Dei digitale rammevilkåra, del 1: Det historiske grunnlaget

Den digitale omkalfatringa av samfunnet -- noko nymotens greier? Ikkje noko kunne vore meir feil.

Den dig­i­tale rev­o­lusjo­nen er snart fullført. Me har på få år gått frå eit heilanalogt sam­funn til eit snart heildig­i­talis­ert sam­funn. Nær sagt alt som kan omfor­mast frå atom til bits, vert råka av dei såkalla dis­rup­tive kreftene. I del 1 av denne kro­nikken freis­tar eg å gje eit his­torisk tilbake­b­likk på kva desse dri­vkreftene eigent­leg er for noko. I del 2 skriv eg om kor­leis sam­fun­net kan tilpasse seg desse kreftene for å nå dei høgstlig­g­jande måla for eit godt samfunn.

The Complete Works of Homo Sapiens, Unabridged

For dei aller fleste av oss så ser den dig­i­tale omkalfa­tringa av sam­fun­net ut til å vere noko nymotens greier. Ikkje noko kunne vore meir feil. Sjølve ideen om at to tal, null og ein, kunne endre alt rundt oss, går tilbake til 1600-tals­filoso­fane Thomas Hobbes, John Wilkins og Got­tfried Leib­niz (Dyson 2005). Alan Tur­ing bygde vidare på desse tankane då han skreiv ned førestill­inga om ei data­maskin i 1936. Med null og ein så kunne alt som fanst skri­vast ned til min­ste detalj, i teorien. 

Me har kome eit godt stykke på veg, men me er langt frå ferdige.

Pynt og fjas, vitskap og Internett

Sjølve teorien om dig­i­talis­er­ing er alt­så gamal, men kva med Inter­nett, Google og Twit­ter, det må vel vere nymotens greier? Nei, også her går his­to­rie med klåre lin­jer 500 år tilbake i tid, og pus­sig nok så er det sannsyn­legvis hof­fa i Europa sin iver etter pynt og fjas for å vise seg fram, som er den vik­ti­gaste årsa­ka til kor­leis både Inter­nett, Google og Twit­ter er kon­struerte, utfor­ma og fun­ger­er. Det har å gjere med at vit­skapen på 1500-talet gjekk frå å vere løyn­de aktivite­tar for utvalde eli­tar, for å avdekkje «naturens løyn­do­mar», til å verte det stikk motsette. 

Galileo demon­str­erar teleskopet sitt i 1609 (ill: Sci­ence Pho­to Library)

Frå og med Kopernikus i 1543 gav ut avhan­dlin­ga som pro­va at jor­da ikkje kunne vere sen­trum i uni­ver­set, byr­ja hof­fa i Europa å verte svært opptekne av å skaffe seg dei mest promi­nente natur­filoso­fane. For å få tilsetjing ved eit hoff så laut ein verte vidg­jeten, og når ein fyrst vart tilsett, så var oppgå­va å gjere seg stadig meir vidg­jeten slik at ein kunne sanke ære for her­skarane. Galileo Galilei er eit døme på kor­leis ein kunne utnytte dette finan­sier­ingssys­temet fullt ut. Han la seg i selen for å lage så gode teleskop som over­hovudet mog­leg og kalla opp ein av Jupiters månar etter sje­fen; her­tu­gen av Toscana. Då her­tu­gen vit­ja andre hoff ikring Europa, hadde han med seg dette teleskopet så dei andre her­skarane kunne få sjå månen som bar hans namn.

Her­skarane hadde også andre grun­nar til å tilset­je dyk­tige natur­filoso­far, men pynt og fjas vart langt vik­ti­gare enn nyt­tige føremål for finan­sieringa av vit­skaplege aktivite­tar. På grunn av dette vart det så uen­de­leg myk­je meir effek­tivt å dytte ut så mange og gode vit­skaplege resul­tat som mog­leg saman­lik­na med tradis­jo­nen frå mid­de­lalderen der det var om å gjere å halde mest mog­leg for seg sjølv eller innan ein liten krins med ret­tenk­jande religiøse (David 2007).

Opplysningstida og anti-opplysninga

Den vit­skaplege rev­o­lusjo­nen på 1500-talet vart forster­ka av yns­ket om pynt og fjas, som på nytt med­førte ei enorm brevskriv­ing i vit­skaplege krin­sar. Det vart etterk­vart vanske­leg å halde orden på alle bre­va, så dei vart bundne saman i tidsskrift. Eit av desse tidsskrif­ta, som blant anna hadde arva nam­net «let­ters» i tit­te­len, Philo­soph­i­cal Let­ters frå The Roy­al Soci­ety, byr­ja også å set­je ryk­teopp­byg­gin­ga i sys­tem med det såkalla «fagfelle­vur­der­ingsys­temet”. For å få pub­lis­ere arbei­da sine så måtte eit utval med like­menn vur­dere om arbei­da var gode nok. Dette med­førte at den pynt­fik­serte tradis­jo­nen fekk endå meir vind i segla, og mod­erne vit­skap vann ein full­s­tendig siger over den gam­le religiøst styrde skolastikken. 

Utpå 1700-talet byr­ja den såkalla skotske opplysninga, og etterk­vart den franske. Fram­stegstanken vart opp­fun­nen, indi­videt fekk sine men­neskerettar og demokratiske grunnlover vann fram i USA og Europa. Dette var også med på å påverke dei opne tradis­jo­nane i vit­skapen. Ein sterk reak­sjon på denne indi­vid­u­al­is­tiske og rasjonelle vit­skapen duk­ka opp i sam­band med roman­tis­men og anti-opplysninga, med Herder som ein fram­ståande rep­re­sen­tant. Antiop­plysnings­filoso­fane meinte at for å dyrke fram det beste i kul­turen, måtte ein kjempe mot mul­ti­kul­tur­al­is­men som den franske rev­o­lusjo­nen sette ein strek over. Helst skulle ein under­trykkje og vere dauv for alt anna enn det kul­turfrem­jande. Det filosofiske fun­da­mentet for fas­cis­men, sen­sur og over­vak­ing vart skapt. 

Dei mertonianske normene

Robert Mer­ton saman­fat­ta dei vit­skaplege normene som hadde dan­na seg gjen­nom hun­dreåra etter den vit­skaplege rev­o­lusjo­nen i forko­rtin­ga CUDOS i 1942. Desse normene inneheld ele­ment frå både den opne vit­skaplege rev­o­lusjo­nen og tankane frå opplysningsti­da som hadde vorte markante innslag i både vit­skapen sjølv og vit­skapen sine arbei­ds­former. Ein skulle ikkje berre stud­ere indi­vi­da, men også til­leg­gje indi­vi­da uni­verselle vit­skaplege «men­neskerettar”.

CUDOS tyder kom­mu­nal­isme (alle vit­skaplege resul­tat er åtte av alle), uni­ver­sal­isme (kven som helst kan med­verke), nøy­tralitet (i høve til per­son­lege inter­ess­er) og organ­is­ert kri­tisk gransk­ing (fagfellesys­temet). Desse normene hadde vore ei meir eller min­dre usyn­leg vit­skap­leg grunnlov i fleire hun­dre år, og har seinare vore ret­nings­g­je­vande for forskarar over heile ver­da (se Wikipedia-artikkel).

Den opne revolusjonen i ei digital tid

Då data­mask­inene vart moglege å kon­struere, så vart dei sjølvsagt som skapte for å arbei­de innun­der eit vit­skap­leg regime som var som skapt for desse mask­inene. Den opne vit­skaplege kul­turen med krav om fagfelle­vur­der­ing og at det skulle vere mog­leg å etter­prøve det som var gjort, førte til framvek­sten av open kjeldekode på austkys­ten i USA på 1950-talet. Seinare vart open kjeldekode ein føre­set­nad for framvek­sten av Inter­nett-ten­ester som Face­book, Ebay, Google, Twit­ter, Paypal. 

I dag er open kjeldekode ein føre­set­nad for reknein­ten­sive operasjonar som å simulere kjerne­f­y­siske reak­sjonar og kart­leg­ging av DNA. Den opne vit­skaplege rev­o­lusjo­nen har ikkje hatt noko prob­lem med å gå inn i den dig­i­tale tid­salderen, tvert imot, han har snart smit­ta over på alt som er. ARPANET (1969), og seinare World Wide Web (1989) vart utfor­ma av vit­skaps­folk, etter vit­skaplege tenkjemå­tar, og for vit­skaplege oppgåver. Det berande prin­sip­pet var opne stan­dar­d­ar den gongen, og er det i høg­ste grad i dag også. Til­gang­sopen kom­mu­nikasjon vart skapt etter dei vit­skaplege normene i 1967 med kat­a­lo­gen ERIC, og utg­jer i dag om lag 20 pros­ent av alle vit­skaplege publikasjonar.

Les del 2 av artikke­len: Fri kul­tur og kunnskap er råstof­fet.

Artikke­len vart først pub­lis­ert i Norsk Tidend nr. 1, 2011. 

TEMA

F

orsknin
g

29 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen