Vår vesle store minoritet

Polakkar er den klart største innvandrargruppa i Noreg, større enn nummer to og tre, svenskar og litauarar, til saman. Ny studie viser korleis polakkane har blitt framstilt i norsk allmennkringkasting.

Polakkar utgjør i dag om lag 2 pros­ent av det totale innbyg­g­jar­talet i Noreg. Grup­pa er den klart største innvan­dr­ergrup­pa, med 98212 reg­istr­erte av Sta­tis­tisk sen­tral­byrå ved inngan­gen til 2018. Fleire polske forskarar tek til orde for at det i til­legg til dette kan vere snakk om 50000 til 60000 ure­g­istr­erte polakkar i Noreg.

Med god assis­tanse både frå NRK og kol­le­gaar ved forsk­ing­spros­jek­tet SCANPUB (The Immi­gra­tion Issue in Scan­di­na­vian Pub­lic Spheres 1970–2016), lev­erte eg i juni mas­teroppgå­va «Por­tray­ing a Major Minor­i­ty in Tele­vised Pub­lic Ser­vice Broad­cast­ing: Por­tray­al of Pol­ish Immi­grants in the Nor­we­gian Broad­cast­ing Cor­po­ra­tion», der eg har under­søkt kor­leis dekninga av polakkar i NRK sitt TV-tilbod har utvikla seg frå 1970 til 2008. Nokre hovudpunkt:

  • Dekninga av polakkar har jamt over vore låg saman­lik­na med andre vestlege nasjon­alite­tar, men har auka drastisk etter at Polen vart del av EU/EØS sin frie arbei­ds­mark­nad i 2004. 
  • 74 pros­ent av det analy­serte mate­ri­alet er i hov­ud­sak sym­pa­tisk i si fram­still­ing av polakkar. 
  • Fram­still­inga av polske innvan­drarar i NRK har endra seg myk­je dei siste 50 åra, frå tilnær­ma uteluk­ka sym­pa­tisk på 70-talet opp mot 45 pros­ent usym­pa­tisk kring tusenårsskiftet, før det gjekk tilbake til 82 pros­ent sym­pa­tiske fram­still­ingar i fireårspe­ri­o­den etter 2004. 
  • Det kan sjå ut til å vere ein saman­heng mel­lom polakkane sin utvan­drings­grunn og tem­atikkane og fram­still­ingane i NRK si dekning. 

Stor gruppe, låg dekning

Fig­uren under vis­er fordelin­ga mel­lom nemninga av ulike nasjon­alite­tar i NRK sin interne pro­gram­data­base SIFT. SIFT er i stor grad kom­plett fram til og med 2009, og 2008 er difor slut­tåret for undesøkinga. Mas­sein­nvan­dringa frå Polen star­ta ikkje før EU-ekspan­sjo­nen i 2004. Desse tala bør òg sjåast i saman­heng med innbyg­g­jar­talet av dei ulike grup­pene i Noreg.

Fig­ur 1: Enkle søk i NRK sin interne pro­gram­data­base SIFT vis­er store skil­jer i nemninga av nasjonar og nasjon­alite­tar i innsla­ga som har fått sende­tid i NRK.

Frå denne fig­uren kan ein gjere ei rekke obser­vasjonar. Til trass for at pro­gram­data­basen ikkje dekker alle pro­gram og innslag, kan ein anta at nivåa, rel­a­tivt sett grun­na dei høga tala, i stor grad stem­mer. Dette fun­ger­er godt som eit førstein­ntrykk og som indika­tor for kvi­for dette fenomenet er verd å under­søke. Til trass for sin rel­a­tivt geografiske nær­leik er talet for Polen lågt saman­lik­na med andre vestlege land slik som Sverige, Dan­mark, Tysk­land og Frankrike. Ein kan lese ei stor auke i dekninga av Tysk­land tilknytt Berlin­murens fall. Ein kan i til­legg til dette sjå ein generell auke i antal innslag, som nok kan grun­ng­jev­ast med aukinga i pro­gramtil­bod, oppret­tin­ga av fleire TV-kanalar og betra interne ruti­nar for arkivering. 

NRK sitt arkiv – ei rikhaldig kjelde for statistisk analyse

Mate­ri­alet (331 interne pro­gram­skildringar som opp­fyller spe­si­fikke kri­teri­um) er gjen­nomgått med fokus på den over­hen­gande tem­atikken i skildringa, samt fram­still­inga av polakken i skildringa i relasjon til tem­atikken. Sist­nem­nde kan delast inn i 3 hov­ud­grup­per: helt, trussel og offer – kat­e­go­ri­ar som i stor grad blir nyt­ta i inter­nasjon­al forsk­ing på vin­kling av sosiale grup­per i media. I til­legg til denne gjen­nom­gan­gen, er eitt tid­srik­tig pro­gram per tiår gått etter i saumane i eit forsøk på å bel­yse funna.

Fig­ur 2: 331 interne pro­gram­skildringar er nyt­ta. Sjølv om talet på einingar er lågt tid­leg i peri­o­den, kan ein sjå at NRK si dekn­ing ganske jamt føl­gjer talet pol­sk­fødde innbyg­g­jarar i Noreg.

Framstillinga kan henge saman med polakkane sin grunn til utvandring 

I ein forsk­ingsar­tikkel frå 2014 pre­sen­ter­er Jonas Hor­gen Friberg og Anne Golden den mod­erne his­to­ria om pol­sk innvan­dring til Noreg som oppdelt i tre dis­tink­te fasar, bestemt etter utvan­drings­grunn. Første fase var flukt grun­na siv­il uro i Polen (1980–1989), andre fase, utvan­dring grun­na sesongar­beid i Europa (1989–2003) og tred­je fase, styrt av arbei­dsin­nvan­dring (2004–d.d.). Desse fell omtrent­leg saman med tiåra i mi under­søk­ing, og det er difor hen­sik­tsmes­sig å sjå fun­na i lys av desse.

Fig­ur 3: Hov­udtem­atikk i program/innslag.

Dei fire høgast rep­re­sen­terte kat­e­go­ri­ane er «arbeid», «krim­i­nalitet», «ankomst og retur av lovlege innvan­drarar» samt «kul­tur, kun­st og under­hald­ning». Det første tiåret, 1970-talet, var før Friberg og Gold­en byr­jar å beskrive sine innvan­drings­fasar. I denne peri­o­den var det sen­tralt med dekninga av polske kun­st­narar og kul­turskikkel­sar i Noreg. Flukt frå Polen var sen­tralt på 1980-talet, i Friberg og Gold­en sin første fase. På 1990-talet, i Friberg og Gold­en sin andre fase, var krim­i­nalitet det høgast rep­re­sen­terte temaet. I det siste tiåret, 2000-talet, har sak­er tilknytt arbeid utgjort hovudmengda. 

Fig­ur 4: Hov­ud­fram­still­ing av polakk(ane) i program/innslag.

Den totale fram­still­inga av polakkar har his­torisk ei overvekt av sym­pa­tiske fram­still­ingar, alt­så helt og offer-fram­still­ingar. 74 pros­ent av innsla­ga er i hov­ud­sak sym­pa­tiske, dei resterande 26 pros­ent er trussel-fram­still­ingar. Fordelin­ga har vari­ert over tid, frå tilnær­ma ikkje-eksis­terande trussel- og offer-fram­still­ingar på 70-talet, så aukande usym­pa­tiske fram­still­ingar på 90-talet og byr­jin­ga av 2000-talet. I siste halvdel av 2000-talet beveg­er fordelin­ga seg i etterkant av EU-utvidin­ga i 2004 tilbake mot nivåa på 80-talet.

Polakken som: Kunstnar, flyktning, trussel, arbeidar

Analysane av mate­ri­alet vis­ar at fram­still­inga og fokuset i innslag om polakkar i stor grad har endra seg over tid.

1970-åra var i stor grad pre­ga av fram­still­ingar av polakkar som kul­turelle vidun­der­barn, kun­st­narar og even­tyrlystne. Polakkane vart fram­stilt som ekso­tiske, nesten på gren­sa til det sub­lime. Dette er særs tyde­leg i eit av dei første lengre inter­vjua med ein pol­sk innvan­drar i norsk TV, nem­leg på Lørdagskveld med Erik Bye i desem­ber 1973. Det er kun­st­stu­den­ten Andrzej Dzi­ubek, seinare kjend som mul­ti­kun­st­nar og vokalist i rocke­ban­det De Press, Andrej Nebb.

Foto frå NRK-pro­gram­met “Dette er vårt Mal­lor­ca” fra 1991. (Foto: Skjerm­bilde frå tv.nrk.no).

Nasjon­al uro og opprør i Polen mot slut­ten av 1970-talet kul­min­erte i kun­ngjøringa av nasjon­al unntak­stil­stand i desem­ber 1981. Dette mark­erte byr­jin­ga på eit tiår sterkt pre­ga av offer-fram­still­ingar med fokus på dei tyn­gre tidene, fly­k­t­ningane og vonde forteljin­gar frå Polen. Dette bidrog til å gjere fram­still­inga av polakkar meir «jord­nær». Eit døme på ei slik fram­still­ing kan ein sjå i Lørdagsredak­sjo­nen 12. desem­ber 1981, ein dag før erk­læringa av mil­itær unntak­stil­stand som føl­gje av fag­for­eininga Sol­i­daritet sin mot­stand mot kommunistregimet.

Der tiåret før fokuserte på den vanskelege situ­asjo­nen i Polen, ser ein på 1990-talet ei drei­ing i fokus mot vanskelege situ­asjonar blant polakkar og i møte med lokalsam­funn i Noreg, spegla i aukinga av trus­sel­fram­still­ingar. Sakane om polakkar hand­lar om polakkane som trussel mot offent­leg orden, men sam­stun­des òg som kul­turelt inspirerande og gode arbei­darar. Dette kan til dømes sjåast i doku­mentaren Dette er vårt Mal­lor­ca frå 1991.

Grup­pe­fo­to med polske arbei­darar frå NRK Bren­npunkt-pro­gram­met “Stolt, pol­sk og fat­tig”, 2006. (Foto: Skjerm­bilde frå tv.nrk.no)

2000-talet lik­nar myk­je på 1990-talet fram til 2004. 2004 mark­er­er eit skil­je, der dei påføl­g­jande fire åra har ei enorm merk­semd om sosial dump­ing og vanskelege kår, mens ein er min­dre oppteken av trus­sel­fram­still­ingar. Ein kan òg sjå ein generell auke i fram­still­inga av polakkar som gode arbei­darar. Åra etter 2004 er pre­ga av at ret­tane til polakkar i Noreg må forsvarast, og at utan­land­sk arbei­d­skraft er naudsynt grun­na gode økonomiske tider i Noreg. Ei tid­stypisk fram­still­ing finn ein i Bren­npunkt-doku­mentaren Stolt, pol­sk og fat­tig.

Den mest sen­trale trus­sel­fram­still­inga er polakkar som trussel mot offent­leg orden. Dette er typisk sak­er som dreier seg om smugling og anna krim­i­nalitet. Det er hen­sik­tsmes­sig å sjå dette i saman­heng med EU-utvidin­ga og Friberg og Gold­en sin tred­je fase, ein fase pre­ga av arbeid som hov­udår­sak til innvandring.

Tema: Forskar på skandinavisk innvandringsdebatt

Artikke­len er basert på for­fattarens mas­teroppgåve «Por­tray­ing a Major Minor­i­ty in Tele­vised Pub­lic Ser­vice Broad­cast­ing: Por­tray­al of Pol­ish Immi­grants in the Nor­we­gian Broad­cast­ing Cor­po­ra­tion» (2018).

Oppgå­va er del av forsk­ing­spros­jek­tet «SCANPUB – The Immi­gra­tion Issue in Scan­di­na­vian Pub­lic Spheres 1970–2015». Pros­jek­tet vert leia frå Uni­ver­sitetet i Bergen av pro­fes­sor Jostein Gripsrud.

Fleire artik­lar frå SCANPUB:

TEMA

M

inorite
t

14 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen