Essayføljetong 7:9 — Fryktregelen

Fryktregelen seier at det mest ansvarlege er å rekne med at det vil gå galt i framtida. Vi kjem heilt sikkert til å øydelegge livsvilkåra for menneska og livet i naturen viss ikkje vi skremmer oss sjølve til å gjere radikale endringar, seier Hans Jonas.

Denne delen hand­lar om Jonas sine tankar rundt “fryk­trege­len”. I den engelske utgå­va av The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty (1984) kallar Jonas dette for ein “heuris­tics of fear” (s. 26–27). Ein “heuris­tikk” er ein regel du kan lage sjølv for å auke sjansen for å løyse ei oppgåve. Slike reglar er erfar­ings­baserte og kan gje gode resul­tat utan at du veit heilt kvi­for, og utan at rege­len nød­vendigvis er rot­fes­ta i vit­skap eller normverk.

Vi omslut­tar oss nesten totalt med mod­erne teknolo­gi, og risik­er­er å ikkje anerk­jenne andre ver­diar enn dei som støt­tar opp under vidare utvikling. Frykt er det einaste som verke­leg kan ryk­ka oss ut av denne til­standen, seier Hans Jonas. Foto: Robert Nedrejord

Essayføljetong i ni delar

Frykta for det onde

Fryk­trege­len er ein retorisk strate­gi for å peike ut kva som står på spel. “Så lenge faren er ukjent veit vi ikkje kva vi skal bevare eller kvi­for” (s. 27). Istaden­for ein ret­ningslaus angst treng vi ein fokusert frykt. Vi treng å vite kva vi må unngå, for då kan vi lettare ta forhold­sreglar og endre åtfer­da vår.

            “Vi skjø­nar myk­je raskare kva vi ikkje vil ha enn kva vi vil ha” (s. 27). Vi kan verte veldig red­de der­som fly­et har tekniske prob­lem under landin­ga, men vert ikkje tilsvarande glade kvar gong fly­et lan­dar utan tekniske prob­lem. “Det onde tvin­gar seg til å verte opp­fat­ta ved sitt blotte nær­vere, mens det ynskjelege er tilstades utan å verte mer­ka bort­sett frå når vi reflek­ter­er over det (og då trengst det ein spe­siell grunn)” (s. 27).

            Dette gjeld også våre målsetjin­gar. I små sak­er kan vi gjerne tole mange små prob­lem og til slutt få til det vi ynsk­te å opp­nå, men når det gjeld store sak­er vil kvart feil­steg også skape store prob­lem. Men­neskeslek­ta har kork­je tid eller ressur­sar til å satse på at fly­et alltid vil lande som det skal. Kjer­nen i fryk­trege­len er at vi er for­p­lik­ta til å han­dle som om fly­et kan styrte når som helst.

Dommedagsprofetiar kan hindre dommedag

Jonas framhev­er fleire gonger at teo­ri­ar har ein ten­dens til å verte til verkelegheit for­di mange job­bar iherdig for å få det teorien pos­tulerer til fak­tisk å skje. “Føremålet med alle prog­nosar er jo å omset­je dei til prak­tisk poli­tikk, og dermed at han­dlin­gane som vert iverk­sett vil frem­je eller motverke at dei vert verkelegheit” (s. 120).

            Fryk­trege­len (“heuris­tics of fear”) er laga for å motverke at dei neg­a­tive prog­nosane vert realis­erte. “Vi må for­mulere pro­fe­tiar om dommedag for å hin­dre at den kjem. Men det ville vere svært uret­tfer­dig hvis dei som spådde dommedag seinare vert ref­sa som “alarmis­tar” for­di “det gjekk jo ikkje så gale likev­el”. Å ha tatt feil taler til deira fordel” (s. 120).

            Ingen vil verte gladare enn alarmis­tane viss dei ser at prog­nosane ikkje slår til, for det betyr jo at katas­tro­fen vart unngått. Offent­leg sam­tale må føre­set­je det ver­ste utfal­l­et i alle framtidss­ce­nario og lage forhold­sreglar utifrå dette. Utan krise­mak­simer­ing har vi ingen sjanse, seier Jonas.

Kva har vi å frykte?

Når Jonas snakkar om dommedag er det metaforisk, for han tenkjer på ei krise knyt­ta til vek­stau­tomatikken og dens påverk­nad på kli­ma, miljø og men­neske­leg åtferd. I tiåra etter at Jonas skreiv denne boka har det kome stadig fleire fak­ta på bor­det som gjer at vag angst kan erstat­tast med kald og klar frykt.

            FNs klima­pan­el har lagt fram dys­tre framtid­sut­sik­ter for tem­per­a­turen på jor­da, Stephen Hawk­ing og andre vit­skaps­folk har åtvara mot kun­stig intel­li­gens-utviklin­ga og David Atten­bor­ough har fokusert på utry­d­din­ga av dyreartar. Nyleg har også Noam Chom­sky åtvara mot katas­trofe, og åtvaringa vert pre­sen­tert i artikke­len “The world is at the most dan­ger­ous moment in human his­to­ry” i The New States­man. Vi kan lese skrem­mande artik­lar om framti­da kvar einaste dag.

            Jonas forsøk­te å skremme oss allereie på 1980-talet. Fryk­trege­len opp­sum­mer­er på mange måtar Jonas sitt retoriske ærend i The Imper­a­tive of Respon­si­bil­i­ty. Vi kan ikkje fort­set­je å la vek­t­sautomatikken råde utan at vi ska­par ei framtid pre­ga av “apoka­lypse” og “katas­trofe” (s. 202).

Framskrittets dialektikk

Men­nes­ka har hav­na i ein svært far­leg situ­asjon som han kallar “fram­skrit­tets dialek­tikk” (s. 184). Ein gong i for­ti­da hadde vi fram­leis kon­trollen, men no vert teknolo­giane sterkare av seg sjølv, og dei får stadig større autono­mi i omgan­gen med natur­miljøet og menneska.

            Jonas skriv: “Fram­skrit­tets dialek­tikk” inneber at “eik­var kon­struk­tiv løys­ing vil krevje ei mas­siv innsprøyt­ing av teknolo­gi […] og dei såra som miljøet får krev vidare teknisk fram­skritt for å verte lega, og dermed stadig meir og betre teknolo­gi utifrå behovet for å beskytte” (s. 184).

            Den gode teknologiutviklin­ga er like skade­leg som den onde. Vi ser dette tyde­leg i sam­band med det grøne skiftet. Bat­te­ria til dei elek­triske bilane krev omfat­tande met­al­lutvin­ning og vin­d­møl­lene langs kys­ten krev omfat­tande naturinngrep.

Kognitiv formalisme

Men­neskas med­fødte ska­parkraft (Homo Faber) har vorte kolonis­ert av det Jonas kallar kog­ni­tiv for­mal­isme og Hei­deg­ger kallar den utrek­nande tenkjemåten. Ska­parkrafta vår har vorte ein reiskap i teknologiutviklin­ga, og vi utfor­drar naturen med stadig større kløkt og nøyak­tigheit. Vi har rig­ga til heile sam­fun­net for å utvinne ressur­sar og omdanne dei til nytte og komfort.

            Det største prob­lemet er imi­dler­tid at men­nes­ka ikkje klar­er å ta ans­var for framti­da. Fram­skritt er opi­um for folket, seier Jonas. Fram­skrit­tet ska­par så stor vel­stand, tryg­gheit og nytte at vi vert blinde for behovet for mod­erasjon og vek­stnedgang. For å endre ret­ninga på teknologiutviklin­ga må vi endre men­neskas åtferd, og det kan vi berre gjere ved å skremme og tvinge. Snyltin­ga på fram­tidig liv må ta slutt!

Irreversibel akkumulasjon av kraft

Farane som tru­ar stam­mar frå både frå den glob­ale sam­funnsutviklin­ga og den enkeltes han­dlin­gar. Det frem­ste prob­lemet er at dei far­lege utviklingstrek­ka ikkje let seg reversere sær­leg lett. Sjølv om det kan vere veldig far­leg der­som ein stat­sleiar trykkar på atom­k­nap­pen og utløyser kjerne­f­y­sisk krig, er dette ei han­dling det går an å unngå. Viss ingen trykker skjer det heller ikkje noko katastrofalt.

            Dei utviklingstrek­ka Jonas bekym­rar seg for foregår allereie og dei er lite syn­lege, irre­versible og ber preg av akku­mu­lasjon av stadig meir kraft. Kon­sekven­sane treng ikkje verte min­dre enn frå eit kjerne­f­y­sisk holocaust.

            “Det eg fryk­tar mest er den apoka­lypsen som tru­ar på grunn av den uin­ten­derte dynamikken i vår tekniske sivil­isas­jon. Den driv avgarde i heilt til­feldige ret­ningar og med ekspo­nen­siell aksel­erasjon. Det er ein apoka­lypse pre­ga av “for myk­je”, og den slit ut plan­eten og gjer at den vert stadig meir foruren­sa og øyde” (s. 202).

            “Denne apoka­lypsen vil ramme barnebar­na våre viss vi er så heldige at vi har unngått atom­bom­ba” (s. 203), seier Hans Jonas på nest siste side i boka. Han legg ikkje opp til hap­py end­ing, for å seie det slik.

Alle kan gjere stor skade

Ringverk­nadane av mod­erne teknolo­gi er så store at alle har felles skjeb­ne. Akku­mu­lasjo­nen av endå meir kraft vert styr­ka av at kvar enkelt av oss er aktive deltakarar i den, og vi kan alle gjere stor skade kvar for oss (s. 202).Viss eg tek ein risiko og ender opp med å gjere skade vil eg nød­vendigvis også dra andre inn i skadeverket.

            “Eik­var sats­ing eg gjer heilt for meg sjølv er alltid også ei sat­sning som tilhøyr­er andre og som eg difor ikkje har rett til å gjere for meg sjølv” (s. 35). Felles ans­var er det logiske resul­tatet av alle samanko­plin­gane, men gjer det svært vanske­leg å løyse prob­le­ma.      

            “Å hin­dre katas­trofe krev at vi opphe­var heile livsstilen vår, inklud­ert grun­nprin­sip­pa bak dei avanserte indus­tri­alis­erte sam­fun­na, og det vil vere til skade for ende­laust mange inter­ess­er (og vanane til oss alle)” (s. 202).

Hjelper det at vi skremmer kvarandre?

Det foregår ein retorisk kamp mel­lom teknolo­giop­ti­mis­tar og teknologipes­simis­tar. Mange mein­er at det trengst ei meir tak­tisk fram­still­ing av dys­tre fak­ta for å unngå at folk lås­er seg til skep­sis og uvil­je mot å ta åtvaringar til følgje.

            Men vi har ikkje tid til retorisk snil­lisme. Der­som retorikken er for­sik­tig og tak­tisk vil endringane skje sak­tare, og det har vi ikkje tid til, seier Jonas. Sjølv nøk­terne fram­skrivin­gar er skrem­mande og tid­sram­ma krym­par stadig. Vi kan ikkje ta omsyn til folk sine kjensler når heile jor­das framtid står på spel.

            Frykt for vår eigen til­stand er den einaste dri­vkrafta som kan få mange men­neske til å han­dle res­o­lutt på kort sikt. “Åtvaringar om fæle ting som kan skje er ikkje berre sannare enn vakre lov­nad­er, det er i langsik­tig per­spek­tiv tru­leg også det mest effek­tive poli­tiske verkemi­dlet” (s. 161). Fryk­trege­len må inngå i politikkutforminga.

Ærefrykt for mennesket

Ans­varsetikk er basert på pisk istaden­for gul­rot. Etikk hand­lar forsåvidt alltid om at “du skal ikkje” istaden­for “du skal”, seier Jonas. Å verte fri for skuld gjen­nom å gjere det rette er den høg­ste moralske plik­ta for oss men­neske. Viss freistin­gane til å gjere galt er veldig sterke er det desto meir mak­t­pålig­gande å utøve denne plik­ta, men også vanskel­e­gare å få det til (s. 203–204).

            Kva er målsetjin­ga på den andre sida? Det kan kan­skje høyrast ut som Jonas er ute etter berre å skremme og refse men­nes­ka, og at han har ein kald dis­tanse til oss alle.

            Men Jonas er den største human­ist eg har forholdt meg til. Han set meir pris på men­nes­ket enn alle dei som for­tel his­to­ria om men­neskelege brager eller fork­lar­er kva som foregår no. Jonas tenkjer berre på framti­da, og ser for seg alt som kan gå galt for oss. Som han sjølv seier: Ans­varsetikken “er ikkje utan håp, men gjev også frykt sin rettmes­sige plass. Dens hjarte bankar av ære­frykt for men­nes­ket, og skjelv av bekym­ring for kor skjøre vi er” (s. 201).

            Ingent­ing er vik­ti­gare for Hans Jonas enn at men­nes­ka fort­set å eksis­tere. For at vi skal kunne leve godt på jor­da også i framti­da må vi vise større omsorg for oss sjølve, og vere meir bekym­ra for kon­sekven­sane av det vi har stelt i stand.

            Vi er små men­neske med stor teknolo­gi. Vi er som troll­man­nens læregut; vi er ikkje opplært til å handtere dei enorme kreftene som ligg i det har fått hen­dene på.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Åttande del heit­er “Mod­erasjon med tvang”. Den beste løysin­ga på prob­lemet med vek­stau­tomatikk og man­gel på ans­varsetikk vil vere å skape min­dre vekst. Men dette vil verte svært upop­ulært blant folk, og difor trengst det ein poli­tisk kon­spir­asjon som tvinger oss alle til å arbei­de for det gode, seier Jonas.

TEMA

H

ans Jon
as

8 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen