Flyktningstraum og godheitstyranni

Metaforar er både forståingsskapande og viktige retoriske verkemiddel i innvandringsdebatten i Noreg i dag.

Innvan­drings­de­bat­ten i Noreg er full av inter­es­sante uttrykk som dei i over­skrif­ta. Det kan kan­skje vere mog­leg å avfeie slik språk­bruk som “berre prat”, men eg vil ta til orde for at slike metaforiske uttrykk spel­er vik­tige roller i innvan­drings­de­bat­ten og kan vere med på å forme bestemte forståin­gar av ulike fenomen knytt til innvandring.

I andre halvdel av 2015 var nyheits­biletet pre­ga av fly­k­t­ningsi­tu­asjo­nen i Mid­tausten og Europa. Ein kunne lese om men­neske som fly­k­ta frå heim­lan­da sine til Europa og om kor­leis dei blei mot­tekne i ulike land. Fly­k­t­ningsi­tu­asjo­nen sette òg fart på innvan­drings­de­bat­ten i Noreg, og fleire meir eller min­dre kjente per­son­ar ytra seg i ulike medi­um om kor­leis situ­asjo­nen burde handterast.

Denne offentlege debat­ten var utgangspunk­tet for analy­se­ma­te­ri­alet i mas­teroppgå­va mi i nordisk språkvit­skap. Eg valde ut ti forskjel­lige tek­star skrivne av ti poli­tiske aktørar i Noreg. Tek­stane var debat­tinn­legg og kro­nikkar og i dei blei det argu­mentert for anten ein restrik­tiv eller ein meir lib­er­al innvan­dringspoli­tikk i Noreg. Eg ønsk­te å finne ut kva for ei rolle ulike metaforiske uttrykk spelte i denne argu­men­tasjo­nen, meir spe­si­fikt kor­leis metaforar blei brukt til å skape legit­imitet for restrik­tiv eller lib­er­al innvandringspolitikk.

Kognitiv metaforteori

Vi bruk­er ofte ter­men metafor for å fork­lare at eit ord eller uttrykk blir brukt i over­ført tyd­ing. Innan­for den kog­ni­tive metafor­te­orien mein­er ein at dette skiftet frå bok­stave­leg til over­ført tyd­ing skjer på det kog­ni­tive nivået – ein bruk­er metaforar når ein snakkar for­di ein bruk­er metaforar når ein tenker (Kövec­ses, 2010, s. 4). Metaforane er verk­tøy ein tar i bruk for å forstå abstrak­te omgrep, og språk­bruken vår er full av metaforar.

Forskar på skan­di­navisk innvandringsdebatt
Artikke­len er basert på for­fattarens mas­teroppgåve «Den endeløse strøm­men» Ein kri­tisk analyse av metaforar i ein poli­tisk diskurs om innvan­dring (2018).

Oppgå­va er del av forsk­ing­spros­jek­tet «SCANPUB – The Immi­gra­tion Issue in Scan­di­na­vian Pub­lic Spheres 1970–2015». Pros­jek­tet vert leia frå Uni­ver­sitetet i Bergen av pro­fes­sor Jostein Gripsrud.

Les og: Den demokratiske hijaben?
Vår vesle store minoritet

I metaforen har ein to ulike omgreps­domene, som kan fork­larast som kog­ni­tive “lager” av kunnskap om eit omgrep, og ein bruk­er det eine, kjelde­domenet, for å forstå det andre, mål­domenet. Om eg seier at eg “ser poenget ditt” eller at det “dem­rar for meg” bruk­er eg kunnskap eg har om synssansen for å uttrykke at eg forstår deg. Dei to metaforiske uttryk­ka kan dermed sjåast som språk­lege realis­eringar av omgrepsmetaforen å forstå som å sjå (ein bruk­er kapi­tel – store bok­stavar, men med høgd som små – for å vise at ein ref­er­erer til kog­ni­tive stor­leikar og spe­si­fikke språk­lege ord).

Sidan utgivin­ga av Metaphors We Live By (Lakoff og John­son, 1980), som kan rek­nast som start­skotet for den kog­ni­tive metafor­te­orien, har fleire forskarar hatt ei meir kri­tisk tilnærm­ing til metaforar. Mange anerk­jen­ner at metaforar er både eit kog­ni­tivt og eit språk­leg fenomen, men hev­dar òg at metaforane kan ha fleire funksjonar enn berre å skape forståing av ulike mål­domene. Til dømes kan metaforar vere eit vik­tig verk­tøy om ein ønsker å over­tyde nokon, dei kan fram­stille ulike fenomen på bestemte måtar, og sær­leg sen­tralt for meg: Dei kan vere med i arbei­det med å skape legit­imitet for ei bestemt poli­tisk line, eller eventuelt bidra til å skade legit­imiteten til ei anna poli­tisk line (Char­teris-Black, 2005, s. 17).

Kva rolle speler metaforane i debatten?

Eit av dei vik­ti­gaste fun­na i oppgå­va mi var at majoriteten av metaforane som hand­lar om innvan­dring eller innvan­drarar, er med på å fram­stille desse stor­leikane på ein neg­a­tiv måte (Bredahl, 2018, s. 104). Det fanst éin omgrepsmetafor som stod i kon­trast til denne forståin­ga (innvan­drarar som naboar), men i all hov­ud­sak blei innvan­dring opp­fat­ta som noko skrem­mande og truande ein må kon­trollere for å hin­dre øyde­leg­gande sce­nario i framti­da. I til­legg blei innvan­drarar ofte opp­fat­ta som ulike “ting” eller sub­stansar i staden for men­neske, og i den grad dei blei opp­fat­ta som men­neske, blei dei ofte forstått som ei homogen gruppe i staden for unike individ.

Ein stor del av omgrepsmetaforane er med på å forme eit neg­a­tivt bilete av innvan­dring og innvandrarar

Den mest dominerande omgrepsmetaforen som hand­la om innvan­dring var innvan­dring som vatn i rørsle, der innvan­dring som fenomen eller ei stor gruppe innvan­drarar blei opp­fat­ta som vatn i staden for men­neske. Uttrykk som tilstrøm­ming, fly­k­t­ning­bølge, strøm­men fra Afri­ka og strøm­men av asy­lanter er døme på metaforiske uttrykk innan­for denne omgrepsmetaforen. I metaforen blir kunnskap vi har om vatn i rørsle pro­jis­ert over på innvan­dring, noko som kan påverke forståin­ga vår av innvan­dring til Noreg og Europa. Forståin­ga ein sit igjen med, kan fort bli uheldig – vi har til dømes erfaringar med at vatn i rørsle, som bøl­gjer eller flau­mar, kan vere vanske­leg å kon­trollere og kan føre til materielle øyde­leg­gin­gar, og i ver­ste fall men­neskelege tap. Når denne kunnskapen om kjelde­domenet blir pro­jis­ert over på mål­domenet innvan­dring, kan det bidra til ei forståing av innvan­dring som noko skrem­mande som kan føre til øyde­leg­gin­gar i det norske samfunnet.

I mate­ri­alet var det ofte abstrak­te stor­leikar, forstått som meir konkrete objekt, som kunne bli utsett for øyde­leg­gin­gar, som i denne set­ninga: “Uten adek­vat innsats fra reg­jerin­gen risik­er­er vi at de økte ankom­stene vil slå som en vold­som bølge gjen­nom asyl­sys­temet i lang tid framover.” (Steen, 2015, s. 41). Eg vil hevde denne metaforen i større grad kan bidra til å skape legit­imitet for ein restrik­tiv enn ein lib­er­al innvan­dringspoli­tikk, for i den grad ein kan kon­trollere innvan­dringa for å forsøke å hin­dre ulike øyde­leg­gin­gar, bør ein gjere det.

Eit anna inter­es­sant funn gjeld metaforane om innvan­dringspoli­tikk. Det fanst nokre få døme på at dei poli­tiske aktørane bruk­te metaforar for å forsøke å skape legit­imitet for den innvan­dringspoli­tikken dei sjølv var tilhen­garar av. Likev­el blei dei metaforiske uttryk­ka om innvan­dringspoli­tikk i all hov­ud­sak brukt til å forsøke å skade legit­imiteten til innvan­dringspoli­tikk som aktørane ikkje var einige i. Eit døme på dette er omgrepsmetaforen poli­tikk som konkur­ranse, der innvan­dringspoli­tikk er forstått som ulike konkur­ransar, og poli­tikarar som deltakarar i konkur­ransane. Deltakinga tar tid og merk­semd vekk frå å føre ein god innvan­dringspoli­tikk og blir der­for opp­fat­ta neg­a­tivt av dei ulike for­fat­tarane. Vi kan sjå to ulike døme:

Uten å ofre de langsik­tige kon­sekvensene en tanke, kappes poli­tikere om å vise sine blø­dende hjert­er og moralske fortr­e­f­fe­lighet som i prak­sis betyr åpne grenser (Amund­sen, 2015, s. 6).

Den vik­tig­ste årsak­en er nok snarere at det er poli­tik­erne selv som har redusert norsk asylde­batt til å være en strenghet­skonkur­ranse (Valen, 2015, s. 46).

I desse set­ningane kan vi sjå to språk­lege realis­eringar av poli­tikk som konkur­ranse, og det er høvesvis ein lib­er­al og ein restrik­tiv innvan­dringspoli­tikk som blir utsett for kri­tikk ved hjelp av dei metaforiske uttryk­ka: Dei lib­erale poli­tikarane kap­past om å vere godast, medan dei restrik­tive konkur­rerer om å vere strengast.

Avsluttande tankar

Her har eg berre vist to omgrepsmetaforar frå mate­ri­alet, men dei to heng tett saman med resten av fun­na i oppgå­va. Ein stor del av omgrepsmetaforane er med på å forme eit neg­a­tivt bilete av innvan­dring og innvan­drarar. Sidan eg arbei­d­de med eit rel­a­tivt lite mate­ri­ale i oppgå­va mi, er det vanske­leg for meg å seie noko om kor kon­ven­sjonelle og utbrei­d­de dei metaforiske uttryk­ka er i språket. Men det kan sjåast som uheldig om ulike neg­a­tive forståin­gar av innvan­dring og innvan­drarar får stor plass i poli­tisk diskurs om innvan­dring eller i språket generelt. Sam­stun­des er det mog­leg at nokon av metaforane, til dømes språk­lege realis­eringar av innvan­dring som vatn i rørsle, er i så gjen­nom­gri­pande bruk i språket at det er vanske­leg å utfor­dre dei.

I til­legg er metaforane vik­tige i arbei­det med å skade legit­imiteten til innvan­dringspoli­tikk den aktuelle poli­tiske aktøren ikkje er tilhen­gar av. Dei poli­tiske aktørane bruk­er myk­je plass på å kri­tis­ere innvan­dringspoli­tikk, og metaforane er eit vik­tig verk­tøy i dette arbei­det. I framti­da vil det vere inter­es­sant å ta utgangspunkt i andre poli­tiske sak­er og sjå om ein kan finne lik­nande ten­den­sar der, eller om innvan­dringssa­ka skil seg ut på dette området.

Det ville òg vore av stor inter­esse, ikkje berre for språkvit­skapen, å under­søke eit større tek­st­ma­te­ri­ale og omfanget av ulike omgrepsmetaforar, sær­leg dei som er med på å forme neg­a­tive bilete av ulike stor­leikar innan­for innvan­drings­domenet. Kor kon­ven­sjonelle er eigent­leg desse metaforane i norsk språk og tanke i dag?

Litteratur

  • Amund­sen, P‑W. (2015, 11. sep­tem­ber). Hodeløs innvan­dringsnaivitet. Nordlys, s. 6, del 2.
  • Bredahl, A. (2018). “Den endeløse strøm­men”. Ein kri­tisk analyse av metaforar i ein poli­tisk diskurs om innvan­dring (Mas­teroppgåve). Uni­ver­sitetet i Bergen, Bergen.
  • Char­teris-Black, J. (2005). Politi­cians and Rhetoric. The Per­sua­sive Pow­er of Metaphor. New York: Pal­grave Macmillan.
  • Kövec­ses, Z. (2010). Metaphor. A Prac­ti­cal Intro­duc­tion. New York: Oxford Uni­ver­si­ty Press.
  • Lakoff, G. og John­son, M. (2003 [1980]). Metaphors We Live By. 2. Utg. Chicago/London: The Uni­ver­si­ty of Chica­go Press.
  • Steen, R. B. (2015, 16. sep­tem­ber). Reg­jerin­gens ans­var. Dag­bladet, s. 41, del 1.
  • Valen, S. (2015, 5. sep­tem­ber). Hvilken side står du på? Klassekam­p­en, s. 46–47, del 1.

TEMA

F

lyktnin
gkrisen

4 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen