Vi bestemte oss også tidleg for å bruke ressursar på interaksjonsdesign, forklaringstekstar, videoar og visuelt uttrykk. NRK har nemlig blinka ut “andregongsveljaren” som hovudmålgruppe for valet i 2017.
Lære!
At designet i år er meir tidsriktig og tilpassa mobiltelefon enn desktop, er avgjerande for å nå ut. Men ei grunnleggande endring er det ikkje, det er berre ein konsekvens av den tekniske utviklinga. Det som derimot var eit meir grunnleggande val, handla om konsekvensen av å legge meir vekt på læring.
Vi spurte oss sjølve: Skal ein valgomat vere eit orakel som spyr ut eit partisvar til slutt etter at du har fylt ut ei sjølvmelding med standpunkt? Eller skal du kunne forstå litt om norsk politikk undervegs?
Det er argument for begge delar. Ein kan tenke slik vi har gjort før; at det er ein verdi i at du ikkje skal vere påverka av at du ser din politiske skår og profil når du svarar. Då vil kanskje skåren din vere eit “ekte” resultat som følgjer av dine ubesudla standpunkt. Det andre alternativet var at du ser korleis partia ligg an i kampen om din stemme i eit slags hesteveddeløp undervegs. Eg var sjølv skeptisk, men snudde og vart sikrare jo meir vi jobba med dette. For no har vi laga eit produkt der brukarane får veldig godt innblikk i kva partia meiner undervegs. Partigrafane sprett opp og ned alt etter kva du svarar. Vi ser på brukardata at folk prøvar seg med ulike svar-profilar, går fram og tilbake i spørsmåla, vel litt ulike haldningar til dei politiske påstandane. Og kvifor ikkje eigentleg? Viss ein gjer det på den måten, så brukar ein jo valgomaten til å orientere seg om partia sine politiske standpunkt. Altså gir det potensielt sett meir læring.
Valgomater: Automatisert valghjelp
- Flere medier tilbyr valgomater i valgkampen.
- I en serie artikler setter Vox Publica søkelys på valgomatene.
- Aftenposten: Valgomat – et vanskelig puslespill
- VG: Derfor lagde vi en superenkel valgomat i VG
- Sveinung Arnesen: Valgomatenes forvridde virkelighet
Når vi ser at politisk engasjerte deler NRKs valgomat i Facebook med teksten “Jeg ble 100% …”, så mistenker vi nok at dei har prøvd nokre gongar. Og det er berre fint. Då har dei sikkert lært sitt eige partiprogram betre ved hjelp av oss.
Kva måler eigentleg valgomaten?
NRKs valgomat måler eigentleg politisk avstand mellom deg og dei politiske partia. Du markerer dine synspunkt på ei rekke påstandar.
I vår modell gjer vi om dette til tal. Er du “heilt einig” i ein påstand er talverdien din på dette spørsmålet +2. Dersom til dømes SV er “heilt ueinig” i påstanden har dei verdien ‑2 og avstanden mellom deg og SV er 4 poeng på dette spørsmålet. Dersom Høgre var markert med same ståstad som deg, så er avstanden mellom deg og Høgre 0 på det spørsmålet. Når du har svart på alle påstandar summerer vi avstanden din til alle parti. Så gjer vi om avstandsmålet til ein einigheitsprosent. Går du gjennom heile valgomaten med ein avstand til eit parti på 0 (som nokon altså har bevist i sosiale media at dei har klart), vil du vere 100 prosent einig med dette partiet. Å bli 0 prosent einig med eit parti er derimot umogleg.
Korleis har vi valgt ut påstandar?
Vi la ulike kriterium til grunn for utvalet av påstandar.
Det skal vere aktuelle politiske spørsmål som er oppe i debatten i 2017, og som vi hadde grunn til å tru kunne prege valkampen. Vi såg helst at det var politiske tema som var behandla på partia sine landsmøte, slik at partia sine standpunkt er å finne i partiprogramma for 2017–2021. Med andre ord: Valgomaten burde ta for seg politiske spørsmål der partia faktisk går til valg på eit dokumenterbart standpunkt. I dei tilfella der det ikkje var programfesta standpunkt å finne, gjekk vi til andre kjelder, det kunne vere prinsipprogram, stemmegjeving i Stortinget, forslag frå regjeringa, kronikkar, synspunkt som var fremja i samfunnsdebatten eller liknande.
Så må det jo helst vere vesentleg det vi spør om. Men kva som er eit vesentleg politisk spørsmål kan det vere mange svar på. Vi har nok i stor grad tenkt etter det journalistiske vesentleg-kriteriet: Noko som er viktig for mange.
Tematisk variasjon er eit openbert krav til ein valgomat som skal treffe breitt. Ein valgomat må ha noko om skule, noko om helse, noko om samferdsle, miljø og så vidare.
Vi var også opptekne av at valgomaten skal spegle landet.
Dei norske konfliktaksane
Men aller viktigast for utvalet av spørsmål, er kriteriet om at spørsmåla skal vise fram politiske skiljeliner. Eit politisk spørsmål kan vere så aktuelt, vesentleg og variert det berre vil. Dersom ikkje partia har ulike standpunkt til det politiske spørsmålet blir det meiningslaust å ta det med.
Då går vi til statsvitskapen. Dei veletablerte teoriane om skiljelinene i norsk politikk, som stammar frå Stein Rokkan, er med inn i NRKs valgomat. Den økonomiske høgre-venstre-aksen er den skiljelina som dominerer valgomaten. Vi ser på dette valet som eit styringsval. Det er to framtredande statsministerkandidatar, Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Og sjølv om vi kan diskutere samarbeidskonstellasjonar i timesvis, så er kampa om regjeringsmakta grunnleggande sett ein kamp mellom to blokker. Difor er det riktig å spørre veljaren spørsmål langs den økonomiske aksen – der partia mellom anna skil seg i synet på bruken av offentlege og private løysingar. På desse spørsmåla – til dømes skattespørsmåla – grupperer partia i den borgarlege blokka seg stort sett på den eine sida av 0 og dei andre på den andre sida.
Sentrum-periferi-aksen har alltid vore sentral i norsk politikk. Då vi laga valgomaten i vår kjendest den meir relevant enn nokon gong. Senterpartiet var i meiningsmålings-rus, og det var teikn til distriktsopprør mange stader. Difor måtte mange spørsmål ta opp i seg denne aksen. Spørsmål om ulv, politireform og landbruk illustrerer dette. Her grupperer partia seg annleis enn på dei økonomiske spørsmåla.
Miljø – eller det som har blitt kalla vekst-vern-aksen – har nok styrka seg som ein politisk akse, og må med. Spør du MdG, er jo ikkje skiljet lengre mellom raudt og blått, men mellom grønt og grått. Om ein ikkje kjøper heile den analysen, så er det uansett riktig å spegle aksen med fleire spørsmål, og her grupperer partia seg annleis enn dei gjer på økonomi-spørsmåla og distriktsaksen.
Skilja langs den religiøs-sekulære dimensjonen er også sentral i analysen av det politiske Norge. Den lever i beste velgåande, og er med i valgomaten. Ikkje med mange spørsmål riktignok, men den er med. Den hjelper først og fremst til å skilje ut KrF som har sitt eksistensgrunnlag på grunn av denne politiske konfliktlinja, men den skil også andre parti frå kvarandre. Spørsmål om KRLE er det “reinaste” spørsmålet langs denne aksen, men skiljelina kjem også indirekte til uttrykk i spørsmål om kontantstøtte og surrogati til dømes.
Synet på innvandring blir analysert som ein eigen politisk konfliktakse. Vi har dette med i to spørsmål i valgomaten. Spørsmåla sorterer grovt sagt dei innvandringsliberale partia frå dei restriktive, mens FrP skiljer seg tydelegast ut i sum.
Ein global-nasjonal akse er også ein del av norsk politisk debatt. Den kan kome til uttrykk i synet på EU til dømes. Når vi spør om haldning til EØS og til dels når vi spør om Natos toprosentmål, så speglar vi dette.
I sum vil partia gruppere og plassere seg ulikt når vi spør spørsmål som speglar ulike aksar. At dei ulike konfliktaksane er representerte i valgomaten er dermed langt viktigare for fordelinga av parti enn at ulike politiske tema er dekt.
Gir valgomaten eit riktig råd?
Det er ei rekke dilemma med ein valgomat.
Ei avgrensing er sjølvsagt det valgomaten IKKJE måler. Val av politisk parti handlar om langt meir enn partipolitiske saks-standpunkt. Det dreier seg om tillit og identitet. Valgomaten kan ikkje måle kva for ein politikar du har tiltru til, kven du trur vil prioritere dei rette sakene i forhandlingar, kven du trur er flinkast til å styre. Den vil heller ikkje i særleg stor grad fange opp det som har å gjere med identitet. Kva du stemmer handlar jo også om kven du vil vere, korleis du ser på deg sjølv, og det kan henge saman med din familiebakgrunn eller kulturelle miljø.
Har vi spurt deg om det du er oppteken av? Nei, det er jo slett ikkje sikkert. Dersom di altoverskuggande kampsak er ei lokaliseringssak eller eit kulturpolitisk spørsmål vi ikkje har noko om, så gir jo ikkje valgomaten mykje meining. Men vi går ut frå at dei fleste gjer eit partival basert på forskjellige saker. For å gje brukaren litt meir av makta, har vi valt at du kan markere kva for nokre spørsmål som er viktigast for deg. Desse spørsmåla blir så tillagt meir vekt i utrekninga av resultatet.
Sidan valgomaten eigentleg summerer avstand, vil parti med mange ekstreme standpunkt (heilt einig eller ueinig) sannsynligvis vere dei som i snitt får størst avstand til gjennomsnittsbrukaren. Det vil gjere at til dømes SV, R og FrP får stor avstand til enkelte brukarar. Men det viser seg å ikkje vere noko stort problem, det kan nemlig vere heilt riktig at fløypartia har stor avstand til ein gjennomsnittsveljar. Avstands-summeringa gir også ein annan effekt. Ein del sentrumsparti vil – fordi dei har moderate standpunkt i mange saker, til dømes på venstre/høgre-aksen – i sum ikkje ha så stor avstand til gjennomsnittsbrukaren. Det gjer at ein typisk brukar som ikkje svarar veldig ekstremt, kan få høgare skår på nokre av sentrumspartia enn vedkomande hadde sett for seg.
Men på den andre sida: Akkurat det seier jo også noko riktig om norsk politikk. Og det ser også ut til at dei som høyrer heime hos dei store partia eller i sentrum i mindre grad markerer for dei ekstreme standpunkta. Når partia let sine eigne folk prøve ut valgomaten før lansering, traff dei sitt eige parti med overtydande stor presisjon.