Essayføljetong 8:9 — Moderasjon med tvang

Vekstautomatikken i moderne teknologi vil skape ein framtidig apokalypse hvis vi ikkje modererer oss, seier Hans Jonas. Men har han nokon løysingsforslag? Korleis kan vi reint praktisk skape mindre vekst? Berre tvang kan skape moderasjon, seier Jonas.

I denne episo­den er Jonas sine reflek­sjonar rundt poli­tiske endring­spros­jekt sær­leg vik­tige, og eg nær­leser del­er av kapit­tel 5 “Respon­si­bil­i­ty Today” og 6 “A Cri­tique of Utopia and the Eth­ic of Respon­si­bil­i­ty”. Opp gjen­nom verd­shis­to­ria har det vorte for­mulert mange utopi­ar, og dei har til felles at forsøket på å lage eit godt sam­funn møter aktiv eller pas­siv mot­stand. Poli­tisk kon­flikt i noti­da er det einaste sikre utkomet av Jonas sitt håp om å skape ei betre verd i framtida.

Som­maren 2020 var eg på ferie i Oslo saman med fam­i­lien og køyrte el-sparkesykkel på Oper­ataket. Er el-sparkesyk­lar ein teknolo­gi som kan bidra til å sikre ei meir berekraftig framtid? Så langt har dei berre sikra ein oppheta offent­leg debatt som vis­er kor store utfor­dringar men­nes­ka vil ha med å verte einige om tiltak.

Essayføljetong i ni delar

Utopia i industrielle samfunn

Sam­fun­net må endre seg frå å verte dri­ve av vekst og ekspan­sjon til å nøye seg med home­o­sta­tiske målsetjin­gar (s. 184). Utopia for Hans Jonas er at vi nøy­er oss med å halde sam­fun­na våre i bal­anse, og reduser­er nye tek­nol­o­giske ini­tia­tiv til eit min­i­mum. “Det er rike­leg rom for ei beskjæring som likev­el ville etter­late oss med myk­je meir enn beste­forel­dra og til og med forel­dra våre hadde”, seier Jonas i 1984 (s. 184).

            Kor skal dette endrings­forsøket byr­je? Jonas ser mod­erasjon og for­sik­tigheit innafor vek­st­par­a­dig­met som den einaste real­is­tiske strate­gien. Ei storskala endring av teknologiutviklin­ga vil måtte byr­je i dei sam­fun­na som har kome lengst i mod­erniseringa. Her opp­sto prob­lemet, og her må det løysast.

            Det betyr at endringa må byr­je i Nord-Ameri­ka, Europa, Kina og andre høgte­k­nol­o­giske sam­funn. I desse lan­da har teknologiutvikling og kog­ni­tiv for­mal­isme skapt så stor materiell vel­stand at det er utenkje­leg med ein rev­o­lusjon frå innsi­da basert på misnøye.

            Utopia må difor vere ganske beskje­dent. Jonas opp­fat­tar det som eit over­gangssam­funn som er organ­is­ert slik at men­nes­ka reduser­er aktiviteten og fotavtrykket på alle dei områ­da der det no er uhem­ma vekst. Etterk­vart som dei lær­er å begrense seg vil vi få eit stadig meir velutvikla arse­nal av løysin­gar som kan takast i bruk i andre sam­funn også.

Vanskeleg å bryte med hedonismen

Jonas håpar likev­el at folk skal gjere friv­iljuge offer i noti­da for at sam­fun­net i heil­skap kan klare å opp­fylle gode målsetjin­gar i framti­da (s. 148). Dette er eit avg­jerande punkt i ans­varsetikken. Det beste er hvis poli­tikarane klar­er “å framkalle eit friv­iljug brot med den innprenta hedo­nis­men i våre vel­ståande liv (før dys­ter nød­vendigheit tvinger det fram)” (s. 148). Spørsmålet er kor raskt entu­si­as­men ville bli brukt opp når målet er å få heile men­neskeslek­ta til å stramme inn bel­tet (s. 149).

            Jonas ser store dilem­ma med å inn­føre mod­erasjon for­di omtrent alle rel­e­vante avg­jerder ville vere upop­ulære (s. 146). Asketiske hald­ningar og spar­somheit har dår­lege vilkår. “Den ståkete materielle suk­sessen har fått slike hald­ningar til å forsvinne så gjen­nom­gri­pande at det er ytterst usannsyn­leg å sjå dei gjenopp­stå frå innsi­da i dei områ­da der det er vanemes­sig over­flod, og det vil også vere vanskelege å tvinge dei på frå utsi­da” (s. 147).

            Ikkje-han­dlin­gar kan vere svært strevsamt. Tilta­ka mot koron­aviruset i 2020 er eit aktuelt døme på at det ikkje er lett å vise mod­erasjon, og at det å halde seg i ro og ikkje kon­sumere utg­jer eit tap av livskvalitet som får mange til å pro­testere og nek­te å innordne seg.

Konspirasjon for det gode

For å lukkast med mod­erasjon på brei front i sam­fun­net vil det difor tren­gast ein “kon­spir­asjon for det gode”, seier Jonas. “Berre mak­si­mal poli­tisk påtvun­gen sosial disi­plin kan sikre at dei noverande forde­lane vert under­lagt dei langsik­tige beho­va i framti­da” (s. 142). Jonas er ein men­neskevenn, men det betyr ikkje at han er naiv.

            Ingen vil vel tru at men­nes­ka ville kunne “inter­nalis­ere ein “objek­tiv” etikk og deretter prak­tis­ere den spon­tant, eller at stat­en nokon­sinne vil bestå berre av dydi­ge bor­garar” (s. 160). “Men­neske er men­neske og ikkje englar”, seier han (s. 160). Men­nes­ka synest det er kjede­leg med nul­lvisjonar og føre var-prin­sipp. Vi har ein med­født oppor­tunisme og vil­je til makt, vel­stand og komfort.

            “Ingen kunnskap­srik per­son kan ser­iøst tru at ein ved å fjerne visse typar stim­uli ville få men­neske som var vennlegsin­na, ret­tfer­di­ge, broderlige, kjær­lege og utan mis­un­nelse”, seier Jonas iro­nisk (s. 160).

Demokrati skaper ikkje offervilje i notida

Ein kon­spir­asjon for det gode trengst hov­ud­sak­leg for­di demokrati­et ikkje eignar seg til å løyse prob­lem som krev at vek­sten og vel­standen går ned. Demokrati­et er nød­vendigvis pre­ga av folks inter­ess­er i noti­da (s. 151) og kan ikkje så lett skape endring som er smerte­full i noti­da sjølv om den er verdi­full i framtida.

            Poli­tikarane tek jo avg­jerder basert på ynskjet om gjen­val, og dette gjer at dei berre vil klare å skape radikal endring i sam­fun­net hvis det allereie er stor opp­slut­nad om slik endring i folke­set­naden. Det er jo som nem­nt svært lite sannsyn­leg når det gjeld Jonas sitt fram­legg om moderasjon.

            Løysin­ga er å bygge opp ein ny type poli­tikarar som arbei­der for nul­lvekst med alle dei verkemid­la som er tilgjen­gelege. “Viss det er som eg trur, at berre ein elite kan ta opp det etiske og intellek­tuelle ans­varet som trengst for framti­da, kor­leis vert ein slik elite skapt og rekrut­tert, og kor­leis kan den få mak­ta den treng for å få gjort noko?” (s. 147).

            Dette er ein “poli­tisk grå­sone” (s. 149) innrøm­mer Jonas. Poli­tiske leiarar måtte tvinge på plass ei mod­er­at åtferd enten folk vil eller ikkje, og dei måtte bruke både gul­rot og pisk, lokking og trugsmål, san­ningar og løgn. Jonas kjem berre med nokre raske hint om kor­leis denne kon­spir­asjo­nen kan byg­gast opp, og det ville vel tren­gast ein ny Machi­avel­li for å finne dei mest verk­same metodane.

Likskap skapar offervilje

Jonas framhev­er sær­leg ein poli­tisk kvalitet som han trur vil kunne fun­gere for å skape mod­erasjon og offervil­je, nem­leg lik­skap mel­lom bor­garane. Forde­len med lik­skap mel­lom bor­garane er at ein vert meir viljug til å gjere offer viss ein ser at andre også ofrar det same (s. 150).

            Det er best med eit “insti­tusjonelt forankra prin­sipp om lik­skap der den kvardagslege drif­ta ikkje gjev mis­tanke om favoris­er­ing” (s. 151). Noreg og andre sosialdemokratiske land pas­sar inn her for­di vi har rel­a­tivt stor lik­skap mel­lom grup­pene i samfunnet.

            “For­vent­ninga om egal­itær lovg­jev­ing er betre jo meir av den som fak­tisk er til­felle. Det må sjå ret­tfer­dig ut, og hvis det er moge­leg må det også vere ret­tfer­dig. (Men det er likev­el ein poli­tisk ver­di i ei fram­ton­ing som går utover verkeleghei­ta, akku­rat slik ei dår­leg fram­ton­ing kan frårane sjølv den beste verkeleghei­ta noko av sin poli­tiske effekt)” (s. 151).

Den gode løgna

Sann bevis­s­theit er alltid det beste, seier Jonas. Leiarane må ha “ueigen­nyt­tig frykt istaden­for ueigen­nyt­tig håp” (s. 162). Poli­tikarar som brenn opprik­tig for dei store endringane dei anbe­faler vil typisk over­tyde stadig fleire til å engas­jere seg i saka. “Det er eit eige tru­verde i usjølviske motiv som er svært vik­tige for at folk skal akseptere smerte­fulle poli­tiske tiltak” (s. 148).

            Men dei enorme utfor­dringane som vek­stau­tomatikken skaper gjer at sjølv dei ekstra­ordinært motiverte elitepoli­tikarane neppe ville klare å ha opprik­tig tru på at det går an å red­de men­nes­ka frå undergangen.

            Ein “kon­spir­asjon for det gode” i poli­tikken betyr at det trengst eit retorisk spel som ikkje nød­vendigvis er knytt direk­te til san­ning og aut­en­tisitet. “Under gitte føre­set­nad­er kan ei uko­r­rekt opp­fat­ning vere den nyt­ti­gaste. Viss san­ninga er for tung å bere må den gode løgna stå til ten­este.” (s. 151). Kon­spir­asjo­nen er pre­ga av at dei som iverk­set den har gode inten­sjonar og målsetjin­gar, men likev­el kan­skje ikkje trur men­nes­ka vil nå det Utopia dei sjølve formulerer.

            Den retoriske fram­toninga til poli­tikarar har jo stor påverk­ing på eit hend­ings­for­løp uavhengig av om den er basert på aut­en­tiske hald­ningar og kor­rekt infor­masjon. Det er lite sannsyn­leg at nokon av oss som lever no vil få sjå at pilene byr­jar å peike i rett ret­ning, og difor vanske­leg sjølv for elitepoli­tikarar å ha opprik­tig tru på at det vil gå bra. Men viss dei i det min­ste har tru på at ein må prøve så får det vere godt nok, seier Jonas.

Dei saktmodige skal arve jorda

Vir­ke­trang er ikkje lenger pos­i­tivt. I episode 6 var eg inne på eit stort dilem­ma som Jonas peikar ut. Kjensla av å vere til nytte, og løyse vik­tige utfor­dringar, er vesent­leg for men­neskas kjensle av å vere frie. Sam­stun­des bør det verte min­dre av slik virketrang.

            Noko av det mest smerte­fulle for sam­fun­net ville vere å aktivt gå inn for å dempe den frie impulsen og dei eigensindi­ge eigen­ska­pane våre. Det vil vere betre med mid­delmådi­ge og sak­t­modi­ge men­neske som føy­er seg etter fryk­trege­len, medan det eksep­sjonelle og over­skri­dande vert motar­bei­dd og om nød­vendig straf­fa (s. 159).

            Viss vi innser at eksep­sjonelle men­neskelege kvalite­tar er knytt til neg­a­tive utviklingstrekk må vi verte “viljuge til å betale med kul­turell bril­jans og orig­i­nalitet for å å få ein sosial orden som er meir ret­tfer­dig og min­dre mis­for­ma av men­neske­leg elende” (s. 159).

            Denne måten å tenkje på står i mot­strid til alt vi lær­er og alle kjente verdis­ett. Dette er eit uløy­se­leg dilem­ma som kan gjere både Jonas og lesaren av boka hans motlause.

Måtehald for alltid

Målet for Jonas er å sikre at plan­eten har gode vilkår for fram­tidig men­neske­leg liv, og det vik­ti­gaste vi kan gjere for å redusere usikker­hei­ta rundt dette målet er alt­så å leve asketisk, for­sik­tig og beskjedent.

            Kjer­nen i ans­varsetikken er å ta ans­var for vilkåra for det ufødte livet hun­drevis og tusen­vis av år innover i framti­da. Dju­past sett kan dette berre gjerast gjen­nom ein appell til med­kjensle med desse fram­tidi­ge skapningane.

            Jonas avs­lut­tar difor boka med eit opprop for måte­hald (“call to cau­tion”) til den mek­tige, vel­ståande, hedo­nis­tiske bor­garen av i dag: ““Beskjedne” målsetjin­gar høyrest skingrande ut for den som frem­jer vår grandiose kap­a­sitet, men vert vår frem­ste plikt net­topp på grunn av denne kap­a­siteten” (s. 191). Ans­varsetikken må ha mål som er beskjedne nok til at vi kan sjå dei for oss istaden­for per­fek­te mål vi berre kan opp­nå i ein tek­nol­o­gisk utopi og difor kan fnyse av i notida.

            Siste set­ning i boka kan også vere siste set­ning i min pre­sen­tasjon av Hans Jonas sin ans­varsetikk: “I ei tid med ein­sidig press og aukande risiko er det rett å vel­je mod­erasjon og for­sik­tigheit. Vi må seie Vêr vak­t­sam! og Bevar!” (s. 204).

Siste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Niande og siste del heit­er “Frå miljøvern til kom­mu­nikasjonsvern”. Her er det eg sjølv som reson­ner­er. Sidan eg er medievi­tar er det rime­leg å anvende dei kraft­fulle argu­men­ta til Hans Jonas på teknologiutviklin­ga innan medi­er og kom­mu­nikasjon. Det er lett å sjå at men­neskas måte å kom­mu­nis­ere på i vår tid kork­je er ressursmes­sig eller kom­mu­nika­tivt berekraftig. Ans­var­leg medieutvikling må difor med­føre at forskarar tek større omsyn til vilkåra for framti­das men­neske enn vi gjer no.

TEMA

p

olitikk

10 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen