Når medievitarar diskuterer ny teknologi er det mykje tung kritikk og pessimisme. Eg har sjølv bidratt til denne posisjonen med ei omfattande lesing av moralfilosofen Hans Jonas sitt mørke perspektiv på teknologiutviklinga i ein essayføljetong i Vox Publica.
Men det går faktisk an å tenkje positivt for medievitarar også. Det går an å formulere optimistiske visjonar knytt til teknologiutviklinga innan medier og kommunikasjon. I dette innlegget vil eg supplere pessimisten Hans Jonas med optimisten John Dewey, og vise korleis vi kan bruke hans måte å tenkje på for å fikse den norske offentlegheita anno 2020.
Skift retning på ytringsenergien
Folk flest har mykje på hjartet, og ytrar seg villig vekk i sosiale medium. All den energien som går med til å skrive og fotografere på Facebook, Twitter, Instagram og Snapchat kunne i prinsippet brukast annleis. Kva om borgarane kunne overtydast til å gjere ein friviljug innsats for å lage sakleg, relevant og samfunnskritisk journalistikk som mediene til og med fekk gratis?
No har det rabla for Lars Nyre, vil ein kunne meine. Det er urealistisk å tru at medievitarar kan bidra til ei slik endring! Eg vil no likevel argumentere for denne posisjonen. Det er eit visst grunnlag for optimisme fordi fleire studentprosjekt dei siste åra har vist kor lett det er for unge folk å foreslå slik konstruktiv endring.
Våren 2019 laga studentar ved UiB prototypen Ekko; ein app som gjer ditt nyheitstips til ein artikkel i lokalavisa med minimal innsats. Våren 2020 laga studentar ved Universitetet i Stavanger fem prototypar for redaksjonell nyvinning. Desse utviklingsprosjekta gjev eit hint om kva som kunne lagast viss verkeleg tunge ressursar vart sett inn.
Offentlegheita har eit problem
Gode gamle Jürgen Habermas seier at offentlegheita er eit varslingssystem for problem som må behandlast av det politiske systemet fordi dei ikkje kan løysast andre stader (Between Facts and Norms 1996: 359–60). Offentlegheita kan best skildrast som eit kommunikasjonsnettverk der politisk informasjon vert formidla ved at borgarane fungerer som sensorar som fangar opp viktige forhold og melder frå gjennom t.d. sosiale medium, lokale medium, debattarrangement og liknande.
Men sosiale medium er er eit dårleg varslingssystem! Teknologipessimisten Hans Jonas ville sagt at dei er uttrykk for eit utstoppeleg teknologisk framskritt som ikkje tek omsyn til andre verdiar enn endå meir framskritt. Sosiale medium er laga for at vi skal trykke på knappane og skape aktivitet for dei globale medieaktørane, ikkje for at vi skal kommunisere fornuftig i offentlegheita.
Rett nok har vanlege menneske gode vilkår for å ytre seg i sosiale medium, men debatten er lite sakleg og lite prega av tillit. Dei unge ser underholdningsvideoar på TikTok og YouTube i staden for å engasjere seg politisk. Dei gamle kranglar seg i hel på Facebook. Hatprat i filterbobler har for lengst spreidd seg ut av små fora, og bidreg til å svekke den offentlege samtalen. Det er dessutan eit overdrive personfokus i sosiale medium.
I ei fersk doktoravhandling hevdar Ida Andersen at sosiale medium er ikkje er laga for å stimulere til offentleg debatt, men til å vise fram påstandar og skape reaksjon. “Debatter på Facebook er dominert av selvhevdelse og moralsk posisjonering framfor konstruktiv argumentasjon”, seier ho i eit intervju i Klassekampen 27. august 2020. Vi er generelt blitt dårlegare til å argumentere for standpunkta våre, og dårlegare til å skifte frå “eg meiner” til “vi meiner” fordi dette så sjeldan vert forventa av oss i sosiale medium, seier Andersen. Ho underbygger tanken om at det trengst ein dugnad for skape høgare kompetanse i å drive konstruktiv diskusjon i den norske offentlegheita.
Problemet kan løysast
Problemet kan løysast dersom medievitskapen, informasjonsvitskapen og journalistikken inntek ei positiv sosialkonstruktivistisk haldning og samarbeider på tvers. Denne haldinga føreset at menneska kan bygge teknologiar utifrå våre behov og interesser, og såleis forme samfunnet til det betre for flest mogeleg ved hjelp av gjennomtenkte prosjekt.
John Dewey var ein sosialkonstruktivist før omgrepet var oppfunne, og han føreset at samfunnsvitarar kan byggje teknologar slik at dei konstruerer gode konsekvensar for menneska som tek dei i bruk: “Technologies should be “subject to constant and well-equipped observation of the consequences they entail when acted upon, and subject to ready and flexible revision in light of observed consequences” (The Moral Writings of John Dewey 1994: 203).
Løysinga på det dårlege debattklimaet har allereie blitt antyda. Lat oss prøve å flytte den folkelege ytringsenergien som fløymer gjennom sosiale medium over til lokale medium. Ja, til lokalavisene i norske byar, bygder, fjordar og fjelldalar.
Borgaren er jo allereie teknisk kompetent til å bidra med velskrivne nyheiter. Vi har alle saman publisert bilete på Instagram og Facebook, laga og redigert videoar, og formulert oss spissfindig med skrivne ord. Det bør gå an å flytte desse ferdigheitene over til lokale medium, og bruke dei til å utgjere det varslingssystemet Habermas definerer offentlegheita som.
Borgaren må vel kunne stimulerast til å vere eit varslingssystem for kvaliteten på sine eigne livsvilkår også i lokale medier, og ikkje berre på internasjonalt eigde, globalt orienterte sosiale medium?
Flytt energien frå sosiale til lokale medium
Dersom ein vil forbetre den norske offentlegheita er det viktig å byrje i små, lokale samanhengar, for der er det lettare å konstruere ein styrka posisjon for borgarane, og lettare for borgaren å føle seg som ein bidragsytar. Det er lettare å sørge for transparent informasjonsutveksling viss teknologileverandøren er tettare på og viss du kan oppsøke redaktøren og klage på innretninga. Dei globale sosiale media som Facebook og Twitter er jo nesten fullstendig utilgjengelege for innspel frå norsk kultur.
Hvis ein vil prøve å bygge eit varslingssystem for borgarane på 2020-talet er det ganske naturleg å ta i bruk big data, mobiltelefon og kunstig intelligens. Slik teknologi er svært kraftfull, og vil kunne få fart på overgangen frå sosiale til lokale medium. Med dei rette verkemidla kan slik teknologi understøtte lokale grasrotinitiativ så vel som globale sosiale medium.
Kunstig intelligens vert allereie brukt til å lage automatiserte nyheiter. Algoritmar lagar informative nyheitsaker utifrå strukturert informasjon om fotballresultat, kjøp og sal av eigedom, valresultat og andre forhold som er enkle å kvantifisere. NTB legg ut tusenvis av nyheiter som er skrivne på denne måten, og utviklinga mot meir avansert automatisering går for fullt.
Studentprosjektet Ekko som eg nemnte ovanfor har vorte vidareutvikla til mobilappen Tipps. Dette er eit regionalt utviklingsprosjekt for lokalaviser der lesaren/borgaren skal kunne sende inn nyheitstips til lokalavisa. Kort fortalt skal brukaren kunne ta eit bilete av ei hending, skrive faktaopplysningar inn i appen, og få autogenerert ein nyheitssak som dei også kan sjå over før dei sender den inn til lokalavisa.
Denne appen viser at det er potensial for å understøtte og delvis automatisere ein viktig del av borgarens rolle, nemleg det å kunne ytre seg raskt og effektivt i lokale medium på omlag same vilkår som opinionsleiarar og etablerte intervjuobjekt.
Tenk positivt!
Det scenarioet eg skildrar framstår truleg som ganske hårete, men det er mogeleg å satsa i denne retningane. Tenk positivt! Av og til må ein tenkje at “det finst ikkje problem, berre utfordringar”.
Borgaren kan lære å ytre seg på ein måte som er meir relevant og konstruktiv, og som stimulerer til samarbeid og gjensidig tillit. Slike haldningar kan stimulerast ved hjelp av kunstig intelligens bygd inn i Tipps-appen og lokalavisa i framtida. Med dei rette forteljartekniske rammene og gode interaksjonsmuligheiter kan borgarane verte posisjonert som aktive bidragsytarar.
Borgarane kan få ei sterkare kjensle av å eksistere samtidig med andre i den same situasjonen, der me deler konsekvensane av alle val, og sjølve må vere med å ta val. Borgarane kan oppleve at dei er komplekse menneske med sterke relasjonar til andre menneske, geografiske stader, og viktige endringsprosessar på desse stadene. Alt dette kan understøttast med den same teknologien som Facebook brukar til å engasjere folk i politisk debatt, dele morosame kattevideoar og selje reklame.
Avanserte teknologiske verktøy treng ikkje vere kapitalistiske, med mål om maksimal vekst og global marknadsrekkevidde. Denne teknologiutviklinga kan i prinsippet vere non-profit, dugnadsbasert, og offentleg subsidiert.
Avanserte teknologiar for offentleg dialog kan vere godt forankra i norske, regionale og lokale omgjevnader, og vere basert på norsk kultur og språk. Dei kan lagast for å prioritere kvalitetar som er positive for norsk offentlegheit og debatt, slik som det å unngå for sterke filterbobler og ekkokammer, og dei kan vere utan sporing og manipulering av brukaren.
Frå eit sosialkonstruktivistisk perspektiv handlar det berre om menneskas vilje til faktisk å lage teknologiar som er gode for oss, og oppføre oss på dei måtane som er gode for fellesskapet. Vanskelegare er det ikkje!