Dei digitale rammevilkåra, del 1: Det historiske grunnlaget

Den digitale omkalfatringa av samfunnet -- noko nymotens greier? Ikkje noko kunne vore meir feil.

Den digi­ta­le revo­lu­sjo­nen er snart full­ført. Me har på få år gått frå eit heil­a­na­logt sam­funn til eit snart heil­di­gi­ta­li­sert sam­funn. Nær sagt alt som kan omfor­mast frå atom til bits, vert råka av dei såkal­la dis­rup­ti­ve kref­te­ne. I del 1 av den­ne kro­nik­ken freis­tar eg å gje eit his­to­risk til­bake­blikk på kva des­se driv­kref­te­ne eigent­leg er for noko. I del 2 skriv eg om kor­leis sam­fun­net kan til­pas­se seg des­se kref­te­ne for å nå dei høgst­lig­gjan­de måla for eit godt sam­funn.

The Complete Works of Homo Sapiens, Unabridged

For dei aller fles­te av oss så ser den digi­ta­le omkal­fat­rin­ga av sam­fun­net ut til å vere noko nymo­tens grei­er. Ikkje noko kun­ne vore meir feil. Sjøl­ve ide­en om at to tal, null og ein, kun­ne end­re alt rundt oss, går til­ba­ke til 1600-tals­fi­lo­so­fa­ne Tho­mas Hobbes, John Wilkins og Gott­fried Leib­niz (Dyson 2005). Alan Turing byg­de vida­re på des­se tan­ka­ne då han skreiv ned føre­stil­lin­ga om ei data­ma­skin i 1936. Med null og ein så kun­ne alt som fanst skri­vast ned til mins­te detalj, i teori­en.

Me har kome eit godt styk­ke på veg, men me er langt frå fer­di­ge.

Pynt og fjas, vitskap og Internett

Sjøl­ve teori­en om digi­ta­li­se­ring er alt­så gamal, men kva med Inter­nett, Goog­le og Twit­ter, det må vel vere nymo­tens grei­er? Nei, også her går his­to­rie med klå­re lin­jer 500 år til­ba­ke i tid, og pus­sig nok så er det sann­syn­leg­vis hof­fa i Euro­pa sin iver etter pynt og fjas for å vise seg fram, som er den vik­ti­gas­te årsa­ka til kor­leis både Inter­nett, Goog­le og Twit­ter er kon­stru­er­te, utfor­ma og fun­ge­rer. Det har å gje­re med at vit­ska­pen på 1500-talet gjekk frå å vere løyn­de akti­vi­te­tar for utval­de eli­tar, for å avdek­kje «natu­rens løyn­do­mar», til å ver­te det stikk mot­set­te.

Gali­leo demon­stre­rar tele­sko­pet sitt i 1609 (ill: Scien­ce Photo Libra­ry)

Frå og med Koper­ni­kus i 1543 gav ut avhand­lin­ga som pro­va at jor­da ikkje kun­ne vere sen­trum i uni­ver­set, byr­ja hof­fa i Euro­pa å ver­te svært opp­tek­ne av å skaf­fe seg dei mest pro­mi­nen­te natur­fi­lo­so­fa­ne. For å få til­set­jing ved eit hoff så laut ein ver­te vid­gje­ten, og når ein fyrst vart til­sett, så var opp­gå­va å gje­re seg sta­dig meir vid­gje­ten slik at ein kun­ne san­ke ære for hers­ka­ra­ne. Gali­leo Gali­l­ei er eit døme på kor­leis ein kun­ne utnyt­te det­te finan­sie­rings­sys­te­met fullt ut. Han la seg i selen for å lage så gode tele­skop som over­ho­vu­det mog­leg og kal­la opp ein av Jupi­ters månar etter sje­fen; her­tu­gen av Tosca­na. Då her­tu­gen vit­ja and­re hoff ikring Euro­pa, had­de han med seg det­te tele­sko­pet så dei and­re hers­ka­ra­ne kun­ne få sjå månen som bar hans namn.

Hers­ka­ra­ne had­de også and­re grun­nar til å til­setje dyk­ti­ge natur­fi­lo­so­far, men pynt og fjas vart langt vik­ti­ga­re enn nyt­ti­ge føre­mål for finan­sie­rin­ga av vit­skap­le­ge akti­vi­te­tar. På grunn av det­te vart det så uen­de­leg mykje meir effek­tivt å dyt­te ut så man­ge og gode vit­skap­le­ge resul­tat som mog­leg saman­lik­na med tra­di­sjo­nen frå mid­del­al­de­ren der det var om å gje­re å hal­de mest mog­leg for seg sjølv eller innan ein liten krins med retten­kjan­de reli­giø­se (David 2007).

Opplysningstida og anti-opplysninga

Den vit­skap­le­ge revo­lu­sjo­nen på 1500-talet vart for­ster­ka av yns­ket om pynt og fjas, som på nytt med­før­te ei enorm brev­skri­ving i vit­skap­le­ge krin­sar. Det vart etter­kvart vans­ke­leg å hal­de orden på alle bre­va, så dei vart bund­ne saman i tids­skrift. Eit av des­se tids­skrif­ta, som blant anna had­de arva nam­net «let­ters» i tit­te­len, Phi­lo­sop­hi­cal Let­ters frå The Royal Socie­ty, byr­ja også å set­je rykte­opp­byg­gin­ga i sys­tem med det såkal­la «fag­fel­le­vur­de­ring­sys­te­met”. For å få pub­li­se­re arbei­da sine så måt­te eit utval med like­menn vur­de­re om arbei­da var gode nok. Det­te med­før­te at den pynt­fik­ser­te tra­di­sjo­nen fekk endå meir vind i seg­la, og moder­ne vit­skap vann ein full­sten­dig siger over den gam­le reli­giøst styr­de sko­las­tik­ken.

Utpå 1700-talet byr­ja den såkal­la skots­ke opp­lys­nin­ga, og etter­kvart den frans­ke. Fram­s­tegstan­ken vart opp­fun­nen, indi­vi­det fekk sine men­neske­ret­tar og demo­kra­tis­ke grunn­lo­ver vann fram i USA og Euro­pa. Det­te var også med på å påver­ke dei opne tra­di­sjo­na­ne i vit­ska­pen. Ein sterk reak­sjon på den­ne indi­vi­dua­lis­tis­ke og rasjo­nel­le vit­ska­pen duk­ka opp i sam­band med roman­tis­men og anti-opp­lys­nin­ga, med Her­der som ein fram­stå­an­de repre­sen­tant. Anti­opp­lys­nings­fi­lo­so­fa­ne mein­te at for å dyr­ke fram det bes­te i kul­tu­ren, måt­te ein kjem­pe mot multi­kul­tura­lis­men som den frans­ke revo­lu­sjo­nen set­te ein strek over. Helst skul­le ein under­tryk­kje og vere dauv for alt anna enn det kul­tur­fremjan­de. Det filo­so­fis­ke fun­da­men­tet for fascis­men, sen­sur og over­va­king vart skapt.

Dei mertonianske normene

Robert Mer­ton saman­fat­ta dei vit­skap­le­ge nor­me­ne som had­de dan­na seg gjen­nom hundre­åra etter den vit­skap­le­ge revo­lu­sjo­nen i for­kor­tin­ga CUDOS i 1942. Des­se nor­me­ne inne­held ele­ment frå både den opne vit­skap­le­ge revo­lu­sjo­nen og tan­ka­ne frå opp­lys­nings­tida som had­de vor­te mar­kan­te inn­slag i både vit­ska­pen sjølv og vit­ska­pen sine arbeids­for­mer. Ein skul­le ikkje ber­re stu­de­re indi­vi­da, men også til­leg­gje indi­vi­da uni­ver­sel­le vit­skap­le­ge «men­neske­ret­tar”.

CUDOS tyder kom­mu­na­lis­me (alle vit­skap­le­ge resul­tat er åtte av alle), uni­ver­sa­lis­me (kven som helst kan med­ver­ke), nøy­tra­li­tet (i høve til per­son­lege inter­es­ser) og orga­ni­sert kri­tisk grans­king (fag­felle­s­ys­te­met). Des­se nor­me­ne had­de vore ei meir eller mind­re usyn­leg vit­skap­leg grunn­lov i flei­re hund­re år, og har sei­na­re vore ret­nings­gje­van­de for fors­ka­rar over hei­le ver­da (se Wiki­pe­dia-artik­kel).

Den opne revolusjonen i ei digital tid

Då data­ma­ski­ne­ne vart mog­le­ge å kon­stru­ere, så vart dei sjølv­sagt som skap­te for å arbei­de inn­un­der eit vit­skap­leg regi­me som var som skapt for des­se maski­ne­ne. Den opne vit­skap­le­ge kul­tu­ren med krav om fag­fel­le­vur­de­ring og at det skul­le vere mog­leg å etter­prø­ve det som var gjort, før­te til fram­veks­ten av open kjelde­kode på aust­kys­ten i USA på 1950-talet. Sei­na­re vart open kjelde­kode ein føre­set­nad for fram­veks­ten av Inter­nett-tenes­ter som Face­bo­ok, Ebay, Goog­le, Twit­ter, Pay­pal.

I dag er open kjelde­kode ein føre­set­nad for rekne­in­ten­si­ve ope­ra­sjo­nar som å simu­le­re kjerne­fy­sis­ke reak­sjo­nar og kart­leg­ging av DNA. Den opne vit­skap­le­ge revo­lu­sjo­nen har ikkje hatt noko pro­blem med å gå inn i den digi­ta­le tids­al­de­ren, tvert imot, han har snart smit­ta over på alt som er. ARPANET (1969), og sei­na­re World Wide Web (1989) vart utfor­ma av vit­skaps­folk, etter vit­skap­le­ge ten­kje­må­tar, og for vit­skap­le­ge opp­gå­ver. Det beran­de prin­sip­pet var opne stan­dar­dar den gon­gen, og er det i høgs­te grad i dag også. Til­gangs­open kom­mu­ni­ka­sjon vart skapt etter dei vit­skap­le­ge nor­me­ne i 1967 med kata­lo­gen ERIC, og utgjer i dag om lag 20 pro­sent av alle vit­skap­le­ge pub­li­ka­sjo­nar.

Les del 2 av artik­ke­len: Fri kul­tur og kunn­skap er råstof­fet.

Artik­ke­len vart først pub­li­sert i Norsk Tidend nr. 1, 2011.

TEMA

F

orsknin
g

26 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen