne ret­ningane. Tenk pos­i­tivt! Av og til må ein tenkje at “det finst ikkje prob­lem, berre utfordringar”.

            Bor­garen kan lære å ytre seg på ein måte som er meir rel­e­vant og kon­struk­tiv, og som stim­ulerer til samar­beid og gjen­sidig tillit. Slike hald­ningar kan stim­ulerast ved hjelp av kun­stig intel­li­gens bygd inn i Tipps-appen og lokalav­isa i framti­da. Med dei rette fortel­jartekniske rammene og gode inter­ak­sjon­s­mu­ligheit­er kan bor­garane verte posisjon­ert som aktive bidragsytarar. 

            Bor­garane kan få ei sterkare kjensle av å eksis­tere sam­tidig med andre i den same situ­asjo­nen, der me del­er kon­sekven­sane av alle val, og sjølve må vere med å ta val. Bor­garane kan oppleve at dei er kom­plekse men­neske med sterke relasjonar til andre men­neske, geografiske stad­er, og vik­tige endring­spros­es­sar på desse stadene. Alt dette kan under­støt­tast med den same teknolo­gien som Face­book brukar til å engas­jere folk i poli­tisk debatt, dele morosame kat­te­v­ideoar og sel­je reklame.

            Avanserte tek­nol­o­giske verk­tøy treng ikkje vere kap­i­tal­is­tiske, med mål om mak­si­mal vekst og glob­al mark­nad­srekke­v­id­de. Denne teknologiutviklin­ga kan i prin­sip­pet vere non-prof­it, dug­nads­basert, og offent­leg subsidiert. 

            Avanserte teknolo­giar for offent­leg dia­log kan vere godt forankra i norske, regionale og lokale omg­jev­nad­er, og vere basert på norsk kul­tur og språk. Dei kan lagast for å pri­or­itere kvalite­tar som er pos­i­tive for norsk offentlegheit og debatt, slik som det å unngå for sterke fil­ter­bobler og ekkokam­mer, og dei kan vere utan sporing og manip­u­ler­ing av brukaren.

            Frå eit sosialkon­struk­tivis­tisk per­spek­tiv hand­lar det berre om men­neskas vil­je til fak­tisk å lage teknolo­giar som er gode for oss, og oppføre oss på dei måtane som er gode for fel­lesskapet. Vanskel­e­gare er det ikkje! 

TEMA

J

ournali
stikk

136 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen