Sensur og subsidiar i trykkefridomens grenseland

Historia om kong Carl Johans pressepolitikk syner fram trykkefridomens grenser i unionstidas Noreg.

To hund­re år etter 1814 er trykke­fri­do­men og infor­ma­sjons­fri­do­men trygt inn­bakt i kon­sti­tu­sjo­nen, og presse­støt­ta fun­ge­rer som eit sik­rings­nett for ei fri og dif­fe­ren­si­ert pres­se. Sta­ten skal vere pres­sas støtte­spe­lar, men på ei arm­lengds avstand: Støt­ta må byg­gjast på reint objek­ti­ve for­hold, og skal ikkje fram­stå favo­ri­se­ran­de eller diskriminerande.

Det vak­te difor ei viss opp­sikt då Frams­tegs­par­ti­ets Ib Thom­sen i fjor haust vars­la kutt i presse­støt­ta, og der­et­ter kom med ei trugs­måls­lik­nan­de spå­dom om Dags­avi­sens dyst­re fram­tid: Dei «bør skjel­ve i buk­se­ne».

Sann­syn­leg­vis vil­le Thom­sens utspel pas­sa betre inn i 1800-talets medie­of­fent­leg­heit og i debat­ta­ne om por­to­mo­de­ra­sjo­nen. Presse­støt­tas tid­le­gas­te for­lø­par utvik­la seg nem­leg til å ver­te eit treff­sik­kert poli­tisk vapen, og dei nors­ke avi­s­ma­ka­ra­ne skalv utvil­samt i buksene.

«Uden Portomoderation kan neppe Aviis i Norge bestaae»

Karl Johan som kronprins. Malt i 1811 av Francois Gerard.

Karl Johan som kron­prins. Malt i 1811 av Fran­cois Gerard.

Sjølv om 1969 van­leg­vis blir rek­na som start­punk­tet for den nors­ke presse­støt­ta, har nors­ke aviser og tids­skrift i rea­li­te­ten mot­te­ke sær­ei­gen og livs­vik­tig stats­støt­te heilt sidan den såkal­la por­to­mo­de­ra­sjo­nen opp­sto ved lov i 1796.

Med den­ne nye ord­nin­ga kun­ne ein sen­de aviser og tids­skrift med kraf­tig redu­ser­te eller ingen porto­kost­na­dar, fram­for å sen­de dei i pos­ten som brev. Rabatt­ord­nin­ga blei utover 1820-åra nyt­ta sær­leg aktivt av kong Carl Johan, som del­te den ut til kvar enkelt redak­sjon «inn­til vida­re». Såleis ver­ka den både som eit føre­byg­gjan­de og eit sank­sjo­ne­ran­de mid­del: For å opp­nå por­to­mo­de­ra­sjon måt­te utgje­va­ra­ne opp­ar­bei­de ei viss grad av til­lit og vel­vil­je hos kon­gen, og der­som til­li­ten for­svann, vart den øko­no­mis­ke straf­fa hard å overleve.

Klikk for å lese res­ten av Vox Pub­li­cas ana­ly­se­sak om presse­støt­tas forhistorie.

TEMA

O

ffentli
ghet

73 ARTIKLER FRA VOX PUBLICA

FLERE KILDER - FAKTA - KONTEKST

INGEN KOMMENTARER

KOMMENTÉR

Comments are closed.

til toppen