Opprøret i Kautokeino i 1852 skaka dei norske styresmaktene. Den 8. november gjekk 35 flyttsamar, som var læstadianarar (ei religiøs sekt), først til fysisk åtak på samefamiliar i området som ikkje hadde vilja late seg omvende og var syndige og ubotferdige. Dinest gjekk ferda til kyrkjestaden. Her slo dei i hel lensmann Lars Johan Bucht og handelsmann Carl Johan Ruth. Dei sette fyr på huset og krambuer som handelsmannen hadde, og sokneprest Hvoslef og fleire andre vart mishandla.
To av opprørarane mista livet i samband med åtaket. Styresmaktene fekk raskt kontroll over situasjonen og sette inn 50 soldatar. I 1854 vart to av leiarane, Aslak Jacobsen Hætta og Mons Aslaksen Somby, dømde til døden av Høgsterett og halshogde 14. oktober same år. Tre av opprørarane døydde før eller under rettssaka. Ni av dei fekk livsvarig fengsel, medan 15 slapp unna med fengselsstraffer på år eller månader. I tillegg måtte opprørarane svare til staten 3000 rein og opplevde med det økonomisk ruin. Med denne dommen fekk dette opprøret store dimensjonar.
Kautokeino-opprøret og offentlegheita
Historia om den norske offentlegheita er prega av mange spenningsforhold langs ideologiske, kulturelle og geografiske linjer. I denne bloggen publiserer me med javne mellomrom djupdykk i fleire av desse. I denne artikkelen tek historikar Knut Dørum for seg kjølvatnet av Kautokeino-opprøret i 1852, og drøfter hendinga si avgjerande betyding for forholdet mellom offentlegheitas sentrum og periferi – og mellom samane og landets styresmaktar.
Kvifor?
Korleis har så Kautokeino-opprøret blitt forklart? Ei forklaring lansert av etnografen Gutorm Gjessing er at det profitable brennevinssalet til handelsmannen og presten og alkoholmisbruket forderva samane økonomisk og moralsk, og at dette vart hovudårsaka til opprøret. Ei meir omfattande forklaring med fleire element er seinare lansert av sosiologen Per Otnes. Han meiner opprøret var ein sosial protest retta både mot framande inntrengarar drivne av profitthunger og mot eit hardhendt norsk rettsapparat. Dinest såg han ei religiøs motivering i læstadianismen, ei ny kristendomsforståing som den svenske presten Lars Levi Læstadius (1800–1861) hadde forkynt og gjennom det fått mange tilhengarar blant norske og svenske samar. Læstadius mana folk til høgare moral og ville ha strenge forbod mot det han såg på som syndig livsførsel, og ikkje minst mana han folka sine til handfaste handlingar mot dei ureine, syndige og vantru. Både Gjessing og Otnes er samde om at det samiske opprøret gjekk ut frå ei rørsle som sosialt kjempa mot norsk overmakt, men som også fann næring i religiøs radikalisme som gjekk ut over dei som stod utanfor rørsla.
Mykje av det same synet har den nederlandske historikaren Nellejet Zorgdrager. Ho meiner i doktoravhandlinga si at hovudforklaringa på opprøret er dei kolonialistiske og nedlatande haldningane som embetsmenn og handelsmenn møtte dei med på kyrkjestaden, tingstaden og handelsplassen. I den sterkt karismatiske rørsla som Læstadius hadde skipa, fann samane ei sterk overtyding om at dei representerte det heilage og rettvise i møte med nordmenn som ikkje levde etter den rette trua. Dei kjende ei gudgjeven plikt til å straffe nordmennene. Noko som kan ha forsterka sinnet og misnøya, var grensesperringa mellom Noreg og Finland kort tid før opprøret som øydela for sommarbeitet i finske område for samane i Kautokeino-området.
Sosialt opprør og religiøs vekking
Tore Pryser summerer opp mykje av forskinga når han ser opprøret som eit resultat av brytingar mellom samar og norske innflyttarar, slik som prestar og lensmenn som var lite kvalifiserte og synte lite forståing for samisk kultur. Den læstadianske vekkinga som i forkynninga si gjekk til åtak på alkoholmisbruk og sedløyse, fekk sterk brodd mot presteskapet og dei verdslege styresmaktene som utnytta samane i brennevinshandelen og var brutale mot dei. Vekkinga hadde i åra før 1852 utløyste religiøse demonstrasjoner blant samane, og dei som hadde delteke, var blitt straffa med inndraging av rein.
Pryser har vilja sjå opprøret også i samanheng med Thrane-rørsla, sjølv om det ikkje var direkte samband. Ikkje minst vil han vurdere reaksjonane til dei norske styresmaktene som ei følgje av at Thrane-rørsla hadde truga stabiliten i det norske samfunnet. I ettertid såg styresmaktene mange spor av samband mellom samane og thranittane. Eitt indisium var at den tyskfødde Heinrich Anders frå det kommunistiske forbundet hadde vitja sjølvaste Læstadius i 1847. Pryser finn også prov for at både Høgsterett og statthaldar Løvenskiold i 1850-åra såg opprøret som ein trugsel mot stat og samfunn på line med Thrane-rørsla, og at det måtte vere ei kopling mellom Kautokeino-opprøret, Thrane-rørsla og februarrevolusjonane omkring i Europa. Høgsterett meinte samane hadde vilja tvinge fram ei samfunnsmessig jamstilling mellom seg og dei sosialt høgareståande, noko som ville øydeleggje sivilisasjonen. Rettssaka og dommen spegla frykta til styresmaktene for fleire opprør under inntrykket av revolusjonsforsøka rundt omkring i Europa i 1848. Handteringa av opprøret står fram som ein del av reaksjonen som Thrane-rørsla alt hadde utløyst.
Men straffereaksjonen vart mykje hardare mot samane enn mot thranittane. Til dels hang dødsstraffa saman med at Kautokeino-opprøret var valdeleg og førte til drap, til dels speglar straffa at tilhøvet mellom norske styresmaktene og samane var blitt meir og meir konfliktfylt. Som Einar Niemi poengterer, førte oppgjeret med samane til at læstadianisme som ei kristen retning for samane vart fordømd, og samane kunne ikkje lenger opent vere læstadianarar, sjølv om denne religiøse rørsla aldri braut med den norske statskyrkja. Ifølgje Niemi hadde biletet av samane som dei edle ville slått sprekkar med det blodige opprøret, og dei stod no fram som rå og framande. Dette bidrog til at den norske staten meir og meir stramma inn minoritetspolitikken sin i siste del av 1800-talet.
Frå edelt naturfolk til primitiv rase
Frå rundt 1860 og i 70–80 år framover dreiv dei norske styringsmaktene ein stadig meir systematisk fornorskingspolitikk andsynes kvener og samar i Nord-Noreg. Ein ville plante sterkare norsknasjonale haldningar hos samar og kvener nordpå. Nasjonsbygginga kom til å gå hand i hand med ei raselære som vurderte slike folkeslag som underlegne nordmenn i intelligens og kultur. Det galdt å minske identitetskjensla og samhaldet blant dei og undergrave språket og kulturen deira. Fornorskingspolitikken fekk sterkast utslag i språk- og skulepolitikken, og born og unge på skulebenken merka mest til tiltaka. Samar og kvener skulle tvingast til å lære seg norsk, leve som nordmenn og ta i bruk norske skikkar. Det kom restriksjonar mot å tale anna enn norsk på skulen.
Viktig var det også at Finansdepartementet i 1848 innleia ein politikk i Finnmark som betydde at styresmaktene ikkje i same grad som tidlegare godtok dei gamle bruks- og eigedomsrettane til samane, som var kollektive, ikkje knytte til einskilde personar. No ville styresmaktene rekne grunnen i Finnmark som statleg og ta frå «nomadefolk, lapperne» rettar, og nye og etablerte samar og kvener skulle ikkje få status som eigarar. I 1863 kom lova om statleg jordsal, følgd av ei ny lov i 1902. I 1869 kravde amtmannen at dei som kjøpte eller leigde seg jord i Sør-Varanger, måtte kunne snakke norsk eller svensk. Knut Einar Eriksen og Einar Niemi ser den langvarige fornorskingspolitikken i stor utstrekning som eit resultat av frykta for finsk ekspansjon i nordområda. Førestillinga om «den finske faren» i Noreg botna til ein viss grad i tendensar i nabolandet til å drøyme om eit Stor-Finland, der eit utanrikspolitisk mål kunne bli å innlemme finske område i andre land i Finland. Den kvenske befolkninga i Noreg kunne dermed bli ein trugsel. Sikring av territoriet mot Russland er også ein del av biletet. Det kom i stand avtalar om grensesperringar mellom landa i nordområdet, og i 1860 vart Noreg og Russland samde om utlevering av uønskte element, som for norsk del dreidde seg om å kvitte seg med kvenske innvandrarar som vart ein sosial og økonomisk byrde for det offentlege.
Fornorskingspolitikken kom langt på veg til å umyndiggjere samane politisk og kulturelt. Det norsk-etniske arbeidarklassen fekk aldri oppleve noko som kom i nærleiken når det galdt undertrykking og nedvurdering. Ein ny opposisjon nedanfrå reiste seg i 1860-åra.
Litteratur
Pryser, Tore 1982: Gesellar, rebellar og svermarar. Om farlege folk kring 1850. Oslo.
Eriksen, Knut Einar og Einar Niemi 1981: Den finske fare. Sikkerhetsproblemer og minoritetspolitikk i nord 1860–1940. Oslo.
Niemi, Einar 2003: I nasjonalstatens tid, 1814–1940, bd. 2, i Norsk innvandringshistorie.
Zorgdrager, Nellejet 1997: De rettferdiges strid. Kautokeino 1852. Oslo.
Gjessing, Gutorm 1953: Tragedien i Kautokeino. Håløygminne.
Otnes, Per 1970: Den samiske nasjon. Interesseorganisasjoner i samenes politiske historie. Oslo.