Essayføljetong 5:9 — Vår farlege skaparkraft

"Menneskets kapasitet er vår skjebne", seier Hans Jonas (s. 129). Vår kunnskapstørst og evne til å skape nye ting vert stadig farlegare for naturmiljøet og menneskas vilkår i framtida. Homo Faber - det skapande mennesket - har tatt over for Homo Sapiens, og dette vil verte vår undergang, seier Hans Jonas med karakteristisk alvor.

Hans Jonas har ei rekkje radikale idéar, og hans kri­tikk av mod­erne vit­skap er fascinerande lesnad. Vi tenkjer van­legvis på vit­skap som noko av det mest verdi­fulle vi har i sam­fun­net, men Jonas ser det annleis.

            Det er avg­jerande for Jonas sitt pros­jekt å skil­dre dette trekket ved vit­skapen. Eg nær­leser del­er av kapit­tel 5 “Respon­si­bil­i­ty Today” som hand­lar om kor­leis vi bør forstå kunnskapens rolle i fram­skrit­tet. I denne episo­den er Jonas sine reflek­sjonar rundt teo­retisk kunnskap vik­tige, og sær­leg skil­jet mel­lom naturvit­skap­leg og human­is­tisk kunnskapsauke.

            Vit­skapen står alltid klar til å sprenge grenser og ta nye skritt innover i det ukjente. Denne kunnskap­størsten og ska­parkrafta er eit vesen­trekk ved men­nes­ket, og den endrar seg ikkje sjølv når vi ser at det vil få neg­a­tive kon­sekven­sar i framti­da. Opti­misme og fram­skrittstru er uløy­se­leg knytt til vit­skapen, og den er no så sterk og uhem­ma at den vert vår eigen ver­ste fiende, seier Jonas.

Vit­skapen legg til rette for utviklin­ga av stadig meir effek­tive, pre­sise og prob­lema­tiske teknolo­giar. Her prøver eg ein teknolo­gi for å lese emosjonar ut av ansik­tet til folk. “Fac­eread­er” er utvikla av det ned­er­landske fir­maet Noldus IT, og eg prøvde den under ein ekskursjon i 2018. Foto: UiB.

Essayføljetong i ni delar

Mennesket er seg sjølv nærast

Det tek­nol­o­giske imper­a­tivet til­seier at auke i vit­skap­leg kunnskap er grunn­leg­gande pos­i­tivt. Kunnskap­størst og kunnskap­sauke kan ikkje så lett verte utfor­dra på moral­sk grunnlag for­di den er ein inte­gr­ert del av vår men­neskelege til­stand, seier Jonas (s. 203).

            I naturen er det alltid den sterkaste som har rett. “Det finst ein enkel regel som seier at kvar art er seg sjølv nærast, og denne rege­len har for­rang utifrå livets generelle orden” (s. 137). I valet mel­lom men­neske og natur vil men­nes­ket vel­je men­nes­ket gong etter gong, og det er heilt naturleg.

            Som art er vi heilt samde med oss sjølve om at vi kan herske på jor­da, og sidan vi er sterkast på dette området vil vi rett og slett berre kunne gjere det. “Men­nes­kets utøv­ing av makt vis-a-vis resten av den levande ver­da er ein natur­leg rett basert full­s­tendig på våre evn­er. Med andre ord; det enkle fak­tum at vi har denne over­leg­ne krafta legit­imer­er at vi brukar den” (s. 137).

            Løva spør ikkje om lov til å vere konge på savan­nen, og men­nes­ket spør ikkje om lov til å herske over naturen. Vi brukar vår ska­parkraft og alle våre verk­tøy til å repro­dusere oss og styrke mak­ta vår, og det finst ingen naturlover som hin­drar oss i dét.

Homo Faber har tatt overhand

“Å herske over naturen” framtr­er som men­nes­kets frem­ste kall. Homo faber tårnar over homo sapi­ens.” (s. 168). Faber kjem frå det latinske ‘hand­verkar’ og er ei nemn­ing for at men­nes­ket er eit ska­pande vesen som omformer seg sjølv og omg­jev­nadane sine med verk­tøy. Sapi­ens kjem også av latin, og betyr ‘klok’ eller ‘sen­si­tiv’.

            Jonas mein­er at men­neskeart­ens evne til å tenkje vert mis­brukt i jak­ta på omform­ing av naturen. Homo Faber har gjort Homo Sapi­ens til sin under­sått. “Tenkinga vert eit verk­tøy i hen­dene til dei som vil lage nye ting, og ekstern makt vert sett fram som det høg­ste gode” (s. 168).

            Jonas mein­er at men­nes­ka driv ei sosialt tvangsmes­sig utøv­ing av makt. Den mak­ta som naturvit­skapen har gitt oss over naturen har gjort oss ute av stand til å begrense oss i utøvin­ga. “Det veldige omfanget av den mak­ta men­nes­ket har fått gjen­nom sin jakt på teknisk fram­skritt […] har skapt eit tilsvarande behov for å bruke den — og dermed den merkelege vansken med å stoppe dens forut­sig­bare og sjølvde­struk­tive fram­gang” (s. 141).

            Vi kan ikkje stoppe fram­skrit­tet for­di heile sam­fun­net er rig­ga til for å støtte opp under det ska­pande men­nes­ket. Både utdan­ningsin­sti­tusjonar, indus­tri og næringsliv, forsk­ing og utvikling under­byg­ger legit­imiteten til denne eine men­neskelege aktiviteten; den utrek­nande tenkjemåten og dens per­ma­nente innovasjon.

            Det har vorte moral­sk aksept­abelt å søk­je stadig større suk­sess, og aldri verte nøgd. “Teknolo­gi utg­jer eit kumu­la­tivt og ekspan­derande kun­stig miljø der dei kreftene i men­nes­ket som lagde det vert forster­ka. Den tvinger fram ei ustop­pe­leg ska­pande verk­semd knytt til ved­like­hald og vidareutvikling, og sidan men­nes­ka vert løn­na med endå større suk­sess vert iveren deira ytter­legare forster­ka” (s. 9).

            Den han­dlekraftige Homo Faber tårnar over den sak­tetenk­jande Homo Sapi­ens på ein måte som er destruk­tiv ikkje berre for men­nes­ka sjølve, men også for natur­miljøet som vi er ein del av.

Teoriar er farleg

Vit­skaplege teo­ri­ar er far­lege for­di dei forsterkar men­nes­kets inn­fly­telse i ver­da. “Naturen kunne ikkje ha forår­sa­ka ein større fare enn men­nes­ket […] Så lenge vår prak­tiske intel­li­gens og teo­retiske intel­li­gens gjekk kvar sin veg var påverkinga på bal­ansen i ver­da aksept­abel. Men sjølve meininga til ordet “teori” har endra seg. I mot­set­ning til det kon­tem­pla­tive intellek­tet i gam­le dagar har det opp­stått ein frigjort arv­ing; eit aggres­siv og manip­ulerande intellekt fos­tra opp i mod­erne vit­skap og slept laus som admin­is­tra­tor av alle ting” (s. 138).

            Naturvit­skapen gjev oss makt til å gjere teo­retiske hypote­sar til empirisk verkelegheit. “Det at teorien finst er i seg sjølv ein his­torisk fak­tor som endrar vilkåra for det objek­tet det vert sam­la kunnskap om. Teorien sam­lar kausal makt for å hjelpe dens eigne san­ningar til å verte verkelegheit. […] Det at den får rett til slutt bevis­er ikkje at den var sann, men at den fekk makt over dei intellek­ta som viste seg å kunne bidra med rel­e­vante han­dlin­gar” (s. 115).

            Vit­skaplege teo­ri­ar fun­ger­er i stor grad som sjølvopp­fyl­lande pro­fe­tiar. Etter at eit fram­legg er for­mulert, t.d. at det burde gå an å lage kraftige bomber med all den energien som vert utløyst ved spalt­ing av eit atom, vil Homo Faber brette opp ermene og gå i gang med forsøket.

            Denne dynamikken gjer at forsk­ing og utvikling kan kome til å ha uen­de­leg fram­skritt. “Alt i den noverande til­standen til desse tvilling­pros­jek­ta peikar mot ei ube­gren­sa vidare­føring i framti­da (kan­skje også med ein ekspo­nen­siell auke i tilverk­ing). I alle til­felle er dei i prin­sip­pet i stand til dette utifrå deia kog­ni­tive for­mal­isme og den uut­tøm­melege ressursen som deira forsk­ings­g­jen­stand er” (s. 166).

Kognitiv formalisme

Jonas brukar eit litt undar­leg språk når han omta­lar vit­skap som “kog­ni­tiv for­mal­isme”, og det er for­di han vil skil­je mel­lom human­is­mens og naturvit­skapens måte å tenkje på.

            Her kan vi tenkje på fag som robotikk, kyber­netikk og pro­gra­mutvikling. Med kvart gjen­nom­brot innan naturvit­skapen, til dømes knytt til kvan­te­fysikk, opp­står det nye tekniske muligheit­er innan desse faga. Tron­gen til eksper­tise og spe­sialis­er­ing vert heile tida stim­ulert av desse gjennombrota.

            Den som baser­er si utforsk­ing på kvalite­tar ved den fysiske ver­da er involvert i eit kunnskap­spros­jekt som aldri vil ta slutt. Det ligg både i gjen­standen (naturen) og i verk­tøya (teknolo­gi og kog­nisjon). “Utforsk­inga av denne opne veg­en er meir enn ein grunn­leg­gande rett, det er den høg­ste plikt for dei kog­ni­tive sub­jek­ta som er velsigna med evne til ei slik utforsk­ing” (s. 167).

            Forskarane sin nys­g­jer­righeit og “aggres­sive intellekt” er knytt til det Hei­deg­ger kallar “utrek­nande tenkjing”. Kom­bi­nasjo­nen er svært kraft­full. Ein pris den naturvit­skaplege forskaren må betale for bidraget til vit­skap­leg fram­skritt er at kunnskapen får eit min­dre per­son­leg opphav (s. 167). “Det kog­ni­tive sub­jek­tet er i min­dre grad ein indi­vidu­ell tenk­jar og i større grad eit “kollek­tivt intellekt” i det sam­fun­net som lagrar kunnskapen” (s. 167).

            Dette gjeld også sam­funnsfa­ga: hypote­sar vert til verkelegheit. Metodisk fram­skritt i etablerte fagom­råde er no ein ruti­ne­sak i det vit­skap­leg-tek­nol­o­giske kom­plek­set og den kan styrast i ynskjelege ret­ningar ved pengetildelin­gar (s. 121).

            “Dei mod­erne analysane av sosiale og økonomiske saman­hen­gar er svært myk­je betre enn tidle­gare tiders kunnskap og tillet fram­skrivin­gar innover i framti­da som set futur­olo­gien fri frå enkle analo­giar med for­ti­da, sjølv om det fram­leis er stor usikker­heit” (s. 113).

            Også sam­funnsvit­skap­leg teori er far­leg. Sam­funnsstyringa er i dag basert på myk­je større teo­retisk kunnskap enn tidle­gare stat­mannskun­st kunne drøyme om. “Dei vit­skaplege sam­funns- og teknologifa­ga leier futur­olo­gien for­bi ein iter­a­tiv induk­sjon frå erfar­ing (dvs. frå presedens) til deduk­sjon av det som aldri har funnest før. Istaden­for å gjette om framti­da kan ein no rekne ut framti­da” (s. 113).

Humaniora: Kognitiv heterogenitet

Jonas har eit inter­es­sant poeng når han seier at poli­tisk liv er fris­tilt frå den kumu­la­tive dynamikken som kog­ni­tiv for­mal­isme i sær­leg grad bidreg til. Men­nes­ka kan ikkje ha moral­sk fram­skritt slik vi kan ha fram­skritt i vit­skap­leg kunnskap.

            ““Kunnskap” om men­neskelege ting, det vi kallar forståing, er noko kval­i­ta­tivt anna som er min­dre stegvis og min­dre kumu­la­tiv enn kunnskap om den fysiske ver­da […] Det er noko kvar gen­erasjon må omfor­ma på ein måte som er unik for dei sjølve, og for ein eller fleire rivaliserande leirar” (s. 164).

            Det vert ikkje stadig betre poli­tikk, eller stadig betre moral i folke­set­naden. Tvert imot kan den poli­tiske og moralske diskusjo­nen mel­lom men­neske degenerere når som helst, slik Jonas sjølv opplevde i Nazi-Tysk­land på 1930-talet.

            “Filosofisk kunnskap har den skjeb­ne å alltid vere open for mein­ings­bry­t­ing sjølv om den hand­lar om ting som i sin natur er end­e­gyldige, medan naturkunnskap kan opp­nå stor grad av objek­tiv sikker­heit” (s. 186).

            I men­neskas forståing finst det ein “kog­ni­tiv het­ero­gen­itet” som ingen fram­skritt kan knyte saman og gjere heil. “Medan kvar gen­erasjon har den vit­skapen den arvar (med eller utan nye bidrag) har kvar gen­erasjon den human­is­men den forten­er” (s. 165).

            Poli­tikken er i utgangspunk­tet fris­tilt frå å bidra til fram­skritt, men sidan den i aukande grad brukar mod­erne teknolo­gi i poli­tikkut­formin­ga kan den ende opp med å verte kon­trollert av dei same kreftene som vil ha stadig  meir og betre teknolo­gi. Då vert poli­tikk i så fall like far­leg for framti­da som dei andre utviklingstrek­ka Jonas peikar på.

Neste del

Dette er ein essay-føl­je­tong i ni del­er. Sjette del heit­er “Fram­skritt er opi­um for folket”. Majoriteten av men­nes­ka har det stadig betre på grunn av det tekniske fram­skrit­tet, og det vil difor verte svært vanske­leg for oss endre åtferd sjølv når vi ser at det trengst. Med sitt typiske skråb­likk vis­er Hans Jonas at men­neskas vir­ketrong og behov for å gjere nytte for oss er blant våre far­legaste eigen­ska­par når målet er å dempe vek­sten og redusere konsumet.

TEMA

T

eknolog
i

9 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

Kommentarfeltet til denne artikkelen er nå stengt. Ta kontakt med redaksjonen dersom du har synspunkter på artikkelen.

til toppen