Essayføljetong 6:9 — Framskritt er opium for folket

Vi likar vår høgteknologiske kvardag og synest den gjev oss mange goder. Vi kan kommunisere effektivt, reise komfortabelt og underhalde oss med allverdas mat og drikke, forteljingar og opplevingar. Kvifor skulle vi vel endre på dette? Vi burde heller ynskje at alle menneske fekk ta del i desse godene. Men så enkelt slepp vi ikkje unna i Hans Jonas sitt moralske univers.

Hans Jonas seier at den største hin­dringa mot å gjere framti­da til gjen­stand for moral­sk ans­var er at majoriteten av men­nes­ka no har det så godt. “Ei gong i tida vart det sagt at reli­gion er opi­um for folket, men no har den vorte bytt ut med tek­nol­o­gisk fram­skritt” (s. 156). Kva er det han prøver å seie med si omfor­mu­ler­ing av den kjente metaforen frå Karl Marx?

            I denne delen dreier det seg om Jonas sine reflek­sjonar rundt det han opp­fat­tar som det mod­erne men­nes­kets ans­varsløyse. Dei finst sær­leg i kapit­tel 5 “Respon­si­bil­i­ty Today: Endan­gered Future and the Idea of Progress” og kapit­tel 6 “A Cri­tique of Utopia and the Eth­ic of Responsibility”. 

Dyr drone og fårete smil. Eg hugsar enno den kri­b­lande kjensla av å ha fått til­gang til verke­leg ny og avansert teknolo­gi. San­ninga er at eg berre har brukt min Mav­ic Air-drone to-tre gonger, og at eg aldri burde ha kjøpt den. Eg er ein kon­sument av akku­rat den typen Hans Jonas kritiserer.

Essayføljetong i ni deler

Framskrittets begeistringsrus

Alle dei godene som fram­skrit­tet ska­par gjer det vanske­leg for oss å gå opprik­tig inn for å endre utviklin­ga. “Ingen stiller spørsmål ved det “tek­nol­o­giske imper­a­tivet”, og det let seg ikkje stille spørsmål ved for­di det er antropol­o­gisk grunn­leg­gande og inte­gr­ert i den men­neskelege til­standen. Det treng ingen talsper­son­ar i den vestlege ver­da i det 20. århun­dret for­di begeistringsrusen har overteke full­s­tendig” (s. 203). 

            Eit oppg­jer med det tek­nol­o­giske imper­a­tivet måtte nød­vendigvis ha gått i ret­ning ein livs­førsel som var min­dre effek­tiv, kom­fort­a­bel og under­hal­dande, men det ser vi ikkje for­di vi er rusa på begeistring for den siste iPhone-mod­ellen og bil­lige fly­reis­er til Syden. 

            “Slik vi oppfør­er oss no tek den tek­nol­o­giske dri­vkrafta hand om seg sjølv på grunn av trykket frå dei nød­vendigheit­ene den har skapt, dens besnærande lov­nad­er, dei kort­sik­tige beløn­ningane for kvart steg som vert tatt, og ikkje minst gjen­nom si sjølv­forsterkande kobling med fram­skrit­tet i vit­skapen” (s. 203).

            Vi ser ikkje skade­v­erk­nadene. Fram­skrit­tet er opi­um for folket for­di det gjer oss blinde for den tøyleslause teknologiutviklin­ga som struk­tur­erer liva våre for per­ma­nent inno­vasjon, brukar opp natur­res­sur­sane vi ein gong trud­de var uen­delege, og gjer oss alle til kort­sik­tige livsnytarar.

Dyrkinga av velstand er eit problem

Fram­skrit­tet ska­par så mange gode at det nesten umo­ge­leg å vera imot det. Fram­skrit­tet påverkar “den sosio-poli­tisk-økonomiske orden, tryg­gheit og kom­fort, dekkinga av behov, vari­asjon­srik­domen i og til­gan­gen til kul­turelle aktivite­tar og under­hald­ning, hand­hevin­ga og kvaliteten på lovene, respek­ten for per­son­leg verdigheit, og sjølvsagt også manérane våre, dvs. dei indre og ytre vanane vi har med å leve saman” (s. 167). 

            Vel­stand­sprob­lemet finst på alle nivå i sam­fun­net. Når utviklings­land løf­tar seg ut av fat­tig­dom ynskjer dei sjølvsagt å ta i bruk den mest avanserte teknolo­gien som er tilgjen­ge­leg, og dei ynskjer seg alle dei goder som er råd å bygge opp. Når små barn vert opp­dratt lær­er dei seg å bruke dataverk­tøy på ein endå meir gjen­nom­gri­pande måte enn oss vak­sne, og vert flinkare enn oss til å sikre fort­satt vekst. 

            Men­nes­ka får meir fritid; tid som ikkje er bun­den til hardt arbeid eller andre plik­ter. Vi får også meir han­dle­fridom; arm­slag til å kjøpe, reise og for­bruke materielle goder. Alt dette gjer det vanske­leg å gå inn for mod­erasjon og måtehald. 

            Jonas opp­fat­tar vår dyrk­ing av vel­stand som ei ans­varsløyse, og analy­ser­er den på ein måte som eg vil pre­sen­tere i detalj. Vel­standen ska­par både indi­vidu­ell og kollek­tiv ans­varsløyse, og denne hald­ninga kan vere både med­viten og umedviten. 

Umedviten ansvarsløyse

Hans Jonas brukar myk­je plass på å for­mulere det ans­varet vi har for å ta vare på liv og ting i framti­da. Slikt ans­var “peikar framover mot noko som må verte gjort; og eg føler meg ans­var­leg ikkje fyrst og fremst for mi eiga åtferd og dens kon­sekven­sar, men for denne tin­gen som har krav på at eg gjer noko” (s. 92). 

            Jonas er real­is­tisk nok til å skjøne at folk ikkje utan vidare klar­er å ta på seg eit slikt ans­var. Det er intellek­tuelt krev­jande å akti­vere framtid­sans­varet. Vi let ting vere som dei er, og gjen­nom denne inak­tiviteten utfør­er vi “ei umerke­leg, ukon­sen­tr­ert, uin­ten­dert ans­varsløyse som er ekstra far­leg net­topp for­di den ikkje er iden­ti­fis­er­bar ved konkrete han­dlin­gar” (s. 94).

            Jonas opp­fat­tar dette som svært skade­leg, men han erk­jen­ner at framtid­sans­varet ikkje er syn­leg på same måte som for­tid­sans­varet. Til dømes vil det vere lett for oss alle å fordømme den ans­varsløysa ein gam­bler vis­er når han spel­er bort løn­na si og fam­i­lien må gå svolten til sen­gs. Ans­varet som forel­dre har over­for bar­na sine vis­er seg tydel­e­gare enn det ans­varet vi alle har over­for framti­da (s. 94). 

            Framti­da vis­er seg berre i den grad men­nes­ket tenkjer med­vite på den, og ska­par nye etiske prak­sis­ar rundt dei tin­ga og liva det er vik­ti­gast å verne. Difor er det også lett å falle inn i det Jonas kallar umed­viten ansvarsløyse.

Medviten ansvarsløyse

Ans­varsløysa kan også vere sjølv­val­gt og med­viten. Jonas har ein fascinerande kri­tikk av den hald­ninga som i mange tiår vart kalla eksis­ten­sial­isme, og som er endå meir dominerande no utan å ha ein tyde­leg merke­lapp. I sekulære sam­funn er ein stor del av folke­set­naden human­istar; dei er opptekne av verd­slege forhold og har lite fokus på reli­gion og religiøse levesett. 

            Det er sær­leg stor risiko for at folk inntek ei med­viten ans­varslaus hald­ning viss dei er human­istar i denne tydin­ga. Dei set jo men­nes­kets fridom i sen­trum, enten det er sek­suell fridom, ytrings­fridom, eller andre ver­diar som i utgangspunk­tet er pos­i­tive og velmeinte. 

            Prob­lemet for Jonas er at denne typen human­isme gjev oss fripass til ein full­s­tendig sjølv­vald omsorg for det som måtte inter­essere oss (s. 88). Ein slik sub­jek­tiv etikk er ikkje i pakt med framtid­sans­varet. Det går ikkje an å vel­je framti­da viss du har lyst, seier Jonas. Du kan ikkje vel­je kva du skal vere ans­var­leg over­for som om du vel­jer ein ny hatt, det er imper­a­tivt at du vis­er ans­var for framti­da for liv og ting. 

Symbolhandlingar

Den sterke kjensla av fridom som mange dyrkar i liva sine ska­par fare for sym­bol­han­dlin­gar som ikkje kan løyse det materielle prob­lemet Jonas er oppteken av. Jonas er skep­tisk til åtferd som er motivert av det å føle at ein gjer ei god han­dling (s. 84–85). 

            Sym­bol­han­dlin­gar fjernar berre enkelt­per­so­n­en si kjensle av dår­leg samvit, og er slik sett ei ego­is­tisk han­dling. I slike til­felle har men­nes­ket lik­som “vakse som moral­sk vesen for­di han lydi­ge aksepterte plik­tas kall, og det gjeld enten han lever og kan sjå eit gode opp­fylt eller ikkje; enten han kan nyte godet sjølv eller ikkje; og sjølv om han skulle oppdage at han­dlin­ga feila” (s. 84). 

            Men dette er ikkje godt nok for Jonas. Som eg var inne på i episode 2 er det framti­da til naturen, livsvilkåra og deira sta­tus i framti­da som gjeld. Difor kan den gode kjensla berre vere legit­imt moral­sk viss du hadde omsorg for objek­tet og ikkje for deg sjølv. “Moral­sk åtferd kan aldri ha seg sjølv som målsetjing” (s. 85). Det er ikkje han­dlin­gas form, men dens gjen­stand som er vik­ti­gast (s. 85).

Kollektiv ansvarsløyse

Effek­tiv teknolo­gi tek over arbeid som men­nes­ka måtte gjere. Her opp­står det ein type ans­varsløyse som ikkje er indi­vidu­ell, og som den enkelte ikkje så lett kan ta eit oppg­jer med. Fram­skritt inneber at mange men­nes­ka vert eksklud­ert frå nyt­tig arbeid utan dermed å vere fat­tige. Mask­inene reduser­er behovet for arbeid blant men­nes­ka (s. 193), og dette ska­par intellek­tuelle forskjel­lar som med­før­er ein ny type risiko for ansvarsløyse. 

            “Aukande heller enn synkande spe­sialis­er­ing ser ut til å verte skjeb­nen for alle dei som del­tek aktivt i å dri­ve pro­duk­sjon­sap­pa­ratet. Dei andre — som nød­vendigvis er majoriteten, er ikkje så myk­je frigjort som eksklud­ert frå nyt­tig arbeid” (s. 194). Det opp­står forakt og spen­ningar mel­lom grup­per med ulik til­gang til kunnskap, og der vit­skaps­fol­ka er dei mest priviligerte. 

            Deltakarane i den vit­skaplege pros­essen har ein ekspertkunnskap som er ikkje er tilgjen­ge­leg for dei andre. Kunnskap “vert meir og meir eso­terisk, min­dre og min­dre kom­mu­nis­er­bar til lek­folk; og dermed eksklud­er­er vit­skapen den store majoriteten, til og med dei lesekyn­di­ge sam­tidi­ge, frå rollen som intel­li­gente vitne […] Kløf­ta aukar, og i vaku­umet som opp­står spreier det seg pseudovit­skap og overtru” (s. 167). 

            Jonas peikar ut ei kon­flikt mel­lom dei kunnskap­srike spe­sial­is­tane som alltid vil få inter­es­sante job­bar og dei lågt utdan­na gen­er­al­is­tane som risik­er­er arbei­d­sløyse og gjerand­sløyse. Denne kon­flik­ta bidreg til å auke ans­varsløysa blant folk, og er far­leg for framtida. 

Virketrong er opium for folket

Som eg var inne på i for­rige inn­legg har men­nes­ket ei ska­parkraft som er vanske­leg å stagge. Vår vir­ketrong og behov for å gjere nytte for oss er også eit slags opi­um når målet er å dempe vek­sten, redusere kon­sumet og ta meir ans­var for framtida.

            Men­nes­ket vil ha behov for å “aktu­alis­ere seg sjølve på andre måtar enn å gjere nytte for seg når dét vert tatt hand om av den arbei­dsin­ten­sive nesten ube­man­na robot-appa­ra­turen” (s. 194). Vi bør arbei­de min­dre, og dette hjelper mod­erne teknolo­gi oss godt med, men arbei­d­sef­fek­tivis­eringa fjernar ikkje vårt ibuande behov for å vere i aktivitet. Her vil tids­for­driv som reis­er, hob­b­yar og anna friv­iljug sys­selsetjing verte stadig vik­ti­gare. “Hob­b­yar vil verte det nye kallet” skriv Jonas syr­leg (s. 195).

            Jour­nal­ist Anne Håskoll-Hau­gen skreiv om fritid i artikke­len “Når friti­da ikke lenger er fri” i Klassekam­p­en som­maren 2020. “Løpe­tur­er skal reg­istr­eres, bøk­er skal listes opp, og tomat­planter skal fotograferes. Friti­da er blitt til en tid som skal utnyttes til det fulle. Ho snakkar med sosialantropolog Thomas Hyl­land Erik­sen som blant anna seier: “De som bry­ter med effek­tivitet­slogikken, blir sett på som eksen­triske for­di de ikke er sys­tem­lo­jale. De er opprørere, selv om de ikke går i demon­strasjon­er. De mark­er­er et annet verdi­grunnlag”.

Fritid gjer oss ufrie og ulukkelege

Jonas har ei meir pes­simistisk tolk­ing av fritid enn Hyl­land Erik­sen. Fritid tek frå oss ei grunn­leg­gande kjensle av fridom. “Fridom består av å bryne seg på det nød­vendi­ge, og lever ved dette. Når den vert åtskilt frå dette mis­tar den sitt objekt og like tom som ei kraft utan motkraft […] Fik­tive aktivite­tar beskyt­tar oss like lite frå mein­ingsløyse og fortvil­ing som kro­nisk inak­tivitet” (s. 198).

            Der­som våre han­dlin­gar får eit preg av hob­by istaden­for noko som er nød­vendig for andre/objekt/liv, vil vi ikkje fyrst og fremst verte hero­iske opprørarar som lever eit godt liv på eksen­triske måtar, slik Hyl­land Erik­sen fores­lår. Vi vil miste verkelegheitssansen vår. 

            Når livet tek form av fritid og hob­by går det utover sjølvk­jensla di. “Den dys­tre san­ninga er at det ikkje betyr noko kva dei gjer, at han­dlin­ga like gjerne kunne vore ugjort eller utsett eller gjort skjødeslaust utan annan skade enn at dei set eit dår­leg eksem­pel og utan annan straff enn at dei får eit sosialt minus­po­eng” (s. 197). Det kjennest som eit uverdig liv utifrå dei kra­va som vert stilt til Homo Faber — det ska­pande men­nes­ket, i vår tid. 

            Prob­lemet er uløy­se­leg. Hvis folk arbei­der vert dei frie og lukkelege, men bidreg til fram­skrit­tet gjen­nom si pro­duk­sjon­skraft. Hvis folk ikkje treng arbei­de vert dei ufrie og ulukkelege, og bidreg til fram­skrit­tet gjen­nom sine hobbyar.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Sjuande del heit­er “Frykt må få sin rettmes­sige plass”. Vi står midt i den største krisa men­nes­ka nokon gong har bragt over seg sjølve, og spørsmålet er om vi klar­er å anerk­jenne dette. Kam­p­en er retorisk, og står mel­lom teknolo­giop­ti­mis­tar og teknologipes­simis­tar. Hans Jonas mein­er krise­mak­simer­ing og frykt er den beste retoriske strate­gien for å skape endring.

TEMA

T

eknolog
i

9 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Skriv en kommentar

Bidra til god debatt - skriv under fullt navn. Se våre kommentarregler.

til toppen