Politiske parti ynskjer ikkje berre å påverke kva politikk media skal skrive om, men også korleis media og veljarar skal forstå politikken. Å få kontroll over dagsorden handlar dermed ikkje berre om kva saker som kjem på. Korleis desse sakene blir framstilte, og i kva lys er også svært viktig. I årets stortingsval klarte Høgre seg godt i framstillinga, eller framinga, av sakane. SV sto til stryk. Suksessen til Høgre kan forklaras med å sjå på korleis parti og veljarar forstår konseptet politikk.
Direktør Solberg
Erna Solberg i Dagsnytt atten, dagen etter at Noreg har fått ny regjeringsplattform:
Vi er selvfølgelig opptatt av at vi skal levere, vi er opptatt av at vi skal vise resultater, at vår politikk skal gi bedre resultater. Alt dreier seg ikke bare om hvor mye penger man bevilger, det dreier seg også om at man har ideer og løsninger som gjør at du kan sørge for at du kan få gode resultater for de pengene. Veldig mye dreier seg også om lederskap, det å ha stor gjennomføringskraft. Det er viktig å løfte gjennomføringskraften, være opptatt av resultatoppnåelse, mer enn aktiviteten som drives. For det kan godt tenkes at det vi hadde tenkt faktisk ikke gir det resultatet det var ment å gi. Da er vi villige til å forandre politikk, for man skal ikke være forelsket i virkemidlene, man skal være opptatt av å nå målene. (mi utheving)
Det er som eit oppsummerande ekko av Høgre sin valkampretorikk: Høgre sitt valprogram (pdf) har tittelen «Nye ideer og løsninger». Høgre vil «investere i framtida» og kvart kapittel inneheld ei smørbrødliste med «Høyres løsninger». Gode løysingar skal syte for at skattebetalarane sine pengar ikkje blir sløst vekk av byråkrati, men blir nytta til å levere gode resultat. Politikk skal ein drive kostnadseffektivt – nett som eit føretak.
Kamerat Audun
Audun Lysbakken, kvelden der SV gjer sitt nest dårlegaste val i historia. Han lovar kompromisslaus motstand mot ei ny regjering: “Vi skal gå i spissen for motstanden mot høyrekreftene og vi skal gjøre det med den stoltheten som kommer av at vi har forandret Norge og gjort det rødere og grønnere mens vi har vært i regjering».
Han snakka vidare om alle kampane SV hadde vunne i regjering. SV sitt valprogram heiter «Stort nok til å drømme om, konkret nok til å tro på”. Dei vil “skape et rettferdig og miljøvennlig samfunn” og smørbrødlistene er innleia med “SV jobber for”.I valkampinnspurten snakka SV om å mobilisere alle medlem, støttespelarar og potensielle veljarar. Politikk er ein kamp for forandring – nett som ein revolusjon.
Det er ikkje tilfeldig korleis dei ulike partia føretrekk å presentere sin eigen politikk, tvert om speglar det korleis dei forstår kva politikk er, kva ein stat er. Og dersom partiet si forståing høver bra med korleis media og veljarar tenkjer, ja, då får partiet lettare setje dagsorden i valkampen – noko som kanskje er med på å avgjere valresultatet. Oppfattar ikkje Høgre politikk som føretaksleiing, som administrasjon, medan SV ser på politikk som samfunnsomvelting – som revolusjon?
Me forstend verda gjennom grunnleggjande metaforar
Å tenkje i metaforar
Båe partileiarane framstillar politikken sin på eit metaforisk sett. Det er viktig å ikkje tenkje på metafor i tradisjonell forstand, slike me gjerne forbind med dikt og poetisk språkbruk. I motsetnad til Stoltenberg, som kalla Mongstad-prosjektet «vår månelanding» eller Jagland som kalla regjeringa sitt prosjekt «Det Norske Hus», har ikkje Lysbakken (versjon 2013) sagt at SV ser på politikken sin som revolusjonær. Det same gjeld for Solberg – ho har aldri eksplisitt samanlikna Noreg og eit føretak.
Poenget er at SV snakkar om politikk som ein snakkar om revolusjon – ei omgripande omvelting ein må kjempe fram, medan Høgre snakkar om politikk som ein snakkar om føretaksleiing – implementering av nye løysingar og tydleg leiarskap. Å forstå eit omgrep – eller eit felt (engelsk: domain) – med ord ein vanlegvis nyttar til å snakke om eit anna felt blir kalla kognitiv metafor. Vitskapsfolk frå feltet kognitiv lingvistikk hevdar at måten me tenkjer på i all hovudsak er metaforisk – me forstend verda gjennom grunnleggjande metaforar. Nokon av desse metaforane er universelle, til dømes TID ER ROM (me seier at tida går og at me har lagt fortida bak oss), medan andre er spesifikke for ein viss kultur, til dømes er den klassiske oppfatninga av politikk i USA basert på metaforen AMERICA IS A FAMILY (tenk berre på «The founding fathers»).
Eit sentralt teoretisk poeng er at me ikkje kan leggje desse metaforane vekk – det er rett og slett umogleg for oss å tenkje og resonnere om tid på ein måte som er uavhengig av korleis me tenkjer og resonnerer om rom. Det tyder ikkje at metaforane er statiske: Metaforen TID ER ROM er samansett av eit tilnærma uendeleg sett med koplingar (mappings), moglege korrespondansar mellom kjeldefeltet (source domain) ROM og målfeltet (target domain) TID. I dagleg språkbruk kan me aktivere nokre koplingar og slå av andre, kreativ språkbruk kan starte koplingar som aldri har vore i bruk før, og på denne måten kan ein til og med byggje ut nye metaforar, til dømes KJÆRLEIK ER EI REISE.
Politiske frames
Kva har alt dette med politisk presentasjon å gjere? Det meste. Dersom me forstend politikk på eit metaforisk sett, må politikarane klare å bruke desse metaforane til sin fordel. Retorisk dyktige politikarar kan kommunisere slik at deira framstilling av røyndommen og av eigen politikk klinger godt med ein viss kognitiv metafor, men også slik at motstandarane får problem med å fremje sin politikk på ein fordelaktig måte. Ein har aktivert koplingar som er meir tenlege for ein sjølv enn for motstandaren, ein har klart å setje dagsorden ikkje berre for kva politikk media skal skrive om, men om korleis ein skal forstå politikken. Dei har gjort ei god framing.
Her lukkas Høgre i valkampen, medan SV snubla lengje før målstreken. Erna Solberg frama politikken til Høgre på ei måte som lét dei setje dagsorden, medan Lysbakken kommuniserte på ein måte som korkje gjeng godt saman med mediebiletet eller med det SV har oppnådd i regjering.
Arbeidarpartiet har presentert skrytediagram på Facebook om sine politiske resultat, nett som ein føretaksleiar gjer for aksjonærane.
Noreg er eit føretak
Lat oss gjere eit tankeeksperiment: I Noreg tek den dominerande forståinga av politikk den metaforiske forma NOREG ER EIT FØRETAK. Reinspikka kognitive lingvistikarar gjennomførar eksperiment, både i form av spørjeskjema sendt til store grupper og i form av datamaskinmodellar, når dei skal finne ut om ein kognitiv metafor eksisterer og kva slag koplingar som er aktive, men sidan eg ikkje er eit rikt amerikansk universitet, held eg meg på fyrste nivå av forskinga – analyse av den lingvistiske overflata, av korleis me nyttar språk og bilete i politisk kommunikasjon.
Det finst ein god del data som støtter hypotesa om at NOREG ER EIT FØRETAK er ein aktiv metafor. New Public Management-ideologien er kan hende det mest openberre hintet (eit viktig poeng i kognitiv lingvistikk er sjølvsagt at metaforane ikkje berre påverkar korleis me kommuniserer, men rett og slett korleis me handlar og lev – altså ikkje berre korleis me forstår politikken, men også korleis me formar den). Måten andre parti enn Høgre og SV kommuniserer er eit anna teikn – Arbeidarpartiet har presentert skrytediagram på Facebook om sine politiske resultat, nett som ein føretaksleiar gjer for aksjonærane. FrP vil ha ein enklare kvardag for folk flest – dei vil levere betre tenester, betre vegar og eldreomsorg, for færre pengar – nettopp som eit godt føretak. Ikkje minst kan reduksjonen av valkampen til eit val mellom to statsministerkandidatar bli lese som eit symptom: Valet står mellom to styreleiarar, Jens eller Erna. Veljarane er generalforsamlinga, regjeringa er føretaksstyret.
God framing frå Høgre
Høgre sine valkampstrategar har klart å dra nytte av denne metaforen. For det fyrste har dei vore heldige – partileiaren deira er ein av to statsministerkandidatar. For det andre har dei klart å snakke om Høgre-politikk som om dei snakka om føretaksleiing, samstundes som denne måten å snakke på synte fram alt det dei raudgrøne ikkje har fått til. Skattelette er klassisk Høgre-politikk, når dei snakkar om gode løysingar som skal gje oss meir for pengane snakkar dei til veljarane som aksjonærar – me skal få mest mogleg att for investeringane me gjer. Skattelette er slett ikkje venstresida sin politikk – så å forstå veljarar som aksjonærar er ikkje fordelaktig for dei raudgrøne.
Høgre er også oppteken av at løysingane skal gje gode resultat – dei skal oppnå mål, levere oss auka tryggleik, gode vegar, rask behandling når me er sjuke. Då vert veljarane brått kundar som skal bli so nøgde som mogleg. Høgre sin fordel her er den massive medieomtala av korleis byråkratiet har feila under dei raudgrøne – handlingslamminga 22. juli, kaoset på Ahus, utgreiing på utgreiing om utbygging av jernbanenettet. Grafane til Ap som skal syne kor såre vel alt er blir då ikkje så effektive – media har jo fortalt oss at det slett ikkje gjeng så bra, og Høgre si kopling klikkar rett inn i den forteljinga. Viktigast er kanskje kor gjennomført Høgre snakkar om politikk på denne måten – det gjer bodskapen deira tydlege og styrkar framinga dei er ute etter.
Få av oss har opplevd veldige omveltingar som revolusjonar. Derimot møter me alle føretak og liknande einingar i dagleglivet.
SV i utakt med folket
SV snakka om noko heilt anna. For dei er politikk store samfunnsendringar, ein revolusjon. Det er absolutt mogleg at ulike kognitive metaforar kan eksistere parallelt på dette nivået, både i same kultur og i same hjerne (medan på meir basale nivå, som TID ER ROM, vil det ikkje vere rom for slik drastisk skilnad), men ein av metaforane vil vere den dominerande.
POLITIKK ER REVOLUSJON ligg nok støtt i hjartet til det sosialistiske protestpartiet SV, men eg trur det er trygt å seie at dei berømte folk flest ikkje forstend politikk som ein revolusjon. Eit viktig poeng i teorien om kognitiv metafor er at kjeldefeltet bør vere noko me kjenner betre til enn målfeltet, og få av oss har opplevd slike veldige omveltingar som revolusjonar. Derimot møter me alle føretak og liknande einingar i dagleglivet. I tillegg, som allereie nemnt, medverkar mediebiletet og NPM-ideologien til å aktivere forståinga av politikk som administrasjon og føretaksleiing. SV klarar ikkje å møte veljarar flest eller massemedia.
Dårleg kommunikasjon frå SV
Samstundes har ikkje SV greidd å frame politikken dei har gjennomført i regjering som store, strukturelle endringar. Partiet har vore tydleg på at dei har oppnådd full barnehagedekning og mellombels stoppa oljeboring i Lofoten, men kvifor er dette radikalt, korleis er det revolusjonært? SV har oppnådd resultat, men dei klarar ikkje å ta i bruk metaforen dei forstend politikk gjennom når dei skal kommunisere resultata sine. Dei har ikkje klart å sende revolusjonen på TV.
Partiet klarar heller ikkje å forklare kvifor ein bør forstå politikk som ein revolusjon. Noreg går jo som kjent nokså bra, folk flest har det godt, kvifor skal me mobilisere, kvifor skal me kjempe, vil me eigentleg ha noko så valdsamt som ein revolusjon? Kanskje tidsanden er mot dei, for er det ikkje betre og tryggare med litt betre løysingar, nokre nye idear, tydlegare leiing som kan gje oss meir utbytte for skattpengane og levere betre tenester?