Polakkar utgjør i dag om lag 2 prosent av det totale innbyggjartalet i Noreg. Gruppa er den klart største innvandrergruppa, med 98212 registrerte av Statistisk sentralbyrå ved inngangen til 2018. Fleire polske forskarar tek til orde for at det i tillegg til dette kan vere snakk om 50000 til 60000 uregistrerte polakkar i Noreg.
Med god assistanse både frå NRK og kollegaar ved forskingsprosjektet SCANPUB (The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970–2016), leverte eg i juni masteroppgåva «Portraying a Major Minority in Televised Public Service Broadcasting: Portrayal of Polish Immigrants in the Norwegian Broadcasting Corporation», der eg har undersøkt korleis dekninga av polakkar i NRK sitt TV-tilbod har utvikla seg frå 1970 til 2008. Nokre hovudpunkt:
- Dekninga av polakkar har jamt over vore låg samanlikna med andre vestlege nasjonalitetar, men har auka drastisk etter at Polen vart del av EU/EØS sin frie arbeidsmarknad i 2004.
- 74 prosent av det analyserte materialet er i hovudsak sympatisk i si framstilling av polakkar.
- Framstillinga av polske innvandrarar i NRK har endra seg mykje dei siste 50 åra, frå tilnærma utelukka sympatisk på 70-talet opp mot 45 prosent usympatisk kring tusenårsskiftet, før det gjekk tilbake til 82 prosent sympatiske framstillingar i fireårsperioden etter 2004.
- Det kan sjå ut til å vere ein samanheng mellom polakkane sin utvandringsgrunn og tematikkane og framstillingane i NRK si dekning.
Stor gruppe, låg dekning
Figuren under viser fordelinga mellom nemninga av ulike nasjonalitetar i NRK sin interne programdatabase SIFT. SIFT er i stor grad komplett fram til og med 2009, og 2008 er difor sluttåret for undesøkinga. Masseinnvandringa frå Polen starta ikkje før EU-ekspansjonen i 2004. Desse tala bør òg sjåast i samanheng med innbyggjartalet av dei ulike gruppene i Noreg.
Frå denne figuren kan ein gjere ei rekke observasjonar. Til trass for at programdatabasen ikkje dekker alle program og innslag, kan ein anta at nivåa, relativt sett grunna dei høga tala, i stor grad stemmer. Dette fungerer godt som eit førsteinntrykk og som indikator for kvifor dette fenomenet er verd å undersøke. Til trass for sin relativt geografiske nærleik er talet for Polen lågt samanlikna med andre vestlege land slik som Sverige, Danmark, Tyskland og Frankrike. Ein kan lese ei stor auke i dekninga av Tyskland tilknytt Berlinmurens fall. Ein kan i tillegg til dette sjå ein generell auke i antal innslag, som nok kan grunngjevast med aukinga i programtilbod, opprettinga av fleire TV-kanalar og betra interne rutinar for arkivering.
NRK sitt arkiv – ei rikhaldig kjelde for statistisk analyse
Materialet (331 interne programskildringar som oppfyller spesifikke kriterium) er gjennomgått med fokus på den overhengande tematikken i skildringa, samt framstillinga av polakken i skildringa i relasjon til tematikken. Sistnemnde kan delast inn i 3 hovudgrupper: helt, trussel og offer – kategoriar som i stor grad blir nytta i internasjonal forsking på vinkling av sosiale grupper i media. I tillegg til denne gjennomgangen, er eitt tidsriktig program per tiår gått etter i saumane i eit forsøk på å belyse funna.
Framstillinga kan henge saman med polakkane sin grunn til utvandring
I ein forskingsartikkel frå 2014 presenterer Jonas Horgen Friberg og Anne Golden den moderne historia om polsk innvandring til Noreg som oppdelt i tre distinkte fasar, bestemt etter utvandringsgrunn. Første fase var flukt grunna sivil uro i Polen (1980–1989), andre fase, utvandring grunna sesongarbeid i Europa (1989–2003) og tredje fase, styrt av arbeidsinnvandring (2004–d.d.). Desse fell omtrentleg saman med tiåra i mi undersøking, og det er difor hensiktsmessig å sjå funna i lys av desse.
Dei fire høgast representerte kategoriane er «arbeid», «kriminalitet», «ankomst og retur av lovlege innvandrarar» samt «kultur, kunst og underhaldning». Det første tiåret, 1970-talet, var før Friberg og Golden byrjar å beskrive sine innvandringsfasar. I denne perioden var det sentralt med dekninga av polske kunstnarar og kulturskikkelsar i Noreg. Flukt frå Polen var sentralt på 1980-talet, i Friberg og Golden sin første fase. På 1990-talet, i Friberg og Golden sin andre fase, var kriminalitet det høgast representerte temaet. I det siste tiåret, 2000-talet, har saker tilknytt arbeid utgjort hovudmengda.
Den totale framstillinga av polakkar har historisk ei overvekt av sympatiske framstillingar, altså helt og offer-framstillingar. 74 prosent av innslaga er i hovudsak sympatiske, dei resterande 26 prosent er trussel-framstillingar. Fordelinga har variert over tid, frå tilnærma ikkje-eksisterande trussel- og offer-framstillingar på 70-talet, så aukande usympatiske framstillingar på 90-talet og byrjinga av 2000-talet. I siste halvdel av 2000-talet beveger fordelinga seg i etterkant av EU-utvidinga i 2004 tilbake mot nivåa på 80-talet.
Polakken som: Kunstnar, flyktning, trussel, arbeidar
Analysane av materialet visar at framstillinga og fokuset i innslag om polakkar i stor grad har endra seg over tid.
1970-åra var i stor grad prega av framstillingar av polakkar som kulturelle vidunderbarn, kunstnarar og eventyrlystne. Polakkane vart framstilt som eksotiske, nesten på grensa til det sublime. Dette er særs tydeleg i eit av dei første lengre intervjua med ein polsk innvandrar i norsk TV, nemleg på Lørdagskveld med Erik Bye i desember 1973. Det er kunststudenten Andrzej Dziubek, seinare kjend som multikunstnar og vokalist i rockebandet De Press, Andrej Nebb.
Nasjonal uro og opprør i Polen mot slutten av 1970-talet kulminerte i kunngjøringa av nasjonal unntakstilstand i desember 1981. Dette markerte byrjinga på eit tiår sterkt prega av offer-framstillingar med fokus på dei tyngre tidene, flyktningane og vonde forteljingar frå Polen. Dette bidrog til å gjere framstillinga av polakkar meir «jordnær». Eit døme på ei slik framstilling kan ein sjå i Lørdagsredaksjonen 12. desember 1981, ein dag før erklæringa av militær unntakstilstand som følgje av fagforeininga Solidaritet sin motstand mot kommunistregimet.
Der tiåret før fokuserte på den vanskelege situasjonen i Polen, ser ein på 1990-talet ei dreiing i fokus mot vanskelege situasjonar blant polakkar og i møte med lokalsamfunn i Noreg, spegla i aukinga av trusselframstillingar. Sakane om polakkar handlar om polakkane som trussel mot offentleg orden, men samstundes òg som kulturelt inspirerande og gode arbeidarar. Dette kan til dømes sjåast i dokumentaren Dette er vårt Mallorca frå 1991.
2000-talet liknar mykje på 1990-talet fram til 2004. 2004 markerer eit skilje, der dei påfølgjande fire åra har ei enorm merksemd om sosial dumping og vanskelege kår, mens ein er mindre oppteken av trusselframstillingar. Ein kan òg sjå ein generell auke i framstillinga av polakkar som gode arbeidarar. Åra etter 2004 er prega av at rettane til polakkar i Noreg må forsvarast, og at utanlandsk arbeidskraft er naudsynt grunna gode økonomiske tider i Noreg. Ei tidstypisk framstilling finn ein i Brennpunkt-dokumentaren Stolt, polsk og fattig.
Den mest sentrale trusselframstillinga er polakkar som trussel mot offentleg orden. Dette er typisk saker som dreier seg om smugling og anna kriminalitet. Det er hensiktsmessig å sjå dette i samanheng med EU-utvidinga og Friberg og Golden sin tredje fase, ein fase prega av arbeid som hovudårsak til innvandring.
Tema: Forskar på skandinavisk innvandringsdebatt
Artikkelen er basert på forfattarens masteroppgåve «Portraying a Major Minority in Televised Public Service Broadcasting: Portrayal of Polish Immigrants in the Norwegian Broadcasting Corporation» (2018).
Oppgåva er del av forskingsprosjektet «SCANPUB – The Immigration Issue in Scandinavian Public Spheres 1970–2015». Prosjektet vert leia frå Universitetet i Bergen av professor Jostein Gripsrud.
Fleire artiklar frå SCANPUB: