Revolusjon eller administrasjon?

I valkampen lukkas Erna Solberg og Høgre å framstille politikken sin på ei måte som lét dei setje dagsorden, medan SV og Lys­bak­ken kom­mu­ni­serte på ein måte som kor­kje gjeng godt saman med medie­bi­le­tet eller med det SV har opp­nådd i regje­ring.

Poli­tis­ke par­ti yns­kjer ikkje ber­re å påver­ke kva poli­tikk media skal skri­ve om, men også kor­leis media og vel­ja­rar skal for­stå poli­tik­ken. Å få kon­troll over dags­or­den hand­lar der­med ikkje ber­re om kva saker som kjem på. Kor­leis des­se sake­ne blir fram­stil­te, og i kva lys er også svært vik­tig. I årets stor­tings­val klar­te Høg­re seg godt i fram­stil­lin­ga, eller framin­ga, av saka­ne. SV sto til stryk. Suk­ses­sen til Høg­re kan for­kla­ras med å sjå på kor­leis par­ti og vel­ja­rar for­står kon­sep­tet poli­tikk.

Direktør Solberg

Erna Sol­berg i Dags­nytt atten, dagen etter at Noreg har fått ny regje­rings­platt­form:

Vi er selv­føl­ge­lig opp­tatt av at vi skal leve­re, vi er opp­tatt av at vi skal vise resul­ta­ter, at vår poli­tikk skal gi bed­re resul­ta­ter. Alt drei­er seg ikke bare om hvor mye pen­ger man bevil­ger, det drei­er seg også om at man har ide­er og løs­nin­ger som gjør at du kan sør­ge for at du kan få gode resul­ta­ter for de pen­ge­ne. Vel­dig mye drei­er seg også om leder­skap, det å ha stor gjen­nom­fø­rings­kraft. Det er vik­tig å løf­te gjen­nom­fø­rings­kraf­ten, være opp­tatt av resul­tat­opp­nå­el­se, mer enn akti­vi­te­ten som dri­ves. For det kan godt ten­kes at det vi had­de tenkt fak­tisk ikke gir det resul­ta­tet det var ment å gi. Da er vi vil­li­ge til å for­and­re poli­tikk, for man skal ikke være for­els­ket i virke­mid­le­ne, man skal være opp­tatt av å nå måle­ne. (mi uthe­ving)

Det er som eit opp­sum­me­ran­de ekko av Høg­re sin val­kamp­re­to­rikk: Høg­re sitt val­pro­gram (pdf) har tit­te­len «Nye ide­er og løs­nin­ger». Høg­re vil «inves­te­re i fram­ti­da» og kvart kapit­tel inne­held ei smør­brød­lis­te med «Høy­res løs­nin­ger». Gode løy­sin­gar skal syte for at skatte­be­ta­la­ra­ne sine pen­gar ikkje blir sløst vekk av byrå­kra­ti, men blir nyt­ta til å leve­re gode resul­tat. Poli­tikk skal ein dri­ve kost­nads­ef­fek­tivt – nett som eit føre­tak.

Erna Solberg taler etter valgseieren (Foto: Skjermdump fra Høyres Facebook-konto / CF-Wesenberg).

Erna Sol­berg taler etter valg­sei­e­ren (Foto: Skjerm­dump fra Høy­res Face­bo­ok-kon­to / CF-Wesen­berg).

Kamerat Audun

Audun Lys­bak­ken, kvel­den der SV gjer sitt nest dår­le­gas­te val i his­to­ria. Han lovar kom­pro­miss­laus mot­stand mot ei ny regje­ring: «Vi skal gå i spis­sen for mot­stan­den mot høyre­kref­te­ne og vi skal gjø­re det med den stolt­he­ten som kom­mer av at vi har for­and­ret Nor­ge og gjort det røde­re og grøn­ne­re mens vi har vært i regje­ring».

Han snak­ka vida­re om alle kam­pa­ne SV had­de vun­ne i regje­ring. SV sitt val­pro­gram hei­ter «Stort nok til å drøm­me om, kon­kret nok til å tro på». Dei vil «ska­pe et rett­fer­dig og miljø­venn­lig sam­funn» og smør­brød­lis­te­ne er inn­leia med «SV job­ber for».I val­kamp­inn­spur­ten snak­ka SV om å mobi­li­se­re alle med­lem, støtte­spe­la­rar og poten­si­el­le vel­ja­rar. Poli­tikk er ein kamp for for­and­ring – nett som ein revo­lu­sjon.

Det er ikkje til­fel­dig kor­leis dei uli­ke par­tia føre­trekk å pre­sen­te­re sin eigen poli­tikk, tvert om speg­lar det kor­leis dei for­står kva poli­tikk er, kva ein stat er. Og der­som par­ti­et si for­stå­ing høver bra med kor­leis media og vel­ja­rar ten­kjer, ja, då får par­ti­et let­ta­re set­je dags­or­den i val­kam­pen – noko som kan­skje er med på å avgje­re val­re­sul­ta­tet. Opp­fat­tar ikkje Høg­re poli­tikk som føre­taks­lei­ing, som admi­ni­stra­sjon, med­an SV ser på poli­tikk som sam­funns­om­vel­ting – som revo­lu­sjon?

Audun Lysbakken portrettert i SV si eige valkampavis "Del Godene" (Foto: Skjermdump fra delgodene.no / Johanna Siring).

Audun Lys­bak­ken por­tret­tert i SV si eige val­kam­pa­vis «Del Gode­ne» (Foto: Skjerm­dump fra delgodene.no / Johanna Siring).

Me for­stend ver­da gjen­nom grunn­leg­gjan­de meta­fo­rar

Å tenkje i metaforar

Båe parti­leia­ra­ne fram­stil­lar poli­tik­ken sin på eit meta­fo­risk sett. Det er vik­tig å ikkje ten­kje på meta­for i tra­di­sjo­nell for­stand, sli­ke me gjer­ne for­bind med dikt og poe­tisk språk­bruk. I mot­set­nad til Stol­ten­berg, som kal­la Mong­stad-pro­sjek­tet «vår måne­lan­ding» eller Jag­land som kal­la regje­rin­ga sitt pro­sjekt «Det Nors­ke Hus», har ikkje Lys­bak­ken (ver­sjon 2013) sagt at SV ser på poli­tik­ken sin som revo­lu­sjo­nær. Det same gjeld for Sol­berg – ho har ald­ri eks­pli­sitt saman­lik­na Noreg og eit føre­tak.

Poen­get er at SV snak­kar om poli­tikk som ein snak­kar om revo­lu­sjon – ei omgri­pan­de omvel­ting ein må kjem­pe fram, med­an Høg­re snak­kar om poli­tikk som ein snak­kar om føre­taks­lei­ing – imple­men­te­ring av nye løy­sin­gar og tyd­leg lei­ar­skap. Å for­stå eit omgrep – eller eit felt (engelsk: domain) – med ord ein van­leg­vis nyt­tar til å snak­ke om eit anna felt blir kal­la kog­ni­tiv meta­for. Vit­skaps­folk frå fel­tet kog­ni­tiv ling­vis­tikk hev­dar at måten me ten­kjer på i all hovud­sak er meta­fo­risk – me for­stend ver­da gjen­nom grunn­leg­gjan­de meta­fo­rar. Nokon av des­se meta­fo­ra­ne er uni­ver­sel­le, til dømes TID ER ROM (me sei­er at tida går og at me har lagt for­ti­da bak oss), med­an and­re er spe­si­fik­ke for ein viss kul­tur, til dømes er den klas­sis­ke opp­fat­nin­ga av poli­tikk i USA basert på meta­fo­ren AMERICA IS A FAMILY (tenk ber­re på «The foun­ding fat­hers»).

Eit sen­tralt teo­re­tisk poeng er at me ikkje kan leg­gje des­se meta­fo­ra­ne vekk – det er rett og slett umog­leg for oss å ten­kje og reson­ne­re om tid på ein måte som er uav­hen­gig av kor­leis me ten­kjer og reson­ne­rer om rom. Det tyder ikkje at meta­fo­ra­ne er sta­tis­ke: Meta­fo­ren TID ER ROM er saman­sett av eit til­nær­ma uen­de­leg sett med kop­lin­gar (map­pings), mog­le­ge kor­re­spon­dan­sar mel­lom kjelde­fel­tet (source domain) ROM og mål­fel­tet (tar­get domain) TID. I dag­leg språk­bruk kan me akti­ve­re nokre kop­lin­gar og slå av and­re, krea­tiv språk­bruk kan star­te kop­lin­gar som ald­ri har vore i bruk før, og på den­ne måten kan ein til og med byg­gje ut nye meta­fo­rar, til dømes KJÆRLEIK ER EI REISE.

Politiske frames

Kva har alt det­te med poli­tisk pre­sen­ta­sjon å gje­re? Det mes­te. Der­som me for­stend poli­tikk på eit meta­fo­risk sett, må poli­ti­ka­ra­ne kla­re å bru­ke des­se meta­fo­ra­ne til sin for­del. Reto­risk dyk­ti­ge poli­ti­ka­rar kan kom­mu­ni­se­re slik at dei­ra fram­stil­ling av røyn­dom­men og av eigen poli­tikk klin­ger godt med ein viss kog­ni­tiv meta­for, men også slik at mot­stan­da­ra­ne får pro­blem med å frem­je sin poli­tikk på ein for­del­ak­tig måte. Ein har akti­vert kop­lin­gar som er meir ten­le­ge for ein sjølv enn for mot­stan­da­ren, ein har klart å set­je dags­or­den ikkje ber­re for kva poli­tikk media skal skri­ve om, men om kor­leis ein skal for­stå poli­tik­ken. Dei har gjort ei god framing.

Her luk­kas Høg­re i val­kam­pen, med­an SV snub­la len­gje før mål­stre­ken. Erna Sol­berg fra­ma poli­tik­ken til Høg­re på ei måte som lét dei set­je dags­or­den, med­an Lys­bak­ken kom­mu­ni­ser­te på ein måte som kor­kje gjeng godt saman med medie­bi­le­tet eller med det SV har opp­nådd i regje­ring.

Arbei­dar­par­tiet har pre­sen­tert skryte­dia­gram på Face­book om sine poli­tiske resul­tat, nett som ein føre­taks­leiar gjer for aksjo­næ­rane.

Noreg er eit føretak

Lat oss gje­re eit tanke­eks­pe­ri­ment: I Noreg tek den domi­ne­ran­de for­stå­in­ga av poli­tikk den meta­fo­ris­ke for­ma NOREG ER EIT FØRETAK. Rein­spik­ka kog­ni­ti­ve ling­vis­ti­ka­rar gjen­nom­fø­rar eks­pe­ri­ment, både i form av spørje­skje­ma sendt til sto­re grup­per og i form av data­ma­skin­mo­del­lar, når dei skal fin­ne ut om ein kog­ni­tiv meta­for eksis­te­rer og kva slag kop­lin­gar som er akti­ve, men sidan eg ikkje er eit rikt ame­ri­kansk uni­ver­si­tet, held eg meg på fyrs­te nivå av fors­kin­ga – ana­ly­se av den ling­vis­tis­ke over­fla­ta, av kor­leis me nyt­tar språk og bile­te i poli­tisk kom­mu­ni­ka­sjon.

Erna Solberg snakker forretninger (Foto: Kilian Munch / Norsk olje og gass. CC: by sa-2.0)

Erna Sol­berg snak­ker for­ret­nin­ger (Foto: Kili­an Munch / Norsk olje og gass. CC: by sa-2.0)

Det finst ein god del data som støt­ter hypo­te­sa om at NOREG ER EIT FØRETAK er ein aktiv meta­for. New Pub­lic Mana­ge­ment-ideo­lo­gi­en er kan hen­de det mest open­ber­re hin­tet (eit vik­tig poeng i kog­ni­tiv ling­vis­tikk er sjølv­sagt at meta­fo­ra­ne ikkje ber­re påver­kar kor­leis me kom­mu­ni­se­rer, men rett og slett kor­leis me hand­lar og lev – alt­så ikkje ber­re kor­leis me for­står poli­tik­ken, men også kor­leis me for­mar den). Måten and­re par­ti enn Høg­re og SV kom­mu­ni­se­rer er eit anna teikn – Arbei­dar­par­ti­et har pre­sen­tert skryte­dia­gram på Face­bo­ok om sine poli­tis­ke resul­tat, nett som ein føre­taks­lei­ar gjer for aksjo­næ­ra­ne. FrP vil ha ein enkla­re kvar­dag for folk flest – dei vil leve­re betre tenes­ter, betre vegar og eldre­om­sorg, for fær­re pen­gar – nett­opp som eit godt føre­tak. Ikkje minst kan reduk­sjo­nen av val­kam­pen til eit val mel­lom to stats­mi­nis­ter­kan­di­da­tar bli lese som eit sym­ptom: Valet står mel­lom to styre­leia­rar, Jens eller Erna. Vel­ja­ra­ne er gene­ral­for­sam­lin­ga, regje­rin­ga er føre­taks­sty­ret.

God framing frå Høgre

Høg­re sine val­kamp­stra­te­gar har klart å dra nyt­te av den­ne meta­fo­ren. For det fyrs­te har dei vore hel­di­ge – parti­leia­ren dei­ra er ein av to stats­mi­nis­ter­kan­di­da­tar. For det and­re har dei klart å snak­ke om Høg­re-poli­tikk som om dei snak­ka om føre­taks­lei­ing, sam­stun­des som den­ne måten å snak­ke på syn­te fram alt det dei raud­grø­ne ikkje har fått til. Skatte­let­te er klas­sisk Høg­re-poli­tikk, når dei snak­kar om gode løy­sin­gar som skal gje oss meir for pen­ga­ne snak­kar dei til vel­ja­ra­ne som aksjo­næ­rar – me skal få mest mog­leg att for inves­te­rin­ga­ne me gjer. Skatte­let­te er slett ikkje venstre­sida sin poli­tikk – så å for­stå vel­ja­rar som aksjo­næ­rar er ikkje for­del­ak­tig for dei raud­grø­ne.

Høg­re er også opp­te­ken av at løy­sin­ga­ne skal gje gode resul­tat – dei skal opp­nå mål, leve­re oss auka trygg­leik, gode vegar, rask behand­ling når me er sju­ke. Då vert vel­ja­ra­ne brått kun­dar som skal bli so nøg­de som mog­leg. Høg­re sin for­del her er den mas­si­ve medie­om­ta­la av kor­leis byrå­kra­ti­et har fei­la under dei raud­grø­ne – hand­lings­lam­min­ga 22. juli, kao­set på Ahus, utgrei­ing på utgrei­ing om utbyg­ging av jern­bane­net­tet. Gra­fa­ne til Ap som skal syne kor såre vel alt er blir då ikkje så effek­ti­ve – media har jo for­talt oss at det slett ikkje gjeng så bra, og Høg­re si kop­ling klik­kar rett inn i den for­tel­jin­ga. Vik­ti­gast er kan­skje kor gjen­nom­ført Høg­re snak­kar om poli­tikk på den­ne måten – det gjer bod­ska­pen dei­ra tyd­le­ge og styr­kar framin­ga dei er ute etter.

Få av oss har opp­levd vel­dige omvel­tin­gar som revo­lu­sjo­nar. Deri­mot møter me alle føre­tak og lik­nande einin­gar i dag­leg­li­vet.

SV i utakt med folket

SV snak­ka om noko heilt anna. For dei er poli­tikk sto­re sam­funns­end­rin­gar, ein revo­lu­sjon. Det er abso­lutt mog­leg at uli­ke kog­ni­ti­ve meta­fo­rar kan eksis­te­re paral­lelt på det­te nivå­et, både i same kul­tur og i same hjer­ne (med­an på meir basa­le nivå, som TID ER ROM, vil det ikkje vere rom for slik dras­tisk skil­nad), men ein av meta­fo­ra­ne vil vere den domi­ne­ran­de.

Heikki Holmås og andre frå SV i demonstrasjon. (Foto: Tore Netland/SV)

Heik­ki Holm­ås og and­re frå SV i demon­stra­sjon. (Foto: Tore Netland/SV)

POLITIKK ER REVOLUSJON ligg nok støtt i hjar­tet til det sosia­lis­tis­ke pro­test­par­ti­et SV, men eg trur det er trygt å seie at dei berøm­te folk flest ikkje for­stend poli­tikk som ein revo­lu­sjon. Eit vik­tig poeng i teori­en om kog­ni­tiv meta­for er at kjelde­fel­tet bør vere noko me kjen­ner betre til enn mål­fel­tet, og få av oss har opp­levd sli­ke vel­di­ge omvel­tin­gar som revo­lu­sjo­nar. Der­imot møter me alle føre­tak og lik­nan­de einin­gar i dag­leg­li­vet. I til­legg, som alle­reie nemnt, med­ver­kar medie­bi­le­tet og NPM-ideo­lo­gi­en til å akti­ve­re for­stå­in­ga av poli­tikk som admi­ni­stra­sjon og føre­taks­lei­ing. SV kla­rar ikkje å møte vel­ja­rar flest eller masse­me­dia.

Dårleg kommunikasjon frå SV

Sam­stun­des har ikkje SV greidd å frame poli­tik­ken dei har gjen­nom­ført i regje­ring som sto­re, struk­tu­rel­le end­rin­gar. Par­ti­et har vore tyd­leg på at dei har opp­nådd full barne­hage­dek­ning og mel­lom­bels stop­pa olje­bo­ring i Lofo­ten, men kvi­for er det­te radi­kalt, kor­leis er det revo­lu­sjo­nært? SV har opp­nådd resul­tat, men dei kla­rar ikkje å ta i bruk meta­fo­ren dei for­stend poli­tikk gjen­nom når dei skal kom­mu­ni­se­re resul­ta­ta sine. Dei har ikkje klart å sen­de revo­lu­sjo­nen på TV.

Par­ti­et kla­rar hel­ler ikkje å for­kla­re kvi­for ein bør for­stå poli­tikk som ein revo­lu­sjon. Noreg går jo som kjent nok­så bra, folk flest har det godt, kvi­for skal me mobi­li­se­re, kvi­for skal me kjem­pe, vil me eigent­leg ha noko så vald­samt som ein revo­lu­sjon? Kan­skje tids­an­den er mot dei, for er det ikkje betre og tryg­ga­re med litt betre løy­sin­gar, nokre nye ide­ar, tyd­le­ga­re lei­ing som kan gje oss meir utbyt­te for skatt­pen­ga­ne og leve­re betre tenes­ter?

TEMA

R

etorikk

102 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen